St.meld. nr. 47 (1996-97)

Kunstnarane

Til innholdsfortegnelse

5 Økonomiske kår for kunstnarane

5.1 Innleiing

Då dei ulike kunstnarpolitiske tiltaka vart innførte på slutten av 1970-talet, utgjorde opplysningar om dei sosiale og økonomiske kåra eit vesentleg grunnlag for dei ulike ordningane. I samband med regelverksavtala (jf. avsnitt 4.5) vart det i ein protokolltilførsel stadfesta at «Staten og kunstnerorganisasjonene er enige om å nedsette en felles arbeidsgruppe til å foreta en analyse av kunstnernes eller enkelte kunstnergruppers inntektsforhold.» Den såkalla Levekårsnemnda la fram resultatet frå arbeidet sitt i NOU 1981: 28 Inntektsforhold for kunstnarar. Ein del av datagrunnlaget i denne undersøkinga utgjer samanlikningsgrunnlag for den seinaste undersøkinga, jf. nedanfor.

Også seinare har det vore gjennomført store inntektsundersøkingar om kunstnarane som gruppe. I St. meld. nr. 23 (1981-82) Kulturpolitikk for 1980-åra heiter det:

«Som grunnlag for den meir aktive kunstnarpolitikken departementet tek sikte på å føre, vil det med visse mellomrom vere behov for ajourførte opplysningar om levevilkåra til kunstnarane. Departementet tek derfor sikte på å gjennomføre ei ny inntektsundersøking omkring 1985, med spørsmål slik at resultata m.a. kan jamførast med undersøkinga i 1979».

Det låg også føre eit initiativ frå Norges Kunstnerråd i samband med nedgang i løyvingar til stipend og garantiinntekter frå 1984 til 1985. Her vart det peika på negative endringar i arbeids- og inntektstilhøve for kunstnarane sidan førre undersøking, m.a. var det blitt fleire frilanskunstnarar med usikre inntekter og arbeidstilhøve.

FAFO var ansvarleg for den rapporten som vart lagt fram i FAFO-rapport nr 086, 1989, «Inntekt og levekår blant kunstnere 1986». Resultata frå denne rapporten var m.a. brukt som grunnlagsmateriale i St meld nr 61 (1991-92) Kultur i tiden. I denne meldinga tener delar av materialet som samanlikningsgrunnlag for den nyaste undersøkinga.

Dåverande Institutt for sosialforskning (INAS) fekk i 1994 i oppdrag av Kulturdepartementet å kartleggja inntektene og yrkessituasjonen til kunstnarane. Føremålet var å gje ei brei framstilling av yrkesaktiviteten og inntektstilhøva til kunstnarane, i første rekkje slik dette har kome til uttrykk tidleg på 1990-talet, men også, så langt det var mogeleg, slik det har utvikla seg dei siste tiåra. Rapporten vart presentert i 1996 med tittelen «Kunstnernes økonomiske vilkår. Rapport fra Inntekts- og yrkesundersøkelsen blant kunstnerne 1993-94». 1 I det følgjande er presentasjonen av inntektstilhøva for kunstnargruppene i all hovudsak basert på denne rapporten og nokre andre dokument som har brukt det innsamla materialet.

5.2 Utvalet av kunstnarar i INAS-undersøkinga

«Kunstnar» er ei yrkesnemning som det uråd å definera eintydig, fordi det ikkje finst objektive, allment godkjende kriterium som kan brukast for å setja merkelappen «kunstnar» på eit menneske. Sjølv om ein til ein viss grad kan operera med kriterium som er baserte på utdanning og yrkesaktivitet, vil det alltid vera så stort rom for skjønn at mange vil hamna i ei definitorisk gråsone.

I dei ulike inntektsundersøkingane har ein løyst dette problemet ved å bruka medlemene i kunstnarorganisasjonane som undersøkingsgrunnlag. På den måten kombinerer ein formelle utvalskriterium (kunstfagleg utdanning; yrkesaktivitet) med kvalitative (dei som etter intern kunstnarleg vurdering er funne kvalifiserte som medlemer i ein kunstnarorganisasjon). Ei slik operasjonalisering av kunstnaromgrepet er naudsynleg dersom ein i det heile skal kunna gjennomføra undersøkingar av denne typen. Utvalet for undersøkinga medfører likevel ei viss feilkjelde i det at ikkje-organiserte, yrkesaktive kunstnarar ikkje blir fanga opp.

Ein veit ikkje kor mange kunstnarar som står utanfor organisasjonane, men det er grunn til å tru at organisasjonane fangar opp dei fleste, sidan organisasjonane har spela ei viktig rolle i den statlege kunstnarpolitikken, ikkje minst sidan 1978. Det i seg sjølv har truleg hatt ein positiv rekrutteringseffekt for organisasjonane. Forskarane sjølve meiner at organisasjonane som er knytte til biletkunst, kunsthandverk, grafisk design, interiørarkitektur, teateryrka, ballett og komponistar, har høg dekningsgrad blant dei yrkesaktive. Organisasjonsdekninga kan vera litt mindre blant dei andre kunstnargruppene.

Den viktigaste kjelda til INAS-rapporten er ei spørjeundersøking blant medlemene i 20 kunstnarorganisasjonar. Følgjande organisasjonar var med i undersøkinga: Norske Billedkunstnere (NBK), Norske Kunsthåndverkere (NK), Forbundet Frie Fotografer, GRAFILL (Norske grafiske designere og illustratører), Norske interiørarkitekters og møbeldesigneres landsforening, Den norske Forfatterforening, Norske Barne- og Ungdomsbokforfattere, Norske Dramatikeres Forbund, Norsk Oversetterforening, Norsk skuespillerforbund 2, Norsk Sceneinstruktørforening, Norske Scenografer, Norsk Ballettforbund, Norsk Filmforbund, Norsk Musikerforbund, Norsk Tonekunstnersamfund, Norsk Komponistforening, Ny Musikks Komponistgruppe, Norske Populærautorer (NOPA) og Norsk Revyforfatterforening.

Samanlikna med dei organisasjonane som har forhandlingsrett etter regelverksavtala, jf. avsnitt 4.5, er følgjande grupper ikkje med: arkitektar (interiørarkitektar er med), industridesignarar, faglitterære forfattarar og omsetjarar 3, kritikarar og teatermedarbeidarar (scenografar og kostymedesignarar er med). Profesjonelle representantar for dei lettare musikkgenrane er med, men i mindre grad enn dei som høyrer til den seriøse delen av musikkfeltet.

Av eit bruttoutval på ca. 5 000 personar frå dei aktuelle medlemsorganisasjonane fekk ein 2 917 svar, dvs. ein svarprosent på 59. Av desse svarte 354 at dei ikkje var kunstnarleg yrkesaktive, og fall dermed ut av undersøkinga. Svargrunnlaget for undersøkinga utgjer dermed 2 563 svar, som er frå personar som reknar seg som yrkesaktive kunstnarar.

På grunnlag av dei innkomne svara gjev INAS-rapporten eit estimat over talet på yrkesaktive kunstnarar innanfor dei undersøkte gruppene. Blant ein medlemsmasse i dei 20 organisasjonane på ca. 9 500 medlemer er det grunn til å tru at mellom 6 600 og 7 000 personar er organiserte, yrkesaktive kunstnarar opp til 70 år, jf. tabell 5.1. Biletkunstnarar og musikarar er dei klart dominerande gruppene med 48 % av heile «kunstnarpopulasjonen».

I tillegg kjem yrkesaktive kunstnarar som måtte vera medlemer av andre organisasjonar enn dei som undersøkinga dekkjer, dei som er uorganiserte og yrkesaktive kunstnarar over 70 år. Talet representerer såleis eit minimumstal på yrkesaktive kunstnarar i Noreg i 1990-åra.

Tabell 5.1 Talet på organiserte, yrkesaktive kunstnarar 1994, 70 år og yngre, gruppert etter kunstnarleg hovudyrke. Estimat

EstimatLågt overslagHøgt overslagTalet på svar
Biletkunstnarar158015001660352
Kunsthandverkarar550520575288
Fotografar90859552
Illustr./graf. design350330370146
Int.arkitektar285270300176
Forfattarar410380430262
Dramatikarar70657537
Omsetjarar959010063
Skodespelarar450425470253
Sceneinstruktørar908510044
Scenografar75708039
Filmarbeidarar235220250128
Ballettdansarar280265295135
Koreografar45405026
Musikarar159015201670351
Songarar21020022058
Komponistar11511012566
Populærkomp./ autorar75659027
Revyforfattarar2015256
Anna yrke/ukjent18017019054
Sum6800660070002563

Kilde: Kjelde: INAS-rapporten, tabell 2.1

Samanlikna med 1979-80 er det grunn til å rekna med at talet på yrkesaktive kunstnarar har auka med 30 - 40 %. Bruker ein auken i talet på medlemskap i organisasjonane, er det størst auke blant kunsthandverkarar (71 %), biletkunstnarar (53 %), dramatikarar (58 %) og ballettdansarar (43 %).

5.3 Kjønn, alder, bustad og utdanning blant kunstnarar

Av dei som svarte på undersøkinga, er det ei lita overvekt av menn: 54 % menn og 46 % kvinner 4. Meir interessant er det å sjå på fordelinga i dei ulike grupperingane, jf. figur 5.1. Ikkje uventa dominerer kvinnene blant ballettdansarar, koreografar og scenografar, dessutan blant kunsthandverkarar, interiørarkitektar og songarar. Skodespelaryrket, biletkunst og grafikarar har relativt jamt forhold mellom kjønna, medan menn dominerer blant forfattarar, musikarar, fotografar m. fl. Tendensen dei seinaste åra har vore ein aukande kvinnedel når det gjeld kunstnaryrka, utan at nokon av kunstnarorganisasjonane kan visa til markant auke i talet på kvinner sidan 1980.

Figur 5-1 Prosentvis kvinnedel av organiserte, yrkesaktive kunstnarar 1994*

Figur 5-1 Prosentvis kvinnedel av organiserte, yrkesaktive kunstnarar 1994*

* For nokre grupper er kvinnedelen reelt sett litt lågare sidan kvinner hadde noko høgare svarprosent enn menn.

Kilde: Kjelde: INAS-rapporten tabell 2.2

Alderssamansetjinga av kunstnarsamfunnet viser at berre hjå ballettdansarar er hovudtyngda av medlemene under 30 år. Som ein illustrasjon på korleis aldersprofilen er i dei ulike kunstnargrupperingane, viser figur 5.2 kor stor prosentvis del av kunstnarane som er under 41 år.

Figur 5-2 Organiserte, yrkesaktive kunstnarar under 41 år i 1994. Prosent

Figur 5-2 Organiserte, yrkesaktive kunstnarar under 41 år i 1994. Prosent

Kilde: Kjelde: INAS-rapporten tabell 2.3

Bustadmønsteret for kunstnarane viser ein utprega urban profil med Oslo som det desiderte tyngdepunktet, med nær 40 % av dei yrkesaktive, organiserte kunstnarane i 1994. Dette heng sjølvsagt saman med dei mange institusjonane og frilansmarknaden i Oslo, som utan tvil er den største i landssamanheng. Tek ein med kommunane rundt Oslo som «Oslo storby», blir det urbane mønsteret endå tydelegare, jf. figur 5.3. Det er elles stor skilnad mellom dei ulike kunstnargrupperingane, med forfattarar og kunsthandverkarar som dei minst Oslo-sentrerte.

Figur 5-3 Yrkesaktive, organiserte kunstnarar i 1994, busette i Oslo storby. Prosent

Figur 5-3 Yrkesaktive, organiserte kunstnarar i 1994, busette i Oslo storby. Prosent

Kilde: Kjelde: Mangset 1997

Samanlikna med 1980, tyder tala på at det har vore ein svak auke i talet på kunstnarar som bur utanfor Oslo. Det heng sannsynlegvis saman med at ein viss del av auken i kunstnarverda har skjedd i tilknyting til institusjonar i distrikta.

Når det gjeld utdanningsnivået blant kunstnarane, ligg det jamt over høgt. Nær tre firedelar har 3-års vidaregåande, allmennfagleg line, artium eller liknande som høgaste allmennutdanning. Ca. 85 % opplyser at dei har ei eller anna form for kunstfagleg utdanning, og to tredelar har fullført kunstfagleg høgskule.

5.4 Arbeidstid

I gjennomsnitt arbeider kunstnarane om lag 1820 timar pr. år i samla arbeidsinnsats, og det er litt i overkant av eit årsverk, slik det blir rekna i dei fleste yrke. Dei individuelle variasjonane er store, både med omsyn til samla arbeidstid og kunstnarleg arbeidstid. Ikkje få arbeider meir enn eitt årsverk. Ballettdansarar, interiørarkitektar og songarar har noko mindre enn eitt årsverk, komponistar noko meir. Ein av tolv (8 %) har under eit halvt årsverk i samla arbeidstid, men meir enn kvar fjerde opplyser at dei har ein samla arbeidsinnsats som ligg klart over vanleg årsverk (meir enn 2100 arbeidstimar).

I snitt blir to tredelar av arbeidstida nytta til kunstnarleg arbeid, medan ein tredel blir delt mellom kunstnarleg tilknytt arbeid (oppgåver som treng kunstfagleg kompetanse, som undervisning, juryoppgåver o.l.) og ikkje-kunstnarleg arbeid. Om lag halvparten av kunstnarane hadde 1 500 arbeidstimar eller meir med kunstnarleg arbeid, og desse blir i rapporten rekna som «heiltidskunstnarar». Det er skilnad mellom kunstnargruppene, og blant fotografar, omsetjarar, koreografar og ballettdansarar er det berre 16 - 30 % av yrkesutøvarane som bruker 1 500 timar eller meir pr. år til kunstnarleg arbeid, og som såleis kan seiast å vera «heiltidskunstnarar», jf. figur 5.4. Slik sett gjev figuren eit bilete av kor lett eller vanskeleg det er å vera yrkesaktiv på full tid innanfor ulike kunstfag. Samanlikna med dei skapande kunstnargruppene har dei utøvande kunstnargruppene mange medlemer som kan reknast som «heiltidskunstnarar», sjølv om songarar og ballettdansarar har få «heiltidskunstnarar».

Figur 5-4 Kunstnarar med gjennomsnittleg 1 500 timar eller meir i kunstnarleg arbeid i 1993. Prosent

Figur 5-4 Kunstnarar med gjennomsnittleg 1 500 timar eller meir i kunstnarleg arbeid i 1993. Prosent

Kilde: Kjelde: INAS-rapporten, tabell 3.2

5.5 Fast tilsette og frilanskunstnarar

Hovudskiljet når det gjeld sysselsetjing blant norske kunstnarar, går mellom skapande kunstnarar (biletkunstnarane, kunsthandverkarane, forfattarane, komponistane m.fl.), som stort sett er sjølvstendig næringsdrivande eller frilanskunstnarar, og dei utøvande kunstnarane, som langt oftare arbeider i faste tilsetjingsforhold som arbeidstakarar. Men det er også ei stor, og veksande, gruppe frilanskunstnarar blant dei utøvande, dvs. personar som har tidsavgrensa engasjement som arbeidstakarar eller som opererer som sjølvstendig næringsdrivande.

I INAS-rapporten blir skilnaden mellom frilanskunstnar og andre kunstnarar definert med utgangspunkt i tilknytingsform for arbeidsforholdet og kunstnarleg arbeidstid. Det blir då operert med tre kategoriar:

  1. fast tilsette kunstnarar, som er personar med minst 1 200 timar kunstnarleg arbeidstid, og av dette minst 2/3 som fast tilsette;

  2. frilans I, som gjeld personar med minst 1 200 timar kunstnarleg arbeidstid og mindre enn 2/3 av dette som fast tilsette;

  3. frilans II, som gjeld alle med mindre enn 1 200 timar kunstnarleg arbeid.

Med desse inndelingskriteria var det 18 % prosent av kunstnarane som var fast tilsette i 1993, 38 % var å rekna som frilans I og 44 % som frilans II.

Skilnaden mellom kunstnargruppene er stor. Samstundes skal ein merka seg at i alle gruppene er det overvekt av frilanskunstnarar, også i grupper som tradisjonelt har høgt innslag av tilsette i faste stillingar, t.d. skodespelarar og musikarar, jf. tabell 5.2. Konkret betyr det at ca 270 skodespelarar arbeider som frilansarar og at godt 1100 musikarar gjer det same.

Tabell 5.2 Tilknytingsform. Prosentfordeling av dei organiserte, yrkesaktive kunstnarane i 1993

Tal yrkesaktive, overslagFast tilsette. ProsentFrilans I. ProsentFrilans II. Prosent
Omsetjarar90-10002971
Populærkomp./autorar65-8003763
Revyforfattarar15-2505050
Komponistar110-12506238
Fotografar85-9522375
Forfattarar380-43024652
Kunsthandverkarar520-57534948
Biletkunstnarar1500-166035839
Filmarbeidarar220-25064450
Koreografar40-5073162
Dramatikarar65-7585735
Ballettdansarar265-295161668
Songarar200-220162659
Int.arkitektar270-300202555
Illustr./graf. design330-370223543
Sceneinstruktørar85-100233641
Scenografar70-80283933
Musikarar1520-1670342442
Skodespelarar425-470432928

Kilde: Kjelde: INAS-undersøkinga tabell 3.3

Ser ein på tilhøvet mellom Osloregionen og resten av landet, kan ein nemna følgjande forhold:

  • det er relativt sett færre skodespelarar i Osloregionen som arbeider som fast tilsette (33 %) enn i resten av landet (55 %);

  • det er relativt sett færre musikarar i Osloregionen som arbeider i faste stillingar (34 %) enn i resten av landet (41 %);

  • det er fleire fast tilsette dansarar i Osloregionen (32 %) enn i resten av landet (6 %).

5.6 Inntektsmønster

Det er på mange måtar vanskeleg å omtala kunstnarar som ei gruppe når det gjeld inntektsforhold. All empirien i INAS-undersøkinga viser eit stort mangfald når det gjeld dei inntektene kunstnarar har. Det betyr at gjennomsnittstal for alle dei ulike kunstnargruppene som var omfatta av INAS-undersøkinga, vil vera misvisande for mange grupper. Hovudtendensen er likevel klar: blant kunstnarane er det mange med låge inntekter, ca. 20 % av dei yrkesaktive kunstnarane (om lag 1300-1400) hadde ei årsinntekt på nivå med minstepensjon eller lågare i 1993. Samstundes høyrer det med til biletet at 13 % av kunstnarane (om lag 850-910) tente meir enn 300 000 kroner same året.

Skiljelinene går på kryss og tvers gjennom kunstnarsamfunnet. Skilnadene manifesterer seg i hovudsak etter følgjande liner:

  • det er store skilnader mellom ulike kunstnaryrke

  • det er skilnader mellom utøvande kunstnarar og skapande kunstnarar

  • det er skilnader mellom kunstnarar i fast stilling og frilansarar

  • det er også ein viss skilnad mellom kvinner og menn, i det kvinner har gjennomgåande mindre igjen økonomisk enn menn.

I INAS-rapporten er det presentert ein svært detaljert gjennomgang av ulike sider ved inntektsforholda til kunstnargruppene. I denne samanhengen blir det berre teke med nokre hovudtrekk, med spesiell vekt på dei som har tilknyting til den statlege kunstnarpolitikken.

5.6.1 Pensjonsgjevande inntekt

For å kunna gje eit bilete av dei samla inntektene for kunstnargruppene, kan ein bruka opplysningane om pensjonsgjevande inntekt, som er baserte på arbeidsrelaterte inntekter. Kapitalinntekter, inntekter som huseigar o.l. er såleis ikkje rekna med; dvs. pensjonsgjevande inntekt er litt mindre enn bruttoinntekt.

Tabell 5.3 gjev eit oversyn over korleis dei gjennomsnitts pensjonsgjevande inntektene fordeler seg i dei ulike kunstnargruppene.

Tabell 5.3 Pensjonsgjevande inntekt 1993. Gjennomsnitt, menn, kvinner, aldersgrupper

Talet på svarGj.snittMennKvinner- 35 år36-50 år51-70 år
Kunsthandverkarar268104.300122.00098.40094.900103.800120.000
Biletkunstnarar326108.100136.30083.20066.500108.100133.000
Ballettdansarar125147.600197.500134.500138.200179.800-
Fotografar47147.900177.90094.900133.800165.200-
Koreografar24162.500-163.800-183.000-
Filmarbeidarar116186.000177.700210.600172.700202.800157.000
Songarar52191.800243.600150.700132.500260.600169.600
Int.arkitektar154193.700226.700175.900157.500223.500186.100
Dramatikarar37204.800217.300--200.300-
Scenografar35211.300179.200228.100-205.000-
Musikarar308215.900220.500201.800182.000239.500251.600
Forfattarar240230.000251.200187.400270.100250.200192.900
Skodespelarar228236.800266.200210.400191.500256.100277.500
Komponistar62237.500246.400-156.000266.600-
Sceneinstruktørar41238.400246.000223.700147.900254.900-
Illustr./graf. design138245.800316.900168.400199.200238.200336.100
Omsetjarar61269.000282.000253.600-299.800248.000
Populærkomp./autorar24326.900339.800--385.400-
Alle179.900209.100145.700157.300189.300192.100

Kilde: Kjelde: INAS-rapporten tabell 6.2 og 6.3

Med utgangspunkt i SSBs lønsstatistikk for 1993 kan ein setja opp følgjande referansetal: låginntektsnivået var om lag 140-160 000 kroner, industriarbeidarnivå 170-210 000 kroner, adjunktnivå 220-240 000 og forskarnivå 250-280 000 kroner. Med ei slik samanlikning ser ein at kunsthandverkarar, biletkunstnarar, ballettdansarar, fotografar og koreografar låg i sjiktet for låginntektsgrupper eller endå lågare. Filmarbeidarar, songarar, interiørarkitektar, dramatikarar og scenografar låg på industriarbeidarnivå. Musikarar, forfattarar, skodespelarar, komponistar og sceneinstruktørar hadde gjennomsnitts pensjonsgjevande inntekt på adjunktsnivå, medan omsetjarar hadde eit lønsnivå på line med forskarar.

For å spesifisera nærare situasjonen innanfor dei ulike gruppene, kan ein sjå på kvar i inntektshierarkiet medlemene er å finna. Figur 5.5 viser kor stor prosentdel av medlemene som har under kroner 150 000 i pensjonsgjevande inntekt i 1993. Tilsvarande viser figur 5.6 kor stor prosentdel som har meir enn 300 000 kroner i pensjonsgjevande inntekt same året. Trass i store innbyrdes ulikskapar, og med eit visst innslag av høge inntekter, blir hovudtendensen klart illustrert: nær halvparten av kunstnarane er å klassifisera som låginntektsgruppe med pensjonsgjevande inntekt under 150 000 kroner.

Figur 5-5 Låg inntekt blant kunstnargrupper. Prosentdel med under 150 000 kroner i pensjonsgjevande inntekt 1993

Figur 5-5 Låg inntekt blant kunstnargrupper. Prosentdel med under 150 000 kroner i pensjonsgjevande inntekt 1993

Kilde: Kjelde: INAS-rapporten, vedleggstabell 7.5

Figur 5-6 Høg inntekt blant kunstnargrupper. Prosentdel med over 300 000 kroner i pensjonsgjevande inntekt i 1993

Figur 5-6 Høg inntekt blant kunstnargrupper. Prosentdel med over 300 000 kroner i pensjonsgjevande inntekt i 1993

Kilde: Kjelde: INAS-rapporten, vedleggstabell 7.5

Oversyn over pensjonsgjevande inntekt gjev eit inntrykk av korleis totaløkonomien er for kunstnarane. Men storparten av kunstnarane brødfør seg ikkje av inntekter frå kunstnarleg arbeid. Mange driv eit utprega mangsysleri. Det er difor meir interessant å sjå på korleis inntektene er samansette, eller, sagt på ein annan måte, kva kunstnarar gjer for å oppnå eit samla inntektsnivå slik som pensjonsgjevande inntekter viser.

5.6.2 Samansetjinga av inntektene

Kunstnarar hentar dei samla arbeidsinntektene sine på fire måtar:

  • inntekter frå kunstnarleg arbeid

  • stipend og garantiinntekter

  • inntekter frå kunstnarleg tilknytt arbeid

  • inntekter frå ikkje-kunstnarleg arbeid.

Dei to første punkta formar saman inntektsgrunnlaget frå reint kunstnarleg arbeid.

Tabell 5.4 gjev oversyn over korleis ulike kunstnargrupper opererer i forhold til dei fire inntektskjeldene. Kunsthandverkarar, fotografar og biletkunstnarar har dei desidert lågaste inntektene frå kunstnarleg arbeid, medan sceneinstruktørar og skodespelarar har høgast inntekt frå det kunstnarlege arbeidet. I kroner og øre har koreografar og forfattarar dei høgaste summane når det gjeld gjennomsnitts inntekter frå stipend og garantiinntekter, medan denne inntektstypen spelar lita rolle hjå illustratørar, musikarar, interiørarkitektar og ballettdansarar.

Tabell 5.4 Samansetjing av inntektene

Gjennomsnittleg inntekt
frå kunstn. arbfrå stipend*frå kunstn. tilkn. arb.frå ikkje- kunstn. arb.
Kunsthandverkarar22.20023.80025.90023.000
Fotografar27.10016.50038.60060.400
Biletkunstnarar32.30033.20021.80026.300
Koreografar77.10041.10028.40015.200
Ballettdansarar78.5005.90036.80018.500
Komponistar80.60027.40073.40036.400
Songarar94.3008.20056.40010.700
Forfattarar97.20037.40020.70063.700
Omsetjarar99.00013.60032.300121.800
Dramatikarar102.60010.20022.30038.700
Filmarbeidarar105.8009.10033.60029.700
Int.arkitektar133.8001.90030.40022.200
Populærkomp./autor138.8007.40046.90085.500
Musikarar142.9001.90047.00013.400
Illustr./graf. design154.80070032.90015.700
Scenografar159.30010.00010.90017.300
Sceneinstruktørar177.0007.60030.80013.100
Skodespelarar196.5007.1006.50013.600
Alle98.60016.00031.60025.300

* Alle typar stipend + garantiinntekter.

Kilde: Kjelde: INAS-rapporten tabell 4.1, 4.5 og 5.1

Forholdet mellom dei ulike inntektskjeldene går fram av tabell 5.5. Ser ein på kombinasjonen av gjennomsnittlege inntekter frå kunstnarleg arbeid og stipend/garantiinntekter, hentar følgjande grupper 75% eller meir av inntektene frå denne «kjelda»: skodespelarar, scenografar, sceneinstruktørar og illustratørar. Fotografar og omsetjarar har mindre enn halvparten av inntektene sine frå kunstnarleg arbeid og stipend/garantiinntekter. Gjennomsnitt for alle grupper er 64 %.

Elles ser ein at stipend/garantiinntekter spelar størst rolle hjå kunsthandverkarane (30 %), biletkunstnarane (27 %), forfattarane (26 %) og koreografane (26 %). I dei andre gruppene spelar denne inntektskjelda ei marginal rolle.

Når det gjeld inntekter frå ikkje-kunstnarleg arbeid, står fotografar og omsetjarar i ei særstilling med høvesvis 46 % og 40 % av dei totale inntektene frå slikt arbeid.

Tabell 5.5 Samansetjing av inntektene. Relativ del av inntektene knytt til kunstnarleg arbeid, stipend/garantiinntekter, kunstnarleg tilknytt arbeid og ikkje-kunstnarleg arbeid. Alle yrkesaktive kunstnarar. Prosent

Sum %Innt. frå kunstn.arb.StipendKunstn. tilkn. arb.Ikkje-kunstn. arb.Kunst + stipend/GI
Biletkunstnarar1002729202456
Kunsthandverkarar1003023232453
Fotografar1001713244630
Illustr./graf. design10074117875
Int.arkitektar100642161866
Forfattarar1003526112861
Dramatikarar100579112366
Omsetjarar100426124048
Skodespelarar10083431087
Sceneinstruktørar10072715679
Scenografar10075571380
Filmarbeidarar100569171865
Ballettdansarar100516281557
Koreografar1004626171172
Musikarar10071121772
Songarar100586251164
Komponistar1003420281854
Populærkomp./autorar100553132958
Alle1005113191764

Kilde: Kjelde: INAS-rapporten tabell 5.7

Ein skal elles merka seg følgjande trekk når det gjeld dei ulike inntektstypane:

  • kvinner har gjennomgåande lågare gjennomsnittsinntekt frå kunstnarleg arbeid enn menn har, 76 000 kroner mot 118 600 kroner

  • yngre kunstnarar (t.o.m. 35 år) har inntekter frå kunstnarleg arbeid i samsvar med snittet, dvs. ca. 100 000 kr. Det er store skilnader mellom gruppene, t.d. ligg unge biletkunstnarar godt under gjennomsnittet for biletkunstnarane som gruppe

  • kvinner og menn har omtrent same nivå når det gjeld gjennomsnitts inntekter frå stipend/garantiinntekter

  • hjå dei unge kunstnarane spelar stipend/garantiinntekter svært lita rolle, 4 600 kroner i snitt, medan snittet for alle kunstnarar ligg på 16 000 kroner

  • i aldersgruppa over 50 år er gjennomsnittleg inntekt frå stipend/garantiinntekter nær 33 000 kroner, dvs. det dobbelte av det som er snittet for alle kunstnarar under eitt. Biletkunstnarar og kunsthandverkarar i denne aldersgruppa har gjennomsnittleg 63 600 og 53 200 kroner i inntekter frå stipend/garantiinntekter

  • gjennomsnittsinntekt frå kunstnarleg arbeid er over dobbel så stor hjå fast tilsette (231 000 kroner) som hjå frilans I (100 600 kroner).

  • stipend har marginal betydning hjå fast tilsette kunstnarar, dvs. gjennomsnittleg 1 700 kroner mot 31 700 kroner hjå frilans I-gruppa.

Sjølve inntektsbiletet skal utdjupast ved å sjå på i kva grad kunstnarar som gruppe i 1993 hadde meldt seg arbeidslause og/eller søkt sosialhjelp. Totalt var det 19 %, dvs. 1250 - 1330 personar, som var registrerte arbeidslause i 1993, 8 % hadde fått økonomisk sosialhjelp, 5 % hadde fått uføretrygd og 2 % hadde attføringspengar. Av dei med under 50 000 kroner i pensjonsgjevande inntekt hadde 16 % søkt økonomisk sosialhjelp.

5.6.3 Frilanskunstnarar og sjølvstendige kunstnarar

Ein del kjenneteikn ved kunstnaryrka går på tvers av dei grupperingane som organisasjonsmønsteret avspeglar. INAS-rapporten inneheld difor nokre meir spesifiserte analysar som skal refererast her. Det gjeld forholda for biletkunstnarar og kunsthandverkarar, og det gjeld frilansarar blant dei utøvande kunstnarane.

Biletkunstnarar og kunsthandverkarar er i all hovudsak sjølvstendig næringsdrivande. Over tre firedelar av dei har låg inntekt, dvs. under 150 000 i pensjonsgjevande inntekt. Inga anna gruppe ligg så lågt på skalaen, med unntak av kunst-fotografane. Biletkunstnarar og kunsthandverkarar har større stipend enn andre grupper og er på line med andre grupper når det gjeld kunstnarleg tilknytt arbeid og ikkje-kunstnarleg arbeid. Det som skil dei markant frå andre grupper, er inntekter frå kunstnarleg arbeid: over to tredelar av dei har mindre enn 15 000 kroner i inntekter frå kunstnarleg arbeid.

Utgangspunktet for berekning av inntekter av kunstnarleg arbeid for desse gruppene er brutto salsinntekter. Eit gjennomgåande lågt bruttosal gjev i neste omgang låge nettoinntekter, og ofte underskot i næring for dei aktuelle gruppene. Figur 5.7 viser korleis dei aktuelle kunstnarane grupperer seg i forhold til brutto salsinntekter. Det er ein ny illustrasjon på at det økonomiske grunnlaget for inntekter frå kunstnarleg arbeid er svakt for desse to kunstnargruppene.

Figur 5-7 Brutto salsinntekter blant biletkunstnarar og kunsthandverkarar 1993

Figur 5-7 Brutto salsinntekter blant biletkunstnarar og kunsthandverkarar 1993

Kilde: Kjelde: INAS-rapporten tabell 7.1

Som nemnt ovanfor har det vore ein stigande tendens til fleire frilanskunstnarar blant dei utøvande kunstnarane, mogelegvis 1500 - 1600 utøvarar. Konkret gjeld det skodespelarar, dansarar, koreografar, musikarar og songarar. Med omsyn til pensjonsgjevande inntekter, utgjer frilanskunstnarane blant dei utøvande ei samansett gruppe med til dels store innbyrdes skilnader. Gjennomsnittstalet for gruppa er 179 400 kroner. Men 44 % - eller noko under halvparten - hadde mindre enn 150 000 kroner i pensjonsgjevande inntekt, 42 % låg mellom 150 000 og 300 000 kroner, medan 14 % hadde meir enn 300 000 kroner i pensjonsgjevande inntekt i 1993.

Dei som står seg best av frilansutøvarane, er mannlege skodespelarar, mannlege musikarar og songarar som er organiserte i Tonekunstnersamfundet, til dels også mannlege musikarar/songarar som er organiserte i NOPA (populærkomponistar/autorar).

Sjølv om ein del av frilanskunstnarane ser ut til å lukkast bra økonomisk, skal biletet kvalifiserast med ein del andre opplysningar. Ein tredel av frilansskodespelarane og to av fem frilansdansarar/koreografar (38 %) var registrerte som arbeidslause i 1993. Det same galdt 17 % av medlemene i Norges Musikerforbund. Det illustrerer presset på frilanskunstnarane når det gjeld å skaffa seg oppdrag.

5.6.4 Utviklinga frå 1979 til 1993

Som ei oppsummerande samanlikning med tilstanden i 1979, presenterer INAS-rapporten følgjande observasjonar:

  1. Dei seks kunstnargruppene som i 1979 hadde lågast inntektsgjennomsnitt, rangerer lågast også i 1993. Det gjeld kunsthandverkarar, biletkunstnarar, ballettdansarar, fotografar, filmarbeidarar og interiørarkitektar. Dei som låg høgast i 1979, gjorde det også i 1993: omsetjarar, komponistar, sceneinstruktørar, skodespelarar, musikarar og forfattarar.

  2. Det har blitt noko mindre inntektsavstand mellom kunstnargruppene i 1993 enn det var i 1979. Forholdstalet mellom høgaste og lågaste gjennomsnittsinntekt i 1993 (omsetjarar og kunsthandverkarar) er 2,8, medan det i 1979 var 3,4 (sceneinstruktørar låg høgast og kunsthandverkarar lågast).

  3. Den relative betydninga av inntekter frå kunstnarleg arbeid har gått ned frå 60 % i 1979 til 51 % i 1993. Dette er ein allmenn tendens som viser seg i dei fleste kunstnargruppene. Berre hjå forfattarar, omsetjarar og scenografar har inntekter frå kunstnarleg arbeid den same relative delen som i 1979.

  4. Den relative betydninga av stipend/garantiinntekter har halde seg på omtrent same nivå som i 1979, med unntak for kunsthandverkarane og ballettdansarane, der verdien har falle litt.

  5. Nedgang i relativ verdi av kunstnarlege inntekter er for ein stor del balansert av ein auka relativ verdi av inntekter frå kunstnarleg tilknytt arbeid. Det er eit gjennomgåande trekk i dei fleste gruppene, med unntak av biletkunstnarar og kunsthandverkarar, der inntekter frå ikkje-kunstnarleg arbeid betyr meir i 1993 enn i 1979.

  6. Ser ein på den nominelle inntektsutviklinga for kunstnarar samanlikna med andre grupper i samfunnet, har denne gruppa med 142 % vekst hatt svakare utvikling enn gjennomsnittet for alle lønstakarar, som var på 169 % i perioden 1979 - 1993.

5.7 Vurdering

Ein av hovudkonklusjonane ein kan trekkja av den store og grundige inntektsundersøkinga som vart utført av forskarar ved det tidlegare Institutt for sosialforskning, er at auken i dei statlege ordningane overfor kunstnarane og den kjøpande marknaden på kunstområdet til saman ikkje har vore tilstrekkeleg til å fanga opp den store auken det har vore i talet på kunstnarar frå 1979 og fram til i dag. Sagt på ein annan måte: i forhold til dei samla offentlege og private økonomiske ressursane som er relaterte til kunstområdet, er det for mange aktørar til at fleirtalet kan livberga seg av kunstnarleg arbeid åleine. Den viktigaste indikasjonen på dette er at den relative verdien av inntekter frå kunstnarleg arbeid har gått ned frå 1979 til 1993.

Eit påtrengjande spørsmål i denne samanhengen er: kva inneber det statlege ansvaret for å støtta kunstlivet slik at det er rom for eit rikt mangfald? Skal det innebera at statens innsats på området skal sikta seg inn på kontinuerleg vekst i takt med talet på utdanna kunstnarar innanfor dei ulike felta? I mange samanhengar kan ein møta argumentasjon som peiker i ei slik retning. Både direkte og indirekte blir det hevda at når samfunnet kostar på utdanning av kunstnarar, har det same samfunnet plikt på seg til å leggja forholda til rette slik at dei ferdige kandidatane kan få verka i kunstfaget sitt. Eit liknande resonnement finn ein også i argumentasjonen som vil gjera statens innsats avhengig av talet på medlemer i kunstnarorganisasjonane.

Regjeringas svar på spørsmålet er at det aldri har vore meininga at den statlege innsatsen på kunstområdet skal oppheva inntektskjeldene som gjeld kjøp og sal av kunstverk og -prestasjonar. Då ordningane med garantiinntekter og auka arbeidsstipend vart innførde, var hovudintensjonen at det skulle vera hjelp til sjølvhjelp, dvs. den statlege innsatsen skulle resultera i større grad av inntekter frå kunstnarleg arbeid. Ovanfor er det vist at dette ikkje har slått til, ikkje på grunn av den statlege innsatsen, men fordi forventningane til marknaden var urealistiske og fordi det har blitt mange fleire kunstnarar som konkurrerer.

Regjeringa står fast ved hovudintensjonen om at det skal vera eit statleg ansvar å leggja til rette for ordningar og tiltak som kan verka stimulerande på kunstlivet og som kan halda oppe eit rimeleg aktivitetsnivå. I det ligg ansvar for dei viktigaste institusjonane på feltet og dessutan eit hovudansvar for at den delen av kunstlivet som ikkje når fram i ein kommersiell marknad, kan ha rom for å utvikla seg. Nivået på denne innsatsen vil alltid vera ei politisk vurdering.

For å konkretisera den statlege innsatsen over Kulturdepartementets budsjett kan ein sjå nærare på kor stor del av midlane som går til kunstformål, dvs. også midlar som ikkje går direkte til kunstnartiltak. Det viser at ca. 1,5 milliardar kroner går til heile kunstområdet, eller 65 % av dei totale utgiftene til kategori 08.20 Kulturformål. Det omfattar då kapittel 321 Stipend og garantiinntekter, kapittel 322 Biletkunst, kunsthandverk og design, kapittel 323 Musikkformål og kapittel 324 Teater- og operaformål. I tillegg er rekna med kunstrelaterte utgifter i Norsk kulturråd, midlar til Kassettavgiftsfondet, bibliotekvederlaget og eit kunstindustrimuseum som ikkje er med under kapittel 322. Midlar til kunsttiltak under post 79 i kapittel 320 Allmenne kulturformål er ikkje rekna med.

Storparten av desse midlane går til kunstinstitusjonar og andre formidlingstiltak på kunstområdet, som har ein indirekte, men likevel svært viktig effekt for kunstnarane. Om lag 12-15 % gjeld tiltak som rettar seg direkte mot einskildkunstnarane.

I St meld nr 4 (1996-97) Langtidsprogrammet 1998-2001 har Regjeringa lagt ein del føringar for korleis ein vil satsa på utvikling av kulturlivet i Noreg. Innanfor den ramma meiner Regjeringa det er rom for ein auke som kan styrkja kunstlivet totalt sett, jf. kapittel 8 for nærare omtale av tiltaka.

Når det gjeld kunstnarar med innvandrarbakgrunn, manglar ein førebels tilsvarande informasjon som den INAS-undersøkinga gjev. Det vil difor i framtidige inntektsundersøkingar vera viktig å få inn det fleirkulturelle perspektivet i tillegg.

Fotnoter

1.

I meldingsteksten blir rapporten omtala som INAS-rapporten.

2.

Skuespillerforeningen av 1978 var ikkje med i undersøkinga.

3.

Det vart gjennomført ei større undersøking i 1993 blant medlemene av Norsk Faglitterær Forfatter- og Oversetterforening.

4.

I utvalet som ein sende skjema til, var kvinnedelen 44 %. Kvinner hadde ein litt høgare svarprosent.

Til forsiden