Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

St.prp. nr. 57 (1996-97)

Om investeringar i Forsvaret

Til innholdsfortegnelse

4 Informasjonssaker

4.1 Utlån av NASAMS-materiell til Nederland

På bakgrunn av ein førespurnad frå den norsk/amerikanske gruppa Hughes Aircraft Company og KongsbergGruppen ASA (HKV), som produserer luftvernmateriellet Norwegian Advanced Surface-to-Air Missile System (NASAMS), vurderer Forsvarsdepartementet å låne ut luftvernutstyr tilsvarande to NASAMS-batteri til det nederlandske luftforsvaret for ein periode på to år.

Det nederlandske luftforsvaret har behov for å byrje innfasing av luftvernutstyr alt frå 1998. Sidan ingen av dei aktuelle leverandørane kan levere frå lager, ønskjer HKV å tilby denne løysinga mellombels. Det nederlandske luftforsvaret tek sikte på å velje leverandør innan årsskiftet.

Stortinget har, i samband med handsaminga av St prp nr 92 (1991-92) Om konvertering av rakettluftvernsystem og tilbakelevering av leigd materiell, gitt sin tilslutning til den planlagde innføringstakta for NASAMS. Innfasinga vert såleis ikkje avvike, men eit utlån medfører at to av seks batteri mellombels er utanfor landet. Dette vil ikkje ha direkte konsekvensar for styrkeproduksjon og trening, som går føre seg på resterande materiell. Utstyr som vert aktuelt å låne ut, er normalt mobiliseringsdisponert. I dagens tryggingspolitiske situasjon vert det operert med lang varslingstid. For å oppretthalde den mobiliserbare luftvernkapasiteten, vert det difor teke sikte på å leggje inn ein klausul i utlånsvilkåra om at utstyret må kunne leverast attende innan 30 dagar. Dette vil fange opp eventuelle endringar i det tryggingspolitiske biletet.

Eit slikt utlån vil ha ei rekkje positive verknader både for Noregs forhold til ein sentral alliert, for utviklinga i det norske luftforsvaret, og for det norske forsvarsindustrielle miljøet. Nederland bidreg med store luftverneiningar i forslaget til den allierte forsterkningsplanen «Bright Granite», og det vil vere verdifulle gevinstar å hente ved utvikling av felles luftverndoktrinar og operative konsept, samarbeid om kompetanseutvikling samt drift og vedlikehald av materiellet. Forsvarsdepartementet stiller seg positiv til at utlånet kan skje, dersom det nederlandske forsvaret ynskjer utstyr frå HKV.

NATO er innforstått med eit slikt utlån.

4.2 Framtidig erstatning for Forsvarets F-16

Som sagt i St prp nr 54 (1995-96) ynskjer Forsvarsdepartementet å halde seg orientert om det amerikanske kampflyprogrammet Joint Strike Fighter (JSF). Som følgje av dette har Noreg skreve under ein avtale om deltaking i eit program som gjeld utvikling av krav til eigenskapane til flyet. Avtalen er utarbeidd som eit samarbeid mellom dei fire landa USA, Nederland, Danmark og Noreg. Kostnadene for prosjektet for fireårsperioden fram til 2001 er satt til USD 60 millionar. Av dette er det planlagt at USA betaler USD 30 mill, mens dei resterande USD 30 millionar blir delte på dei andre nasjonane.

Til toppen
Til dokumentets forside