St.prp. nr. 57 (1996-97)

Om investeringar i Forsvaret

Til innholdsfortegnelse

2 Godkjenning/endring av materiellprosjekt (kap 1760, post 45)

2.1 6077 Kystartilleriet (KA) sitt undervassforsvar

Prosjektet omfatta i byrjinga modernisering/bygging av fire torpedobatteri og seks minefelt, mineverkstader ved Karljohansvern og Olavsvern og systemtrenar ved KNM Tordenskjold.

Grøtsund minefelt var i kontrakten lagt inn som opsjon. Opsjonen vart seinare innløyst. Midlar til bygg og anlegg vart løyvd for seg.

Prosjektet er sist omtalt i St prp nr 1 (1996-97) med ei samla kostnadsramme på 685 millionar kroner. Det vart likevel gjort merksam på at vidareføring av ein del anlegg vart stansa for ny operativ og økonomisk vurdering. Utfallet av vurderinga ville bli lagt fram for Stortinget når den låg føre. Den nye operative vurderinga baserer seg på at i dei seinare åra er trusselbiletet endra og varslingstida auka som følgje av utviklinga i Europa sidan 1989. Røynslene frå Golf-krigen, med mellom anna bruk av presisjonstyrte våpen, synte at statiske anlegg er langt meir sårbare enn ein trudde tidlegare. Då statiske anlegg har mindre operativ verdi enn tidlegare, og då prosjektet er blitt dyrare enn ein fyrst trudde, er det ikkje ønskjeleg å føre vidare KA Undervassforsvar i eit slikt omfang som tidlegare planlagt. Det vert føreslått at prosjektet vert redusert med fire anlegg, det vil seie tre minefelt og eitt torpedobatteri. Reduksjon av talet på anlegg har likevel den konsekvens at det er nykjøpt materiell i prosjektet for 126 millionar kroner, som var planlagt til anlegg som no ikkje vil bli bygd. Dette materiellet skal brukast som alminnelege reservedelar og som beredskapsreserve eller, om mogeleg, verte seld. Når det gjeld drifta, vil likevel ein reduksjon frå seks til tre minefelt medføre ein reduksjon av kostnadene med 6 millionar kroner pr år, og ein reduksjon av talet på torpedobatteri frå fire til tre vil medføre ein tilsvarande reduksjon på ca 0,5 millionar kroner pr år. Oppfylling av utdannings- og treningsbehovet vil ikkje verte påverka av at talet på anlegg vert redusert.

Ramma på 685 millionar kroner er av departementet justert opp med 33,8 millionar kroner på grunn av valuta- og prisendringar for 1995-96, jfr St prp nr 1 (1996-97) s 131. I tillegg er det overført 44,2 millionar kroner frå eit anna terminert prosjekt, som mellom anna hadde som mål å kjøpe sambandsutstyr til KA Undervassforsvar. Desse to forholda medfører altså ikkje nokon reell kostnadsauke i prosjektet.

For å fullføre bygginga av tre torpedobatteri og tre minefelt, vert likevel Stortinget bede om å godkjenne ei auke av det totale planbeløpet for materiellkjøp frå 763 millionar kroner til 815 millionar kroner, dvs ei utvida ramme på 52 millionar kroner. Meirbehovet skuldast delvis meirinvesteringar på ca 37 millionar kroner for materiell til eksisterande anlegg. På bakgrunn av erfaringane frå Golfkrigen, har ein vald å sikre anlegga betre og å gjere torpedoutskytinga frå undervasstillingar. Dette vil bidra til å auke levetida til anlegga og redusere skadefaren deira. Investeringa betrar i særleg grad anlegga sin stridsstyrke og kommando- og kontrollfunksjonar. Vidare har det oppstått eit meirbehov på ca 12 millionar kroner for etablering av eit torpedobatteri i Malangen. Forseinkingar i prosjektet har ført til auka forpliktingar overfor leverandørar for 3 millionar kroner.

KA Undervassforsvar vert fullført ved at torpedo- og mineanlegg på Visterøy og Herdla fort vert sluttført. Av torpedobatteria vert Brettingen terminert, medan batteriet i Korshamn vert reetablert i Malangen, jfr kap 3 Godkjenning/endring av eigedoms-, bygg- og anleggsprosjekt. Minefeltet i Grøtsund vert sluttført, medan minefelta på Rauøy, Krossodden og i Mastrafjord vert terminerte.

2.2 7630 Nye middels tunge transportfly

Prosjektet omfattar utskifting av seks middels tunge transportfly av typen C-130 Hercules. Flya er nær 30 år gamle. Både driftsøkonomisk og operativt er ei utskifting å føretrekkje framfor ein levetidslenging. Alderen resulterer i stadig aukande driftsutgifter og avtakande operativt rådvelde, samstundes som behovet for middels tung transportkapasitet aukar. Herculesflya har vorte ofte brukte i fredsoperasjonar og i humanitær verksemd. Saman med sterkare vektlegging av mobilitet og fleksibilitet i forsvarsstrukturen i framtida og behovet for å redusere driftsbudsjettet, er dette styrande faktorar for ei avgjerd om utskifting. For å sikre behovet for Forsvaret og det sivile samfunn for ein kostnadseffektiv middels tung transportkapasitet, er det naudsynt å fornye materiellet. Den planlagde kostnadsramma for prosjektet er 2 630 millionar kroner.

Det vil vere avgjerande at realiseringa av kjøpet ikkje skjer på kostnad av andre viktige strukturrelaterte prosjekt i Forsvaret, som kampfly, eskortefartøy, missiltorpedobåtar og artilleri.

2.3 6084 Nye mineryddarar - lyftevifter

Problema med lyfteviftene til dei nye mineryddarane vart omtalt i St prp nr 1 (1996-97). Det vart i omtalen av prosjektet ikkje lagt inn kostnader for kjøp av nye forsterka vifter.

Ved innføring av presentasjon av kategori 1-prosjekt for Stortinget, vart det fastlagt nye rutiner for å kompensere for auke av pris- og valuta. For dette prosjektet vart pris- og valutakostnader av rutine lagt til, i tråd med etablert praksis for budsjettet for 1996 og 1997. Ved intern revisjon av prosjektet er det likevel avdekt at pris- og valutakompensasjon alt var lagt til prosjektet i samband med stortingsproposisjonen om mineryddarane, jfr St prp nr 37 (1993-94). Pris- og valutakompensasjon som ved eit mistak er lagt til prosjektet, vert difor trekt ut. Kostnadsramma for prosjektet vert såleis redusert med 66 millionar kroner, frå 2 890 millionar kroner (St prp nr 1 (1996-97)) til 2 824 millionar kroner.

Dei nye mineryddarane har sidan 1995 hatt skadar og havari på viftene på fartøya. Skadde og havarerte vifter har stendig blitt utbetra eller skifta ut av Kværner Mandal A/S. Likevel har ikkje Forsvaret og Kværner Mandal A/S vorte samde om årsaka til havaria før eit havari på mineryddaren KNM ALTA i november 1996. Der vart det konkludert med at havariet skuldast belastningsbrot. For å løyse problemet, må det installerast nye forsterka vifter i alle ni fartøya.

Med bakgrunn i ein tilleggsavtale frå 1994, jfr St prp nr 37 (1993-94), som avgrensar Kværner Mandal A/S sitt garantiansvar, skal utskiftingane verte finansierte ved at Forsvaret og Kværner Mandal A/S dekkjer ein halvpart kvar av prisen for nye vifter. Pris for nye vifter er sett til 24 millionar kroner. Forsvaret sin del utgjer følgjeleg 12 millionar kroner. Vidare har prosjektet eit meirbehov på 4 millionar kroner knytte til utgifter for ein opsjon på åtgjerder for å betre støytilhøva. Inntil utskifting av vifter for alle fartøya er gjennomførde i løpet av 1998, må Forsvaret halde seks fartøy operative. I tilknyting til dette må utgifter til å halde eksisterande vifter i drift delast mellom partane. Forsvaret sin del utgjer 4 millionar kroner. Såleis vil totalbehovet for å fullføre prosjektet utgjere 20 millionar kroner.

For å dekkje utskifting av mineryddarane sine lyftevifter, foreslår departementet at Stortinget samtykker i at prosjektet sin totale kostnadsramme vert utvida med 20 millionar kroner frå 2 824 millionar kroner til 2 844 millionar kroner.