St.meld. nr. 47 (1996-97)

Kunstnarane

Til innholdsfortegnelse

3 Kunst og samfunn

3.1 Innleiing

Gjennom historia og i mange kulturar har ein talrike døme på korleis kunstnarleg utfalding har vore integrert med funksjonelle brukskrav. Noko prinsipielt nytt skjer når ein lausriv det kunstnarlege frå det funksjonelle og gjer det til eit sjølvstendig område med samlenemninga kunst. Dette skjedde m.a. i samband med etableringa av kunstinstitusjonar i Europa, dvs. institusjonar som berre var retta mot biletkunst, musikk, opera, teater og ballett, og som markerte kunst som eit felt med eigenverdi. Etablering av slike institusjonar var med på å skapa kunst som sjølvstendig fenomen, og dermed også kunstnaren som noko meir enn ein underordna aktør i ulike sosiale samanhengar. Fullstendig og eintydig skilje mellom det funksjonelle og kunst som sjølvstendig felt har det likevel aldri blitt. Mange kunstformer har utvikla seg i nært samspel med dei funksjonelle brukskrava som blir stilte, t.d. gjeld det musikk og utsmykking i kyrkjeleg samanheng.

3.2 Samfunnsnytte

Om delar av kunstproduksjonen i dei vestlege landa dei seinaste 200 åra har stått fram med ein eigenverdi, frikopla frå funksjonelle aspekt, har kunst og kunstnarar alltid vore ein del av det samfunnet som dei har fungert i forhold til. Det vil aldri vera slik at kunst står over eller på sida av samfunnet, uavhengig av samfunnsforhold. Det kan likevel ofte vera slik at kunst opererer med verdiar og synspunkt som kan vera i klar opposisjon til eit rasjonelt, teknokratisk og økonomisk bestemt samfunnssyn. Sagt på ein annan måte: kunst forheld seg til sider av menneskeleg samhandling som tek i bruk andre delar av intellektet enn dei som er reint fornuftsbaserte. Eit viktig trekk ved kunst er difor evna til å stimulera annleistenking: det å kunna sansa røyndomen på andre måtar enn gjennom dei rasjonalitets- og formålsbestemte perspektiva som elles i stor grad dominerer tankemodellar og dermed også oppfatningar om røyndomen i vår del av verda.

Gjennom si form for alternativ tenking utfordrar også kunst dei fornuftsbaserte førestellingane om nytte. I vårt samfunn er nytte-omgrepet i stor grad knytt til instrumentelle og økonomiske verdisett. På ein måte har formålsrasjonelle synspunkt hegemonisert oppfatninga av kva som er nyttig eller ikkje i samfunnet. Difor kan ein stundom møta førestellingar om kunst som unyttig i tydinga «ikkje noko å ta på alvor», noko vi ikkje treng, men som vi løyver oss som eit overskotsfenomen. Men dersom vi i definitoriske vendingar omtalar kunst som «unyttig», aksepterer vi samstundes det økonomisk og teknokratisk betinga nytte-omgrepet som norm for kva vi meiner med 'samfunnsnytte'. Det er både i eit generelt samfunnsperspektiv og i eit kulturpolitisk perspektiv viktig å understreka ei meir samansett forståing av 'samfunnsnytte'. Kunstkvalitetar representerer ein samfunnsnytte, men på andre måtar og på andre felt enn det som kan oppfattast gjennom formålsrasjonelle tolkingsfilter.

Mange vil framheva fridom frå fornuftsbaserte formål som eit grunnvilkår for den moderne kunstnaren. Slik kan kunst i samtida utfordra alle tendensar i det moderne teknologisk-baserte samfunnet som går ut på å styrkja og gje monopolstatus for ei instrumentell fornuft. For kunsten let seg ikkje forstå i eit slikt perspektiv. Det gjer at kunsten er vanskeleg å fanga inn og vanskeleg å definera i ein teknisk-byråkratisk samanheng - for kunsten vil ofte visa «det andre». Både som barriere og brems mot tendensar til såkalla taktisk-strategisk instrumentalisering av alle verdiar, og som augneopnar for nye vegar og nye erkjenningsrom, er kunsten til nytte for samfunnet, men det er ikkje ein nytte som kan reknast ut eller kalkulerast inn i økonomiske modellar.

Andre vil leggja vekt på at kunst ikkje skal leva på sida av eller stå over samfunnet og bokstavleg tala bli seg sjølv nok og dermed «ghettoisera» seg i forhold til resten av samfunnet. Det er først i møtet med omverda at kunst i det heile kan merkast, tolkast, oppfattast og vurderast som noko nytt, friskt, provoserande, utfordrande, irriterande eller gledande.

3.3 Annleis-perspektivet

Eit levande kunstliv vil vera kjenneteikna av ulike syn på kva kunst kan og bør vera og dermed også av ulike oppfatningar om kva samfunnsrolle kunstnaren skal spela. Ikkje sjeldan blir det lagt vekt på dei kontrære, provoserande og grensesprengjande delane av kunstnarrolla. Det blir gjerne framstilt i vendingar som framhevar kunstnaren som ein person som utfordrar/provoserer/bryt med dei vanlege forståingsrammene med uttrykka sine. På somme måtar er det tale om ein samfunnsintegrert anarkist, for å bruka ein paradoksal karakteristikk. I så måte representerer kunstnaren ein kompetanse i å sjå alternativ, å visa nye og ofte uventa vegar. Innanfor kunstlivet sjølv kan vi i dag m.a. sjå klare tendensar til at bruk av informasjons- og kommunikasjonsteknologi bryt ned tradisjonelle grenser mellom kunstformene. Det oppstår nye kunstuttrykk som blandar ulike sjangrar på ein måte som utfordrar innarbeidde oppfatningar om kunst. Slik har samtidskunsten ofte stått for eit overskridande moment ved å utfordra dei tilvande, etablerte og godkjende oppfatningane, og å lata oss sjå «det andre».

Dette er ei oppgåve som i eit breiare samfunnsperspektiv kan vurderast som svært nyttig, fordi den kreative overskridinga ikkje berre gjeld kunsten. Det er også føresetnaden for at vitskap og teknologi, industri og forretningsliv kan koma vidare. Vi kan difor finna ein analogi til kunstens funksjon i t.d. grunnforskinga, som ikkje er motivert av nytte og lønnsemd, men som kan bli både nyttig og lønande i eit litt vidare perspektiv. På ein måte kan kunsten sjølv vurderast som ei form for grunnforsking innanfor det feltet vi kan kalla den menneskelege verdisfæren.

I resonnement som legg vekt på annleisperspektivet, kan ein finna argument som understrekar at god kunst ikkje skal vera lett tilgjengeleg, det skal bryta med alt som var tidlegare, det skal krevja både kunnskap og aktiv sansetrening frå mottakarens side. Det er ein fare for å strekkja annleisperspektivet for langt, t.d. når det blir hevda at dei som er vanskelegast å «forstå»/tolka/ skapa assosiasjonar i forhold til, er dei som kjem nærast kjenneteiknet på ein verkeleg kunstnar. Slike resonnement kan lett skapa ei elitistisk og romantisk oppfatning av kunstens funksjon og meining i samfunnet. Men kunstnaren som realiserer seg sjølv utan nokon gong å nå fram til anna enn si eiga forståingsramme, kan knapt seiast å spela noka samfunnsrolle som kunstnar. Utfordringa for kunstnaren ligg såleis i å vilja og våga gå i dialog med omverda.

Dei som framhevar annleisperspektivet i kunstnarrolla, peiker ofte på det forholdet at det som blir skapt i samtida, ikkje alltid blir sett pris på eller får sin eigenlege samfunnsfunksjon før lenge etter at kunstnaren er borte. Det finst mange døme på det. Dette kan likevel ikkje ta ifrå samtida den seleksjonen som ei kvar samtid så å seia pliktar å utføra i forhold til den levande samtidskunsten. Korkje kunsten eller samfunnet vil vera tent med at den aktive seleksjonen av kunstverk og -prestasjonar skal skuvast over på framtida i redsle for å utelata noko som kan visa seg å bli oppfatta som stor kunst i framtida. Det ville vera å ta bort den viktigaste samfunnsdynamikken som ligg i samhandling mellom samtidskunsten og omverda. Det å vera aktør i eit grenseland inneber alltid ein risiko for å bli borte for alltid.

Delvis som ei modifisering av annleisperspektivet vil somme framheva at kunst og kunstutfalding ikkje alltid inneber noko grensesprengjande og nyskapande. Den attkjennande og stadfestande kunstopplevinga høyrer også med innanfor det store kunstnarlege mangfaldet. Ofte kan det vera blandinga av attkjennande og nye element som skaper kunstopplevinga. Det sentrale vil vera den kjenslemessige og intellektuelle utfordringa som kunstuttrykka kan skapa i møtet med einskildindivida.

Den kontrære dimensjonen ved kunst blir ofte kopla saman med ytringsfridom: retten til å ytra seg om dei fleste tilhøve med uttrykksformer og verkemiddel som i prinsippet skal kunna omfatta alt. Det er ikkje vanskeleg å peika på verdien av kunst som samfunnskritiske kommentarar, verdien av kunst som augneopnar og profilerar. Det gjeld difor å sikra at kunst som uttrykksform får eit frirom, der kunst kan fungera på sine eigne premissar, likevel utan å bli isolasjonistisk. Her ligg den store utfordringa: å stimulera til «fri» kunstutfalding utan at kunsten hamnar på utsida av det samfunnet som kunsten skal samhandla med, og utan at kunsten blir seg sjølv nok.

3.4 Kunst er kommunikasjon og samhandling

Kunstutfalding inneber alltid ei kommunikativ handling med omverda. Kunst inneber mellommenneskeleg møte. Å gje ut ei bok eller presentera eit målarstykke eller spela ei scenerolle inneber ei handling der eit menneske skaper eit assosiasjonsfellesskap med andre menneske. På ein måte balanserer kommunikasjonsaspektet det kontrære og isolasjonistiske i kunstnarrolla. Ikkje slik at kommunikasjon betyr at mottakarane skal forstå eller lika det dei møter, men mottakarane skal merka at dei møter noko, og det dei møter, skal røra ved dei, både emosjonelt og intellektuelt. I eit slikt perspektiv er den provoserte og forkastande reaksjonen like adekvat som den applauderande. Poenget er at det blir skapt assosiasjonar og tolkingar, og at kunst på den måten fører til tankar og stundom handlingar.

Samhandlingsperspektivet er fundamentalt for kunsten vurdert i samfunnssamanheng. Utan å ha ei eller anna form for referansepunkt i samfunnet er det meiningslaust å snakka om grensesprengjande og/eller andre funksjonar som framhevar kunst som alternativ vegvisar. Slik sett er kunst alltid ein tovegs kommunikasjon: bodskapen som måtte liggja frå kunstnarens hand og ånd må oppfattast av mottakarar, tolkast og gjerast om til opplevingar og oppfatningar. Heile denne prosessen kan sjåast på som ei omfattande skapande handling, der kunstnaren er avhengig av mottakarparten for ikkje å skapa eller utøva i eit tomrom.

På den andre sida er mottakarane avhengige av å læra å møta kunst. Evna til å møta, tolka og oppleva kunstuttrykk er like lite medfødd som andre sosiale handlingsmønster. Det må lærast og haldast ved like. Stadige møte med kunstuttrykk er den sikraste måten å få til ein læreprosess, slik at det kan bli ein meiningsfull dialog mellom kunstnarar og ulike målgrupper. Særleg er det viktig at born og unge får høve til å oppleva utfordringa, undringa og stimuleringa som ligg i det å møta eit pulserande kunstliv. Det har som vilkår at det er mogeleg å møta ulike kunstuttrykk ofte og på mange stader.

Formidlingsaspektet vil vera ei vesentleg side ved den statlege kunstpolitikken som heilskap. Skal ein få til dynamisk samhandling mellom kunstnarar og samfunnet elles, krevst det mange ulike typar møtestader der kunstnarane kan koma i dialog med ulike brukargrupper. I formidlingsperspektivet ligg også klare utfordringar for kunstnarane til å formidla kunstverk og -prestasjonar til eit mangslunge publikum, gjerne på stadig nye arenaer.

I samhandlingsperspektivet ligg også viktige sambandsliner mellom dei profesjonelle kunstnarane og dei mange som er aktive som amatørar innanfor ulike kunstfelt. Amatørane vil heilt klart nyta godt av eit rikt, profesjonelt kunstliv som kan fungera som inspirator og læremeister. Samstundes vil stundom det profesjonelle kunstlivet kunna henta nye impulsar og perspektiv ved å samarbeida med amatørar. Samhandlinga og stundom spenninga mellom det profesjonelle kunstlivet og eit mangslunge amatørfelt er ein viktig samfunnsmessig kvalitet ved kunst.

I samhandlinga mellom kunstnarar og mellom kunstnarar og samfunn vil det alltid vera til stades oppfatningar av kunstkvalitet. Dette er eit vanskeleg og mangtydig felt, fordi det ikkje finst, og har heller knapt funnest, eintydige og objektive kriterium for å kunna vurdera kva som er god eller dårleg kunst. Dette forholdet har blitt endå meir påtakeleg ettersom mangfaldet innanfor kunstfeltet har blitt stadig større og uttrykksformene meir varierte. At ulike oppfatningar om kunstkvalitet brynest mot kvarandre, vitnar om eit levande kunstliv. Vesentleg i den samanhengen er ikkje å koma fram til «evige sanningar» om kunstkvalitet, men å kunna akseptera at eit kunstnarleg mangfald gjer det naturleg med ulike former for sanningar. Utfordringa ligg i å hevda og grunngje eigne meiningar om kunstkvalitet og samstundes ha forståing og respekt for at andre kan ha motsette meiningar. Denne utfordringa ligg både hjå kunstnarsamfunnet og i dei mange institusjonane og organisasjonane som arbeider med kunstformidling.

3.5 Kunst i eit fleirkulturelt perspektiv

Til ein viss grad har det faktum at Noreg er eit fleirkulturelt samfunn, gjeve seg utslag i at kunstlivet har fått nye impulsar frå kunstnarar som representerer andre kulturbakgrunnar og kunstuttrykk enn det som har vore vanleg i Noreg. Likevel verkar det som om det enno er relativt få kunstnarar med innvandrarbakgrunn som gjer seg gjeldande i det norske kunstlivet. Også samiske kunstnarar har lenge streva med å få sine kunstuttrykk aksepterte, det same gjeld folkekunstnarar. Dette heng delvis saman med at storsamfunnet på somme måtar har ei utprega eurosentrisk kunstoppfatning, i den meining at det er vanskeleg for såkalla etnisk kunst å oppnå status og respekt som likeverdige kunstuttrykk. Omgrepet 'etnisk kunst' er i seg sjølv eit klart vitnemål om dette: 'kunst' er reservert for det som vi kjenner frå vår eigen kulturbakgrunn, det andre er 'etnisk kunst'. Slik sett kan nemninga 'etnisk kunst' somme gonger fungera ekskluderande og eksotiserande.

Stundom kan ein nok sjå at kunstuttrykk frå land i Asia, Afrika og Latin-Amerika kan ha vanskar med å få innpass i eit kunstlandskap som i hovudsak er forma av ei historisk sett dominerande, europeisk kunstoppfatning. I eit framveksande fleirkulturelt samfunn vil ei slik dominerande kunstoppfatning bli utfordra av det nye. Utfordringa går for så vidt begge vegar, fordi begge partar er både mottakarar og sendarar av noko nytt. I den grad ein møter «det nye» med etnosentriske oppfatningar om kunstkvalitet, kan det lett føra til utveksling av fastlåste synspunkt mellom ulike partar, og til situasjonar der både innsikt og forståing har dårleg grobotn.

I teorien vil nok mange vera samde om at eit fleirkulturelt samfunn også må gje rom for kunstuttrykk som avspeglar det kulturelle mangfaldet. I teorien er den statlege kunstnarpolitikken open i den forstand at ein verbalt ikkje favoriserer den eurosentriske kunstoppfatninga. Men i praksis har kunstnarar med andre kunstuttrykk enn dei som blir godkjende i den europeiske tradisjonen, vanskeleg for å nå opp i den relativt harde konkurransen om offentlege midlar. Dette kjem ikkje av vond vilje frå nokon av aktørane. Det er meir tale om strukturelle tilhøve og mangel på kunnskap som gjer at kunstverda i liten grad avspeglar det fleirkulturelle norske samfunnet. Den store kulturpolitiske utfordringa ligg difor i å stimulera til ei opnare, meir undrande og søkjande kunstforståing både hjå publikum og i det eksisterande kunstnarsamfunnet, og det på ein måte som gjev reelt likeverd mellom ulike uttrykksformer.

I St meld nr 17 (1996-97) Om Innvandring og det flerkulturelle Norge blir det peikt ut tre hovudutfordringar for den generelle kulturpolitikken i det fleirkulturelle samfunnet:

«- Å sikre at personer med innvandrerbakgrunn har like muligheter for deltakelse i regionale, lokale og nasjonale kultur- og idrettsinstitusjoner, både som brukere, utøvere, ledere, ressurspersoner og forvaltere. Dette innebærer at disse virksomhetene må bli mer åpne for ikke-vestlige uttrykksformer, kunsttradisjoner og idrettsgrener. Det medfører også et ansvar for å rekruttere personer med innvandrerbakgrunn til utdanningssystemet, til kulturinstitusjonene og deres besluttende organer, og å bekjempe fordommer og andre barrierer for rekruttering.

- Å stimulere til utvikling av flere tverrkulturelle møteplasser i kunst-, kultur- og idrettslivet, på tvers av kunstneriske uttrykksformer eller etnisk bakgrunn. Kulturen som allmenning kan spille en viktig rolle for å skape nye samhandlingsarenaer, felles uttrykk, nyskaping og mangfold.

- Å styrke mulighetene for kulturell egenutvikling for personer med innvandrerbakgrunn i samspill med og som en naturlig og likeverdig del av det norske samfunnet. Dette må gjelde såvel for enkeltindivider og profesjonelle kunstnere som for brede grupper som definerer seg i etniske fellesskap.»

Overført på kunstområdet inneber desse prinsippa at departementet i åra som kjem, i samarbeid med kulturinstitusjonane og kunstnarorganisasjonane, vil satsa på tiltak som stimulerer til likestilling for profesjonelle kunstnarar med innvandrarbakgrunn i kunstlivet, og sikra at dei får likeverdige høve til å vera verksame som kunstnarar. Dessutan vil departementet arbeida for at det blir skapt større aksept og forståing for ikkje-vestlege kunstuttrykk i Noreg og stimulera til større tverrkulturelt samarbeid i utviklinga av ny samtidskunst (jf. avsnitt 8.8).

3.6 Kunstfagleg kompetanse på andre samfunnsområde

Når nokon går i gang med ei kunstfagleg utdanning, er sjølvsagt hovudintensjonen å kunna verka som skapande eller utøvande kunstnar når utdanninga er avslutta. Det vil vera som aktive kunstnarar dei vil ha sin primærfunksjon i samfunnet. Samstundes representerer dei ein kompetanse som det er klart behov for på andre samfunnsområde. Generelt kan det seiast å vera mange felt der samfunnet utanfor kunstnarverda burde lærast opp til å bruka kunstfaglege, estetiske «briller og høyretelefonar» i sin omgang med omverda. I prinsippet gjeld dette på alle område der form, farge, visuelle og for den del auditive uttrykk er ein del av totaliteten. Ideelt sett burde kunstfaglege synspunkt og verdiar i langt større grad enn i dag gjennomsyra mange sider av samfunnslivet. Det kan t.d. gjelda i handheving av plan- og bygningslova, og det er aktuelt i areal- og miljøplanlegging både i statlege, fylkeskommunale og kommunale plankontor. Eit like viktig område er skuleverket, der ein kan nå born og unge og læra dei å møta kunst med opne sansar. Dette har blitt ekstra aktuelt i samband med det nye læreplanverket for den 10-årige grunnskulen, der kunst og handverk har kome inn som styrkte område i grunnskuleopplæringa, og der det m.a. heiter: «Faget kunst og håndverk skal bidra til å utvikle elevenes evne til å påvirke og prege sine omgivelser og sitt miljø.»

Skal ein koma vidare med spørsmålet om større bruk av kunstfagleg kompetanse på andre samfunnsområde, vil ein i første omgang sjå på korleis dette aspektet kan fangast opp i kunstnarutdanninga. Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet vil i nær framtid saman med utdanningsinstitusjonane setja i gang eit arbeid for å sjå på korleis kunstfagutdanninga i Noreg kan utviklast. I den samanhengen vil det bli vurdert ulike former for kombinasjon av kunstfagutdanning med anna utdanning. Det vil også bli vurdert praktisk-pedagogisk utdanning på alle kunstfelt, t.d. slik det i dag skjer innanfor musikkutdanninga. Då vil kunstnarar kunna få formell bakgrunn for kunna fungera i andre arbeidssamanhengar enn det å skapa eller utøva kunst. Desse spørsmåla vil også bli vurderte i eit etterutdanningsperspektiv, t.d. slik at kunstnarar kan ta tilleggs- og etterutdanning for å kunna verka på andre samfunnsfelt med sin kunstfaglege kompetanse (jf. avsnitt 4.8.2).

Større innslag av kunstfagleg kompetanse på andre samfunnsfelt er ikkje berre spørsmål om tilrettelegging av utdanningsstruktur og -innhald. Det krevst også i viss monn ei haldningsendring både i arbeidslivet og hjå kunstnargruppene sjølve. Det kan nok finnast ein tendens til å sjå på bruk av kunstfagleg kompetanse i andre samanhengar enn den reint skapande eller utøvande, som litt mindreverdig. Det er i så fall ei underkjenning av den verdien kunstfaglege synspunkt kan ha på mange område utanfor den reine kunstarenaen. Det vil dessutan vera slik at den omverda kunstnarane skal samhandla med, stadig må møta kunstnarlege verdiar og synspunkt for å kunna vera gode samhandlingspartnarar.

3.7 Kunst og born og unge

Born og unge har i mange år vore satsingsområde for ulike politiske tiltak. I eit kunstpolitisk perspektiv er det grunnleggjande viktig å gje born høve til å møta og forhalda seg til kunst som eitt av mange kodesystem i samfunnet. Ofte og direkte kontakt med kunstuttrykk er den viktigaste føresetnaden for at ein kan utvikla ein tolkings- og opplevings-kompetanse i forhold til kunstverda. I informasjons- og teknologisamfunnet vil ein slik kompetanse bli stadig viktigare på fleire felt. Målretta kunsttiltak retta mot born og unge er difor ein viktig føresetnad for eit levande og mangslunge kunstliv i eit moderne, demokratisk velferdssamfunn.

På kunstområdet representerer den felles handlingsplanen for Kulturdepartementet og Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet «Broen og den blå hesten» plattforma for kunsttiltak i skulesamanheng. Eit konkret resultat med utgangspunkt i handlingsplanen er at i den nye læreplanen for grunnskulen har kunst og handverk kome inn med ny styrke, og slik sett har ein fått det rammeverket som skal til for å gje born i grunnskulen betre og meir målretta kontakt med kunst. Målet med kunst- og handverksfaget er uttrykt på følgjande måte:

«Den estetiske dimensjonen i faget ligger på flere nivåer, fra den spontane iver og glede gjennom det eksperimenterende og personlig skapende til det estetisk erkjennende. I møte med profesjonelle utøvere og deres arbeider hentes glede og inspirasjon. Kunnskap om kunst og formkultur fra ulike kulturer og fra fortid og samtid gir inspirasjon til eget arbeid.

I arbeid med form, farge og komposisjon med ulike materialer, redskaper og teknikker står problemløsning og utprøving sentralt. Gjennom praktisk arbeid får elevene viktig erfaring som gir mulighet til å se sammenhenger mellom materialer, tradisjon og kultur.

Evne til observasjon er vesentlig for formforståelse. I arbeid med faget oppøves evnen til visualisering av ideer og til gjengivelse av form. Dette kan bidra til å øke forutsetningene for eget skapende arbeid.

Audiovisuelle kommunikasjonsformer stiller oss overfor estetiske og etiske utfordringer. I et medie- og forbrukersamfunn som søker å påvirke og innvirke på vårt liv og våre verdivalg, er det viktig at elevene utvikler en kritisk bevissthet om visuelle virkemidler og kommunikasjon. I veksling mellom teori og praksis, inntrykk og uttrykk, utgjør faget en særlig kilde til kunnskap, problemløsning, skaperglede og praktisk virke.»

Når det gjeld kunst og born og unge, kan det vera aktuelt med tiltak som har to ulike siktemål: det eine gjeld born og unges møte med kunst, det andre gjeld borns eigenaktivitet på kunstfeltet. Møteperspektivet blir i viss monn teke vare på i skuleverket. Dessutan vil fleire ulike kunstinstitusjonar gjennom sine aktivitetar nå denne målgruppa med ulike former for kunstytringar, delvis i samarbeid med skuleverket. Eigenaktivitet vil også vera aktuell innanfor skuleverket. Men med to veketimar for dette faget er det grenser for kor mykje eigenaktivitet det er mogeleg å få til innanfor skulesystemet.

Regjeringa vil styrkja arenaer som fremjar kunstaktivitet for born og unge. Hovudpoenget med slike opplegg vil vera å la born få møta kunstlivet så tidleg som mogeleg, både i form av opplevingar og som eigenaktivitet. Eit aktivt forhold til kunst frå ung alder er vesentleg for utvikling og identitetsskaping hjå den einskilde og vil vera eit godt grunnlag for å skapa større forståing for verdien av kunst som samfunnsformande faktor. Ei kopling til tiltak som gjeld kunst og det fleirkulturelle samfunnet, vil dessutan kunne gje gode samfunnseffektar på fleire område (jf. avsnitt 8.8). Samstundes er det grunn til å understreka at kommunane vil vera hovudansvarlege for den offentlege innsatsen som gjeld kunst og born og unge. Tiltaka må botna i ein lokal prioriteringsvilje til å gje born og unge aktiv tilgang til eit kunstliv. Statens rolle vil difor vera stimulerande over avgrensa tid for å hjelpa ulike tiltak og ordningar fram (jf. avsnitt 8.9).

3.8 Statens rolle på kunstområdet

I St.meld. nr. 41 (1975-76) Kunstnerne og samfunnet vart det konstatert at staten har eit vesentleg ansvar for utvikling av kunstlivet i Noreg og for arbeidsvilkåra for kunstnarar. Det offentlege ved staten hadde lenge spela ei viktig rolle som tilretteleggjar av rammevilkår for kunstnarleg aktivitet. Men St.meld. nr. 41 (1975-76) representerte eit meir samla og systematisert grep på kunstnarpolitikken.

Hovudbodskapen i meldinga var knytt til korleis samfunnet kan bruka ulike tiltak og verkemiddel som kan gje kunstnarane brukande arbeidsvilkår, og dermed sikra at samfunnet kan få nytte og glede av den kompetansen og dei kvalitetane som kunstnarverda representerer. Slik sett var meldinga eit uttrykk for eit syn på kunst og kunstnarar som «normaliserer» kunstnarleg aktivitet: det blir vurdert som eit yrke på line med andre, samstundes som det inneheld dei kontrære og grensesprengjande elementa som er eitt av dei viktigaste kjenneteikna ved kunst. Eller sagt på ein annan måte: for å kunna spela den leikande, stimulerande, provoserande, grensesprengjande rolla må kunstnarar ha arbeidsvilkår som i stor grad liknar på dei vilkåra andre yrkesgrupper i samfunnet har. I ettertid har det blitt sagt at den første kunstnarmeldinga førte til at «handverkarperspektivet» på kunstutfalding kom sterkare fram enn tidlegare, dvs. det å vera kunstnar var primært eit yrke på line med andre yrke, i mindre grad eit «sjamanistisk kall». Eit viktig element i normaliseringa av kunstnarrolla var forhandlingsretten frå 1978 gjennom regelverksavtala, som bl.a. gjev kunstnarorganisasjonane innverknad på regelverket for statens stipend- og garantiinntekter.

Eit anna kjenneteikn ved den nye, og dermed eksisterande kunstnarpolitikken, er det sterke innslaget av kunstnarmakt i forvaltninga av dei statlege ressursane t.d. gjennom regelverksavtala, innstillingskomiteane m.m. Det har gjeve eit mønster der staten formulerer dei overordna måla, gjev retningsliner og stiller midlar til rådvelde. Kunstnarorganisasjonane forvaltar ein del av midlane, effektuerer delar av kunstnarpolitikken og kjem med innspel til endringar, nye tiltak m.m. Denne samhandlingsmodellen er spesiell sett i eit internasjonalt perspektiv og representerer eit syn der det blir rekna som vesentleg at kunstnarar, til liks med andre yrkesgrupper, har innverknad på sine eigne arbeidsvilkår, i alle fall dei som staten skaper.

På eit meir generelt nivå kan ein dela inn det statlege verkemiddelapparatet i to hovudretningar. Den eine legg vekt på bruk (innkjøp, vederlag for vising, utstillingsvederlag, offentleg utsmykking m.m.) av kunstverk/prestasjonar, dvs. er relatert til dei ferdige «produkta». Ein verkemiddelbruk som reindyrkar dette perspektivet, vil leggja midlane inn i dei institusjonane/ordningane/organisasjonane som kjøper/bruker/viser/framfører kunst. Di sterkare «brukarane» står, di meir kan dei satsa på kunst og såleis stimulera kunstnarsamfunnet til å vera kreative og produktive. Samstundes har desse «brukarane» klare formidlingsoppgåver, slik at kunstnarsamfunnet gjennom dei aktuelle institusjonane samhandlar med omverda på ein konkret og synleg måte. Orkester, teater, film, museum, offentlege galleri o.a. disponerer midlane med det for auga å formidla god kvalitetskunst.

Den andre hovudretninga siktar seg inn på den kunstnarlege prosessen, i det ein vil sikra at arbeids- og skapingsprosessen blir best mogeleg. Tanken bak er at di betre arbeidsvilkår kunstnarar får, di betre kan dei utføra samfunnsgjerninga si. Innføringa av garantiinntekter er klart basert på slike omsyn, det same gjeld ein del av stipendmidlane. Dette er midlar som går direkte til kunstnarar, og kunstnarorganisasjonane har stor innverknad på korleis dei blir fordelte og brukte.

Både prinsippa og dei to hovudretningane i statleg verkemiddelbruk overfor kunstnarar vil liggja fast i framtida. Som tidlegare vil hovudmålet for staten på kunstområdet vera å skapa vilkår for at heile samfunnet skal kunna ta del i eit levande og mangfaldig kunstliv. Det er basert på ei overtyding om at kunst er ein vesentleg del av eit moderne velferdssamfunn. Di rikare høve innbyggjarane i eit samfunn har til å møta og oppleva kunstverk og kunstprestasjonar, di betre grunnlag vil innbyggjarane ha til å skapa eit tilvere der kunst og kunstopplevingar utgjer viktige element for livskvaliteten.

I eit slikt perspektiv vil dei statlege rammevilkårstiltaka vera reiskapar som skal sikra einskildindivid og samfunnet som heilskap tilgang til og møte med kunst, og det på ein måte som skaper engasjement og respons. I erkjenning av at marknaden åleine ikkje er tilstrekkeleg for å sikra vitalitet, kvalitet, nyskaping og mangfald på kunstområdet, må det offentlege difor inn med tiltak slik at kunstnarverda kan setjast i stand til å spela sine samfunnsroller.

Som del av dette ansvaret ligg også ein skyldnad i kontinuerleg å vurdera om dei ulike verkemidla har den effekt som er tenkt, eller om det viser seg verknader som ikkje var meininga. For å kunna gjera dette krevst det ordningar med ein viss innebygd fleksibilitet og som difor kan brukast målretta på felt der det krevst ekstra innsats frå tid til anna. I dette ligg det eit særleg ansvar for den delen av kunstlivet som står for det nye, det søkjande og det eksperimentelle, der sjansane for å mislukkast absolutt er til stades, men der gevinstane kan vera nyskapande og visjonsoppfyllande når noko lukkast. Eit spesielt ansvar vil staten også ha for å styrkja det fleirkulturelle aspektet ved norsk kunstliv.

Som det går fram av fleire av forskingsrapportane om vilkåra for kunstnarar, har kunstnaryrka samla sett hatt ein uvanleg stor tilvekst dei seinaste 15 åra. Det har sett stort press på dei mange statlege ordningane. Sjølv om desse ordningane reelt sett har hatt ein vekst, har auken på ingen måte vore så stor at den har kunna fanga opp den store tilveksten av nye kunstnarar. Det vil heller aldri bli slik at den statlege innsatsen på feltet vil kunna innehalda ein automatisk økonomisk vekst etter kor stor tilveksten av kunstnarar er. Det er det heller ingen andre yrkeskategoriar som har garantiar om. Som alle andre statlege verkemiddel vil også innsatsen på kunstfeltet vera del av ei total prioritering. Det vil i mange samanhengar setja klare grenser for kor mykje det vil vera mogeleg å få til. Regjeringa meiner likevel totalt sett at det er rom for ein vekst i dei statlege verkemidla på kunstområdet.

Til forsiden