St.prp. nr. 61 (2003-2004)

Om samtykke til godkjennelse av EØS-komiteens beslutning nr. 65/2004 av 26. april 2004 om innlemmelse i EØS-avtalen av Fellesskapets Marco Polo-program

Til innholdsfortegnelse

1 Avgjerd i EØS-komiteen nr. 65/2004 av 24. april 2004 om endring av protokoll 31 til EØS-avtala om samarbeid på særlege område utanfor dei fire fridommane

EØS-KOMITEEN HAR -

med tilvising til avtala om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, endra ved protokollen om justering av avtala om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, heretter kalla «avtala», særleg artikkel 86 og 98, og

på følgjande bakgrunn:

  1. Protokoll 31 til avtala vart endra ved avgjerd i EØS-komiteen nr. 66/2002 av 31.05.2002 1

    .

  2. Samarbeidet mellom avtalepartane bør utvidast til å omfatte europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 1382/2003 av 22. juli 2003 om tildeling av økonomisk støtte frå Fellesskapet for å betre miljøprestasjonane til godstransportsystemet (Marco Polo-programmet) 2

    .

  3. Protokoll 31 til avtala bør difor endrast for å gjere eit slikt utvida samarbeid mogleg frå 1, januar 2004 -

TEKE DENNE AVGJERDA:

Artikkel 1

I protokoll 31 artikkel 3 nr. 7 i avtala skal ny bokstav c) lyde:

«c)Fellesskapsrettsakter som får anvendelse fra 1. januar 2004:
-32 003 R 1382: Europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 1382/2003 av 22. juli 2003 om tildeling av økonomisk støtte frå Fellesskapet for å betre miljøprestasjonane til godstransportsystemet (Marco Polo-programmet) (TEU L 196 av 2.8.2003, s. 1).»

Artikkel 2

Denne avgjerda tek til å gjelde dagen etter at EØS-komiteen har motteke den siste meldinga etter artikkel 103 nr. 1 i avtala 3

.

Avgjerda skal nyttast frå 1. januar 2004.

Artikkel 3

Denne avgjerda skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske union.

Utferda i Brussel, 26. april 2004.

For EØS-komiteen
Formann
P. Westerlund
Sekretærar for EØS-komiteen
Ø. HovdkinnM. Brinkmann

Fotnoter

1.

TEF L 238 av 5.9.2002, s. 38, og EØS-tillegget til TEF nr. 44 av 5.9.2002, s. 24.

2.

TEU L 196 av 2.8.2003, s. 1.

3.

Forfatningsrettslege krav oppgjevne.