St.prp. nr. 65 (2006-2007)

Rettferdsvederlag frå statskassa (Om Stortinget si rettferdsvederlagsordning, arbeidet i rettferds­vederlagsutvala m.m.)

Til innhaldsliste

5 Miljøtiltak

I dei seinare åra er ein blitt stadig meir medviten om miljøkonsekvensane av statleg verksemd. Eit døme på dette er prosjektet Grøn stat, som har hatt som målsetjing å redusere miljøbelastninga frå staten si eiga verksemd. Miljøverndepartementet har utarbeidd ein rettleiar for Grøn stat som skal gi statlege verksemder eit godt grunnlag for å integrere miljøomsyn i eiga verksemd.

Handtering av avfall er eitt av fire viktige miljøområde som er vigde spesiell merksemd i prosjektet. Staten er storforbrukar av papir. Sft har gjort eit grovt overslag og har kome til at papirforbruket i staten kan reduserast med 10–20 % med enkle middel. Det vil utgjere mellom 120 og 240 millionar ark, det vil seie mellom 600 og 1200 tonn papir. Papirforbruket kan til dømes reduserast ved tosidig kopiering, ved tosidig utskrift og ved auka bruk av e–post og publisering via Internett.

Saker som blir behandla i rettferdsvederlagsutvala blir i dag oversende i papireksemplar. Fire eksemplar av innstillinga med vedlegg blir sende til det utvalet som skal behandle saka, medan to eksemplar blir sende til det andre utvalet til orientering. Justissekretariata tek sikte på å redusere papirforbruket i utvala ved å innføre elektronisk saksbehandling. Sakene kjem då i staden for i papirversjon til å bli sende til dei einskilde utvalsmedlemmene på CD–ROM i lukka konvolutt, med alle vedlegg til søknadene. Til kvar CD–ROM kjem det til å bli knytt eit enkelt Word-passord eller andre typar av enkle passord. Leiarane av utvala kjem framleis til å få eit papirkopisett av vedlegga og innstillingane, i tillegg til at dei også tek imot eit eksemplar av kvar einskild sak på CD–ROM. Målet er at ein på sikt skal oversende alle vedlegg og innstillingar elektronisk, både til leiarane og til medlemmene.

Til forsida