St.prp. nr. 34 (2004-2005)

Om å avvikle eineretten til Posten Norge AS

Til innhaldsliste

2 Bakgrunn for forslaget - høyring

2.1 Bakgrunn

Da Stortinget behandla Ot.prp. nr. 41 (2002-2003) Om lov om endringer i lov 29. november 1996 nr. 73 om formidling av landsdekkende postsendinger (postlova), slutta det seg til eit forslag frå Samferdselsdepartementet om å gradvis innskrenke dei vekt- og prisgrensene som gjeld for einerettsområdet til Posten, utan at det blei sett ein dato for når eineretten skulle avviklast endeleg. Frå 1. juli 2003 blei einerettsområdet avgrensa til lukka adressert brevpost med vekt inntil 100 gram og med pris inntil tre gonger grunntaksten for eit brev i første vektklasse, og dessutan blei marknaden for post til utlandet opna fullt ut for konkurranse. Vidare blir einerettsområdet frå 1. januar 2006 redusert ytterlegare til å omfatte sendingar med vekt inntil 50 gram og med pris inntil to og ein halv gonger grunntaksten. Lovendringa gjennomførte nødvendige endringar som følgje av eit nytt EU-direktiv på postområdet. EU har enno ikkje fastsett ein dato for å avvikle eineretten. Spørsmålet skal vurderast for kvart enkelt medlemsland innan utgangen av 2006, med sikte på at ein kan avvikle eineretten endeleg i 2009.

Da lovforslaget i Ot.prp. nr. 41 (2002-2003) var ute til høyring, og da det blei behandla, gav fleire uttrykk for at ein burde påskunde å avvikle eineretten i høve til minimumskrava i EU-direktivet, og at ein burde fastsetje ein endeleg dato for å avvikle eineretten. På bakgrunn av dette sette Samferdselsdepartementet i verk ei utgreiing av konsekvensar av - og alternativ til - å redusere eineretten til Posten ytterlegare. Spørsmålet er blant anna vurdert av eit uavhengig konsulentfirma og deretter av ei interdepartemental arbeidsgruppe. Forslaget om å avvikle eineretten til Posten frå 1. januar 2007 har også vore på alminneleg høyring (jf. punkt 2.2 nedanfor).

Med grunnlag i dei utgreiingane som er gjorde, meiner Samferdselsdepartementet at ein no bør fastsetje ein dato for å avvikle eineretten. Auka konkurranse kjem til å gje dei fleste brukarane eit betre og meir variert tenestetilbod til lågare pris. For at prosessen skal vere føreseieleg for Posten, dei tilsette i selskapet, andre postoperatørar og kundane, bør Stortinget allereie no fastsetje ein dato for å avvikle eineretten til Posten.

2.2 Høyring

Utgreiinga med eit forslag om å avvikle dei einerettane Posten har att frå 1. januar 2007, blei send på alminneleg høyring 5. mai 2004. Rapporten frå den interdepartementale arbeidsgruppa blei lagd ved høyringsbrevet. I tillegg til dei departementa det gjaldt, blei forslaget sendt til andre organ i styringsverket som det vedkom, alle fylkeskommunar, postoperatørar, transportørar, og interesseorganisasjonar. Forslaget og rapporten blei også gjorde offentleg tilgjengelege på heimesidene til Samferdselsdepartementet.

Departementet har fått 38 høyringssvar. Av desse hadde Forbrukarrådet, Kommunenes Sentralforbund, NAVO og Statens forvaltningsteneste ingen merknader til forslaget.

Følgjande eksterne instansar (departement unnateke) er positive til å avvikle eineretten til Posten frå 1. januar 2007: Buskerud fylkeskommune, Den Norske Fagpresses Forening, Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon, Konkurransetilsynet, Linjegods, Mediebedriftenes Landsforening (Mediebedriftene), Norsk Postordreforening, Oslo kommune, Posten, Post- og teletilsynet, Norsk Ukepresse og Logistikk- og transportindustriens landsforening.

Posten presiserer at støtta deira føreset at selskapet får konkurrere på like vilkår med andre aktørar. Dette fører blant anna til at Posten fritt må kunne setje prisane sine utan regulatoriske inngrep (som for eksempel einingsporto). Linjegods meiner at gevinstane ved auka konkurranse bør haustast så tidleg som mogleg, og ønskjer derfor prinsipalt at eineretten blir avvikla allereie frå 1. januar 2006.

Troms fylkeskommune ønskjer at ein ikkje avviklar eineretten før 1. januar 2008, mens Nordland fylkeskommune ønskjer at eineretten blir avvikla tidlegast 1. januar 2008. Fylkeskommunane viser til at det bør setjast av tilstrekkeleg tid til å utvikle nytt regelverk, og at det er ønskjeleg å dra erfaringar av regelverksarbeidet på postmarknaden elles i Europa før eineretten blir avvikla. Begge fylkeskommunane ser at ein treng å greie ut grundig med distriktsrepresentasjon korleis ein kan sikre distriktsinteressene ved ei avvikling av eineretten.

Dei andre fylkeskommunane, med unntak av Oppland fylkeskommune (sjå nedanfor), gjev uttrykk for at dei ikkje har merknader til sjølve forslaget om å avvikle eineretten til Posten. Gjennomgåande gjev fylkeskommunane uttrykk for at det er viktig at avviklinga av eineretten ikkje fører til lågare servicenivå eller høgare prisnivå på vesentlege posttenester i distrikta. Det er også fleire av fylkeskommunane som peiker på kor viktig det er at prinsippet om einingsporto blir ført vidare.

Longyearbyen lokalstyre har ikkje merknader til forslaget, men føreset at ordninga med statleg kjøp blir halden ved lag, og at servicekrava i konsesjonen til Posten blir førte vidare.

Forbrukarombodet har ikkje merknader til sjølve forslaget, men presiserer at vanlege forbrukarar må sikrast god kvalitet på posttenester. Forbrukarombodet ønskjer eit system der prisane er like for alle forbrukarar i Noreg, uavhengig av geografisk bustad.

Følgjande høyringsinstansar er skeptiske/går mot forslaget: Fagforbundet, Landsorganisasjonen i Norge (LO), Norsk Post- og Kommunikasjonsforbund (Postkom) og Oppland fylkeskommune. Arbeidstakarorganisasjonane ønskjer at Noreg som eit maksimum skal følgje tempoplanen i EU for å avvikle eineretten. Dei viser til at Posten er sårbar dersom den norske marknaden opnar, mens andre nasjonale postselskap framleis har einerett i heimemarknadene sine. Konkurranseutviklinga som blir driven fram i sentrale og folketette delar av Europa, lèt seg ikkje gjennomføre i eit land som Noreg utan at det får negative følgjer for pris-, service- og kvalitetsnivå på posttenestene i delar av landet. Det blir sett spørjeteikn ved korleis ein kan halde ved lag einingsporto når ein reduserer fortenesta frå folke- og næringslivstette område. Samfunnsøkonomisk verkar det lite fornuftig å utarme Posten ved å leggje til rette for at fleire mindre operatørar skal konkurrere om dei same oppdraga.

Oppland fylkeskommune meiner at postdistribusjon framleis må vere ei infrastrukturteneste, der samfunnet har eit ansvar for å gje likeverdige tenester til alle. Dersom ein reduserer eineretten, kan det vere med på å gje Posten lågare inntekter. Det kan føre til at selskapet får mindre pengar å bruke på ulønsame posttenester. Anten må ein redusere omfanget av dei ulønsame tenestene og somme få dårlegare tenester, eller så må ein auke statlege kjøp/andre tiltak.

Dei enkelte delane av proposisjonen nedanfor går gjennom merknadene frå høyringsinstansane knytte til viktige enkeltspørsmål (medrekna prinsippet om einingsporto). Rapporten frå den interdepartementale arbeidsgruppa, og dessutan alle høyringssvara, følgjer som utrykt vedlegg til proposisjonen.

Til forsida av dokumentet