St.meld. nr. 47 (1996-97)

Kunstnarane

Til innholdsfortegnelse

8 Kunst år 2001 - mål og verkemiddel

8.1 Kunstpolitisk utgangspunkt

Ovanfor i kapittel 3 er det gjort greie for det kunstpolitiske grunnlaget for den innsatsen Regjeringa vil gjera for kunstnarsamfunnet som heilskap. I oppsummerande form kan dette grunnlaget formulerast slik:

  • Som tidlegare vil hovudmålet for Regjeringa på kunstområdet vera å skapa vilkår for at heile samfunnet skal kunna ta del i eit levande og mangslunge kunstliv. Det er tufta på ei overtyding om at kunst er ein vesentleg del av eit moderne velferdssamfunn. Di rikare høve innbyggjarane i eit samfunn har til å møta og oppleva kunstverk og kunstprestasjonar, di betre grunnlag vil innbyggjarane ha til å skapa eit tilvere der kunst og kunstopplevingar utgjer viktige element i dagleglivet og dermed også for livskvaliteten.

  • I eit slikt perspektiv vil dei statlege rammevilkårstiltaka vera reiskapar som skal sikra einskildindivid og samfunnet som heilskap tilgang til og møte med kunst, og det på ein måte som skaper relevans, engasjement og respons.

  • For å kunna ha eit levande, utfordrande kunstliv som gjev rom for mangfald og nyskaping, har staten eit klart ansvar for å skapa rammevilkår som gjer det mogeleg for kunstnarar å vera yrkesaktive. I erkjenning av at marknaden åleine ikkje er tilstrekkeleg for å sikra vitalitet, kvalitet, nyskaping og mangfald på kunstområdet, må det offentlege inn med tiltak slik at kunstnarverda kan setjast i stand til å spela samfunnsrollene sine.

  • Staten har eit særleg ansvar for den delen av kunstlivet som kjem til uttrykk i dei fleirkulturelle spenningsfelta. Saman med kunstnarorganisasjonane er det viktig å leggja til rette for at kunstnarar med innvandrarbakgrunn får likeverdige høve til kunstnarleg utfalding.

  • Sjølv om staten gjennom sine ulike ordningar utgjer ein svært viktig økonomisk aktør på den norske kunstarenaen, vil det alltid vera slik at staten og det offentlege berre er ein av fleire aktørar på området. Det vil aldri bli slik at den statlege innsatsen på feltet vil kunna innehalda ein automatisk økonomisk vekst etter kor stor tilveksten av kunstnarar er. Det er det heller ingen andre yrkeskategoriar som har garantiar om. Som alle andre statlege verkemiddel vil også innsatsen på kunstfeltet vera del av ei total prioritering. Det vil i mange samanhengar setja klare grenser for kor mykje det vil vera mogeleg å få til. Regjeringa meiner likevel totalt sett at det er rom for ein vekst i dei statlege verkemidla på kunstområdet.

Perspektivet for tiltaka som er skisserte i denne meldinga, gjeld til år 2001. Det er i og for seg grunn til å tru at hovudlinene i kunstnarpolitikken vil vara utover den tid. Når ein likevel har sett utgangen av komande langtidsprogramperiode som ein tidshorisont, er det fordi Regjeringa i St meld nr 4 (1996-97) Langtidsprogrammet 1998-2001 signaliserer ei kulturpolitisk satsing i den påfølgjande perioden fram til år 2005. Departementet vil difor både i langtidsplansamanheng og på anna vis vurdera heilskapen i den statlege kulturpolitikken.

8.2 Samhandlingsmodellen

Den såkalla samhandlingsmodellen mellom staten og kunstnarorganisasjonane inneheld to viktige element: regelverksavtala av 1978 og innstillingsretten til kven som skal få statens stipend og garantiinntekter, jf. avsnitt 4.5.

I hovudsak har denne modellen blitt oppfatta som positiv i den forstand at kunstnarane som gruppe er sikra stor grad av innverknad på korleis statlege midlar blir brukte til beste for kunstnarsamfunnet. Modellen gjev eit gjensidig ansvar for å nytta ressursane på ein føremålstenleg måte. Det er samstundes behov for å sjå nærare på elementa i samhandlinga, og dei næraste åra vil departementet gå inn i følgjande punkt:

  • Departementet vil ta initiativ til å gå gjennom regelverksavtala i lag med organisasjonane med sikte på å oppdatera avtala i samsvar med den utviklinga som det samla kunstfeltet har hatt sidan slutten av 1970-talet.

  • Statens utval for stipend og garantiinntekter vil få ei styrkt rolle i forvaltninga av dei statlege midlane.

  • Departementet vil saman med utvalet gå gjennom retningslinene for stipend og garantiinntekter med tanke på å samordna regelverket. Det skal samstundes gjerast ei vurdering av dei tildelingskriteria som ulike stipendkomitear bruker i vurderinga av søkjarar.

  • Saman med utvalet og kunstnarorganisasjonane vil departementet vurdera kva kunstnargrupper, og dermed også organisasjonar, som skal ha tildeling av stipend og garantiinntekter. Det vil samstundes bli vurdert om innstillingskomiteane i kunstnarorganisasjonane skal supplerast med eksterne medlemer.

  • Sekretariatet for statens utval for stipend og garantiinntekter vil gå inn i eit ev. Statens kunstfond.

8.3 Garantiinntekter

Ovanfor i avsnitt 4.1 er det gjort greie for ordningane med stipend og garantiinntekter. Også i framtida vil desse ordningane utgjera ryggrada i dei statlege tiltaka som rettar seg direkte mot kunstnarane og den kunstnarlege arbeidsprosessen.

Garantiinntekter er ei ordning som siktar seg inn på den kunstnarlege prosessen, i det ein vil sikra at arbeids- og skapingsprosessen blir best mogeleg. Ein av tankane som ligg til grunn for ordninga, er at di betre arbeidsvilkår kunstnarar får, di betre kan dei utføra samfunnsgjerninga si. Den andre grunnleggjande tanken om at garantiinntekta skulle vera hjelp til sjølvhjelp i den forstand at kunstnaren skulle få ro til å skapa kunstverk og prestasjonar som i neste omgang skulle gje større inntekter, har vist seg ikkje å slå til i særleg grad. Uttak av garantiinntekter på mellom 80 og 90 % gjev ein indikasjon på at førestellinga om kor mykje salsmarknaden kunna bidra med, har vore urealistisk. Tvert imot ser det ut til at eigeninntektene for dei som er med i ordninga, i ein lang periode har gått ned. Dynamikken og fleksibiliteten i ordninga har difor ikkje fungert i samsvar med intensjonane, dvs. det er langt færre som har blitt omfatta av ordninga enn det som var meininga. Ei ordning som baserer utviklingspotensialet sitt på stadig tilgang av nye, friske midlar, får raskt eit litt tilstivna preg i ein budsjettkvardag, der kontinuerleg vekst er urealistisk.

Regjeringa er innstilt på å føra vidare ordninga med garantiinntekter. Også i framtida vil ein stimulera til at ordninga skal fungera som hjelp til sjølvhjelp. Samstundes vil ein ha ei meir realistisk tilnærming til den økonomiske innteningsevna hjå mottakarane, og for så vidt leggja til grunn at ordninga i hovudsak vil fungera som basisløyving for ei grunnstamme av kunstnarar. Ordninga skal kunna gje kunstnarleg fridom og styrkja fagleg fordjuping og dermed også kunstnarleg utvikling. Kor stor denne grunnstamma skal og bør vera, vil vera tema for kulturpolitisk vurdering og prioritering innanfor dei økonomiske rammene som gjeld til ei kvar tid.

Ovanfor i avsnitt 4.4.3 uttalar departementet at ein vil halda fast på reglane om avkorting av garantiinntekta etter kor store eigeninntekter mottakarane har. Slik ordninga er i dag, er avkortingsreglane eit verkemiddel som kan sikra ei viss form for utjamning.

Konkret vil departementet arbeida med følgjande element i garantiinntektsordninga:

  • Saman med Statens utval for stipend og garantiinntekter og kunstnarorganisasjonane vil departementet revidera retningslinene for garantiinntektene. I dette ligg også ei nærare vurdering av tildelingskriterium som innstillingskomiteane bruker.

  • «Frie» inntektsheimlar skal kvart år vurderast på tilnærma fritt grunnlag, slik at ein kan styrkja kunstretningar som treng stimulering og nyutvikling, jf. også avsnitt 8.4. I dette ligg også å kunna overføra «frie» midlar til arbeidsstipend, dersom det vil vera mest føremålstenleg.

8.4 Statlege stipend

Dersom ein legg vekt på at statleg kunstnarpolitikk skal stimulera til auka bruk av kunst i samfunnet, er ulike former for stipend, gjerne i form av prosjektmidlar, eit føremålstenleg verkemiddel. I utforminga av stipendvilkår kan ein leggja vekt på det faktiske produktet/verket/prestasjonen som er den kunstmanifestasjonen omverda kan forhalda seg til. Dette vil i viss monn likna på måten forskingsverda prøver å stimulera til ny kunnskap: fordjuping og ny innsikt kjem gjennom konkrete forskingsprosjekt med resultat som både forskarar og andre kan forhalda seg til. Slik vil det også vera med kunstnarar: fordjuping, fornying, ny kreativitet må koma til uttrykk gjennom den kunstnarlege aktiviteten, ikkje berre i ein individuell, indre kontemplasjon.

Stipendprosjekt kan gjerne ha som intendert «sluttprodukt» ei utstilling/vandreutstilling, ei framføring, turne, bok, film m.m. Det kan også vera prosjekt med tyngdepunkt på kunstprosessar i forhold til spesielle målgrupper som born og unge, kunst i eit fleirkulturelt perspektiv, utan dermed å vera reine formidlingsprosjekt.

I dag er det først og fremst arbeidsstipendet som har i seg element av prosjekt med definert sluttprodukt. Dette er i tillegg den stipendforma som i størst grad kan fanga opp nye tiltak og eksperiment. Dessutan er stipendordningane totalt sett dei tiltaka som når vidast, også når det gjeld ulike aldersgrupper, m.a. med dei spesielle formene for stipend til etablering m.m., jf. avsnitt 4.4.1.1.

I erkjenning av at det å utvikla og fullføra kunstverk/prestasjonar mykje er ein mogningsprosess, bør ramma på fem år for arbeidsstipenda haldast på slik som i dag. I spesielle høve bør det kanskje også opnast for prosjekt som går over lengre tid.

I åra fram til år 2001 vil Regjeringa prioritera utvikling av stipendformene gjennom å auka rammene monaleg. I utgangspunktet vil Regjeringa halda på dei ulike stipendformene som det er gjort greie for i avsnitt 4.4.1.1. Samstundes vil ein halda på rammeoverføringsprinsippet som i dag gjeld for dei ulike innstillingskomiteane.

Når det gjeld ordninga med stipend til eldre fortente kunstnarar, vil Regjeringa gradvis avvikla denne stipendtypen. Allereie i 1975 var det framlegg om å leggja ned dette stipendet. Avvikling vil skje på den måten at ein med verknad frå budsjettåret 1998 ikkje vil ta inn nye på ordninga. Alle som pr. 31.12.1997 har slike stipend, og som elles stettar stipendkrava, vil framleis kunna få utbetalt stipend. Frigjorde midlar vil bli overførde til dei andre stipendordningane.

Regjeringa vil i åra framover utvikla stipendformene etter desse retningslinene:

  • Det vil bli vurdert å knyta arbeidsstipend til same lønssteget som garantiinntektene.

  • Arbeidsstipendet og dei stipendordningane som går til nyutdanna/unge kunstnarar, skal prioriterast. Det vil bli etablert spesielle stipend for nyutdanna/unge kunstnarar, jf. avsnitt 8.6.

  • Fordeling av stipendrammer til dei ulike kunstnarorganisasjonane skal kvart år skje på litt friare grunnlag. Dette er naudsynleg for å kunna gjera ordninga så fleksibel som råd er, jf. avsnitt 8.3.

  • Når det gjeld utstillingsstipenda, tek ein sikte på at Norsk kulturråd administrerer og utviklar ordninga inntil eit ev. Statens kunstfond er etablert. Då er det naturleg at utstillingsstipenda blir forvalta av dette organet. Ein tek sikte på å gje utstillingsstipendordninga ein volumauke allereie frå budsjettåret 1998.

  • Når eit ev. Statens kunstfond er etablert, vil det vera naturleg å overføra ordningane med debutant- og utstyrsstøtte frå Norsk kulturråd til det nye organet. På den måten vil ein få samla på ein stad dei ordningane som går direkte til einskildkunstnarar.

8.5 Kvotefordelinga

I avsnitt 4.4.1.3 er det gjort greie for korleis den eksisterande kvotefordelinga har fungert sidan slutten av 1970-talet. Føremonnen med kvotefordelinga slik som ho blir praktisert i dag, er at ein unngår innbyrdes strid om korleis midlane skal fordelast. På eit område der det er 27 organisasjonar som har ønskje, vil nokon alltid oppfatta rammene som for tronge. Med faste kvotar kan aktiviteten konsentrerast om å gjera fordelinga så rettvis og god som mogeleg innanfor fastsette rammer.

Ulempen med kvotefordelinga slik ho fungerer i dag, er at ho sementerer ein tilstand slik han vart oppfatta på slutten av 1970-talet. Samstundes ligg det innebygd ei forventning om at endringar berre kan gjerast ved stadig å leggja inn meir midlar. Når denne forventninga ikkje kan innfriast, må ein vurdera andre måtar å få til brukande løysingar.

For å få til ein større fleksibilitet og dynamikk i ordningane med stipend og garantiinntekter vil departementet tilrå at ein kvart år vurderer dei «frie» stipenda og garantiinntektene på tilnærma fritt grunnlag. I tillegg til reint inntektspolitiske omsyn skal ein også kunna styrkja dei kunstfelta der det trengst ei fagleg oppgradering og stimulering. Andre gonger kan det vera aktuelt å gå inn med tidsavgrensa tiltak, t.d. overfor grupper av frilanskunstnarar. Det vil likevel ikkje vera aktuelt å rekna tildeling av stipend og garantiinntekter som ein funksjon av medlemstala i organisasjonane. Vurderinga må tuftast på kulturpolitiske oppfatningar av kvar tiltaka trengst mest utifrå eit overordna syn på kunst- og kunstnarpolitikk.

Når det er sagt, vil departementet likevel understreka at dei skapande kunstnargruppene framleis skal vera i overvekt ved tildelingar av garantiinntekter og arbeidsstipend. Av dei ulike kunstnargruppene stiller biletkunstnarane og kunsthandverkarane klart dårlegast når det gjeld inntektsforhold. Samstundes har desse gruppene også hatt den største tilveksten, i alle fall om ein bruker medlemsauken i organisasjonane som indikator. I perioden 1980-1994 hadde Norske Kunsthåndverkere 71 % vekst i medlemsmassen, medan Norske Billedkunstnere hadde ein auke på 58 %. Det betyr at mengda i seg sjølv så å seia alltid vil skapa låge inntektsgjennomsnitt.

8.6 Satsingsfelt: unge/nyutdanna kunstnarar

Identifisering av grupper som ein meiner det bør satsast ekstra på, må sjølvsagt tuftast på analysar av kunstfeltet der ein tek omsyn til ulike faktorar som totalt aktivitetsnivå, rekrutteringsbehov, alderssamansetjing av gruppene, kvalitativt nivå ev. i internasjonal samanheng, inntektsnivå m.m.

Med tilvising til avsnitt 5.6 om situasjonen for unge/nyutdanna kunstnarar, kan ein konstatera at mange i denne gruppa har vanskar med å koma skikkeleg i gang med det yrkesaktive kunstnarlivet. Dei har vanskar med å få prova kva som verkeleg bur i dei som kunstnarar. Den store auken av frilanskunstnarar som fleire kunstnarorganisasjonar kan melda om, er også eit vitnemål om kva retning dei unge kunstnarane går. Eitt døme kan vera skodespelaryrket som i mange år har vore prega av at dei yrkesaktive har arbeidd i faste stillingar. Tal frå Norsk Skuespillerforbund viser at i perioden mars 1994 til mars 1997 har den relative delen av frilansskodespelarar blant medlemene stige frå 34 til 49 %.

I tillegg er det også tydeleg at dei unge/nyutdanna har vanskar med å koma inn i dei statlege stipend- og garantiinntektsordningane. Den relative delen av søkjarar til stipend og garantiinntekter under 31 år hadde gått ned frå 36 % i 1980 til 14 % i 1994. Dette samsvarer dårleg med at det i perioden 1985-93 vart utdanna om lag 3 200 nye kunstfaglege kandidatar. Det kan berre bety at dei unge/nyutdanna i utgangspunktet oppfattar dei statlege hovudordningane som uaktuelle for dei. Difor søkjer dei heller ikkje.

Departementet meiner at det dei næraste åra vil vera viktig å setja inn ekstra tiltak for unge/nyutdanna kunstnarar. Dei representerer etterveksten i kunstnarsamfunnet, og dermed også grunnlaget for kunstlivet i framtida. Konkret vil Regjeringa dei næraste åra utvikla følgjande tiltak som direkte eller indirekte vil få konsekvens for dei unge/nyutdanna kunstnarane:

  • Frå 1998 blir det etablert ei aspirantordning der kunstinstitusjonar kan søkja om støtte til tidsavgrensa aspirantstillingar. Utforming av ordninga vil ein koma attende til i budsjettforslaget for 1998.

  • Frå og med 1998 blir støtta til frie sceniske grupper auka.

  • Frå og med 1998 legg departementet opp til ein monaleg auke av arbeidsstipend og dessutan av stipendordningar som er retta mot unge/nyutdanna kunstnarar. I den samanhengen vil det bli etablert spesielle stipend for nyutdanna/unge kunstnarar. Dette vil vera spesielt viktig innanfor dans, kunsthandverk, biletkunst m.fl.

8.7 Frilanskunstnarar

Då grunntrekka i noverande kunstnarpolitikk vart utforma på slutten av 1970-talet, var det eit hovudmønster at skapande kunstnarar var sjølvstendig næringsdrivande/frilansarar, medan dei utøvande kunstnargruppene i hovudsak var tilsette i institusjonar/grupper/organisasjonar. Dette har nok endra seg, ikkje minst ved at nye utøvande kunstnarar i stor grad må etablera seg som frilansarar i mangel på faste stillingar. I INAS-undersøkinga er fleirtalet i alle dei utøvande kunstnargruppene å rekna som frilansarar. Skodespelarar og musikarar har den største delen fast tilsette med høvesvis 43 % og 34 %. Tendensen er m.a.o. at frilans-kunstnaren blir like vanleg som den tilsette kunstnaren blant dei utøvande. Hovudårsaka er truleg at mange unge/nyutdanna søkjer til frilanstilveret som det einaste mogelege, dersom dei skal kunna vera aktive kunstnarar.

NOU 1993: 14 tek til orde for at ein skal prioritera frilanskunstnarar spesielt når det gjeld stipend og garantiinntekter, og uavhengig av om dei er skapande eller utøvande. Det opplegget som er skissert ovanfor med ei styrking av arbeidsstipenda og andre prosjektrelaterte midlar, vil gje frilanskunstnarar betre høve til å fordjupa og utvikla seg enn eksisterande ordning. Aspirantordninga og auka støtte til frie sceniske grupper vil ha tilsvarande positiv effekt for frilanskunstnarar.

8.8 Kunst og det fleirkulturelle samfunnet

Det overordna perspektivet for statleg innsats på det fleirkulturelle området blir uttrykt slik i St meld nr 4 (1996-97) Langtidsprogrammet 1998-2001: " Mennesker med innvandrerbakgrunn må ha mulighet til å utvikle egen kulturell identitet, bidra til kulturell nyskaping og delta i storsamfunnets kulturinstitusjoner som naturlige og likeverdige deltakere."

I samsvar med St meld nr 17 (1996-1997) Om innvandring og det flerkulturelle Norge, vil departementet satsa på tiltak som i større grad enn i dag får fram dei kvalitetane som kunst frå andre kulturar representerer og samstundes stimulera til kunstuttrykk og -aktivitetar som avspeglar det fleirkulturelle mangfaldet i Noreg, jf. også avsnitt 3.5. Det vil vera viktig å arbeida for at fleire kunstnarar med innvandrar- eller minoritetsspråkleg bakgrunn blir aktive i kunst- og kulturinstitusjonar, både som studentar, brukarar, utøvarar eller ressurspersonar. Konkrete tiltak kan vera å nemna opp kvalifiserte representantar med slik bakgrunn til dei styrande organa for kulturinstitusjonane og særskild satsing på institusjonar som er særleg eigna til å engasjera aktive innvandrarar.

Tre hovudprinsipp kan brukast for å oppnå betre vilkår for fleirkulturelle kunstuttrykk:

  • Tiltak som gjev høve til å skapa og utvikla tradisjonelle kunstuttrykk med utgangspunkt i kulturtradisjonar i heimlandet. Slike tiltak vil kunna gje viktige tilskot til norske kunsttradisjonar samstundes som dei kan ha stor verdi for den etniske gruppa som kunstnaren er ein del av i Noreg. Konkrete tiltak kan vera øyremerkte stipend, prosjektmidlar til kunstnarar frå spesifikke, etniske grupper osv.

  • Tiltak som fremjar skaping/utøving og utvikling av tverrkulturelle uttrykk som både avspeglar og pulserer saman med den nye, fleirkulturelle konteksten. Konkrete tiltak kan vera prosjektmidlar til å utvikla program-, konsert- og utstillingsseriar der kunstmøte er eit overordna perspektiv, og der kunstnarar frå ulike etniske grupper samhandlar både som einskildkunstnarar og i lagarbeid.

  • Tiltak som legg til rette for at fleire kunstnarar med innvandrar- eller minoritetsspråkleg bakgrunn får tilgjenge til kunst- og kulturinstitusjonane.

Hovudinnsatsen vil bli lagd på tiltak som kan fremja ulike former for kunstmøte og utvikling av kunstaktivitet som på ein annan måte enn før får fram kunstformer og -uttrykk med innvandrarbakgrunn på den norske «kunstscena». I 1998 blir det gjort framlegg om å starta eit utviklingsprogram for kunst og det fleirkulturelle samfunnet. Ordninga vil bli lagd til Norsk kulturråd, og departementet vil koma attende til konkretisering av programmet i framlegget til statsbudsjett for 1998. I hovudsak vil det vera tale om tiltak som skal fungera som utløysar for aktivitet og tiltak innanfor dei etablerte kultur- og kunstnarpolitiske ordningane.

Eit viktig poeng er at tiltak retta mot kunst og det fleirkulturelle samfunnet ikkje skal koma i staden for eksisterande ordningar, men dei skal få i gang prosessar som gjer kunst med fleirkulturelt utgangspunkt til ein naturleg og sjølvsagd del av det samla kunstbiletet.

8.9 Kunst og born og unge

Samhandling med og oppleving av kunst er noko som må lærast på lik line med annan sosial og kulturell kompetanse. Det er tale om å utvikla evna til å la seg påverka og til å bli utfordra, både emosjonelt og intellektuelt, av kunstuttrykk. Samhandling med kunst er ein kontinuerleg læreprosess, der ingen nokon gong blir utlærd. Di tidlegare born og unge kjem i kontakt med ulike former for kunst, di større sjansar er det for at dei får forståing for verdien av kunst som samfunnsformande faktor og di større sjansar er det at dei kan bli aktive som skapande eller utøvande.

Kulturbrukstatistikk både i Noreg og utlandet viser at det er grupper med høg utdanning og i det øvre lønssjiktet som er dei flittigaste brukarane av kunsttilbod. Det er også desse sosiale gruppene som utgjer det viktigaste rekrutteringsgrunnlaget for dei som tek kunstutdanning. Tal frå det innsamla materialet til INAS-undersøkinga viser at i aldersgruppa med kunstnarar over 41 år, har 49 % fedrar som er funksjonærar i høg- eller mellomsjiktet, medan 23 % kjem frå familiar der far er arbeidar eller lågare funksjonær. Det påfallande er at denne tendensen er endå sterkare for aldersgruppa under 41 år. Der er 62 % av kunstnarane frå høgstatussjiktet, medan 17 % kjem frå arbeidaryrke.

Utan tvil vil kunstlivet tena på eit breiare rekrutteringsgrunnlag. Kunstuttrykk er tolking, forming og kommunikasjon, og eit variert mangfald av røynslebakgrunnar vil i seg sjølv vera eit verdifullt tilskot til kreativitet og utvikling i kunstlivet. I eit slikt perspektiv er det naturleg å understreka kor viktig det er å gjera kunsttilbod til born og unge til eit allment tilbod. Regjeringa vil difor framheva det viktige i å få i stand tiltak i lokalmiljøa, der born kan få høve til å møta kunstlivet så tidleg som mogeleg, både i form av opplevingar og som eigenaktivitet. Her har kommunane eit særskilt ansvar for dei konkrete tiltaka.

Norsk kulturråd og Norsk Musikkskoleråd har i ulike omgangar sidan 1989 gjennomført prosjekt med kunstskular, kulturskular eller andre kunstaktivitetar for born og unge i ein del prøvekommunar. I viss monn har desse forsøka teke utgangspunkt i eksisterande musikkskular, og på den måten utvida aktiviteten til fleire delar av kunstområdet. Dei første røynslene frå tiltaka ser ut til å vera i hovudsak positive, og Norsk kulturråd og Norsk Musikkskoleråd har gjeve ut ei lita handbok for etablering av kulturskular.

Det kan finnast fleire måtar å vidareutvikla ein praksis med kulturskular. I dei lågare klassetrinna kan det t.d. gjennomførast i tilknyting til skulefritidsordninga, slik at borna i denne aldersgruppa kan få tilbod om eigenaktivitet innanfor eitt eller fleire kunstområde. Aktive kunstnarar vil kunna fylla lærar- og instruktørfunksjonar. Eit anna poeng i denne samanhengen kan vera at der det ligg til rette for det, kan dei frivillige organisasjonane på kunstområdet ha konkrete oppgåver, t.d. i form av aktivitets- og instruksjonspersonale. Dermed kan kunst i relasjon til born og unge ha ein vitaliseringseffekt på ein del av det frivillige organisasjonslivet.

Kulturdepartementet vil ta kontakt med Kommunenes sentralforbund for å få vurdert korleis kulturskulekonseptet best kan vidareutviklast og realiserast på lokalt nivå. Tiltaka må botna i ein lokal prioriteringsvilje til å gje born og unge aktiv tilgang til eit kunstliv. Statens rolle vil difor vera stimulerande over avgrensa tid for å hjelpa ulike tiltak og ordningar fram.

8.10 Statens kunstfond

I avsnitt 4.2.4 blir det gjort nærare greie for ei rekkje statlege fondsordningar som får midlane sine gjennom eller på grunnlag av kulturpolitisk baserte og lovheimla avgifter: Bildende Kunstneres Hjelpefond, Fond for utøvande kunstnarar, Det norske komponistfond og Norsk kassettavgiftsfond. Alle desse har eigne administrative einingar, og det er lett å sjå historiske grunnar til at dei har vakse fram som sjølvstendige einingar. Men sjølv om det delvis er ulike kunstnargrupper som er mottakarar av ytingane, og det er ulike lover og ordningar som ligg til grunn, vil Regjeringa vurdera å samla dei administrative og forvaltningsmessige oppgåvene under ein administrativ hatt, t.d. i eit Statens kunstfond. Då kunne dei ressursane som i dag går til separate administrative løysingar av identiske oppgåver, rettast mot meir målretta spesialisering, t.d. til juridisk kompetanse o. a i ein felles administrasjon.

Sjølv om ein ikkje skal overdriva rasjonaliseringseffekten av eit slikt grep, vil det vera god grunn til å tru at ein kan frigjera litt midlar som kan gå til kunstnarleg arbeid. Ein annan vesentleg føremonn ville vera å kunna sjå ting i samanheng utan å gå vegen om tidkrevjande samordningstiltak mellom sjølvstendige einingar. Samstundes ville det bli eit sterkare, internt fagleg miljø. Eit siste poeng er at kunstnargruppene som skal forhalda seg til fonda og ordningane, vil få eitt organ å kontakta.

Sekretariatsfunksjonane til Utvalet for statens stipend og garantiinntekter for kunstnarar vil det også vera naturleg å leggja i eit slikt organ, jf. avsnitt 4.4.1.6. Då vil ein få ein samordnings- og oversynseffekt som ein saknar i dag. Innstillingskomiteane kan i hovudsak vera slik som i dag, men det er eit spørsmål om sjølve utvalet bør styrkjast med uavhengig, kunstfagleg kompetanse. Med eit Statens kunstfond kan også detaljarbeidet overfor einskildkunstnarar flyttast frå departementet til dette organet.

Sidan fleire av fonda og ordningane det er tale om, eigenleg forvaltar midlar som «tilhøyrer» kunstnarane, er det avgjerande å framheva at ein ev. nykonstruksjon har som mål å skapa grunnlag for endå betre forvaltning til fordel for kunstnargruppene. Vidare må det understrekast at midlane skal brukast til dei kunstnargruppene som gjeldande reglar definerer som mottakarar. Endringa gjeld ei felles fagleg og administrativ forvaltning av midlane, og det bør alle partar tena på.

Eit tilleggsmoment i denne samanhengen er at det nye Økonomireglementet så å seia vil gjera det naudsynleg å slå saman små, statlege, administrative einingar for at dei skal kunna tilfredsstilla regelverket på alle punkt. Dette ville ha blitt vurdert uavhengig av spørsmålet om å etablera eit Statens kunstfond.

Departementet vil setja i gang ein gjennomgang av dei ulike sidene ved ei slik samanslåing i 1998 med sikte på å effektuera dette i 1999 eller år 2000. Departementet vil såleis koma tilbake med dei administrative og økonomiske konsekvensane, første gong i budsjettframlegget for 1999.

På det prinsipielle planet ser ein for seg ein samla struktur der delane vil fungera som komplementære storleikar:

  • departementet vil kunna konsentrera seg om dei kunstnarpolitiske premissane og retningslinene.

  • departementet vil få eitt organ som vil kunna utvikla og halda ved like oversyn over feltet, som vil kunna ta samordnande grep og som vil kunna gje samordna rapportar og innspel til departementet.

  • kunstnarar og organisasjonane deira vil ha eitt hovudorgan å forhalda seg til på dei felta der statlege, kulturpolitisk baserte verkemiddel for kunstnarar er viktige.

I samband med ev. samanslåing til eit Statens kunstfond vil departementet også vurdera, i samråd med Norsk kulturråd, om delar av Kulturrådets oppgåver som gjeld forvaltning av tilskot som er retta direkte mot kunstnarar, bør flyttast til eit slikt fond. Det same gjeld somme forvaltningsoppgåver som i dag ligg i Rikskonsertane, Riksteatret og Riksutstillingar. Målet er å få eit system der dei reine kunstnarpolitiske tiltaka kan leggjast til eit ev. Statens kunstfond, medan dei andre organa kan konsentrera seg om formidlingsoppgåver og andre tiltak på kunstområdet.

I tilknyting til at Kulturdepartementet vil vurdera å samanføra ulike fond til eit Statens kunstfond, vil ein gjera ein prinsipiell gjennomgang av dei øyremerkte avgiftene.

8.11 Kunstnarar og dei lokale forvaltningsnivåa

I dag er offentlege tiltak direkte overfor kunstnarar i all hovudsak eit statleg ansvar. I viss grad er det fylkeskommunale og kommunale forvaltningsnivået inne med tiltak. Kommunale kunst- og/eller kulturstipend høyrer såleis med i det biletet. Storparten av innsatsen er likevel knytt til kunstinstitusjonar som teater, orkester, kunstnarsenter, kunstmuseum og nokre fylkesgalleri. Spesielt skal nemnast musikkområdet, der systemet med distrikts- og landsdelsmusikarordningane og musikkskulane har positive verknader for sysselsetjinga av mange profesjonelle utøvarar.

Det er først og fremst utøvande kunstnarar som får nyta godt av den kommunale og fylkeskommunale innsatsen på kunstområdet. Det er klart færre tiltak som når dei skapande kunstnarane. Samla sett er likevel eksisterande innsats både konstruktiv og viktig.

Det er grunn til å framheva eitt felt der det regionale og lokale nivået har spesielle føresetnader for å gjennomføra tiltak som kan ha positiv verknad for kunstlivet og kunstnarar.

Gjennom eit utvikla plansystem har fylkeskommunar og kommunar eit instrument som dei bruker til å leggja grunnlag og føringar for utviklinga på lokalt nivå. I aukande grad er kulturtiltak omtala i desse plandokumenta med tyngdepunkt på kulturinstitusjonar og den frivillige aktiviteten i kulturlivet generelt. Det finst også døme på at ein på lokalt nivå tek initiativ til å leggja til rette for kunstaktivitet på profesjonelt nivå.

På dette punktet kan det heilt klart gjerast meir. Det vil vera ein styrke om det i planane i større grad vart teke med målsetjingar og tiltak som kan leggja til rette for det profesjonelle kunstlivet, også når det gjeld dei skapande kunstnarane. Konkret kan det vera tilrettelegging av verkstader og atelier som kan letta etablering og drift.

Med utgangspunkt i røynslene frå Norsk kulturråds prosjekt Kultur og reiseliv og Kultur og næring, vil departementet saman med Kulturrådet ta initiativ overfor Kommunenes sentralforbund for å få kartlagt korleis kulturaktivitet generelt og profesjonell kunstaktivitet spesielt kan få betre kår i det regionale og lokale tiltakssystemet.

Til forsiden