St.meld. nr. 47 (1996-97)

Kunstnarane

Til innholdsfortegnelse

6 Det organiserte kunstnarsamfunnet

6.1 Innleiing

Ovanfor har det fleire gonger blitt framheva at den statlege kunstnarpolitikken i stor grad er avhengig av ei god samhandling med kunstnarorganisasjonane. Dei har sjølvsagt den tradisjonelle pådrivarrolla som interesseorganisasjonar skal ha. I tillegg er dei også medansvarlege for at delar av kunstnarpolitikken blir gjennomført i samsvar med intensjonane. Dei innstiller kven som skal få tildeling av godt 100 mill kroner i statlege stipend og garantiinntekter, dessutan forvaltar dei midlar som dei får tildelt via avgifts- og vederlagsordningar. Det vanlege er å forvalta avgifts- og vederlagsmidlar i fond med eigne styre, og der Kulturdepartementet skal godkjenna vedtektene. Det er vidare eit hovudprinsipp at tildeling av stipend- og prosjektmidlar skal gjerast uavhengig av om søkjarane er medlemer i organisasjonane eller ikkje. Somme av organisasjonane har også private fond som dei forvaltar til beste for medlemene.

Med den viktige rolla som organisasjonane spelar, er det naturleg å gje ein kort presentasjon av dei som departementet samhandlar med i spørsmål som gjeld kunstnartiltak.

6.2 Norges Kunstnerråd

Norges Kunstnerråd (NKR) er ein paraplyorganisasjon for dei fleste kunstnarorganisasjonane. Blant unntaka er Den norske Forfatterforening, Norske Arkitekters Landsforbund, Norske Landskapsarkitekters Forening og dei samiske kunstnarorganisasjonane. NKR spelar ei samordnande rolle som pådrivar og initiativtakar når det gjeld å skapa betre arbeidstilhøve for kunstnarar og større respekt og opnare haldning overfor kunstnarlege uttrykksformer i samfunnet.

NKR er administrativt ansvarleg for sekretariatet for Statens utval for stipend og garantiinntekter for kunstnarar, jf. avsnitt 4.4.1.6. Organisasjonen er også ansvarleg for ein av innstillingskomiteane for statens stipend og garantiinntekter, nemleg komiteen som vurderer kunstnarar som ikkje høver inn i nokon av dei andre gruppene. Mellom anna blir kunstnarar med innvandrarbakgrunn ofte vurderte av denne innstillingskomiteen. Stipendkomiteen som er oppnemnd av Norges Kunstnerråd, innstiller også kandidatar til stipenda for eldre fortente kunstnarar, jf. avsnitt 4.4.1.1.

6.3 Samisk Kunstnerråd

Samisk Kunstnerråd (SKR) er ein paraplyorganisasjon for dei samiske kunstnarorganisasjonane Samisk Forfatterforening, Samisk billedkunstnerforening, Samisk teaterforbund og Samisk komponistforening. SKR har søsterorganisasjonar i dei nordiske landa og er med i Nordisk Kunstnerråd og European Council of Artists. SKR har både norske, finske, svenske og russiske medlemer.

Samiske kunstneres forbund (SDS) vart skipa i 1979, og er ein fagleg organisasjon for samiske biletkunstnarar, kunsthandverkarar og kunstnarlege fotografar frå heile det samiske området. SDS skal ivareta medlemene sine faglege, økonomiske, sosiale og ideelle interesser. SDS er medlem i Samisk Kunstnarråd.

Samiske kunstnarorganisasjonar har forhandlingsrett i forhold til bibliotekvederlagsordninga og får også del i kopivederlaget. Av kopivederlagsmidlane går storparten til samiske utgjevarar og faglitterære forfattarar. SDS har i tillegg forhandlingsrett i forhold til visingsvederlaget.

Saman med Samisk Forfatterforening forvaltar SDS Samiske kunstneres og forfatteres vederlagsfond (SKVF) med midlar frå bibliotek- og visingsvederlaget. I 1995 utgjorde dette godt 550 000 kroner. Jf. også avsnitt 4.2.4.1 og 4.2.4.6.

Ein stipendkomite, som er oppnemnd av dei samiske kunstnarorganisasjonane, gjev innstilling til Utvalet for statens stipend og garantiinntekter, jf. avsnitt 4.4.1.6. og 4.7.2. I 1996 vart det disponert fire statlege arbeidsstipend til samiske kunstnarar.

6.4 Norske Billedkunstnere

Norske Billedkunstnere (NBK) er ein paraplyorganisasjon for seks landsomfattande og 15 regionale biletkunstorganisasjonar. Dei landsomfattande er Landsforeningen Norske Malere, Norsk Billedhoggerforening, Norske Tekstilkunstnere, Norske Grafikere, Tegnerforbundet og Unge Kunstneres Samfund (UKS). UKS utgjer den største grunnorganisasjonen med sine 870 medlemer. Totalt har NBK ca. 2 200 medlemer.

NBK har forhandlingsrett med staten om utstillingsvederlag, visingsvederlag, bibliotekvederlag og kopieringsvederlag. NBKs stipendkomite innstiller til fordeling frå Billedkunstnernes Vederlagsfond. Midlane som dette fondet administrerte i 1995, går fram av tabell 6.1, som også gjev oversyn over vederlagsmidlar som Norske Grafikere og Tegnerforbundet forvaltar. I tillegg forvaltar NBK også utstyrs- og etableringsstipend på vegner av Norsk kulturråd, jf. avsnitt 4.7.1, og gjev innstilling til somme stipendkategoriar i Bildende Kunstneres Hjelpefond, jf. avsnitt 4.2.4.2.

Tabell 6.1 Vederlagsinntekter som NBK og tilslutta organisasjonar forvalta i fond i 1995. Kroner.

FondOrgani- sasjonBibliotek- vederlagVisings- vederlagKopi- vederlagKabel- vederlagFinans- inntektSamla inntekter
Billedkunstnernes vederlagsfondNBK12 132 3713 414 27138 674887 63916 472 955
Norske Grafikeres FondNorske grafikere646 4008 868655 268
Norsk IllustrasjonsfondTegnerforbundet1 407 00919 2541 426 263
Sum2 053 40912 132 3713 41 427138 674915 76118 554 486

NBK arrangerer Statens kunstutstilling (Høstutstillingen), held kurs for eigne medlemer og organiserer samarbeid med utanlandske søsterorganisasjonar. Det blir gjeve juridisk hjelp og økonomisk rettleiing til medlemene i yrkessamanheng.

NBK har innstillingskomite til statens stipend og garantiinntekter. I 1996 gav komiteen innstilling til 281 garantiinntekter og 39 arbeidsstipend. Innstillingskomiteen har eit omfattande regelverk for å vurdera søkjarane. Når det gjeld vurdering av søkjarar til garantiinntekter, blir det lagt vekt på tidlegare deltaking i landsomfattande og regionale utstillingar, innkjøp av kunstmuseum eller Norsk kulturråd, utsmykkingsoppgåver etter oppdrag av Utsmykkingsfondet for offentlege bygg, premiering i juryerte tevlingar og tidlegare tildeling av stipend.

Medlemskap i NBK føreset gjennomført utdanning innanfor biletkunstområdet og/eller positiv evaluering av fagleg utøving. Evalueringa må vera gjord av organ som er godkjende av kunstnarorganisasjonane.

6.5 Norske Kunsthåndverkere

Norske Kunsthåndverkere (NK) har 650 medlemer og eit sekretariatet med fem stillingar. I tillegg til kunstnarpolitisk arbeid står organisasjonen bak faste utstillingar, kurs, foredrag og omvisingar.

NK har forhandlingsrett med staten om utstillingsvederlag, visingsvederlag, bibliotekvederlag og kopieringsvederlag. Verdien av desse vederlaga for NK går fram av tabell 6.2, med oversyn over dei fonda NK forvalta i 1995. I tillegg disponerer NK eit kapitalfond som blir kalla Materialfondet for kunsthåndverk.

Tabell 6.2 Vederlagsmidlar forvalta av Norske Kunsthåndverkere i fond i 1995. Kroner

FondBibliotekvederlagVisingsvederlagKopi- vederlagFinansinntekterAndre inntekterTotale inntekter
Kunsthåndverkernes Fond1 794 670120 3521 915 022
Norske Kunsthåndverkeres Vederlagsfond220 05127 1399 0543 610259 854
220 0511 794 67027 139129 4063 6102 174 876

I 1996 disponerte innstillingskomiteen for Norske Kunsthåndverkere 96 garantiinntekter og 14 arbeidsstipend. Vurderingskriteria for garantiinntekter inneheld m.a. krav om deltaking på utstilling som er juryert av NKs faste jury og/eller deltaking på offentlege representasjonsutstillingar i Noreg/utlandet. Dessutan må søkjarar ha hatt minst ei separatutstilling i eit kunstnarstyrt galleri. I tillegg blir det lagt vekt på deltaking på kollektive utstillingar, minst eitt innkjøp av det tidlegare Riksgalleriet, Kulturrådet eller Kunstindustrimuseets innkjøpskomité, andre stipend etter innstilling frå NKs innstillingskomité (ikkje etableringsstipend), utsmykkingsoppgåve utført etter oppdrag frå Utsmykkingsfondet for offentlege bygg eller andre godkjende utsmykkingsutval og premiering i godkjende juryar. Til liks med NBK opererer NK med eit poengsystem som viser i kva grad søkjarane tilfredsstiller minimumskrava eller ikkje.

6.6 Den norske Forfatterforening

Den norske Forfatterforening (DnF) har ca. 470 medlemer (1995), eit tal som har vore relativt stabilt dei seinaste 15 åra. Organisasjonen «har til formål å verne og fremme norsk litteratur og ivareta de norske forfatteres interesser.» Organisasjonen har relativt strenge opptaksreglar med krav om minst to bøker på norsk eller samisk «av litterær verdi». DnF har eit sekretariat på ca. 3,5 årsverk, medrekna leiar i 4/5 stilling.

DnF har forhandlingsrett i samsvar med Regelverksavtala. Vederlagsmidlar frå ulike ordningar går inn i eit fond, Norsk Forfatter- og Oversetterfond (NFOF), som fleire litteraturorganisasjonar får tildeling frå, jf. tabell 6.3.

Tabell 6.3 Inntektene til Norsk Forfatter- og Oversetterfond 1995. Kroner

FondBibliotekvederlagKopi- vederlagKabelvederlagFinans- inntekterAndre inntekterSamla inntekter
Norsk Forfatter- og Oversetterfond21.652.2794.312.878789.469282.270601.94527.638.841

Vidarefordelinga frå NFOF går fram av tabell 6.4, der DnF får ca. 42 % av tildelinga. DnF bruker midlane i hovudsak til stipend gjennom sitt eige Vederlagsfond og etter innstilling frå Det litterære Råd. Noko av midlane går også til drift av DnF.

Tabell 6.4 Fordeling av midlar frå Norsk Forfatter- og Oversetterfond 1995. Kroner

OrganisasjonTildelt sum%
Den norske Forfatterforening (DnF)9.981.01042
Norske Barne- og Ungdomsbokforfattere (NBU)4.005.19917
Norske Dramatikeres Forbund (NDF)4.180.55417
Norsk Oversetterforening (NO)5.729.83724
23.896.600100

I tillegg disponerer DnF Solidaritetsfondet med inntekter gjennom ei avtale med bokklubbar, dessutan Stipendfondet og ei rekkje mindre, private fond og legat.

Organisasjonen har ei pensjonsordning for medlemene som inneber at pensjonerte medlemer får mellomlegget mellom minstepensjon og statens arbeidsstipend.

Det litterære Råd fungerer også som innstillingskomite for statens stipend og garantiinntekter. I 1996 disponerte innstillingskomiteen 47 garantiinntekter og 32 arbeidsstipend, jf. avsnitt 4.4.1.3.

6.7 Norske Barne- og Ungdomsbokforfattere

Norske Barne- og Ungdomsbokforfattere (NBU) har 191 medlemer, ca. 60 er også medlemer i Den norske Forfatterforening (DnF). NBU har sekretariatssamarbeid med Norsk Oversetterforening og Norske Dramatikeres Forbund. Det er eit nært og uformelt samarbeid med DnF.

Det overordna målet for NBU er å betra livsgrunnlaget for litteratur som er skriven for born og ungdom, og å auka statusen til denne litteraturen.

Vederlagsmidlane på godt 4 mill kroner er den viktigaste inntektskjelda for NBU, jf. tabell 6.4. På same måten som hjå DnF blir midlane i hovudsak brukte til stipend for barne- og ungdomsbokforfattarar, men noko blir også brukt til drift av organisasjonen. NBUs litterære råd er innstillingsorgan.

Av dei statlege midlane disponerte NBU i 1996 ni garantiinntekter og fire arbeidsstipend.

6.8 Norsk Oversetterforening

Norsk Oversetterforening (NO) har 269 medlemer og har som føremål å samla norske skjønnlitterære omsetjarar, å arbeida for å betra kvaliteten på norske omsetjingar, å ta vare på faglege og økonomiske fellesinteresser for medlemene og å hjelpa einskildmedlemer. Medlemskap er basert på ei kvalitetsvurdering av to utgjevne, skjønnlitterære verk. Om lag 25% av medlemene er omsetjarar på fulltid, dei fleste har andre yrke i tillegg.

På same måten som for dei andre litteraturorganisasjonane representerer vederlagsmidlar dei viktigaste inntektene for NO. Av dei totale inntektene som NOs Vederlagsfond hadde i 1995, utgjorde tildelinga frå NFOF ca. 90 %, jf. tabell 6.4. Reisestipend er viktig for omsetjarar fordi denne stipendforma gjer det mogeleg for medlemene å bu ei tid i språk- og kulturområde som er viktige for konkrete omsetjingsprosjekt. Arbeidsstipend er også ein viktig stipendtype. Eit fagleg råd fungerer som stipendkomite.

Omsetjarane disponerte to statlege garantiinntekter og tre arbeidsstipend i 1996.

6.9 Norske Dramatikeres Forbund

Dramatikarforbundet (NDF) har 201 medlemer (1995). Forbundet har medlemer som arbeider med produksjonar innanfor film, teater og kringkasting.

Vederlagsmidlar på knapt 4,2 mill kroner i 1995, jf. tabell 6.4, utgjer hovudinntekta for organisasjonen. Midlane går til stipend, drift av organisasjonen og til individuelle vederlagsutbetalingar. Eit litterært råd arbeider som innstillingskomite.

Av dei statlege stipenda disponerte NDF tre garantiinntekter og fire arbeidsstipend i 1996.

6.10 Norsk Faglitterær Forfatter- og Oversetterforening

Norsk Faglitterær Forfatter- og Oversetterforening (NFF) har ca. 3700 medlemer (1996), og av dei er godt 200 omsetjarar. Ei undersøking i 1994 viste at 6-7% av medlemene er forfattarar på heiltid. For å få medlemskap krevst det at ein har publisert minst 100 sider faglitterær tekst.

NFF høyrer til dei organisasjonane som får størst tildeling frå vederlagsmidlane, jf. tabell 6.5. Det meste blir brukt til reisestipend (ca. 9 mill kroner i 1995) og prosjektstipend til utarbeiding av faglitterære manuskript (ca. 18,5 mill kroner i 1995). Ein eigen stipendkomite innstiller søkjarane.

Tabell 6.5 Inntekter for Faglitterært fond 1995. Kroner

FondBibliotekvederlagKopivederlagKabelvederlagSum
Det faglitterære fond12.232.35220.342.943439.91533.015.210

NFF arrangerer ei rekkje kurs og seminar og har kvart år eit stort fagseminar.

I 1996 disponerte NFFs stipendkomite fem statlege garantiinntekter og tre arbeidsstipend.

6.11 Norsk Komponistforening

Norsk Komponistforening (NkF) har idag 94 medlemer. Lenge var talet 50-70. Der har vore markert auke dei seinaste åra, mykje som eit resultat av komponistutdanninga ved Musikkhøgskolen.

Saman med NOPA (sjå nedanfor) forvaltar Norsk Komponistforening eit fond, Komponistenes vederlagsfond, som får vederlagsmidlar frå Bibliotekvederlaget og Kopinor, til saman i underkant av 4,2 mill kroner i 1995. Av ei vidarefordeling på godt 3,2 mill kroner gjekk halvparten som tilskot til lag og organisasjonar, medan andre halvparten gjekk til arbeidsstipend, reisestipend og støtte til utstyrskjøp.

Saman med NOPA, Ny Musikks Komponistgruppe og Norsk Musikkforleggerforening forvaltar Norsk Komponistforening også Norsk Musikkfond, som gjev midlar til støtte av konsertar og andre tiltak for norsk musikk. Finansieringskjelda er vederlag frå Kopinor, som i 1995 ytte i underkant av 900 000 kroner til vidarefordeling.

I 1996 disponerte organisasjonen 13 garantiinntekter og fem arbeidsstipend av dei statlege midlane.

6.12 Norsk Musikerforbund

Norsk Musikerforbund (NMF) er eit fagforbund for musikarar, songarar, ballettdansarar, musikk-, song- og dansepedagogar og teatersufflørar og -inspisientar. Forbundet femner om 19 geografiske og faglege avdelingar med til saman 3300 medlemer.

Norsk Musikerforbund har eigen stipendkomite som innstiller til statens stipend og garantiinntekter. I 1996 forvalta organisasjonen 21 garantiinntekter og 13 arbeidsstipend.

6.13 Norsk Skuespillerforbund

Av ein medlemsmasse i Norsk Skuespillerforbund på 688 er 529 yrkesaktive (1996). 213 eller 40% av dei var yrkesaktive frilansutøvarar. Det er ein sterk tendens til auke i talet på frilansskodespelarar, dels fordi det dei seinaste åra har kome mange nye frå utdanningsinstitusjonar i utlandet. Dei må så godt som alltid starta som frilansutøvarar.

Når det gjeld vederlagsmidlar, forvaltar skodespelarforbundet eit vederlagsfond som i 1995 fekk tildelt godt 510 000 kroner frå Norwaco. Norsk Skuespillerforbunds stipendkomite gjev innstilling til statlege stipend, og i 1996 disponerte organisasjonen åtte garantiinntekter og to arbeidsstipend.

6.14 Norsk Sceneinstruktørforening

Norsk Sceneinstruktørforening (NScF) har (1996) 151 medlemer, 122 av desse er aktive. Dei aller fleste er frilansarar. Ca. 50 av medlemene har instruktørarbeidet som leveveg. Medlemskapsvilkår er at ein skal ha sett opp fem stykke som går over ein heil kveld, eller ha eksamen frå Statens teaterhøgskole. Ein del skodespelarar er medlemer i organisasjonen. Dei har ein sekretær på deltid og kjøper juridisk hjelp.

Ved utgangen av 1996 disponerte organisasjonen ei garantiinntekt og tre statlege arbeidsstipend.

6.15 Norske Scenografer

Norske Scenografer er ein fagleg samskipnad av scenografar og kostymeteiknarar. Organisasjonen har 80 medlemer (1996), av desse er 25 kostymeteiknarar, fire er dokketeiknarar og 51 scenografar og kostymeteiknarar. Av dei 80 er 15 i faste stillingar, resten er frilansarar. Av utdanning kan dei vera arkitektar med diplomoppgåve i scenografi, eventuelt ha utdanning frå utlandet. Ei ny utdanning i dokketeater ved Høgskolen i Østfold inneheld også dokketeaterdesign.

Ved utgangen av 1996 hadde scenografane to statlege garantiinntekter.

6.16 Norsk Ballettforbund

Norsk Ballettforbund har ca. 430 medlemer, av desse er dei fleste frilansarar. Medlemene er dansarar, koreografar og ballettpedagogar. Det er ikkje klare skilje mellom desse gruppene, men Ballettforbundet reknar med at ca. 60 av medlemene er «reine» koreografar. Dansarane i Nasjonalballetten er ikkje medlemer i Ballettforbundet, men i Musikerforbundet.

Kriteria for medlemskap i Ballettforbundet er treårig høgskuleutdanning innanfor dans, eller at personen har livnært seg av dans i tre samanhengande år. Dei fleste dansarane går arbeidsledige store delar av året. Det typiske frilansoppdraget er i prosjekt og i frie grupper. Ballettforbundet har eit lite vederlagsfond, som i 1995 var i overkant av 90 000 kroner, og der midlane kjem frå Norwaco.

I 1996 disponerte Ballettforbundet 19 garantiinntekter og seks arbeidsstipend.

6.17 Forbundet Frie Fotografer

Forbundet Frie Fotografer (FFF) har 127 medlemer (1996). Forbundet har som målsetjing å fremja kunstnarleg fotografi som uttrykksform i Noreg. Godkjent medlemskap er avhengig av utdanning og evaluering av konkrete arbeid.

Når det gjeld vederlagsmidlar, forvaltar FFF slike i Norsk Fotografisk Fond, jf. tabell 6.6. Midlane går dels til prosjekt-, arbeids- og reisestipend, dels til meir driftsrelaterte oppgåver i organisasjonen.

Tabell 6.6 Inntekter for Norsk Fotografisk Fond i 1995. Kroner.

BibliotekvederlagVisingsvederlagKopivederlagSum
Norsk Fotografisk Fond461.030320.939197.167979.136

Forbundet har innstillingskomite som vurderer søknader til statens stipend og garantiinntekter. I 1996 disponerte FFF ni garantiinntekter og fem arbeidsstipend.

6.18 Norsk Filmforbund

Norsk Filmforbund (NF) har 430 medlemer (1996) og to lokallag: eitt i Bergen og eitt som no blir etablert i Nord-Noreg. Kravet til medlemskap er at minst 60% av årsinntekta skal koma frå filmarbeid. Det er dessutan krav om utdanning godkjend av Statens lånekasse for utdanning eller minst to års yrkespraksis. NF dekkjer 90% av film- og videoskaparane som kjem inn under dei statlege støtteordningane.

Norsk Filmforbund forvaltar to fond. Det eine er Norsk Filmforbunds Kabelfond, som får vederlagsmidlar frå Norwaco. I 1995 utgjorde det i underkant av 250 000 kroner. Det andre er Norsk Kortfilmfond, som får løyving over Kulturdepartementets budsjett; i 1995 var det i underkant av 1,2 mill. kroner.

Stipendkomiteen i NF disponerte i 1996 to garantiinntekter og ni arbeidsstipend.

6.19 De Norske Kritikerlagene

Dei tre kritikarlaga Norsk filmkritikerlag, Norsk litteraturkritikerlag og Kritikerlaget for teater, musikk og ballett har fellesnamnet De Norske Kritikerlagene. Dei har felles sekretariat og har kontorplass saman med ein del andre skribentorganisasjonar i Forfatternes Hus. Dei tre kritikarlaga finansierer drifta gjennom bibliotekvederlag og kopivederlag. Desse midlane blir administrerte av De Norske Kritikerlagenes Fond. I 1995 var det godt 530 000 kroner, fordelt med 311 000 kroner i bibliotekvederlag og 220 000 kroner i kopieringsvederlag.

Norsk Litteraturkritikerlag har 180 medlemer og er det største av kritikarlaga. Praksis og arbeidsprøver er vilkår for medlemskap.

Norsk Filmkritikerlag har 70 medlemer, dei fleste frilansarar. Det er høve til medlemskap både i NFK og Norsk Journalistlag. Godt over halvparten av medlemene har filmkritikk som leveveg. For å bli medlem trengst det minst eitt års kritikarverksemd, og det må leverast inn tre arbeid. Styret vurderer søkjarane. Filmkritikarlaget skipar kvart år til to store seminar som gjev god kontakt med yrkesbrør i inn- og utland.

Kritikerlaget for teater, musikk og ballett har 60 medlemer. Storparten er frilansarar. Berre ein handfull lever av kritikaryrket.

I tillegg til desse nemnde samarbeidande kritikarlaga har ein Norsk Kunstkritikerlag (NKKL), som er organ for norske kunstkritikarar og er den norske seksjonen av Association Internationale des Critiques d'Art (AICA). Laget skal verna om kritikkens nivå og sjølvstende og dessutan fremja nordisk og internasjonalt samarbeid. NKKL har omkring 90 medlemer. Svært få har kunstkritikk som leveveg.

6.20 GRAFILL

GRAFILL organiserer grafiske formgjevarar og illustratørar og har ca. 1 000 medlemer. Desse to yrkesgruppene arbeider i hovudsak med oppdrag der resultatet skal reproduserast. Faga byggjer på estetikk og kunstfaglege verkemiddel. Grafisk design har vore eit vekstområde dei seinare åra, og mange nye verksemder er etablerte.

GRAFILL har forhandlingsrett i samsvar med Regelverksavtala, og i 1995 forvalta organisasjonen godt 1 mill kroner frå bibliotekvederlaget, 4,27 mill kroner frå kopivederlag og ca. 38 000 kroner frå kabelvederlag, til saman i underkant av 5,4 mill kroner.

6.21 Norske interiørarkitekters og møbeldesigneres landsforening

Norske Interiørarkitekters og Møbeldesigneres Landsforening (NIL) er ein fagorganisasjon med ca. 450 medlemer, medrekna studentmedlemer. NIL har mykje kontakt med søsterorganisasjonane Industridesignerne, GRAFILL, Norske arkitekters landsforbund m.fl. Medlemskap krev hovudfag frå Kunst- og handverksskulen innanfor området møbel og interiør, eller tilsvarande utdanning ved godkjend skule i utlandet. Det blir utdanna ca. 20 interiørarkitektar i Noreg kvart år.

Før var det vanleg at interiørarkitektane fekk fast arbeid på vanlege arkitektkontor. No er det mest einmannsforetak og små aksjeselskap i bransjen.

NIL disponerte i 1996 tre av statens garantiinntekter.

6.22 Norske Populærautorer

Norske Populærautorer (NOPA) har 400 medlemer med varierande aktivitetsgrad. Medlemer må ha musikk som vedvarande aktivitet.

Saman med Norsk Revyforfatterforening forvaltar NOPA eit fond, Tekstforfatterfondet, som får vederlagsmidlar frå bibliotekvederlaget og kopivederlaget. I 1995 utgjorde dette godt 1,8 mill kroner. Som nemnt ovanfor har NOPA også medansvar for forvaltninga av Komponistenes Vederlagsfond og Norsk Musikkfond, jf. avsnitt 6.11.

Innstillingskomiteen i NOPA disponerte fem arbeidsstipend i 1996.

6.23 Rådet for folkemusikk og folkedans

I Rådet for folkemusikk og folkedans (RFF) er alle institusjonar og organisasjonar innanfor folkemusikk og folkedans bedne inn til samarbeid. Dei ulike delane av folkemusikk- og folkedansfeltet er representerte i rådet: utøving og grunnopplæring, presentasjon og formidling, forsking, høgare utdanning og arkivdrift. Rådet fordeler det statlege tilskotet til tiltak for folkemusikk og folkedans, og ein del av desse midlane går til kunstnarleg verksemd. Saman med Bunad- og folkedraktrådet og konsulentar frå andre folkekunstfelt gjev RFF tilråding om statlege stipend til folkekunstnarar. I 1996 fekk to folkekunstnarar statlege arbeidsstipend.

Til forsiden