Ei sentral vernelov

Arbeidsmiljølova trådte i kraft 1. januar 2006. Lova er ei sentral vernelov som byggjer på arbeidsmiljølova frå 1977 og tidlegare arbeidarvernlovgiving.

Lova gjeld for dei fleste arbeidsforhold i private og offentlege verksemder. Det gjeld eigen lovgiving for sjøfart, fangst og fiske. Stillingstryggleiken til embetsmenn og ansatte i staten er regulert i statsansattelova.

Arbeidsmiljølova kan berre fråvikast til ugunst for arbeidstakaren når det står i den enkelte regelen at den kan fråvikast ved skriftleg avtale, tariffavtale eller etter dispensasjon frå Arbeidstilsynet.

Arbeidsgjevar skal sørgje for å overhalde reglane som er gitt i lova og i medhald av denne. Brot på lova kan straffast med bøter eller fengsel.

I arbeidsmiljølova er det gitt reglar om ei rekkje tema. Heile lova med dei ulike kapitla, finn du hos Lovdata: Arbeidsmiljølova (lovdata.no)