St.meld. nr. 47 (1996-97)

Kunstnarane

Til innholdsfortegnelse

7 Kunstnarpolitikk i andre europeiske land

7.1 Innleiing

Nedanfor følgjer eit kort oversyn over hovudliner og -prinsipp for offentlege tiltak overfor kunstnarar i nokre utvalde land som det er naturleg å samanlikna med. I tillegg til dei nordiske grannelanda har ein teke med nokre andre land, m.a. for å visa variasjon i ordningar. Ein har i først og fremst valt land som har gjennomgått Europarådets evalueringsprosjekt av ulike lands kulturpolitikk, fordi der er tilgangen på informasjonsmateriale best. Det gjeld Sverige, Finland og Nederland. Det er vidare med eit kort oversyn over kunstnarrelaterte tiltak i Storbritannia, som på mange måtar er det klassiske dømet på korleis staten effektuerer kulturpolitiske tiltak gjennom organ som opererer på armlengde-avstand frå regjering og departement.

7.2 Sverige

Utan samanlikning er Sverige det landet som har størst likskap med Noreg både når det gjeld generell kulturpolitikk og tiltak overfor kunstnarar. I Sverige finansierer staten ei lang rekkje sentrale kulturinstitusjonar og i tillegg har ein fleire ulike tilskotsordningar til lokal og regional kulturverksemd. I 1992 stod staten for 42 % av tilskota på kulturområdet, kommunane for 50 % og landstinga for 8 %.

Statens kulturråd ligg under Kulturdepartementet og har på somme måtar ein direktoratsfunksjon med sentralt ansvar for å utvikla og gjennomføra delar av den statlege kulturpolitikken. Rådet fordeler tilskot til kulturverksemd og gjev støtte til teater, dans og musikk, litteratur, kulturtidsskrift, folkebibliotek, kunst, museum og utstillingar, og dessutan til ymse tiltak innanfor folkeopplysning og foreiningsliv. Rådet skal samla og spreia informasjon om kulturfeltet, følgja opp og vurdera statlege tiltak og statleg verksemd på kulturområdet, laga utgreiingar og utføra andre oppgåver på oppdrag frå regjeringa. Totalt sett har Statens kulturråd eit litt vidare ansvarsområde enn det Norsk kulturråd har, også på kunstområdet.

På same måten som i Noreg har staten hovudansvaret for dei store kunstinstitusjonane innanfor musikk, opera og teater. Desse institusjonane sysselset mange utøvande kunstnarar. Sverige har også tre riksinstitusjonar: Riksteatret, Rikskonserter og Riksutställningar. Alle har samordnande hovudfunksjonar, m.a. i nært samarbeid med teater-, musikk- og utstillingsverksemd på läns-nivå.

Staten gjev dessutan tilskot til utsmykking av offentlege bygg (gjennom Statens konstråd), til festivalar og til internasjonal kulturutveksling.

Kunstnarordningar

Mellom 1975 og 1990 var det ein auke på nær 40 % i talet på kunstnarar i Sverige. Arbeidsløysa blant kunstnarar er høg (20 % i 1995), og mange lever under knappe økonomiske kår. Dette gjeld alle kunstnaryrka.

Den offentlege støtta til kunstnarar som arbeider utanfor institusjonane, blir gjeven dels som vederlag og dels som bidrag. Bidraga går både til grupper (frie teater-, musikk- og dansegrupper og til kunsthandverk-kooperativ), anten som årleg tilskot til verksemda eller som prosjektstøtte, og til individuelle kunstnarar.

Alle kategoriar av kunstnarar kan få støtte i form av langtidsstipend og kunstnarbidrag, som er ei samlenemning for ulike støtteordningar og stipend. Arbeidsstipend blir delt ut for 1, 2 eller 5 år, medan langtidsstipend blir gjeve for periodar på 10 år. Einskilde prosjekt som kan vera viktige for utviklinga på det aktuelle kunstområdet eller som representerer kunstnarleg nytenking, kan få prosjektbidrag.

Andre støtteordningar er reisestipend, pensjonar og pensjonsbidrag, og bidrag til særskilte føremål. Kunstnarar som står for ei kunstnarleg verksemd av framifrå kvalitet og med stor verdi for samfunnet, kan få livsvarige inntektsgarantiar dersom dei ikkje kan få ei rimeleg inntekt av arbeidet sitt.

Visningsvederlag inneber at kunstnarane mottek vederlag for utstillingar i regi av statlege institusjonar og Riksutställningar. Det skal sikra at kunstverk som er i offentleg eige, blir vist for allmenta eller brukt på anna allmennyttig vis. Vederlaget blir gjeve i form av ein fast årleg sum som blir tilført Sveriges bildkonstnärsfond. Styret for dette fondet, som er ein del av Konstnärsnämnden, avgjer korleis midlane skal fordelast.

Sidan 1976 har Konstnärsnämnden hatt ansvar for å behandla søknader som gjeld ulike former for kunstnarstøtte. Sveriges bildkonstnärsfond og tre andre kunstnarorgan fungerer som saksbehandlingsinstans for Konstnärsnämnden. Eit nytt innslag innanfor ansvarsområdet til Nämnden er eit internasjonalt ateliersentrum i Stockholm.

Forfattarar får vederlag for utlån av verka deira på bibliotek. Staten gjev litteraturstøtte til eit avgrensa tal boktitlar. På bibliotekområdet har den svenske regjeringa nyleg innført ei biblioteklov, delvis etter mønster frå Noreg. Samstundes har ein innført ei ny støtteordning til innkjøp av litteratur i folke- og skulebibliotek, med hovudvekt på litteratur for born og unge.

Med utgangspunkt i ei prøveordning sidan 1990, har den svenske regjeringa i Proposition 1996/97: 3 Kulturpolitik gjort framlegg om å utvida ordninga med tilskot til länskonstnärer. Ordninga har vore mykje nytta innanfor dans.

Når det gjeld skapande kunstverksemd spesielt, yter stat, landsting og kommunar tilskot til kunstmuseumsverksemd, kunst i det offentlege miljøet, einskilde kunstnarar, visse organisasjonar, kunstutdanning på høgare og lågare nivå, arbeidsmarknadstiltak, internasjonal utveksling og marknadsføringstiltak på området design og husflid.

7.3 Finland

I Finland er den nasjonale og lokale offentleg støtta til kunst og kultur kanalisert gjennom eit nettverk av kulturinstitusjonar som skal hjelpa fram produksjon og spreiing av kulturarbeid, særleg utøvande kunst. Offentleg støtte tek også form av stipend til forfattarar og andre kunstnarar. I Finland er dette ei spesiell oppgåve for eit kunstrådsystem, som står for hovuddelen av dei statlege verkemidla. Kunstrådsystemet femner om eit sentralt råd, Centralkommissionen för konst og ni nasjonale kunstråd: for musikk, teater, film, litteratur, biletkunst, arkitektur, design og kunsthandverk, fotografi og dans. I tillegg kjem 11 regionale kunstråd. Dei nasjonale kunstråda skal gje Kulturdepartementet råd i kulturspørsmål i tillegg til å fordela direkte støtte til kunstnarar. Kunstnarorganisajonane er representerte i dei ulike kunstråda.

Offentleg støtte til kunstnarar blir i hovudsak gjeven anten direkte eller etter tilråding av Centralkommissionen för konst i form av kunstnarstipend, prosjektstipend og kunstnarpensjonar.

Det er om lag 15 000 registrerte kunstnarar i Finland, det vil seia 0,6-0,7 prosent av dei yrkesaktive. Det er eit etter måten høgt tal. Inntil 1991 var berre 10 % av kunstnarane utan arbeid. Men på to år vart arbeidsløysa dobla i Finland, opptil 20 %. Auken i arbeidsløysa har ført til press på det offentlege støttesystemet, stadig fleire søkjer om økonomisk hjelp.

Den direkte økonomiske støtta til kunstnarar utgjorde i 1994 samla vel FIM 113 mill. Kunstnarstipend blir tildelte for 1 år, 3 år, eller 5 år. Inntil 1996 var det også ei ordning med 15-årige stipend. Talet på stipend er fastlagd ved lov med 185 stipend i alt. Korttidsstipend blir gjevne til etablerte kunstnarar «med ei kreativ evne», medan langtidsstipend går til «etablerte og dugande kunstnarar som arbeider full tid på sitt felt». Prosjektstipend kan gjevast både til einskildkunstnarar og prosjektgrupper.

Det er også ei ordning med kunstprofessor, dvs. framståande kunstnarar kan utnemnast til kunstprofessorar (inntil 11 pr. år) for ein periode på fem år. Målet med ordninga er å gje høve til kunstnarleg utvikling innanfor dei aktuelle fagfelta.

Kunstnarpensjonar er ei ordning som i 1994 gav FIM 5 000 pr. månad til kvar av dei om lag 1 100 mottakarane. Kunstnarpensjonane blir gjevne anten på grunnlag av den kunstnarlege prestasjonen eller som følgje av den økonomiske situasjonen til søkjaren. Sidan 1993 blir det utdelt 35 nye kunstnarpensjonar i året. Føremålet med pensjonane er ikkje så mykje fremjing av kunsten som å sikra at kunstnarane har ein minimumssum til livsopphaldet. I 1995 utgjorde pensjonsordninga ca. 50 % av den totale ramma for direkte kunstnarstøtte.

Målarar, skulptørar og grafiske kunstnarar er mellom dei viktigaste stipendmottakarane.

Ein har også fått ei ordning med visingsvederlag for biletkunst. Staten har derimot inga ordning med innkjøp av kunst, og lite har vore gjort for å oppmuntra til etablering av kunstsentra i distrikta, jamvel om det ikkje er få samtidskunstmuseum. Det blir arbeidd med å få til ei ordning der ein prosent av byggjekostnaden ved nybygg skal brukast til kunstnarleg utsmykking. Nokre kommunar og firma praktiserer ei slik ordning, men då på eige initiativ.

I følgje forfattarforeininga har svært få forfattarar - berre eit dusin - eit brukande levebrød av bokinntektene (royalties). Styresmaktene deler ut direkte stipend og prosjektstipend til forfattarar, og framfor alt har ein ei ordning med bibliotekvederlag, som i 1994 utgjorde FIM 15,2 mill.

7.4 Danmark

Saman med Sverige, Finland og Noreg har Danmark ein kulturpolitikk som er kjenneteikna av omfattande offentleg økonomisk engasjement.

Av dei samla offentlege kulturutgiftene i 1996 på til saman DKK 8.9 milliarder stod staten for 39 %, kommunane 57 % og amta 4 %. Rekna av totalen er det biblioteka som får mest støtte (28 %), med kommunane som den klart største bidragsytaren. Dinest kjem anlegg (19 %), idrett (9 %) og teater (9 %), museum og zoologiske hagar (8 %), allmennkulturelle føremål (7 %) og musikk (7 %), kunstutdanning (6 %), skapande kunst (3 %), film (2 %), arkiv (1 %), fellesføremål og reservar (1 %) og internasjonale føremål (mindre enn 1 %).

Dei store kunstinstitusjonane er i hovudsak eit statleg ansvar. Men det finst også eit godt utbygt system for statleg støtte til lokale og regionale kunstinstitusjonar.

Kulturfonden er underlagt Kulturministeriet og har eit allmennkulturelt arbeidsfelt. Fondet gjev støtte til: 1) kulturelle aktivitetar som er samarbeid mellom det folkelege og det etablerte kulturlivet, 2) initiativ som fører saman ulike kulturelle område, og 3) utradisjonelle kulturelle aktivitetar.

På kunstnarområdet er Statens Kunstfond eit av dei viktigaste organa. I 1996 hadde fondet DKK 56 mill. til rådvelde. Fondet betaler ut støtte mellom anna som 3-årige stipend, arbeids- og reisestipend og premieringar. Dessutan kjøper fondet inn kunstverk og yter tilskot til utsmykkingsoppgåver. Somme kunstnarar mottek livsvarige statsytingar, og etterlatne etter kunstnarar kan også få støtte.

Staten betalar ei årleg biblioteksavgift som støtte til forfattarar, komponistar, biletkunstnarar, fotografar og omsetjarar som har verk i bokform eller som lydbøker, og som blir nytta på biblioteka. Midlane frå avgiftsordninga blir betalte ut individuelt. Bibliotekavgifta utgjorde i 1996 godt DKK 138 mill.

Statens Værksted for Kunst og Håndværk, som ligg under Kulturministeriet, stiller verkstader, undervisningslokale osv. til rådvelde for kunstnarar, kunsthandverkarar, designarar og konservatorar. Institusjonen har også gjestebustader for kunstnarar frå distrikta og frå andre land.

Overgaden er Kulturministeriets udstillingshus for samtidskunst. Andre støtteordningar til utstillingar er Anerkendte yngre kunstneres udstillingsvirksomhet, Sekretariatet for Vandreudstillinger og Center for dansk billedkunst.

Designfonden vart oppretta av Kulturministeriet i 1995. Føremålet er å støtta og utvikla nyskapande krefter innan dansk design og kunsthandverk. Ein ønskjer å auka kvaliteten til dansk design og å gje kunsthandverkarar og designarar meir spelerom.

Teaterrådet fordeler midlar til mellom anna turnerande teater, barneteater, danseteater, mindre stasjonære scener og einskilde prosjekt. Gjennom teaterabonnementordninga gjev staten tilskot til ei billettkjøpsordning for publikum.

Statens Musikråd delte i 1996 ut om lag DKK 159 mill. Rådet yter støtte til faste profesjonelle orkester, til amatørverksemd, musikkundervisning, større konsertseriar, musikkdramatikk, ei rekkje konsertar i musikkforeininger, klubbar og kyrkjer, transport- og turnéstøtte (jazz, rock, folkemusikk og internasjonal musikk), og musikkutgjevingar.

Med sine kollektive paraplyorganisasjonar ( Dansk Kunstnerråd, Rådet for Udøvende Kunstnere og dei opphavsrettslege organisasjonane) på nasjonalt eller regionalt nivå, har danske kunstnarar ein formalisert rett til å delta i dei kulturpolitiske avgjerdene og til å bli høyrde.

Kunstnersammenslutningernes Samråd har 13 «statsanerkjente» medlemsgrupper med om lag 330 kunstmålarar og bilethoggarar som mellom anna peiker ut medlemene til representantskapet for Statens Kunstfond. Medlemene samarbeider om dei årlege utstillingane og er samstundes sikra ei plattform overfor publikum. Det er for det meste dei eldre kunstnarane som er med i samskipnadene.

I Danmark er det Kulturministeriet som har ansvar for den kunstfaglege utdanninga.

7.5 Nederland

Sidan 1994 har kulturpolitikk i Nederland vore samorganisert med undervisning og forsking i eit samla departement, Ministerie van Onderwijs, Cultuur en Wetenschappen. I Nederland har kulturpolitikk vore sett på som ein del av eit demokratisk opplysningsarbeid. I så måte er likskapen med dei nordiske landa stor. I 1996 var Nederlands kulturbudsjett på om lag 1,1 % av det totale statsbudsjettet, og kunst er ein av dei postane som har hatt ein auke dei siste åra.

På dei ulike kulturområda er det etablert direktorat som står for dei praktiske tiltaka. Kunstområdet har eit eige direktorat med eit kunstråd som rådgjevande organ. Kunstrådet er delt inn i sju ansvarsområde: amatørkunst/kunstopplæring, biletkunst, arkitektur og design, musikk og dans, film, litteratur og teater. Rådet har ingen budsjettfullmakter.

Den offentlege økonomiske kunststøtta er kjenneteikna av ein kombinasjon av støtte til faste kulturinstitusjonar, støtte til dei ulike kunstartene gjennom autonome kunstråd og offentlege stipendordningar og vederlag for bruk. Kunststøtta er for ein stor del åremålsavgrensa og orientert mot prosjekt. Inntil nyleg kunne kunstnarar som mottok sosialstøtte, utøva det kunstnarlege yrket sitt utan å missa støtta. Dette har blitt endra.

Landet satsar i høg grad på desentralisering i kulturpolitikken, og ein stor del av det nederlandske kulturlivet er finansiert av offentlege, halvoffentlege, private og kollektive fond. Fonda fungerer uavhengig av staten, og dei skal m.a. distribuera tilskot til individuelle kunstnarar. Ulike former for kunstnarstøtte blir kanalisert gjennom 11 fond: Litteraturfondet, Pressefondet, Fondet for skapande musikk, Fondet for nederlandsk film, Fondet for biletkunst, design og arkitektur, Fondet for å fremja nederlandske kringkastingsproduksjonar, Fondet for særskilde «journalistiske produksjonar», Det nederlandske fondet for litterær produksjon og omsetjing, Fondet for utøvande kunst, Arkitekturfondet og den såkalla «Mondrian Foundation».

I ein handlingsplan for kulturpoltikken for perioden 1997 til år 2000 blir det gjeve visse signal om korleis den nederlandske regjeringa vil styrkja ulike ordningar innanfor kunstnarfeltet.

Fondet for utøvande kunst vil i perioden fram mot år 2000 få auka ressursar for å styrkja posisjonen sin. Tidlegare kunne fondet berre gje kunstnarane støtte for eitt år om gongen, men det vil ein endra på. Det er også eit mål at fondet skal vera i stand til å støtta seks teatergrupper i prosjektperiodar på to år. Reisestipenda vil også auka, og likeins støtta til musikkteater, festivalar, musikk og dans. Regjeringa vil også vurdera andre former for støtte, t.d. lånegarantiar og godtgjersler.

Fondet for biletkunst, arkitektur og design er den største og viktigaste iverksetjande organisasjonen når det gjeld biletkunst. Produksjonen av biletkunst blir stimulert gjennom individuell støtte for ein avgrensa periode og «kompensasjon for yrkesutgifter». Staten støttar dessutan dei såkalla Kunstverkstadene, og særskilde tiltak som presentasjonar, publikasjonar og/eller arrangement. Verkstadene har om lag 180 deltakarar kvart år. I prinsippet kan også institusjonar eller organisasjonar få tilskot.

Det hender at dei sentrale styresmaktene skipar fond for einskilde tilskipingar og presentasjonar på feltet biletkunst og design. Dette inkluderer eitt-årig aktivitetsstønad, presentasjonsstønad over fleire år og museumspresentasjonar eller individuelle presentasjonar i utlandet.

Sjølv om søknaden til Fondet forskapande musikk har auka med 40 % sidan 1987, vil styresmaktene ikkje auka tilskota til fondet, men heller visa til andre bidragsytarar som sponsorar, lokale styresmakter osv.

Litteraturfondet blir brukt til å støtta forfattarar og omsetjarar, slik at dei kan leva heilt eller delvis av kunsten sin. Staten gjev også kompensasjon til forleggjarar og forfattarar for utlån av bøker i offentlege bibliotek. Det finst dessutan eit eige fond for litterær produksjon og omsetjing, som skal fremja produksjonen av framifrå nederlandsk og frisisk litteratur for den utanlandske marknaden. Fondet er også ansvarleg for tilskota til litterære magasin «av høg kvalitet».

Regjeringa sitt viktigaste instrument for å støtta dei ulike delsektorane innanfor amatørkunst og sentra for kunstutdanning, er løyvingar til dei relevante nasjonale paraplyorganisasjonane. Vidare har dei sentrale styresmaktene eit budsjett for å støtta spesielle prosjekt av nasjonal verdi, men i avgrensa skala og tid.

7.6 Storbritannia

The Department of National Heritage (DNH) vart skipa i 1992 og har ansvar for regjeringas politikk mellom anna på områda sport, bibliotek, museum, kringkasting, film, pressefridom og regulering, kulturlandskap og turisme. I tillegg har departementet ansvaret for The National Lottery, der overskotet m.a. blir brukt til relativt store investeringar på kulturområdet.

DNH gjev tilskot til ulike ikkje-departementale offentlege einingar, både utøvande og rådgjevande. Dei viktigaste av desse, som til saman utgjer det nasjonale kunststøttesystemet, er The Arts Council of England, The Regional Arts Boards, The Crafts Council og The British Film Institute.

The Arts Council of England (ACE) er ein uavhengig, ikkje-politisk organisasjon som har ansvaret for å stimulera kunsten i landet. Fram til 1994 var det eitt kunstråd for heile Storbritannia utanom Nord-Irland. Då vart oppgåvene delte mellom ACE og tilsvarande kunstråd for Skottland, Nord-Irland og Wales. Enno har ACE oppgåver som gjeld heile Storbritannia, og framstår difor ofte som det viktigaste organet på kunstfeltet i Storbritannia.

ACE tek imot midlar frå regjeringa og The National Lottery, men avgjer på sjølvstandig grunnlag korleis pengane skal distribuerast. Rådet er den viktigaste bidragsytaren for kunst i England, og støttar både kunstinstitusjonar og individuelle kunstnarar. Rådet skal mellom anna:

  • utvikla kunnskap om, forståing for og bruk av kunst

  • auka tilgangen til kunst for publikum

  • gje råd til og samarbeida med sentrale og lokale styresmakter og med Arts Councils i Skottland, Nord-Irland og Wales.

ACE gjev støtte til heile kunstfeltet: dans, drama, film, video, litteratur, teater, musikk, visuell kunst, inkludert arkitektur og fotografi, og til kunstformer som går på tvers av dei tradisjonelle inndelingane av kunstfeltet. ACE støttar også etterutdanningsprogram for kunstnarar. Ein stor del av midlane går til organisasjonar på kunstområdet. Om lag 30 % av dei midlane rådet distribuerer, går gjennom ti regionale Arts Boards og til institusjonar og prosjekt som er forankra i regionane. I budsjettåret som slutta 31. mars 1997, hadde ACE eit tilskot på £ 186 mill frå Department of National Heritage.

England's Regional Arts Boards er ti uavhengige komitear som dekkjer heile England. Dei får årleg ein viss sum frå The Arts Council og frå dei lokale styresmaktene. Komiteane distribuerer desse midlane til kunstorganisasjonar og individuelle kunstnarar på ei rekkje ulike kunstområde, som drama, dans, miming, musikk, biletkunst, kunsthandverk, kringkasting, film, fotografi og litteratur.

The Crafts Council vart etablert i 1982 og har som mål å støtta utviklinga av moderne kunsthandverk. Rådet står for ei rekkje opplæringstiltak og driv ei omfattande utstillingsverksemd, dels i eit eige Crafts Council Gallery. Det blir også gjeve avgrensa etableringsstøtte til lovande kunsthandverkarar. Ei viktig oppgåve for Crafts Council er å halda ved like eit register over yrkesaktive kunsthandverkarar.

Dei fire Arts Council og Crafts Council står saman med nokre andre instansar bak Visiting Arts Office of Great Britain and Northern Ireland. Dette organet støttar tiltak som presenterer utanlandsk kunst i Storbritannia. British Council har ansvar for ulike tiltak som skal presentera og fremja britisk kunst i utlandet.

British Film Institute (BFI) har som mål å fremja og utvikla det levande biletet. Institusjonen vil stimulera alle sider ved film, fjernsyn og video: produksjon, distribusjon, framsyning, arkivering, bevaring, utdanning, publisering og forsking. BFI yter tilskot til nokre av aktivitetane, og er meir direkte involvert i andre.

Lokale styresmakter spelar ei sentral rolle når det gjeld å støtta kunst på lokalt nivå. Graden av offisiell kunststøtte frå lokale styresmakter i England og Wales varierer sterkt, men det er få som ikkje gjev tilskot til kunstområdet i det heile. Pengane dei gjev, utgjer berre 1 % av dei totale offentlege utgiftene til kunst, men er svært viktige for dei som mottek dei.

Dei ulike kommunane har ulike system for kunststøtte. Dei kan gje tilskot til uavhengige kunstorganisasjonar og kunstnarar, det kan vera reduserte leigeprisar for verkstader og atelier, ansvar for offentleg bibliotekservice og museum, offentlege kunstprosjekt med kunstverk på offentlege plassar, ansvar for støtte til kunstutdanning og støtte til og styring av dei fleste kunstinstitusjonane utanfor London, som museum, galleri, teater, konserthallar og kunstsenter.

Til forsiden