Om arbeidet med strategi for kulturarenaer

Regjeringa utarbeider no ein nasjonal strategi for kulturarenaer. Gode kulturarenaer er ein nøkkel til at fleire skal kunne delta i kultur, kunst og frivilligheit. Strategien skal bidra til at fleire får tilgang til eigna kulturarenaer, at eksisterande bygg blir utnytta betre, og at kommunar og fylkeskommunar får meir føreseielege rammer for utvikling og drift.

Trevarefabrikken fra utsiden.

Tema i strategien

Artikkel 09.03.2026

Strategien skal styrkje utvikling, bruk og tilgjenge til kulturarenaer i heile landet. Målet er å leggje til rette for auka deltaking, betre ressursbruk og meir samordna innsats på tvers av forvaltningsnivåa. Strategien skal òg støtte opp under universell utforming av kulturlokale og grøn omstilling, mellom anna gjenbruk og oppgradering av eksisterande bygg.

""

Vidare prosess

Artikkel 09.03.2026

Korleis kan du bidra i arbeidet med kulturarenastrategien?