Stord - Hytter, Huglo (kulturminnvern/firluftsliv)

Avgjersle i motsegnssak, 31.8.2001

Stord – Hytter, Tveitvågen, Huglo

Stord kommune – Motsegn til reguleringsplan for hytteområde i Tveitvågen på Huglo

Vi viser til fylkesmannen si oversending av saka ved brev av 14. februar 2001.

Saka er i medhald av § 27-2, nr. 2 i plan- og bygningslova sendt til Miljøvern- departementet for avgjerd fordi Hordaland fylkeskommune og Fylkesmannen i Hordaland v/miljøvernavdelinga har reist motsegn til planen.

Miljøverndepartementet stadfestar ikkje reguleringsplan for hytteområde i Tveitvågen på Huglo. Motsegn frå Hordaland fylkeskommune og Fylkesmannen i Hordaland v/miljøvernavdelinga er etter dette teke til følgje.

Bakgrunnen for saka:

Det er lagt fram eit privat framlegg om reguleringsplan for bygging av 4 hytter i Tveitvågen på Huglo. Opprinneleg vart det fremja framlegg om 11 hytter, framlegget er no redusert til 4.

Hordaland fylkeskommune har reist motsegn datert 23. mars 1999 og 21. mars 2000. Fylkeskommunen viser til at Tveit på øya Huglo samla sett er eit område med gode kvalitetar når det gjeld vegetasjon, verneverdige kulturminne og eit mykje nytta friluftsområde.

Huglo er eit kjerneområde for kalkbrenning som er nemnd særskilt i fylkesdelplan for kulturminne. Minne om denne verksemda har interesse langt utover Huglo og Stord kommune. Etter fylkeskommunen sitt syn må det aktuelle området sjåast som eit samanhengande kulturområde med store offentlege interesser som ikkje bør bli splitta opp av hyttebygging. Fylkeskommunen fryktar at utbygginga som er føreslått, over tid kan redusere den historieforteljande og estetiske verdien av området. Dette gjeld både kulturminna og dei geologiske, botaniske og landskapsmessige kvalitetane.


Fylkesmannen i Hordaland v/miljøvernavdelinga har reist motsegn datert 3. mai 1999 og 10. august 2000. Fylkesmannen v/miljøvernavdelinga viser til at utbygging etter planen vil vere i konflikt med verneverdiar av regional og mogleg nasjonal verdi. Området er i liten grad utbygd. Ein finn berre nokre få eldre naust og hytter inst i Tveitvågen. Spreidde hytter i området vil vera negativt for landskapsbiletet og dermed for opplevingsverdien av området som natur,- kultur,- og friluftsområde. Kalkrik grunn og godt lokalklima gjer området særprega når det gjeld flora og fauna på land og i vassdraget. Det er sjeldan at eit avgrensa område som dette inneheld både kultur,- natur,- og friluftsverdiar av høg klasse samstundes.

Ein viser også til at fylkesdelplanen for frilufsliv slår fast at kommunane må avgrensa nye inngrep i den delen av kystsona som i dag ligg utan inngrep. Fortetting av allereie utbygde område må komme foran utbygging av nye område.

Stord kommune har hatt møte med motsegnsinstansane for å drøfta moglege kompromissløysingar, utan at dette har ført fram. Ein viser til at grunneigarane er positivt opptekne av at kulturminneverdiane mellom Tveitvatnet og Kvednavikjo skal takast vare på. Dei har uttrykt vilje til å avstå delar av området til offentleg bruk dersom dei får ei viss yting tilbake frå det offentlege, i form av hyttetomter på eigedomen.

Kommunen meiner at planprosessen har gjeve konkrete resultat til fordel for området sin eigenverdi og planforslaget vert, den 19. oktober 2000, vedteke med dei 4 hyttene.
I vedtaket viser kommunestyret til at ein er positiv til ei betre tilrettelegging av dei flotte natur-, kultur-, og friluftsverdiane på Huglo, og ber om at det vert teke opp tingingar med grunneigarane på Tveit for å få til ei offentleg overtaking av dei areal som i planen vert regulert som kulturvernområde.

Fylkesmanneni Hordaland tilrår, i brev av 14. februar 2001, at motsegnene blir tekne til følgje. Fylkesmannen viser til at planområdet har unike kvalitetar av regional interesse som kultur-, natur-, og friluftsområde. Å opna området for nybygging av hytter vil redusere den allmenne verdien av området. Fylkesmannen meiner såleis at samfunnsinteresser tilseier at området ikkje blir omdisponert til hyttebygging, korkje heilt eller delvis.

I samband med den sentrale behandlinga har Miljøverndepartementet innhenta uttale frå Riksantikvaren og Direktoratet for naturforvaltning.

Riksantikvaren tilrår i brev av 2. april 2001 at reguleringsplanen ikkje vert stadfesta på bakgrunn av dei kulturhistoriske verdiane på Tveit. Inngrep som kkjem i konflikt med kulturmiljøet vil svekkja dei kulturhistoriske verdiane og landskapsverdiane knytt til staden. Riksantikvaren sluttar seg til vurderingane frå Hordaland fylkeskommune om kulturminneverdiane og konsekvensane for desse. Direktoratet vil særleg vektleggja at kulturmiljøet blir oppsplitta og privatisert av den foreslåtte hyttebygginga, og vil kunne bli skjemta av terrengbearbeiding dersom planen vert realisert.

Direktoratet for naturforvaltning tilrår i brev av 23. mars 2001 at planen ikkje vert stadfesta. Direktoratet rår til at motsegna blir teken til følgje på grunn av verknadene for landskap, friluftsliv og omsynet til strandsona. Ei utbygging av området vil, etter direktoratet si meining, vera eit inngrep som vil redusera dei betydelege verdiane i området i stor grad. Direktoratet viser til at området som planen gjeld for, er eit mykje variert område både med omsyn til landskap, topografi, vegetasjon, insektliv og geologi. Området inneheld også ein rekkje kulturminne. I denne type område er det viktig å halde på heilskapen, og så langt råd er ikkje bryta denne med nye element.

Fordi dei bygningane som allereie er i området har heilt andre formål enn hytter, meiner direktoratet at hytter i dette området lett vil bryte med heilskapen i landskapet slik det ligg der i dag. Sjølv om det er mogleg å skjule i alle fall eit par av hyttene dersom den eksisterande vegetasjonen får stå, vil hyttene nærast dyrka marka lett bli synlege frå sjøen.

Direktoratet viser til at utbygging av området vil føre til auka press på dei andre verdiane som er i området, så som vegetasjon og insektliv. Fordi dette området er så rikt på så mange slags verdiar, er det spesielt viktig at ein så lang råd er, tek vare på området i den stand det ligg i dag. Det forhold at det er lagt til rette for friluftsliv gjennom stiar og tavler med informasjon vil virka med til å kanalisere ferdselen, noko som også vil kunne medverke til at dei andre delane av området blir liggjande mest mogleg urørt.

Synfaring vart halde den 20. mars 2001 . Representantar frå kommunen si politiske leiing og administrasjon, fylkeskommunen, fylkesmannen, Direktoratet for naturforvaltning, Riksantikvaren og Miljøverndepartementet var til stades på synfaringa.

Miljøverndepartementet har følgjene merknader:

Konflikten gjeld eit privat framlegg om reguleringsplan som inneber bygging av 4 hytter i eit område med kultur-, natur-, og friluftsverdiar. Nybygginga kjem i konflikt med det generelle byggjeforbodet i strandsonen og med kommuneplanen for Stord, vedteken i juni 1998, der området er lagt ut til LNF-område uten moglegheit for spreitt bygging. I kommuneplanen er det områder for hytter andre steder enn i Tveitvågen.

Hordaland fylkeskommune, Fylkesmannen i Hordaland, Riksantikvaren og Direktoratet for naturforvaltning framhevar at planområdet inneheld både kultur,- natur,- og friluftsverdiar av høg klasse.

Miljøverndepartementet deler denne oppfatninga. Planområdet er eit variert område med omsyn til landskap, topografi, vegetasjon, insektliv og geologi og det inneheld ein rekke kulturminner. Kultur, natur- og friluftskvalitetene reknas for å være av viktig regional interesse.

I områder med slike kvalitetar, er det viktig å unngå nye elementer for å beholde heilheten i landskapet. Området er frå før lite preget av hytter. Hyttebygging i dette området vil lett bryta med heilskapen i landskapet slik det ligg der i dag.

Den delen av strandsonen som omfattes av planforslaget er del av ein større ubebygd del av Huglo, og det er derfor spesielt viktig at strandsona her ikkje vert bygd på eller privatisert på andre måtar slik at den fri ferdsla blir redusert. Tveitvågen ligg idyllisk og skjerma til ved innløpet til Hardangerfjorden. Området er eit mykje nytta friluftsområde, både på sjø og land. Kvednavikjo er eit mykje brukt båtutfartsområde med badeplass. Landområdet er hensynsfullt tilrettelagt med gangstier fram til kulturminnene, mens det ellers framstår som uberørt. Hyttebygging i området vil innebere ei privatisering som vil gjere at området blir mindre attraktivt for allmenheten.

Det har i dei siste par åra blitt sett sterkt fokus på korleis ein utnyttar strandsonen. Miljøverndepartementet visar til at det er eit klart nasjonalt mål å bevare strandsonen, for å sikre allmennheten si ferdselsrett og omsynet til natur og landskap. I samband med dette har departementet i den seinare tid lansert ein rekke tiltak. Blant anna er plan- og dispensasjonspraksis i strandsonen innskjerpa ved departementet sitt brev av 11. november 1999. Departementet viser i denne samanheng også til det pågåande arbeidet med fylkesplan for Hordaland og fylkesdelplan for kystsonen i Hordaland.

Etter ein samla vurdering av saken har Miljøverndepartementet komen til at dei omsyn som talar mot stadfesting av reguleringsplanen må veie tyngst.

Miljøverndepartementet konkluderer derfor med at det ligg føre slike viktige regionale interesser at det er grunnlag for å ta motsegna i saka til følgje.

Vedtak:

I medhold av § 27-2 i plan- og bygningsloven av 14. juni 1985 finn ikkje Miljøverndepartementet å kunne stadfeste Stord kommune sitt vedtak av 19. oktober 2000 om reguleringsplan for hytteområde i Tveitvågen på Huglo.

Kommunen er orientert om departementets vedtak ved kopi av dette brev.