St.prp. nr. 65 (2006-2007)

Rettferdsvederlag frå statskassa (Om Stortinget si rettferdsvederlagsordning, arbeidet i rettferds­vederlagsutvala m.m.)

Til innhaldsliste

3 Saksbehandlingstid i rettferdsvederlagssaker

3.1 Utviding av rettferdsvederlagsordninga og auka saksbehandlingstid

Våren 2005 blei rettferdsvederlagsordninga monaleg utvida som følgje av St.meld. nr. 44 (2003–4004) Erstatningsordning for krigsbarn og erstatningsordninger for romanifolk/tatere og eldre utdanningsskadelidende samer og kvener, jf. òg Innst. S. nr. 152 (2004–2005), og som følgje av St.meld. nr. 24 (2004–2005) Erstatningsordningar for barn i barneheimar og spesialskular for barn med åtferdsvanskar, jf. òg Innst. S. nr. 217 (2004–2005). I perioden 2000–2003 kom det inn om lag 500 søknader om ordinært rettferdsvederlag per år. Talet på søknader auka frå 1423 i 2004 til 3012 i 2005, og minka i 2006, til 1726. Auken har samanheng med at St.meld. nr. 44 (2003–4004) og St.meld. nr. 24 (2004–2005) blei vedtekne. I 2006 fall 1346 søknader inn under dei nemnde ordningane, og dei utgjorde dermed 78 % av alle innkomne søknader. I 2005 låg det tilsvarande talet på 2120 (70,3 %). I 2004 var 281 søknader grunngitt i forhold knytte opp mot meldingane, som på det tidspunktet ikkje var vedtekne av Stortinget.

Figur 3.1 

Figur 3.1

Som ei følgje av utvidinga av rettferdsvederlagsordninga har saksbehandlingstida i slike saker auka. Før Stortinget utvida ordninga våren 2005 var det allereie lang saksbehandlingstid i rettferdsvederlagssaker, og dei mange nye søknadene førte til at saksbehandlingstida blei endå lengre. På bakgrunn av dette blei det tilført monalege ressursar i fagetatar der saksbehandlingstida var særleg lang, og det blei også tilført ressursar til Justissekretariata. 1 Det blei då også vedteke å opprette eit nytt, mellombels rettferdsvederlagsutval. 2

Våren 2007 hadde Justissekretariata om lag 4050 søknader som var under behandling i faginstansane, og/eller som låg i påvente av ytterlegare dokumentasjon frå søkjarane. Med så pass mange søknader under behandling er det avgjerande at ein har gode administrative rutinar. Justissekretariata etablerte hausten 2006 betre rutinar for å kunne sikre ei tilfredsstillande behandling av desse sakene, og vurderer heile tida ytterlegare forbetring av rutinane.

Justissekretariata har opplyst at saksbehandlingstida for saker som fullt ut vert behandla der, er om lag eitt år, om ein ser bort frå særskilt kompliserte saker.

3.2 Utfordringar knytte til saksbehandlinga i rettferdsvederlagssaker

Saksbehandlingstida varierer etter kva slags sak det dreier seg om, og alt etter kompleksiteten i sakene. Somme søkjer også på fleire grunnlag, slik at søknaden blir behandla i fleire fagetatar. Trass i at saksbehandlinga når det gjeld eitt av grunnlaga er avslutta i éin fagetat, blir heile søknaden først behandla i Rettferdsvederlagsutvalet når det ligg føre innstilling frå alle fagetatane. Saksbehandlingstida for heile saka vil såleis vere avhengig av kapasiteten og produksjonen i fleire instansar, og av kor omfattande dei ulike søknadsgrunnlaga er.

Mange søknader om rettferdsvederlag inneheld ingen eller mangelfull dokumentasjon for dei påstandane søkjaren set fram. I tillegg kan søknadsgrunnlaget liggja svært langt tilbake i tid. Kvart einskilt fagdepartement med underliggjande etatar har likevel plikt til å syte for at saka blir så godt opplyst som råd. Dette kompliserar naturlig nok saksbehandlinga og gjer ho tidkrevjande. Dokumentasjon og informasjon må hentast inn frå fleire offentlege instansar, private institusjonar 3 og einskildpersonar.

For å kunne skaffe fram dokumentasjon frå kommunale og andre offentlege arkiv, krevst det fullmakt frå søkjaren. Fram til no har førespurnad om fullmakt først vore send til søkjaren når søknaden er blitt send over til fagetaten. 4 I førespurnaden blir det opplyst om kva moment ein legg vekt på ved vurderinga av søknaden. Både førespurnaden om fullmakt og informasjon skal heretter givast til søkjaren i det brevet Justissekretariata sender til søkjaren, slik at det ikkje går endå meir tid til spille. 5 Både Justissekretariata og faginstansane arbeider kontinuerleg med å gjere saks­behandlingsrutinane betre.

3.2.1 Nærmare om saksbehandlinga i fagetatane

3.2.1.1 Utdanningsdirektoratet

Utdanningsdirektoratet behandlar søknader om rettferdsvederlag innanfor eit breitt spekter av søknadsgrunnlag. Det er derfor stor variasjon i kor mykje arbeid som må gjerast med å hente inn dokumentasjon i kvar einskild sak. Generelle problem knytte til saksbehandlinga i rettferdsvederlagssaker, jf. pkt. 3.2, fører òg til at saksbehandlingstida i mange saker er lang.

Utdanningsdirektoratet hadde hausten 2006 totalt ca. 2000 saker til førebuande behandling på området. Det er ein vesentleg auke frå tidlegare, og i hovudsak var årsaka dei to stortingsmeldingane på området, St.meld. nr. 44 (2003–2004) Erstatningsordning for krigsbarn og erstatningsordninger for romanifolk/tatere og eldre utdanningsskadelidende samer og kvener og St.meld. nr. 24 (2004–2005) Erstatningsordningar for barn i barneheimar og spesialskular for barn med åtferdsvanskar.

Hausten 2006 fordelte sakene seg slik på dei ulike saksområda:

  • Samar/kvener

    (St.meld. nr. 44 (2003-2004)) ca. 1 000

  • Spesialskuleelevar

    (St.meld. nr. 24 (2004-2005)) ca. 370

  • Romanifolk

    (St.meld. nr. 44 (2003-2004)) ca. 138

  • Rom ca. 80

  • Andre skulesaker ca. 400

Den gjennomsnittlege saksbehandlingstida var hausten 2006 ca. 24 månader.

For å redusere saksbehandlingstida blei saksbehandlarkapasiteten i Utdanningsdirektoratet på dette området i 2006 auka frå 2 til 15 årsverk. Sjølv om direktoratet har motteke endå fleire saker på området sidan hausten 2006, har den auka saksbehandlingskapasiteten redusert den gjennomsnittlege saksbehandlingstida på området. Så framt det ikkje blir ein ytterlegare stor sakstilgang på området i tida framover, har direktoratet som mål at den gjennomsnittlege saksbehandlingstida innan utgangen av 2008 skal vere halvert – til ca. 12 månader. Utdanningsdirektoratet uttaler at på grunn av talet på saker og omfanget av og kompleksiteten i sakene, må ei slik saksbehandlingstid reknast som tilfredsstillande.

Etter at saksbehandlingskapasiteten i Utdanningsdirektoratet blei styrkt hausten 2006, er sakene som gjeld samar og kvener, blitt prioriterte. Ca. 700 saker er ferdig behandla av direktoratet og sende over til Justissekretariata som innstillingar til vedtak. Per i dag ligg ca. 350 saker i påvente av behandling i direktoratet. Dei blir behandla i tur og orden. Dersom det i tida framover ikkje kjem inn svært mange nye slike saker, reknar ein med at alle sakene som gjeld samar og kvener, kjem til å vere ferdig behandla i Utdanningsdirektoratet innan utgangen av 2007.

Alle sakene som gjeld rom, er ferdig behandla.

Sakene som gjeld romanifolk, er under behandling, men saksbehandlinga er tidkrevjande. Grunnen er dels at det skjer mykje flytting kommunar imellom innanfor denne gruppa, slik at mange kommunar må kontaktast. Å skaffe fram dokumentasjon tek såleis mykje tid.

Andre saker, det vil seie spesialskulesaker og ordinære skulesaker som ikkje fell inn under St.meld. nr. 24, har det til felles at dei er omfattande og kompliserte.

3.2.1.2 Barne–, ungdoms– og familiedirektoratet (Bufdir)

Dei rettferdsvederlagsakene Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) avsluttar per i dag, blei mottekne av Bufdir i oktober 2005. Det vil seie at Bufdir i dag har ei saksbehandlingstid på ca. ett og eit halvt år. Hovudårsaka til den lange saksbehandlingstida er den store mengda innkomne saker dei siste åra. Det vert vist til at det i 2005 og 2006 blei motteke høvevis 549 og 709 saker, mot tidligare ca. 100 saker per år. På bakgrunn av denne store auken i talet på saker, blei det sett inn auka ressursar til arbeidet med rettferdsvederlagssaker i løpet av 2005 og 2006. Per no er det 16 personar som arbeidar med desse sakene i Bufdir (mot tidligere 2). På grunn av eit stadig høgt tal nye saker kvar månad, har det p.t. ikkje lukkast Bufdir å nå målsettinga om eitt års saksbehandlingstid.

Per 28.02.2007 hadde Bufdir 1202 saker om rettferdsverderlag til behandling. Av desse er 350 komne inn i 2005 og 666 er komne inn i 2006. Se tabell 3.1.

Tabell 3.1 

Saker 2005 2006 2007 Sum
St.meld 24- saker 175 377 93 645
Andre saker 175 289 93 557
Sum 350 666 186 1202

For å nå målet om ett års saksbehandlingstid innan utgangen av året, må Bufdir behandle 1016 saker i løpet av inneverande år.

I arbeidet med tiltak for å oppnå raskare saksbehandling i saker som vert omfatta av Sortingsmelding 24 har Bufdir og Barne- og likestillings­departementet inngått en dialog med Justissekretariata og rettferdsverdelagsutvala. Viss krava til dokumentasjon kan verta redusert vil saksbehandlinga gå raskare i desse sakene.

3.2.1.3 Sosial– og helsedirektoratet

Når det gjeld saksbehandlingstida i Sosial– og helsedirektoratet , opplyser direktoratet at ho er 231 dagar. Somme saker har likevel lenger saksbehandlingstid i påvente av prinsipielle avklaringar frå rettferdsvederlagsutvala, medan andre har kortare saksbehandlingstid, til dømes hepatitt C–saker.

Det har skjedd ei vesentleg dreiing av rettferdsvederlagssakene frå somatikk, psykiatri, feilbehandling og mangelfull behandling mot meir komplekse sosialsaker. Det heng mellom anna saman med St.meld. nr. 24 (2004–2005). Desse sakene er svært ressurskrevjande; ofte gjeld det overgrepssaker der kritikkverdige forhold under opphald på institusjon står sentralt.

Sosial– og helsedirektoratet har tidlegare rekna med at talet på rettferdsvederlagssøknader innanfor deira fagansvar ville bli redusert etter at Norsk pasientskadeerstatning blei oppretta. Det har vist seg ikkje å stemme.

Fotnotar

1.

Justissekretariata fekk i 2005 tilført ytterlegare fire årsverk frå Justisdepartementet. Sekretariata fekk i 2006 og 2007 tilført høvevis kr 919 000 og kr 2 890 600 frå Barne–, og likestillingsdepartementet. Frå Kunnskapsdepartementet fekk sekretariata elles tilført kr 1 000 000 både i 2006 og 2007. Sjå òg pkt. 3.2.1.1 og 3.2.1.2 om tilførsel til høvesvis Utdanningsdirektoratet og Barne–, ungdoms– og familiedirektoratet. Det går fram av ein rapport av 29.9.2006 frå ei embetsmannsgruppe som skal sikre tilfredsstillande saksbehandlingstid i saker om vederlag etter Stortinget si rettferdsvederlagsordning, at dei ansvarlege fagetatane er innforstått med at det er behov for ytterlegare tiltak, inkludert styrking i 2007, 2008 og eventuelt også 2009, jf. òg St.meld. nr. 44 (2003–2004), der det går fram at «ettersom en større del krav foreslås kanalisert gjennom billighetserstatningsordningen, er det grunn til å anta at arbeidsgruppens forslag vil kunne innebære en viss styrking av Billighetserstatningsutvalgets sekretariat. I prinsippet vil det kunne skje ved en overføring av ressurser fra andre departementer.»

2.

Jf. vedtak i Stortinget 20.12.2005.

3.

Det oppstår særlege problem ved innhenting av informasjon frå private institusjonar. Institusjonen kan vere nedlagd, og i mange tilfelle har journalføring og arkivering vore mangelfull.

4.

Det er Justissekretariata som tek imot søknaden og sender han vidare til fagetaten til førebuing og vurdering.

5.

I den grad det lèt seg gjere i forhold til forholda/søknadsgrunnlaget i den aktuelle saka.

Til forsida av dokumentet