Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

St.prp. nr. 57 (1996-97)

Om investeringar i Forsvaret

Til innholdsfortegnelse

3 Godkjenning/endring av eigedoms-, bygg- og anleggsprosjekt (kap 1760, 1761 og 1795, post 47)

3.1 KA Undervassforsvar (bygg- og anleggsdelen)

Stortinget har tidlegare godkjend ei ramme for bygg og anlegg for fase 1 av KA Undervassforsvar på 143 millionar kroner. I tillegg er Grøtsund minefelt godkjent som eige prosjekt til 26 millionar kroner, til saman for bygg og anlegg vert dette 169 millionar kroner.

Totalt kostnadsoverslag for bygg- og anleggsdelen av dei seks anlegga som no er føreslått, jfr kap 2 Godkjenning/endring av materiellprosjekt, inkludert fellesanlegg, prosjekterings- og planleggingkostnader og prisstigning, kjem på 233 millionar kroner. Summen omfattar og forbruk på i alt 9,8 millionar kroner til ymse tiltak som var planlagt gjennomførde, men føresett utgiftsført andre postar. Stortinget vert bede om å godkjenne ei auke av dei totale plankostnadene for bygg- og anleggsdelen av prosjektet frå 169 millionar kroner til 233 millionar kroner. Det vil seie ei utviding av kostnadsramma på 64 millionar kroner.

3.1.1 Grøtsund minestasjon

Departementet fremja i St prp nr 1 (1994-95) forslag om utbygging av Grøtsund minestasjon. Kostnadene var da rekna til ca 26 millionar kroner. Basert på topografiske tilhøve vart minestasjonen planlagt slik at operasjonsdelen vart plassert i fjell, medan kablane ut til minene skulle leggjast i grøft på bakken og havbotnen og dekte til.

Nye grunnundersøkingar synte likevel at det utover i sundet viste at ein ved å bruke ein annan teknikk ville kunne oppnå eit meir balansert vern mellom operasjonsdelen og sjølve våpensystemet.

Meir kompliserte grunnforhold enn ein rekna med både av Forsvarets bygningsteneste og entreprenøren, førte til store tekniske problem og forseinkingar. Borearbeida vart likevel gjennomførde med eit godt teknisk sluttresultat.

Når det gjeld kostnadsutviklinga i prosjektet, vart ikkje dette teke vare på og rapportert i samsvar med forskriftene. Totalkostnaden medrekna prisstigning kjem no på 42,8 millionar kroner, inkludert 3,3 millionar kroner til tiltak som var godkjend og føresett ført på andre prosjekt. Forsvarets bygningsteneste har avvist eit krav frå entreprenøren om ytterlegare 8 millionar kroner.

Da ein vart klar over dei store overskridingane i prosjektet, sette Forsvarets bygningsteneste i gang ein omfattande kvalitetsrevisjon av prosjektet med gjennomgang av rutinar og ansvars- og rapporteringsliner. Dette for å avdekkje årsakssamanhengen og unngå liknande tilfelle i framtida.

3.1.2 Malangen torpedobatteri

Det er tidlegare omtala i St prp nr 48 (1994-95) og St prp nr 1 (1996-97). Lokalisering til Malangen kjem etter fornya operativ vurdering som erstatning for tidlegare godkjend lokalisering av torpedobatteriet til Ofoten, sjå punkt 3.1. Prosjektet vert føreslått gjennomførd innanfor ei kostnadsramme på 97 millionar kroner. For 1997 er det avsett 10 millionar kroner.

3.2 Oslo - ny «Perminal»

Forsvarsdepartementet føreslo i St prp nr 1 (1996-97) at Stortinget sin administrasjon skulle overta Forsvaret sin eigedom «Perminalen» i Nedre Vollgt 18 og at Forsvaret skulle kjøpe Øvre Slottsgt 2 frå Statsbygg for etablering av ein ny «perminal». Dette er no gjennomført.

Den nye perminalen vil få ein kapasitetsauke, og arealet vil auke med ca 1 400 kvadratmeter. Det vil bli tilbode innkvartering av god standard til fastbuande mannskap og permittentar. Omstilling av bygninga til akseptabelt forlegningsnivå og naudsynt kjøkken- og kafeteriakapasitet er kostbart. Alle forlegningsrom vil verte utstyrte med bad. Prosjektet vert føreslått gjennomførd innanfor ei kostnadsramme på 50 millionar kroner, der Forsvaret får dekt 20,6 millionar kroner som ekstra løyving til flytte- og ominnreiingskostnader, jfr St prp nr 1 (1996-97) kap 41. Det vert føreslått at denne summen vert brukt til dekking av oppstart for ombygging i 1997.

3.3 Lutvann - nytt forvaltningsbygg og garasje for Stor-Oslo HV-område (HV 02)

På Lutvann vert det planlagt å oppføre eit nytt forvaltningsbygg med eit frittliggjande garasjebygg for administrative køyrety. Bygget skal innehalde lager for all materiell- og leirforvaltning i HV 02 og kontor for dei respektive forvaltningsfunksjonane. Føremålet med prosjektet er å samordne og effektivisere materiell- og leirforvaltninga for distriktet i Lutvann leir, og ta vare på personellet sitt krav til helse, miljø og tryggleik. Eksisterande lager og leirfunksjonar er spreidde i og utanfor leiren og i bygningar av til dels dårleg kvalitet.

Den nye forvaltningsbygningen vil medføre utrangering av ca 1 800 kvadratmeter eldre bygningsmasse. Dei årlege leigeutgiftene vert reduserte med i underkant av 0,5 millionar kroner. Prosjektet vert føreslått gjennomførd innanfor ei total kostnadsramme på 23 millionar kroner. For 1997 er det avsett 2 millionar kroner.

3.4 Luftforsvaret sin stasjon på Mågerø - utbetring av kjøkken og befalsforlegning

Befalsforlegninga og kjøkkenet på Luftforsvarets sin stasjon på Mågerø, som er 35 år gammalt, er nedslitne og må utbetrast. Utbetringa vil føre til at kjøkkenet tilfredsstiller dagens krav til hygiene og arbeidstilhøve. Forlegninga vil og verte utbetra til dagens standard. Kostnadene er rekna ut til 17 millionar kroner. For 1997 er det avsett 7 millionar kroner.

3.5 Regional mobiliseringslagring for Hæren

I St prp nr 1 (1995-96) vart Stortinget orientert om fase I regional mobiliseringslagring for Hæren, med ei godkjend kostnadsramme på 44 millionar kroner. Det opphavlege konseptet for lagring, som var lagt til grunn i fase I, var at hallane der containerane skulle lagrast, vart avfukta. I ettertid har ein kome til at ei betre løysing er å avfukte kvar einskild container. Dette medfører ei ombygging av avfuktingssystema. Ein del andre tiltak trengst og gjerast, slik som å gjerde inn og installere tryggings- og brannalarmar. For å få til dette, vert det føreslått at totalkostnadene for fase I vert heva med 3 millionar kroner, frå 44 til 47 millionar kroner.

Fase II i prosjektet er tidlegare omtala i St prp nr 54 (1995-96), der godkjend kostnadsramme er 123 millionar kroner. Det er gjort ei justering av arealbehova. Areala for nye garasjar på Rena og Jørstadmoen er reduserte. Dei forsterka lagerromma for farleg materiell (strongromma) ved Distriktskommando Trøndelag, Setermoen og Skjold er trekt ut av fase II og vil inngå i seinare fasar. Med bakgrunn i desse endringane vert det føreslått ein reduksjon av kostnadsramma for denne fasen med 30 millionar kroner, frå 123 til 93 millionar kroner. Med desse endringane kan fase II verte fullført i 1998.

Fase III omfattar nybygg/ombygging for containerlager, garasjar og strongrom i alle distriktskommandoar. Fase III i prosjektet vert føreslått gjennomførd innanfor ei kostnadsramme på 313 millionar kroner. Det er avsett 40 millionar kroner i 1997.

Den vidare framdrifta av prosjektet vert planlagt gjennomført i ytterlegare to fasar.

Desse vil verte lagte fram for Stortinget seinare.

3.6 Forsvarets forskingsinstitutt på Kjeller - laboratoriebygg for avdeling for miljøtoksikologi

Det vert føreslått å erstatte eksisterande bygningsmasse for Forsvarets forskingsinstitutt/Avdeling for miljøtoksikologi med nytt kontor- og laboratoriebygg. Eksisterande bygningar reknast som delvis kondemnable og ueigna til sitt føremål. Avdelinga er i dag spreidd over fleire mellombelse brakker og bygningar. Forslaget representerer ei nøktern tilpassing av kontorareal til avdelinga og ei vesentleg tilpassing av laboratorieverksemda til dagens funksjonar og krav til helse, miljø og tryggleik. Nybygget kan utvidast på ein enkel måte dersom eit behov seinare skulle oppstå. Investeringa er rekna ut til 85 millionar kroner. Det vert føreslått avsett 25 millionar kroner i 1997.

3.7 Starum - lager for Sanitetsmagasin Austlandet, nytt kostnadsoverslag

Prosjektet er tidlegare omtala i St prp nr 1 (1996-97) med ei kostnadsramme på 20 millionar kroner. Ved ein feil var ikkje meirverdiavgifta lagt inn i kostnadsoverslaget. Dette tilhøve, i tillegg til ei mindre omlegging av parkerings- og veganlegget for tomteeigar, har gitt eit meirbehov på 2,7 millionar kroner. Prosjektet vert føreslått gjennomførd innanfor ein ny kostnadsramme på 22,7 millionar kroner. Byggjestart er føresett i 1997.

3.8 Utbetring av Hortenskanalen

Kanalen vart bygd i åra 1854-1867. Kanalen har gjennom tidene blitt grunnare som følgje av landheving, bombing under siste krigen, utrasing frå breiddene og sedimentering av lausmassar.

Utbetringa inneber mudring og deponering av sedimenterte massar som er forureina av tungmetall, rehabilitering av steinsettinga langs breiddene og tildekking av kanalbotnen. Totalkostnadene for prosjektet er rekna ut til 18,7 millionar kroner, der av ca 10,8 millionar kroner er forureiningsrelaterte og ca 7,9 millionar kroner er kulturminnerelaterte kostnader. Statens forureiningstilsyn vil delta i finansieringa med ca 5,4 millionar kroner og Borre kommune med 1 million kroner. Kostnadene over forsvarsbudsjettet, på kap 1795 Kulturelle og allmennyttige føremål post 47, vert dermed 12,3 millionar kroner. Naudsynte midlar for inneverande år vil verte føreslått tilført posten ved omgruppering.

3.9 Forsvarets relokalisering Gardermoen - lokale for den attverande flysamlinga

Riving av hangar D og to mindre bygningar som i dag huser flysamlinga, samt eit nytt erstatningsbygg, vart opphaveleg ikkje prosjektert inn i Forsvarets relokalisering Gardermoen. Oslo Lufthavn AS (OSL) har seinare ønskt å frigjere området ved hangar D, det vil seie at hangaren må rivast. Forsvarsdepartementet gjekk med på dette under føresetnad av at ein ny flysamlingshangar kunne finansierast over kapittel 1761 post 47. Prosjektet vart sist omtala for Stortinget i St prp nr 1 (1996-97), der det vart føresett at flysamlinga skulle flyttast ut av hangar D innan 1. juli 1998.

Ein ny hangar er rekna til å kosta 51 millionar kroner. Det har i ettertid vist seg at dei resterande midlane på kapittel 1761 post 47 ikkje har vore fullt ut tilstrekkelege til å finansiere hangaren. Difor finn Regjeringa at det vert tilleggsløyvd 21 mill kroner til forsvarsbudsjettet. I tillegg vert 15 millionar kroner dekka innanfor ramma av forsvarsbudsjettet. Forslag til vedtak om desse løyvingane vil bli lagt fram i samband med revidert nasjonalbudsjett. Dei resterande 15 millionar kroner blir dekka innenfor avsetninga til Luftfartsverket sitt budsjett for grunnerverv og erstatningar til Forsvaret.

Til toppen
Til dokumentets forside