St.meld. nr. 47 (1996-97)

Kunstnarane

Til innholdsfortegnelse

1 Samandrag

I kapittel 3 blir det gjort greie for det kunstpolitiske grunnlaget for den innsatsen Regjeringa vil gjera for kunst og kunstnarsamfunnet som heilskap.

Som tidlegare vil hovudmålet for Regjeringa på kunstområdet vera å skapa vilkår for at heile samfunnet skal kunna ta del i eit levande og mangslunge kunstliv. Det er tufta på ei overtyding om at kunst er ein vesentleg del av eit moderne velferdssamfunn. Kunst og kultur er kjelde til innsikt, utvikling og identitetsskaping hjå einskildmennesket. Di rikare høve innbyggjarane i eit samfunn har til å møta og oppleva kunstverk og kunstprestasjonar, di betre grunnlag vil innbyggjarane ha til å skapa eit tilvere der kunst og kunstopplevingar utgjer viktige element i dagleglivet og dermed også for livskvaliteten.

I eit slikt perspektiv vil dei statlege rammevilkårstiltaka vera reiskapar som skal sikra einskildindivid og samfunnet som heilskap tilgang til og møte med kunst, og det på ein måte som skaper relevans, engasjement og respons.

For å kunna ha eit levande, utfordrande kunstliv som gjev rom for mangfald og nyskaping, har staten eit klart ansvar for å skapa rammevilkår som gjer det mogeleg for kunstnarar å vera yrkesaktive. I erkjenning av at marknaden åleine ikkje er tilstrekkeleg for å sikra vitalitet, kvalitet, nyskaping og mangfald på kunstområdet, må det offentlege inn med tiltak slik at kunstnarverda kan setjast i stand til å spela samfunnsrollene sine.

Staten har eit særleg ansvar for den delen av kunstlivet som kjem til uttrykk i dei fleirkulturelle spenningsfelta. Saman med kunstnarorganisasjonane er det viktig å leggja til rette for at kunstnarar med innvandrarbakgrunn får likeverdige høve til kunstnarleg utfalding.

Sjølv om staten gjennom sine ulike ordningar utgjer ein svært viktig økonomisk aktør på den norske kunstarenaen, vil det alltid vera slik at staten og det offentlege berre er ein av fleire aktørar på området. Det vil aldri bli slik at den statlege innsatsen på feltet vil kunna innehalda ein automatisk økonomisk vekst etter kor stor tilveksten av kunstnarar er. Det er det heller ingen andre yrkeskategoriar som har garantiar om. Som alle andre statlege verkemiddel vil også innsatsen på kunstfeltet vera del av ei total prioritering. Det vil i mange samanhengar setja klare grenser for kor mykje det vil vera mogeleg å få til. Regjeringa meiner likevel totalt sett at det er rom for ein vekst i dei statlege verkemidla på kunstområdet.

I kapittel 4 blir det gjeve ein generell presentasjon av ulike økonomiske ordningar som gjeld kunstnarar, både opphavsrettsbaserte og dei som er tufta på eit kulturpolitisk grunnlag. Vidare er det ein kort gjennomgang av kunstinstitusjonar og institusjonar som spelar ei rolle når det gjeld kunstformidling. Spørsmåla som er knytte til kunstfagstipenda, er drøfta i tilknyting til ein kortfatta presentasjon av høgare utdanning på kunstområdet.

Når det gjeld kunstfagstipenda, konkluderer Regjeringa med at sjølv om den tidlegare høge stipenddelen for kunstfagstudentar har hatt ein viss positiv effekt for levekåra til kunstnarar, er det tvilsamt om ei utdanningspolitisk ordning er eit tenleg verkemiddel når det gjeld inntektstilhøva til ei yrkesgruppe. Regjeringa vil difor halda på den endringa som vart gjord i samband med behandlinga av statsbudsjettet for 1997, då Stortinget vedtok å endra stipenddelen for kunstfagstudentar til 35,5 %. Regjeringa meiner det vil vera meir føremålstenleg å bruka tiltak som rettar seg direkte mot den gruppa det gjeld, nemleg dei nyutdanna/unge kunstnarane.

Kapittel 5 inneheld ein presentasjon av hovudresultat frå den omfattande inntekts- og levekårsundersøkinga som Kulturdepartementet fekk gjennomført i tilknyting til dette meldingsarbeidet. Undersøkinga omfattar svar frå yrkesaktive kunstnarar under 70 år som er medlemer i kunstnarorganisasjonar. I undersøkinga blir det konstatert at sjølv om inntektssituasjonen for kunstnarane viser store variasjonar, både innbyrdes i ulike kunstnargrupper og mellom kunstnargrupper, indikerer gjennomsnittstala at situasjonen ikkje har endra seg i særleg positiv lei sidan 1980-talet. Sjølv om fleire av dei statlege ordningane har hatt ein monaleg volumauke i perioden 1979-1993, har denne auken ikkje kunna møta den store veksten i talet på yrkesaktive kunstnarar i same tidsrommet. I forskingsrapporten blir det rekna med ein auke på 30 - 40 %.

I kapittel 6 blir det gjeve ein kortfatta presentasjon av kunstnarorganisasjonar, medan kapittel 7 inneheld eit kort oversyn over kunstnarpolitikk i andre europeiske land.

Dei handlingsretta delane av meldinga er omtala i kapittel 8. Når det gjeld Bildende Kunstneres Hjelpefond, Fond for utøvande kunstnarar, Det norske komponistfond og Norsk kassettavgiftsfond vil Regjeringa vurdera å samla dei administrative og forvaltningsmessige oppgåvene under ein administrativ hatt, t.d. i eit Statens kunstfond. Det vil i så fall også vera naturleg at sekretariatet for Statens utval for stipend og garantiinntekter blir lagt til ei slik eining.

I samband med ev. samanslåing til eit Statens kunstfond vil ein også sjå på grensesnittet mot Norsk kulturråd, spesielt dei delane av Kulturrådets oppgåver som gjeld forvaltning av tilskot som er retta direkte mot kunstnarar. Det same gjeld somme forvaltningsoppgåver som i dag ligg i Rikskonsertane, Riksteatret og Riksutstillingar. Målet er å få eit system der dei reine kunstnarpolitiske tiltaka kan leggjast til eit Statens kunstfond, medan dei andre organa kan konsentrera seg om formidlingsoppgåver og andre tiltak på kunstområdet.

Samhandlingsmodellen mellom departement og kunstnarorganisasjonane vil framleis danna grunnlag for utviklinga av delar av kunstnarpolitikken. Departementet vil på denne bakgrunn ta initiativ til å gå gjennom regelverksavtala av 1978 i lag med organisasjonane med sikte på å oppdatera avtala i samsvar med den utviklinga som det samla kunstfeltet har hatt sidan slutten av 1970-talet.

Departementet vil saman med Statens utval for stipend og garantiinntekter gå gjennom retningslinene for stipend og garantiinntekter med tanke på å samordna regelverket. Det skal samstundes gjerast ei vurdering av dei tildelingskriteria som ulike stipendkomitear bruker i vurderinga av søkjarar. Vidare vil departementet saman med Statens utval for stipend og garantiinntekter og kunstnarorganisasjonane revidera retningslinene for garantiinntektene.

Regjeringa vil prioritera tiltak som kan koma nyutdanna/unge kunstnarar til gode. I samsvar med dette vil Regjeringa tilføra ordninga med arbeidsstipend og dei stipendordningane som går til nyutdanna/unge kunstnarar, monaleg auke. I den samanhengen vil det bli etablert spesielle stipend for nyutdanna/unge kunstnarar. Dette vil vera spesielt viktig innanfor dans, kunsthandverk, biletkunst m.fl.

Frå 1998 blir det etablert ei aspirantordning der kunstinstitusjonar kan søkja om støtte til tidsavgrensa aspirantstillingar. Utforming av ordninga vil ein koma attende til i budsjettforslaget for 1998. Med verknad frå 1998 tek elles Regjeringa sikte på å auka støtta til frie sceniske grupper. Endeleg tek Regjeringa sikte på å auka rammene for innkjøp av biletkunst og kunsthandverk frå samtida.

Når det gjeld kunst og det fleirkulturelle samfunnet, er det eit hovudpoeng at ekstra tiltak ikkje skal koma i staden for eksisterande ordningar, men dei skal få i gang prosessar som gjer kunst med fleirkulturelt utgangspunkt til ein naturleg og sjølvsagd del av det totale kunstbiletet. I 1998 blir det gjort framlegg om å starta eit utviklingsprogram for kunst og det fleirkulturelle samfunnet. Ordninga vil bli lagd til Norsk kulturråd, og departementet vil koma attende til konkretisering av programmet i framlegget til statsbudsjett for 1998. I hovudsak vil det vera tale om tiltak som skal fungera som utløysar for aktivitet og tiltak innanfor dei etablerte kultur- og kunstnarpolitiske ordningane.

Til forsiden