St.prp. nr. 65 (2006-2007)

Rettferdsvederlag frå statskassa (Om Stortinget si rettferdsvederlagsordning, arbeidet i rettferds­vederlagsutvala m.m.)

Til innhaldsliste

2 Orientering om arbeidet i rettferdsvederlagsutvala

2.1 Årsmeldingar frå rettferdsvederlags­utvala

Det går fram av vedtak i Stortinget 26.10.1999 1 at Stortinget skal haldast orientert 2 om arbeidet i Rettferdsvederlagsutvalet gjennom årsmeldinga for rettferdsvederlagsordninga. 3 I medhald av vedtak i Stortinget 20.12.2005 er det frå 1.4.2006 oppretta eit mellombels utval som skal fungere fram til 31.12.2008. I perioden 1.4.2006–31.12.2006 har det såleis vore to rettferdsvederlagsutval, Rettferdsvederlagsutval I og Rettferdsverderlagsutval II.

Stortinget blei fram til 2003 orientert om arbeidet i Rettferdsvederlagsutvalet gjennom stortingsmeldingar. Den siste orienteringa blei gitt i St.meld. nr. 20 (2003–2004).

I St.meld. nr. 44 (2003–2004) 4 blei det som vedlegg lagt fram ein rapport frå ei arbeidsgruppe som vurderte krav om erstatning frå ulike grupper i samfunnet. I rapporten blei det mellom anna føreslått at Rettferdsvederlagsutvalet bør kunne sende innstillingar direkte til Stortinget, utan å gå vegen om regjeringa. Bakgrunnen for forslaget er at rettferdsvederlagsordninga er Stortinget si eiga ordning, og at forslag om endringar, rapportar osv. prinsipielt sett ikkje er ei sak for regjeringa. Stortinget behandla meldinga med vedlegg 4.4.2005, jf. Innst. S. nr. 152 (2004–2005). 5

Etter dette har utvalet sendt rapportar om arbeidet i utvalet direkte til Stortinget, jf. orientering om det tidlegare arbeidet i utvalet i 2004, 2005 og fram til 1.4.2006. 6

Stortingets administrasjon har nyleg teke opp spørsmålet om korleis rapporteringa frå rettferdsvederlagsutvala til Stortinget best kan skje, og Justisdepartementet meldte tilbake i brev datert 3.4.2007 mellom anna at ein var komen til at dei årlege meldingane burde leggjast fram av regjeringa. Arbeidet med denne stortingsproposisjonen har gitt grunn til å vurdera dette spørsmålet på nytt. Departementet vil no gjera ei ny vurdering av rapporteringsordninga, der rapporteringa og den konstitusjonelle ansvarsfordelinga vil bli særleg vurdert. Regjeringa vil kome tilbake til Stortinget med dette på ein høveleg måte, etter dialog med mellom andre rettferdsvederlagsutvala.

2.2 Orientering om arbeidet i Rettferds­vederlagsutvalet i 2004, 2005 og fram til 1.4.2006

I brev til presidentskapen i Stortinget av 13.6.2006 gav den tidlegare leiaren for Rettferdsvederlagsutvalet ei orientering om arbeidet i utvalet i 2004, 2005 og fram til 1.4.2006. Det går fram av orienteringa at Rettferdsvederlagsutval I i 2004 hadde fem møte og behandla 219 saker. Det blei gitt rettferdsvederlag i 99 saker, med til saman kr 7 831 000. Vederlaget i kvar einskild sak låg på mellom kr 25 000 og kr 170 000.

I 2005 hadde Rettferdsvederlagsutvalet seks møte og behandla 249 saker. Det blei gitt rettferdsvederlag i 119 saker, med til saman kr 12 233 000. Vederlaget i kvar einskild sak låg på mellom kr 20 000 og kr 200 000.

I perioden 1.1.2006–1.4.2006 hadde Rettferdsvederlagsutvalet to møte og behandla 138 saker. Det blei gitt rettferdsvederlag i 50 saker, med til saman kr 4 510 000. Vederlaget i kvar einskild sak låg på mellom kr 25 000 og kr 200 000.

2.3 Orientering om arbeidet i rettferdsvederlagsutvala frå 1.4.2006 til 31.12.2006

I 2006 behandla utvala saker om ordinært rettferdsvederlag, saker som fell inn under St.meld. nr. 24 (2004–2005) Erstatningsordningar for barn i barneheimar og spesialskular for barn med åtferdsvanskar, og saker som fell inn under St.meld. nr. 44 (2003–4004) Erstatningsordning for krigsbarn og erstatningsordninger for romanifolk/tatere og eldre utdanningsskadelidende samer og kvener.

Dei to rettferdsvederlagsutvala avvikla i 2006 18 møte og behandla 1068 saker. Det blei gitt rettferdsvederlag i 895 saker og utbetalt vederlag med i alt kr 19 879 432.

Vederlagsbeløpa i sakene låg på mellom kr 20 000 og kr 200 000. Dei fleste beløpa var i storleiksordenen kr 20 000 og var knytt til såkalla «udokumenterte søknader» Det var i hovudsak standardiserte vederlag til krigsborn og taterar som følgje av mobbing, og desse sakene utgjorde 61 % av alle sakene (546 saker) der det blei tilkjent rettferdsvederlag. Vidare fekk 64 utdanningsskadelidande samar og kvener standardisert vederlag på kr 70 000.

Fotnotar

1.

Jf. St.prp. nr. 72 (1998–1999) og Innst. S. nr. 4 (1999–2000).

2.

Det er etter St.prp. nr. 72 (1998–1999) og Innst. S. nr. 4 (1999–2000) uklart om det er regjeringa som skal leggje fram årsmeldingane frå Rettferdsvederlagsutvalet. Sjå likevel St.meld. nr. 44 (2004–2005), side 116.

3.

Årsmelding frå Rettferdsvederlagsutvalet.

4.

St.meld. nr. 44 (2003–2004) Erstatningsordning for krigsbarn og erstatningsordninger for romanifolk/tatere og eldre utdanningsskadelidende samer og kvener, side 74 og utetter.

5.

Jf. «Forhandlinger i Stortinget nr. 129».

6.

Innhaldet i årsmeldingane for 2004, 2005 og fram til 1.4.2006 er referert under pkt. 2.2.

Til forsida