Fylkesnytt frå Sogn og Fjordane 1/2014

Dette innhaldet er meir enn 9 år gammalt.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om Inn på tunet-satsinga i Sogn og Fjordane som no er i gong.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om Inn på tunet-satsinga i Sogn og Fjordane som no er i gong.

Samordna nettsatsing
Fylkesmannen sine landbruksavdelingar og Landbruks- og matdepartementet har inngått eit samarbeid om ei felles nyhendeteneste på nett. Tiltaket er eit ledd i arbeidet med å vidareutvikle og samordne nettsatsinga mellom Landbruks- og matdepartementet og fylkesmennene. Kvart fylke vil gje ut eitt nettbasert nyhendebrev i halvåret.

__________________________________

Om Fylkesmannen
Fylkesmannen er representanten til Kongen og regjeringa i fylket og skal arbeide for at vedtaka, måla og retningslinjene til Stortinget og regjeringa blir fulgt opp. På vegne av flere departementer utfører fylkesmannen en rekke forvaltningsoppgaver ovenfor kommuner og enkeltpersoner og er klagemyndighet og tilsynsmyndighet. 

Inn på tunet-satsinga i Sogn og Fjordane er i gong

Prosjektleiaren for Inn på tunet-satsinga i Sogn og Fjordane tok til i starten av mars og er i gang med å realisere handlingsplanen for Inn på tunet 2013-2016. Handlingsplanen er utarbeidd av eit breitt partnarskap i fylket. 

Hovudmålsettinga for satsinga er å utvikle kvalitetssikra og samfunnsnyttige velferdstenester med garden som arena. Handlingsplanen peikar på seks satsingsområde det skal arbeidast med i perioden. Desse er:

  • Forankring
  • Informasjon
  • Kvalitetssikring
  • Kompetanseheving
  • Nettverksbygging
  • Nye områder for Inn på tunet

Mykje av aktiviteten i 2014 vil bli å drive informasjonsarbeid ut mot potensielle kjøpargrupper. Presentasjon av Inn på tunet som ei moglegheit til å styrke velferdstenestene for å gje eit betre og meir tilpassa tilbod, vil vere avgjerande for at fleire kjøpargrupper tek IPT i bruk i sine tenester i tida framover.  Gode døme og erfaringar må spreiast til nye kjøparar som er nysgjerrige på Inn på tunet. Det er innleia dialog med NAV, faglaga, KS, Innovasjon Norge og IPT-nettverket i fylket for korleis vi i fellesskap skal få auka fokus på IPT som næringsveg i landbruket og som mogleg del av det offentlege tenestetilbodet. Dei mange ulike aktørane spelar viktige roller i å forankre arbeidet i sine miljø og vere ein ressurs inn mot arbeidet som Fylkesmannen skal gjere.

Geiter og barn i leik.
Geiter og barn i leik. (Foto: Hilde Sværen, 4H Sogn og Fjordane)

Det er viktig at vi set kjøpargruppa i stand til å vere tydelege bestillarar for å sikre kvalitet til brukarane, og gje tydelege rammevilkår for tilbydarane som skal selje sine tenester. Vidare legg Fylkesmannen i Sogn og Fjordane sterk vekt på at tilboda skal vere kvalitetssikra gjennom sertifiseringsordninga til Matmerk. Studiar peikar på at for at IPT skal bli ein reell del av eit tenestetilbod, er det  viktig med tverrfagleg innsats og at forankring og kunnskap finnast i alle delar av organisasjonen. Tverrfaglege arenaer vil vere viktige forum, og informasjonsarbeidet må skje mot fleire nivå i kjøpargruppa, både politisk og administrativ leiing og den einskilde sektor intern hos kjøparen.

Som eit døme på dette vart Inn på tunet presentert på den årlege Sjumilsstegkonferansen. Konferansen er ein del av arbeidet med å konkretisere og gjennomføre FN sin barnekonvensjon. Prosjektleiaren for Inn på tunet-satsinga hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Karoline Bjerkeset og leiaren for Inn på tunet-nettverket i Sogn og Fjordane, Linda Rognø,  presenterte Inn på tunet for eit breitt spekter av konferansedeltakarar som alle arbeider med barn og unge. Inn på tunet kan vere eit godt alternativ i velferdstenestene og tilhøyrarane fekk  høyre om korleis Inn på tunet kan nyttast inn mot å gje barn og unge gode oppvekstvilkår og eit betre velferdstilbod.

Presentasjon av Inn på tunet i tverrfaglege fora som Sjumilsstegkonferansen er difor viktig for å skape meir merksemd og auke kjennskapen til Inn på tunet som moglegheit. Kommunane er store potensielle kjøparar av Inn på tunet-tenester og det er viktig at desse er godt kjende med kva Inn på tunet er, korleis kjøp kan organiserast og korleis ein kan ivareta kvalitativt gode velferdstenester.

Erstatning når været øydelegg avlinga 

I Sogn og Fjordane er det utbetalt 15 mill. kroner i tilskot og erstatning etter den vanskelege vinteren i 2013. Det ser ut som vi får meir variasjon i været, og då er desse ordningane viktige sjølv om bonden også må ta store meirkostnader sjølv. 

Totalt er det handsama 491 søknader. Dei fordeler seg med 313 søknader om tilskot til reperasjon av vinterskadd eng og 178 søknader om erstatning etter avlingssvikt. Det  vart gjort eit omfattande arbeid med å utbetre skaden i 2013 og alt ligg no til rette for normale avlingar i 2014. 

Store erstatningar etter avlingssvikt
Det er utbetalt større erstatningar denne gongen enn det som vart gjort etter vinterskade i 2011. Den gongen vart det handsama 201 søknader med ei samla erstatning på 3,9 mill. Skaden i 2013 var meir omfattande og bruka som søkjer om erstatning er større. Store bruk med effektiv produksjon driv store areal og har hatt store avlingstap i skadeåret. 

Tabell 1 viser at gjennomsnittleg erstatning litt på kring kr 50 000,-. Men for bringebær er erstatninga vesentleg høgare med ein snitt på kr 118 000,-. Satsinga på bringebær i Sogn og Fjordane har gitt  høge avlingar, og mange driv store areal anten på friland eller i tunell. Levering til konsum gjev også ein høgare marknadspris og ei høgare erstatning. 

Tabell 1: Søknader om erstatning etter avlingssvikt i 2013 fordelt etter vekstguppe, tal søknader, sum erstatning og erstatning pr søknad.

Vekstgruppe

Tal søknader

Sum erstatning

Snitt erstatning

Gras på bruk med husdyr

109

4 475 000

47 023

Gras på bruk utan husdyr

14

753 000

53 824

Bær

47

4 412 000

122 562

Frukt

8

298 000

49 766

 
Store variasjonar i avlingsnivå
Kvart gardsbruk får rekna ut si eige gjennomsnittsavling for normalår. Dette er avlinga dei siste 3-5 åra som avlinga i skadeåret vert samanlikna med. Vi ser at avlingsnivået varierer svært mykje, og at tilgangen på areal og intensiteten i drifta avgjer for kor effektivt areala vert utnytta. 

Tabell 2 viser dette for dei ulike vekstgruppene. Her ser vi at grasproduksjonen på eit gardsbruk med husdyr varierer mellom 111 og 573 fôreiningar pr. dekar. Innmarksbeite er ein del av arealgrunnlaget på føretak med husdyr og såleis vil snittavlinga her vere lågare enn på føretak utan husdyr. 

For bringebær ser vi at middelproduksjonen er 1074 kg bær pr. dekar, men at det føretaket som haustar mest har over tre gonger så høg avling som det med lågast avling pr. dekar. 

Tabell 2: Avlingsnivå pr. dekar for gardsbruk som har søkt om erstatning etter avlingssvikt i 2013.

Vekstgruppe

Snittavling

Maks avling
pr. dekar

Min avling
pr. dekar

Gras på bruk med husdyr

322

573

111

Gras på bruk utan husdyr

477

550

345

Bringebær

1074

1 875

522

Jordbær

603

956

219

Frukt

809

1 118

423

 

Store overvintringsskadar i Stardalen i Jølster 2013.
Store overvintringsskadar i Stardalen i Jølster 2013. (Foto: Oddvin Øygard)

Feiosprosjekt – grunneigarar samarbeider om skogen

Feiosprosjektet er eitt av fire prosjekt i regi av Kystskogbruket som har utprøving av grunneigarsamarbeid som prosjektmål. Feios i Vik kommune er den bygda i Sogn og Fjordane som kan vise til verkeleg gode resultat av skogreisinga. Dette set fokus på forsking og planlegging med skogeigarane i sentrum også framover. Feiosprosjektet er no inne i sitt siste år og har hatt stor nytte av Peder Magnussen som prosjektleiar i 2013.  I tillegg har prosjektet fått verdfull bistand frå Kystskogbruket og Norsk Institutt for Skog og Landskap.

Viktige mileplar så langt:

  • Det er utarbeidd eit framlegg (kartdel) til Hovudplan skogsveg som skal bli ein temaplan for  kommuneplanen for Vik kommune. Her har ein jobba spesifikt med Feiosområdet.
  • Det er utarbeidd 72 skogbruksplanar (inkludert ein del enklare oversiktsplaner for dei minste eigedomane) tilhøyrande Feiosbygda. Det er halde kurs i bruk av skogbruksplanen i regi av Sogn og Fjordane Skogeigarlag
  • Det er halde ei rad kurs og skogdagar med relevante tema. Nyleg var skogsvegbygging i Borlaugområdet tema på skogdag som samla om lag 30 deltakarar ein laurdag i mars.
  • Det er gjort ein eigen ressurskartlegging av 3000 daa på tvers av eigedomsgrensene i Åfedt-dalen. I denne delen av Feios finn vi den yngste skogreisingsskogen ( HKL III)  som er i ferd med å vekse seg opp i verdi. Ei slik kartlegging er verdfull når ein skal planleggje samla tiltak som til dømes skogsvegar.
  • I Feiosprosjektet er ein i ferd med å kartleggje fylkes-  og kommunevegane, som fram i tid må tole 7500 kb tømmer per år.  Det nyttar lite med solide skogsvegar dersom kommune- og fylkesvegane ikkje toler belastinga. Målet er å sleppe kipp-køyring, og då må tømmerbilen ha moglegheit til å ha med hengar heilt inn på velteplassen.               
 
Feiosprosjekt – grunneigarar samarbeider om skogen
(Foto: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane)