Fylkesnytt frå Sogn og Fjordane 2/2014

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om dei nye nisjeprodukta aprikos og tindved.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om dei nye nisjeprodukta aprikos og tindved.

Samordna nettsatsing
Fylkesmannen sine landbruksavdelingar og Landbruks- og matdepartementet har inngått eit samarbeid om ei felles nyhendeteneste på nett. Tiltaket er eit ledd i arbeidet med å vidareutvikle og samordne nettsatsinga mellom Landbruks- og matdepartementet og fylkesmennene. Kvart fylke vil gje ut eitt nettbasert nyhendebrev i halvåret.

__________________________________

Om Fylkesmannen
Fylkesmannen er representanten til Kongen og regjeringa i fylket og skal arbeide for at vedtaka, måla og retningslinjene til Stortinget og regjeringa blir fulgt opp. På vegne av flere departementer utfører fylkesmannen en rekke forvaltningsoppgaver ovenfor kommuner og enkeltpersoner og er klagemyndighet og tilsynsmyndighet. 

Aprikos og tindved – nye nisjeprodukt 

Hagebruksnæringa i fylket er heile tida på jakt etter nye kulturar som kan auke mangfaldet i det norsk varesegmentet. Siste året vart det hausta modne aprikosar av topp kvalitet i Lærdal, og det er planta ut 10 dekar med tindved for industriell utprøving. 

Aprikos i fin utvikling.
Aprikos i fin utvikling. (Foto: Rikard Lysne)

Aprikos som modnar under våre klimatilhøve får ein framifrå kvalitet som gir produktet eit klart fortrinn samanlikna med  importert vare. Problemet er å få kulturen til å gi jamne og årvisse avlingar med topp kvalitet. Hovudutfordringa er frost i blomen då aprikos blømer litt tidlegare enn dei vanlege fruktartene våre. Ei natt med frost er nok til å øydeleggje heile avlinga. Fruktene skal seljast til friskkonsum, og vi må ha sortar som smakar godt og som er friske og tiltalande heilt fram til forbrukar. Utviklingsarbeidet er eit samarbeid mellom Lærdal Grønt, Njøs Næringsutvikling, Bama og Fylkesmannen.  

I år er tindved planta ut på større dyrkingsfelt etter å ha vore prøvd i liten skala nokre år. Dei oransje bæra som er rike på antioksidantar og andre helsebringande stoff, gjer planta interessant for kommersiell dyrking. Tindved har kvasse piggar som gjer den vanskeleg å hauste på vanleg måte, og difor vert heile fruktgreina hausta og treska etter frysing. 

Nyplanta felt av tindved i Lærdal.
Nyplanta felt av tindved i Lærdal. (Foto Torbjørn Takle, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane)

Det er utviklingsprogrammet «Nye hagebruksvekstar i Sogn og Fjordane» som har gitt grunnlag for denne satsinga. Her ser ein også på vekstar som blåleddved, eldkvede og minikiwi. For å lukkast med praktisk dyrking, vert det arbeidd med å finne fram til sortar som tåler vårt klima og dyrkingsråd som sikrar årvisse avlingar.
  

4H - Barnas Matfestival vart ein suksess!

I samband med 4H sitt satsingsområde «Frå jord til bord» i 2014 vart Barnas Matfestival avvikla under Matamål på Sandane 27. september. Gjennom ulike tiltak set 4H fokus på å auke born og unge sin kunnskap om norsk matproduksjon, matkultur og sunt kosthald. I tillegg til Barnas Matfestival, er tiltaka som Det store potetløpet, 4H Matskule og Mat og makt-konferanse også med på å skape engasjement. 

Stort engasjement blant borna.
Stort engasjement blant borna. (Foto: Hanna de Groot, 4H Sogn og Fjordane)
Sykling er ekstra kjekt med belønning bakpå.
Sykling er ekstra kjekt med belønning bakpå. (Foto Åge Avedal, 4H Sogn og Fjordane)

Barnas Matfestival i Sogn og Fjordane og Hordaland vart arrangert av 4H i begge dei respektive fylka, og gjekk begge av stabelen med aktivitetar som Barnas 4H Matskule Bistro, smoothiesykling, sunt snop og ansiktsmaling på menyen. 

Takka vere samarbeidspartnarar som elevar ved kokk og servitør-lina på Mo og Øyrane vidaregåande skule, samt elevar ved lina for musikk, dans og drama på Firda vidaregåande skule, Breim bygdekvinnelag og Sogn Jord- og hagebruksskule vart festivalen ein suksess med godt publikumsbesøk trass dårleg vêr. 4H fekk også tildelt prisen som beste stand, til stor jubel blant dei yngste, og inspirasjon til vidare arbeid. Prisen gjev dei også reservert plass til neste år.   
 

Jerv og ulv i prioriterte beiteområde

Det har vore store tap av sau og lam til freda rovvilt i Sogn og Fjordane denne sommaren. Tre buskapar i Årdal i Sogn har tapt 300 dyr eller kring 30 prosent av dyra sine til jerv i beiteområdet. Også besetningar i Luster har hatt besøk av jerv. Så langt vest i fylket som i Naustdal er det dokumentert at ein ulv har vore på ferde og fleire titals dyr er drepne eller sakna.  Sogn og Fjordane høyrer til ein forvaltningsregion der beitebruken skal ha prioritet. Den nyleg reviderte forvaltningsplanen  seier at det ikkje skal vere årlege ynglingar eller skadegjerande rovpattedyr i regionen, og at felling er det viktigaste førebyggande tiltaket for å redusere skade på bufe til eit minimum. 

Sau på fjellbeite.
Sau på fjellbeite. (Foto: Bjørn Harald Haugsvær, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane)

Men innvandring av mange jervar og stundom også ulv austfrå, gjer dette stadig vanskelegare. I løpet av dette året er det med DNA dokumentert over ti ulike individ av jerv og ein ulv i desse beiteområda. Fleire sauehaldarar vurderer no å slutte med sau. 

Dei første meldingane om rovviltskade frå jerv kom tidleg i juli, dokumentert av Statens naturoppsyn. Fylkesmannen gav fellingsløyve, og det vart jervejakt i beiteområdet utover heile seinsommaren. Men det er svært vanskeleg å felle jerv  på barmark i desse høgfjellsområda, så beitetapa heldt fram . Mattilsynet gav pålegg om nedsanking innan 3. september. 

Landbrukskontoret i Årdal, Lærdal og Aurland arrangerte eit møte i midten av september saman med representantar frå mellom andre Rovviltnemnda i region 1, Fylkesmannen, Statens naturoppsyn og beitenæringa. Det var semje om at slike høge tap ikkje kan halde fram komande år, og det kom ein del konkrete forslag på aktuelle tiltak som bør følgjast opp både sentralt og regionalt. 

Fadderavtalar for nye Inn på tunet-tilbydarar

Innovasjon Norge, Fylkesmannen og Inn på tunet-nettverket i fylket startar opp eit nytt tiltak der ein tilbyr fadderavtaler for nye etablerarar innan Inn på tunet. 

Dei som får etablerartilskot frå Innovasjon Norge for å utvikle Inn på tunet-tilbod på garden, får moglegheit til å inngå ei fadderavtale med ein etablert Inn på tunet-tilbydar. Dette er ei formell avtale  som forpliktar begge partar til tett samarbeid for å styrke nyetableraren i den viktige startfasen. Med ei slik avtale får ein betre tilgang på praktiske råd og rettleiing frå etablerte tilbydarar som har erfaring med levering av Inn på tunet-tenester. Fadderen får godtgjersle for oppfølginga, og etableraren får verdifulle råd på vegen mot si eiga Inn på tunet-bedrift. 

Fadrane skal rekrutterast i tett samarbeid med Inn på tunet-nettverket i fylket. Målet er at nye Inn på tunet-bedrifter skal verte betre i stand til å overleve etableringsfasen og verte betre bedrifter som kan levere gode og kvalitetssikra tenester til kjøparane. Tiltaket er ein del av oppfølginga av Sogn og Fjordane sin handlingsplan for Inn på tunet. 

Geitedagane med 140 deltakarar

Den nasjonale fagkonferansen Geitedagane samla bønder frå heile landet til Jølster til fagleg påfyll og erfarings­utveksling. Geitebøndene har dei siste åra gjort ein stor innsats for å betre kvaliteten på geitemjølka.  

Geit.
(Foto: Marit Hjortung, Fylkesmannen Sogn og Fjordane)

Mange forbrukarar har fordommar til geitemjølk. Etter målretta avlsarbeid og rett fôring er mjølka no vorte mildare og god på smak. «No produserer vi mjølk av ypparste kvalitet, så vi kan verkeleg vere stolte» var det ein geitebonde som uttalte på geitedagane i Jølster. 

Og mange fekk erfare nettopp den gode kvaliteten då det var skipa til smaksopplevingar med kokkane Gunnar Nagel Dahl, Ove Zakariassen og Knut Erik Grindaker (FoU TINE). 

«Det som kjenneteiknar gode produkt er at ein treng å gjere lite med dei. Geit er eit slikt produkt, både ostane og geitekjøttet er gode i seg sjølv»  uttalte Gunnar Nagel Dahl. 

Kokkane Gunnar Nagel- Dahl,  Ove Zakariassen og Knut Erik Grindaker gler seg til folka skal smake på dei gode geiteprodukta
Kokkane Gunnar Nagel- Dahl, Ove Zakariassen og Knut Erik Grindaker gler seg til folka skal smake på dei gode geiteprodukta (Foto: Arne Flatebø, NSG)

Optimisme i geitenæringa
Geitedagane som vart arrangert på Skei 22.-24. august, var prega av positivitet og engasjement. Bøndene er stolte over å ha ei så god råvare som geitemjølka no er, og fleire ser også potensialet i å nytte meir kjøt frå geit og kje. Det som står att er å marknadsføre dei gode råvarene slik at dei når fram til forbrukarane. 

Stor innsats for betring av geitemjølka
Mange har gjort ein stor innsats for å betre kvaliteten på geitemjølka. Bøndene har gjennom prosjektet «Friskare geiter» bygd opp nye buskapar for å kvitte seg med kroniske sjukdommar. I tillegg er det satsa mykje på rett fôring og å avle fram dyr med god smak på mjølka.

Pilotkurs i pollineringsretta birøkt

Prosjektet «Pollineringsretta birøkt» er ei pilotsatsing i Sogn og Fjordane.  I prosjektet er det utvikla eit nytt kurs med mål om  å auke tal birøktarar og å få fleire til å bruke bier til pollinering.

Det er viktig for ein birøktar å vurdere styrken på bifolket, det gjer ein ved å sjå kor mykje bier det er på rammene.
Det er viktig for ein birøktar å vurdere styrken på bifolket, det gjer ein ved å sjå kor mykje bier det er på rammene. (Foto: Randi Erdal, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane)

Kurset er utvikla av Ressurssenteret Sogn jord- og hagebruksskule, Norsk Landbruksrådgjeving i Sogn og Fjordane og Sognebia v/Marco Neven. Det er finansiert med KIL- midlar og tilskot frå Føregangsfylke økologisk frukt og bær og BU- midlar i Sogn og Fjordane. Gjennom kurset får deltakarane ei innføring i mange tema, men hovudfokus i kurset er røkt av bier og pollinering, sjå kursplan. Hovudmålgruppa for kurset er hagebrukarar, men det er også mogleg for andre å delta. 

«Det er eit stort unytta potensiale for å auke avlingane og betre økonomien i frukt- og bærnæringa», seier kurshaldar Marco Neven. God pollinering er avgjerande for fruktsetjinga i frukt og bær og dei mest aktive pollinerarane er honningbier. Med auka pollinering vil dyrkarane fremje både kvalitet og kvantitet og betre økonomi i produksjonen, samstundes som biene produserer honning. Vi produserer for lite honning her i landet. Honningsentralen melder om at 900-1000 tonn honning vert importert til Norge i 2014.

Kurshaldar Marco Neven gjev kursdeltakarane ei oppgåve «Kva har skjedd i denne kuben?»
Kurshaldar Marco Neven gjev kursdeltakarane ei oppgåve: Kva har skjedd i denne kuben? (Foto: Marianne Bøthun, Landbruksrådgivinga i Sogn og Fjordane)

I Sogn og Fjordane var det 12 deltakarar på det første kurset. Dei fleste deltakarane er frukt- og bærdyrkarar som ynskjer å starte med birøkt for å betre produksjonen sin, eller å leige ut kuber til pollinering. Kurset gjev og innføring i korleis pollinering kan gå inn i driftsplaner for dyrking av frukt og bær. Om lag halvparten av deltakarane hadde bier frå før og ynskte å lære meir om potensialet for pollinering.  I tillegg har  fleire av kursdeltakarane starta opp med bier, med til saman 15 kuber. Dette er ein god start, og vi håpar på tilsvarande auke neste år. Det er meininga å vidareføre kurstilbodet her i fylket og i andre deler av landet.