St.prp. nr. 65 (2006-2007)

Rettferdsvederlag frå statskassa (Om Stortinget si rettferdsvederlagsordning, arbeidet i rettferds­vederlagsutvala m.m.)

Til innhaldsliste

4 Einskildsaker der utbetalt vederlag kjem over kr 200 000

Rettferdsvederlagsutval I har i fem saker tilrådd rettferdsvederlag på over kr 200 000. Sakene blir derfor lagde fram for Stortinget til avgjerd.

Sak 1–4

Dei fire første sakene knyter seg i det alt vesentlege til det same grunnlaget og gjeld fire systrer som alle har søkt om rettferdsvederlag mellom anna fordi barnevernet lèt vere å gripe inn då dei vaks opp. Systrene har hatt ein oppvekst prega av grov omsorgssvikt. Barnevernet blei tidleg kjent med forholda i heimen og sette heimen under tilsyn i 1955. Omsorga for dei eldste borna blei overteken av barnevernet i 1966, og for dei to yngste for ein kortare periode i 1968–69, då mor deira var sjuk. Støttetiltaka viste seg å ikkje gi borna tilstrekkeleg hjelp, og ifølgje Barne–, ungdoms– og familiedirektoratet (Bufdir) burde barnevernsnemnda ha overteke omsorga for borna tidlegare – kanskje før 1961.

Sjølv om sakene til dels er ulike, tilrådde Bufdir at systrene blei gitt eit likt rettferdsvederlag på kr 90 000 på grunn av mangelfull oppfølging frå barnevernet si side. Rettferdsvederlagsutvalet slutta seg til at det var grunnlag for å gi rettferdsvederlag til systrene, men fann at vederlaget burde setjast til kr 120 000 – med tanke på kor lenge omsorgssvikten varte og det omfanget svikten hadde, og med tanke på dei følgjene det har hatt for søkjarane at det ikkje blei sett i verk tilstrekkelege støttetiltak tidlegare.

Det blir tilrådd å gi eit samla rettferdsvederlag som kjem over kr 200 000, ettersom desse personane også har vore utsette for seksuelle overgrep utførte av ein nærståande til den oppnemnde tilsynsføraren. Den oppgitte overgriparen er no død. Bevissituasjonen er noko ulik for dei fire systrene, og dei førebuande instansane har funne beviskravet oppfylt for to av søkjarane. Rettferdsvederlagsutvalet har lagt nokså stor vekt på at opplysningane frå kvar einskild må sjåast i samanheng med opplysningane frå dei andre i syskenflokken, og har derfor funne at alle fire har vore utsette for grove seksuelle overgrep. Idet ein viser til at dei grove overgrepa er utførte ved misbruk av tillit overfor born, og at dette har fått store skadeverknader for dei, tilrår utvalet at kvar av dei fire søkjarane får tildelt rettferdsvederlag på dette grunnlaget med kr 120 000.

Ei av systrene har også søkt om rettferdsvederlag for mangelfull skulegang. Utdanningsdirektoratet har med tilslutning frå Justissekretariata tilrådd at søkjaren får tildelt rettferdsvederlag med kr 65 000 fordi det ikkje blei sett inn eigna tiltak mot det store fråveret vedkomande hadde frå undervisninga. Rettferdsvederlagsutvalet er samd i at det er grunnlag for å gi vederlag, og idet ein viser til praksis, tilrår utvalet at vederlaget blir sett til kr 70 000.

Søkjarane har også teke opp andre forhold som utvalet ikkje har funne gir grunnlag for rettferdsvederlag.

Rettferdsvederlagsutvalet tilrår på bakgrunn av dette:

Søkjar A, fødd 1953, får rettferdsvederlag frå statskassa med kr 240 000.

Søkjar B, fødd 1955, får rettferdsvederlag frå statskassa med kr 310 000.

Søkjar C, fødd 1956, får rettferdsvederlag frå statskassa med kr 240 000.

Søkjar D, fødd 1958, får rettferdsvederlag frå statskassa med kr 240 000.

Sak 5

Søkjar E har søkt staten om rettferdsvederlag på grunn av påført hepatitt C–virus (HCV) ved ein gulfebervaksinasjon i Pakistan i 1975. Rettferdsvederlagsutvalet har behandla denne saka to gonger tidlegare, først i 2001 (BU nr. 305/2001), då det blei gitt kr 110 000, og seinare i 2004 (BU nr. 94/2004), då det blei gitt ytterlegare kr 90 000 fordi tilstanden til søkjaren var blitt forverra.

I samband med behandlinga i 2004 reiste Sosial– og helsedirektoratet spørsmålet om det burde givast ytterlegare vederlag, idet ein viste til likskapen med personar som var blitt påførte HIV–smitte etter blodoverføring. I slike saker kan utvalet gi opptil kr 500 000. Rettferdsvederlagsutvalet la til grunn at sterke grunnar talte for å gi høgare vederlag, men gav vederlag opp til gjeldande maksimumsgrense. Føresetnaden var at behandlinga av saka skulle halde fram med utgreiing av nærmare oppgitte spørsmål før utvalet laga si tilråding til Stortinget om høgare vederlag, eventuelt fremja forslag om ny maksimumsgrense for utvalet.

Ei slik utgreiing ligg no føre ved ei fråsegn frå Sosial– og helsedirektoratet av 13.2.07. Fråsegna kom etter behandlinga av utgreiinga frå Hepatitt C–utvalet av 16.3.04 og etter at Helse– og omsorgsdepartementet i brev av 2.3.06 gjekk inn for at erstatningskrav baserte på eit rimeleg skjønn burde kanaliserast gjennom rettferdsvederlagsordninga, og ikkje gjennom ei særordning, slik det var føreslått, jf. òg behandlinga i Stortinget på grunnlag av forslag om andre ordningar i Dok. nr. 8:77 (2005–2006) og Innst. S. nr. 181 (2005–2006). Rettferdsvederlagsutvalet legg dette til grunn.

Sosial– og helsedirektoratet har i si vurdering funne likskapspunkt mellom tilfelle av leverkreft som følgje av HCV/skrumplever som fører til leversvikt, og HIV–smitte som følgje av blodtransfusjon. Det går fram at det er nokre få av dei HCV–smitta som – ofte etter lang tid – får ei alvorleg utvikling av sjukdommen som kan ende i leverkreft eller annan leverskade som endar i leversvikt. Sjølv om nokre av dei kan hjelpast med levertransplantasjon, vil livskvaliteten og leveutsiktene – saman med krevjande behandling over lengre tid – gjere at situasjonen for desse personane må kunne samanliknast med situasjonen for dei HIV–smitta etter blodoverføring – slik forholda var då særreglane om utvida ramme for rettferdsvederlag til denne gruppa blei utforma. Rettferdsvederlagsutvalet er samd i denne vurderinga.

Utvalet legg til grunn at sjukdomsutviklinga ved HCV varierer, og at dei fleste søknadene om rettferdsvederlag vil kunne behandlast innanfor den eksisterande fullmaktsramma på kr 200 000. For den fåtalige gruppa der samanlikninga med HIV–ofra er særleg aktuell, er utvalet samd med direktoratet i at det er grunn til å ta omsyn til maksimumsbeløpet på kr 500 000 som etter praksis har vore nytta for HIV–smitta blødarar, medan det for andre har vore gitt noko lågare beløp. Det går fram av utgreiinga frå direktoratet at det også når det gjeld HCV er særleg krevjande å vere blødar, og at det også bør vurderast om andre grupper med grunnlidingar som kompliserer hepatitt C–infeksjonen, bør jamstellast med blødarane. For dei andre tilfella reknar ein eit maksimumsbeløp på kr 400 000 som høveleg. Det er dette sistnemnde som er relevant for søkere, som etter levertransplantasjon i 2002 har hatt store biverknader, og der også den transplanterte levra kan bli angripen.

Sosial– og helsedirektoratet og Justissekretariata har på bakgrunn av dette tilrådd at søkjar E får eit ytterlegare rettferdsvederlag på kr 200 000.

Rettferdsvederlagsutvalet tilrår på bakgrunn av dette:

Søkjar E får eit ytterlegare rettferdsvederlag frå statskassa på kr 200 000.

Til forsida