Vidare prosess
Artikkel | Sist oppdatert: 09.03.2026 | Kultur- og likestillingsdepartementet
Korleis kan du bidra i arbeidet med kulturarenastrategien?
Departementet vil invitere kommunar, fylkeskommunar, kultursektoren og andre relevante aktørar til innspelsmøte og dialog. Innspela skal bidra til at kulturarenastrategien blir treffsikker, kunnskapsbasert og godt forankra lokalt, regionalt og nasjonalt.
Gjennom 2026 blir det fleire moglegheiter til å dele erfaringar og gi innspel:
Dialogmøte med kommunar og fylkeskommunar
Departementet gjennomfører strukturerte møte med fylkeskommunar og kommunale nettverk, i samarbeid med KS.
Innspel frå kultursektoren
Frivillige organisasjonar, profesjonelle aktørar og bransjeorganisasjonar blir inviterte til eigne innspelsmøte. Det blir òg halde eit større innspelsmøte under Kulturarenakonferansen hausten 2026.
Tematiske arbeidsgrupper og faglege innspel
Aktørar kan bli inviterte til å gi innspel til særskilde kartleggingar, mellom anna knytte til regelverksbarrierar, universell utforming og bruk av eksisterande bygg. Kartleggingane blir gjennomførte av Kulturrom og Bufdir.
Skriftlege innspel
Departementet har gjennomgått alle innspel som kom inn til NOU 2025:7 Musikklandet og innspel frå kulturfrivilligheit i oppfølginga av Rom for deltaking – kulturfrivilligheitstrategien 2023–2025. Erfaringane – særleg knytte til tilgang på eigna lokale, universell utforming, betre utnytting av eksisterande bygg og betre samordning av statlege verkemiddel – utgjer eit viktig grunnlag for arbeidet.
Det blir opna for å sende inn skriftlege innspel på denne nettsida. Nye innspel bør knytast til dei fem temaa i strategien, og bør utformast i Word eller PDF.