St.meld. nr. 47 (1996-97)

Kunstnarane

Til innholdsfortegnelse

2 Innleiing

Etter at den første kunstnarmeldinga, St. meld. nr. 41 (1975-76) Kunstnerne i samfunnet, vart lagd fram i 1976, har kunstnarpolitiske spørsmål vore drøfta både i budsjettproposisjonar og i kulturmeldingane på 1980-talet.

I omtalen av kunstnarpolitikk i St. meld. nr. 61 (1991-92) Kultur i tiden vart det annonsert at det skulle gjerast ei evaluering av dei statlege ordningane med garantiinntekter og stipend. Dette arbeidet vart fullført og presentert i NOU 1993: 14 Evaluering av Statens stipend- og garantiinntektsordninger for kunstnere. Den utgreiinga utgjer eitt av fleire grunnlagsdokument for den føreliggjande meldinga.

I St prp nr 1 (1995-1996) viser Kulturdepartementet til at ein vil leggja fram ei ny kunstnarmelding. Det heiter m.a.:

«Med utgangspunkt i dei forslaga til endringar som er nedfelte i NOU 1993 nr 14 Evaluering av Statens stipend- og garantiinntektsordninger for kunstnere, og utgreiingane om inntekts- og yrkestilhøva for kunstnarar, som er sette i verk i kjølvatnet av nemnde NOU, vil Kulturdepartementet i 1997 leggje fram ei melding for Stortinget som tek føre seg dei ulike kunstnarpolitiske og opphavsrettslege inntekts-, stipend-, fonds- og vederlagsordningane. Meldinga vil presentere og vurdere dei ulike ordningane og tiltaka, både kvar for seg og som eit samla heile.»

I St prp nr 1 (1996-1997) vart arbeidet med meldinga på ny omtala, samstundes som ein presiserte nokre punkt.

«Kunst som samfunnsformande faktor er minst like viktig som tidlegare. Målet med den komande kunstnarmeldinga er å fornye kunstnarpolitiske målsetjingar og tiltak med sikte på å sikre at tilgjengelege, offentlege ressursar kan forme best moglege rammevilkår for eit levande kunstnarsamfunn. Når det gjeld offentleg innsats på kunstsektoren, må ein forhalde seg til gjeldande økonomiske føresetnader på same måten som for andre samfunnssektorar. Dei seinaste åra har vore prega av sterk vekst i talet på kunstnarar. Det kjem dels av auke i utdanningskapasitet i Noreg, men også av at stadig fleire tek kunstfagleg utdanning i utlandet. Dette set ekstra stort press på nye, velutdanna kunstnarar med tanke på å finne ein plass i kunstnarsamfunnet. I meldinga vil ein også sjå nærare på korleis ein veksande kunstnarleg kompetanse kan gje positive impulsar til ulike delar av samfunnet.»

I samband med meldingsarbeidet har Kulturdepartementet teke initiativ til og fått gjennomført fleire undersøkingar. Dåverande Institutt for sosialforskning (INAS) fekk i 1994 i oppdrag av Kulturdepartementet å kartleggja inntektene og yrkessituasjonen til kunstnarane. Føremålet var å gje ei brei framstelling av yrkesaktiviteten og inntektstilhøva til kunstnarane, i første rekkje slik dette har kome til uttrykk tidleg på 1990-talet, men også, så langt det var mogeleg, slik det har utvikla seg dei siste tiåra. Rapporten vart presentert i 1996 med tittelen «Kunstnernes økonomiske vilkår. Rapport fra Inntekts- og yrkesundersøkelsen blant kunstnerne 1993-94». 1 I meldinga er presentasjonen av inntektstilhøva for kunstnargruppene i all hovudsak basert på denne rapporten og nokre andre rapportar som har brukt det innsamla materialet.

Også andre rapportar har tent som grunnlag for meldingsarbeidet, ein del av dei er enno i upublisert form.

I samband med meldingsarbeidet har departementet hatt samtaler med kvar einskild kunstnarorganisasjon som departementet på ulik vis har samarbeidsrelasjonar til. Somme organisasjonar har bede om og fått fleire møte med representantar for departementet. Gjennom heile prosessen har dessutan organisasjonane på eiga hand teke kontakt og kome med skriftlege innspel til og synspunkt på kunstnarpolitiske tiltak.

Sidan kunstfagutdanning utgjer eit viktig utgangspunkt for korleis kunstnarar kan utføra kunstgjerningane sine i samfunnet, er det teke med eit avsnitt om den høgare utdanninga på kunstområdet, jf. avsnitt 4.8. Det har vore naturleg å avgrensa gjennomgangen til den høgare utdanninga, som har den mest direkte tilknytinga til det kunstnarpolitiske feltet. Utdanningstilbodet i kunstfag i grunnskulen og vidaregåande opplæring er difor ikkje omtala i denne meldinga.

I St prp nr 1 1996-1997 (med Tillegg nr 1 av 25. oktober 1996) vart det gjort framlegg om å endra kunstfagstipenda på følgjande måte:

«Fra annet halvår undervisningsåret 1996-97 foreslås stipendandelen for studenter som omfattes av kunstfagstipendordningen, redusert fra ca 66,6 pst til ca 35,5 pst. For studenter ved tidligere Statens teaterhøgskole foreslås stipendandelen redusert fra ca 46,7 pst til 26 pst som for ordinære støttesøkere.»

I Budsjett-innst. S. nr. II er fleirtalsinnstillinga når det gjeld kunstfagstipenda, følgjande:

«Stortinget ber Regjeringen i forbindelse med den bebudete kunstnermeldingen våren 1997, legge fram en evaluering av kunstfagstipendendordningens betydning for kunstnernes levekår.»

Vurderinga av kunstfagstipenda er teke med som del av gjennomgangen av høgare utdanning på kunstfagområdet, jf. avsnitt 4.8.

Fotnoter

1.

I meldingsteksten blir rapporten omtala som INAS-rapporten.

Til forsiden