Bømlo kommune – motsegn til reguleringsplan for industriområde Rubbestadneset

Miljøverndepartementet finn at reguleringsplanen for Rubbestadneset kan stadfestas med unnatak av eit mindre område aust i planområdet som vist på planen med svart skravur. Området som blir tatt ut er eit viktig landskaps-element. Dette inneber at motsegna frå fylkesmannen er teke delvis til følgje. Ein har lagt avgjerande vekt på at dette er ei utviding av eit eksisterande industriområde som har trong for vidare utvikling . Departementet føreset at det stillast krav om utarbeiding av utomhusplan slik at forholdet til naturmangfald vert tilstrekkeleg belyst og teke i vare.

Vi viser til oversending av 3. februar 2010 frå Fylkesmannen i Hordaland.

Saka er i medhald av § 27-2 nr. 2 i plan- og bygningslova av 1985, jfr. § 34-2, 10. ledd i plan- og bygningslova av 2008 sendt Miljøverndepartementet for endeleg avgjerd. Fylkesmannen i Hordaland har fremja motsegn til planen mellom anna ut frå det skjerpa omsynet til strandsonevernet og at to friområde er foreslått omregulert til industriføremål utan erstatningsareal.

Når det gjeld omsynet til naturmangfaldlova, skal alle saker som ikkje er ferdig handsama før 1. juli 2009, og som rører ved naturmangfald, vurderast etter  lovkapittel II, Ålmenne regler for berekraftig bruk.

Miljøverndepartementet finn at reguleringsplanen for Rubbestadneset kan stadfestas med unnatak av eit mindre område aust i planområdet som vist på planen med svart skravur. Området som blir tatt ut er eit viktig landskaps-element. Dette inneber at motsegna frå fylkesmannen er teke delvis til følgje. Ein har lagt avgjerande vekt på at dette er ei utviding av eit eksisterande industriområde som har trong for vidare utvikling . Departementet føreset at det stillast krav om utarbeiding av utomhusplan slik at forholdet til naturmangfald vert tilstrekkeleg belyst og teke i vare.

Bakgrunn for saka

I gjeldande reguleringsplan frå 1974 for Rubbestadneset er det aktuelle området lagt ut til industriføremål. Denne planen var ein ”flatereguleringsplan” som la ut ca 120 dekar til industriføremål. Eit par større sentrale område var avsett til friområde og eit mindre areal til bustadområde.

Gjeldande plan for området er soleis så gamal at kommunen meiner at den bør gjennom ein revisjon. På bakgrunn av dette og sett i samanheng med dei planane som verksemda Wärtsilä Norway AS no arbeider med i området, meiner kommunen at det er viktig å få på plass ein rettskraftig reguleringsplan som er mindre enn 10 år gamal. Dette er avgjerande dersom det vert nødvendig med eventuelle tvangsinngrep som til dømes oreigning.

Den nye planen legg opp til at naturområda austover frå eksisterande industriområde kan byggjast ut som næringsføremål. Det totale arealet som er avsett til industriområde er på 196 dekar. Det allereie utbygde arealet er på 56 dekar. Planen omfattar også sjøareal og er totalt på ca. 250 dekar.

Framlegget til reguleringsplan legg opp til utplanering av eit frå naturen si side variert og kupert knauslandskap, og med store utfyllingar i sjøområdet. Denne planen legg opp til meir omfattande utfyllingar av sjøområdet enn den gamle plan. Både dei to friområda og bustadområdet er i den nye planen tatt vekk. Den nye planen opnar for at det aller meste av planområdet frå 1974 kan leggjast ut til eit samanhengande industriareal.

I arealdelen til kommuneplanen, som vart vedteken i 2006, er dei aktuelle område avsett som byggjeområde utan nærare spesifisering av arealbruksføremål.

Fylkesmannen i Hordaland fremja  i brev av 19. juni 2008 motsegn til planen ut frå omsynet til det innskjerpa strandsonevernet sidan reguleringsplanen for området frå 1974 vart vedteken. I samband med revisjon av planen meiner fylkesmannen at det burde vore gjort ei vurdering av kva kvalitetar som knyter seg til strandsona i det aktuelle området. Fylkesmannen  er kritisk til at ein legg opp til å omregulere to større friområde i planen frå 1974 til industriføremål utan å sikra fullgode erstatningsareal. Fylkesmannen meiner dei austlege deler av reguleringa bør setjast av til friområde.

Fylkesmannen saknar ei vurdering av om planarbeidet kan løysa ut krav om konsekvensutgreiing.

Hordaland fylkeskommune har uttala seg til planframlegget i brev av 5. november 2008. Fylkeskommunen ser på planforslaget som ein forenkla reguleringsplan etter plan- og bygningslova, og rår til at det i føresegnene vert sett krav om utbyggingsplan. 

Fylkeskommunen ber om at det vert vurdert om og i kva form universell utforming kan innpassast i reguleringsføresegnene. Det vert også vist til at det er kulturspor frå nyare tid i området, som steingardar og ei rydningsrøys, og fylkeskommunen rår til at ein i størst mogleg grad tek vare på kulturlandskapstrekk som steingardar, eldre vegar/stiar, bakkemurar, tufter m.m. Eit skipsvrak er etter marinarkeologiske undersøkingar lagt inn i Riksantikvaren sin database, og fylkeskommunen ber om at registreringa vert tatt med i kartet som spesialområde vern.

Mekling i saka vart halde på Bømlo den 1. april 2009 der fylkesmannen fann å kunne trekkja motsegna på visse vilkår. Det vart i utgangpunktet semje i meklinga mellom kommunen og fylkesmannen som miljøvernmyndigheit. Mellom anna kom ein fram til ei avgrensing mellom industriområdet og området i aust, som skulle leggjast ut til friområde. Landområda som vart lagt ut til friområde i planutkastet etter meklinga var noko mindre enn friområda i planen av 1974.

Bømlo kommune handsama saka i møte den 2. november 2009. Meklingsresultatet vart ikkje godkjend i den politiske handsaminga i kommunen. Fylkesmannen har deretter lagt til grunn at kommunen står på sitt opphavlege planframlegg, og at fylkes-mannen då heller ikkje er bunden av meklingsframlegget.

Kommunen meiner at det omstridde området er ein viktig del av det regulerte industri-område for å få til hamnetilhøve som stettar framtidas krav. Gruntområde i innseglinga til dagens industriområde gjer at det bør byggjast ny og større kai på utsida av eksisterande industriområde. Det omstridde området er sers gunstig for plassering av djupvasskai ut frå djupner, manøvrering og bølgjer.

Kommunen meiner at det er ønskjeleg å legge til rette for at ny marin industri-verksemd kan etablere seg på staden der det har vore industriverksemd i lang tid. Bømlo har i dag tre industriområde til sjø, men det meste av areala er utnytta.

Fylkesmannen viser i sitt oversendingsbrev hit av 3. februar 2010 til at regulerings-planen frå 1974 er meir enn moden for revisjon, ut frå moderne tenking omkring strandsoneplanlegging og detaljeringsgrad i høve utbygging.

Fylkesmannen viser særleg til at det i arbeidet med revisjon av planen ikkje er gjort ei vurdering av kvalitetane som knyter seg til strandsona i området, her under konsekvensar for friluftsliv og landskap. Heller ikkje konsekvensane ved bortfall av dei to friområda er belyst. I uttala til oppstartmeldinga dagsett 1. november 2007 har fylkesmannen mellom anna vist til at omsynet til barn og unge sitt leikeareal må ivaretakast. Planframlegget omfattar ikkje erstatningsareal slik det ligg føre. Fylkesmannen viser til at tettstaden Rubbestadneset er under utvikling, og fylkesmannen var under meklinga serleg opptatt av at det mest attraktive og sentrumsnære friluftsområdet vart sikra for ålmenta, mellom anna med tilgjenge for funksjonshemma.

I oversendingsbrevet peikar fylkesmannen og på at planen i prinsippet opnar for nedsprenging, utfylling og planering av eit svært stort naturområde, alt avhengig av kva søknader om enkelttiltak som måtte bli godkjent i ettertid. Fylkesmannen finn det ikkje i samsvar med intensjonane i plan- og bygningslova at eit reguleringsplanframlegg gjev lite føreseielige rammer for vidare utvikling. Fylkesmannen har ein fagleg ståstad, og kan ikkje sjå at lokaliseringsspørsmålet til ei hjørnesteinsbedrift gjev grunnlag for å setja til side grunnleggjande prinsipp i plan- og bygningslova.

Fylkesmannen er såleis ikkje villig til å ”ofra” dette naturområdet fullstendig, før konsekvensar og alternative framlegg er nærare belyst. Fylkesmannen er ikkje motstander av at Wärtsilä skal få høve til å utvida, men det må vera mogeleg på same tid å ivareta både omsynet til bedrifta og kvalitetsmessig godt planarbeid. Fylkesmannen  rår på denne bakgrunn til at motsegna vert teken til følgje, og at framlegget til reguleringsplan for industriområde Rubbestadneset ikkje vert stadfesta.

Synfaring i saka vart halde den 10. juni 2010 med representantar frå kommunen, fylkesmannen , Direktoratet for naturforvaltning, Nærings- og handelsdepartementet og Miljøverndepartementet. 

Bømlo kommune oversende 15. juli 2010  brev vedlagt ei utgreiing frå advokatfirmaet Steenstrup Stordrange om grunnlaget for fylkesmannen si motsegn. Kommunen peikar på at dei ikkje forstår grunnlaget som fylkesmannen har for å reise motsegn til den aktuelle planen, då planen frå 1974 vart stadfesta gjennom kommunen sin siste revisjon av kommuneplanen i 2006. I vedlagte notat vert det peika på at fylkesmannen si motsegn har preg av ei noko manglande forståing for plan- og bygningslova sitt system og måten fylkesmannen skal utøve si mynde på. Fylkesmannen synes ikkje å respektere eller ta omsyn til at den vedtekne reguleringsplanen, for det meste, byggjer på gjeldande kommuneplan for Bømlo kommune, sist revidert med fylkesmannen si godkjenning i 2006.

Nærings- og handelsdepartementet (NHD) ga i brev av 18. august 2010 uttale i saka. I brevet peikar NHD på at kommunen ønskjer å legge til rette for vidare utvikling av verksemda til Wärtsilä Norway AS samt legge til rette for at ny marin industri-verksemd. Kommunen meiner det er viktig å få etablert ei djupvasskai ved utfylling i sjø, mellom anna av di båtane som kjem blir større og ligg djupare i sjøen enn tidlegare. Nærings- og handelsdepartementet ser det som positivt at Bømlo kommune ønskjer å legge til rette for vidare industriell utvikling i det aktuelle området.

NHD legg vidare vekt på kommunen sitt behov for nye areal langs sjø slik at bedrifta slipp å avvise oppdrag på grunn av manglande djupvasskai. Når det gjeld det tilgrensande friluftsområde legg NHD vekt på at kommunen under synfaringa meddelte at området ikkje hadde særskilte naturverdiar som gjorde vern av området nødvendig.

Etter ei samla vurdering tilrår NHD at motsegna frå fylkesmannen ikkje vert teken til følgje og at reguleringsplanen for Rubbestadneset ver stadfesta slik kommunestyret legg opp til. Det vert lagt vesentleg vekt på at reguleringsplanen vil kunne legge til rette for busetnad, etablering av nye arbeidsplassar og vidareutvikling av eksisterande arbeidsplassar.

Direktoratet for naturforvaltning (DN) uttala seg til saka i brev hit av 18. august 2010. I uttala peikar DN på at det bør vere greitt å vidareføra ambisjonsnivået frå reguleringsplanen av 1974 for Rubbestadneset når det gjeld storleiken på areal for industriføremål og hamn, og at det vert lagt ut større samanhengande industriareal.

DN har heller ikkje merknader til at to sentralt plasserte friområde i gjeldande plan ikkje vert vidareført i den nye planen. Men DN meiner løysinga som kommunen legg opp til i planen den har vedtatt, ikkje er ein god nok oppfølging av dagens nasjonale strandsonepolitikk.

Planprosessen har etter DN si meining vist at det er alternative areal til dei sentrale friområda frå 1974-planen som heller bør settast av. DN meiner  avsetting av områda i aust som var oppe i meklinga, samla sett gir ein tilfredsstillande oppfølging av den skjerpa strandsonepolitikken som skal leggjast til grunn i plansaker som denne.

I tillegg til å dempa ned verknader på landskapet av dei store utplaneringane og utbyggingane som planen legg opp til, meiner DN at desse sjøtilknytta areala i aust kan bidra med eit verdfullt supplement til eksisterande friområde, og å gje den serleg gode og varierte tilgangen på friareal som det ut frå den nasjonale friluftspolitikken bør vera på ein stad som Rubbestadneset.
               
DN legg vekt på at området og tilkomst kan gjerast universelt utforma utan større inngrep, anlegg og kostnader. Utlegging av det aktuelle området som friområde kan bidra til å ta vare på kulturspor, og dokumentera ei historisk utvikling i området. DN legg og vekt på at grunneigar ynskjer at området skal takast vare på og utviklast som ålment tilgjengeleg friområde.

Ut frå dette vil DN tilrå at motsegna frå fylkesmannen vert teken til følgje.

Bømlo kommune la i møte 11. januar 2011 med departementet si politiske leiing fram sitt syn på saka. Det vart sterkt understreka behovet for tilfredsstillande djupvasskai i samband med verksemda til Wärtsilä Norway AS. Det vart og peika på at om lag 1 000 arbeidsplassar kunne stå i fare dersom det ikkje vart stilt tilgjengeleg areal til rådvelde for verksemdutviding.

Direktoratet for naturforvaltning (DN) vart i brev av 11. februar 2011 frå Miljøverndepartementet bede om å kome med ei meir utfyllande uttale til saka i forhold til reglane i naturmangfaldlova. DN uttalte i brev av 8. mars 2011 at tilleggskart-leggingar og –vurderingar av naturmangfaldet i sjøområde bør gjerast for å oppfylla krava i naturmangfaldlovas § 8 om kunnskapsgrunnlag. Etter det miljøvernavdelinga hjå Fylkesmannen i Hordaland opplyser skal det ikkje liggje føre kartleggingar av den aktuelle sjøbotnen, og ved det meiner DN at det ikkje ligg føre tilstrekkeleg kunnskap etter § 8 i naturmangfaldlova. Ut frå dette meiner DN at naturmangfaldlova § 9 om føre-var-prinsippet må gjerast gjeldande.

DN meiner at føreliggande kunnskap om naturmangfaldet som ikkje baserer seg på kartleggingar i sjøområda, men på generell erfaringskunnskap om naturmangfaldet i denne type sjøområde, ikkje kan sjåast som eit tilstrekkeleg grunnlag for avgjerd om ei stor etablering av hamn og industriområde med store endringar for naturmangfaldet i området.  DN meiner slik kunnskap må liggje føre som grunnlag for planavgjerder sjølv om det, basert på erfaringskunnskap frå desse sjøområde, generelt ikkje ligg føre indikasjonar på at vesentlege naturmangfaldverdiar finnast i dei aktuelle områda.

Utan at det ligg føre kunnskap om naturmangfaldet i dei aktuelle sjøområde, kan ikkje DN konkret vurdere verknadane av den omhandla hamne- og industriutbygginga når det gjeld samla belastning på naturmangfaldet etter naturmangfaldlova § 10.

Miljøverndepartementet si vurdering

Usemja i denne saka gjeld spørsmålet om det skal leggjast til rette for utviding av heile det eksisterande industriområdet på Rubbestadneset med grunnlag i reguleringsplanen frå 1974, eller om deler av området skal  leggjast ut som friluftsområde i strandsona. Miljøverndepartementet skal avgjere om planen for Rubbestadneset skal godkjennast ut frå nasjonal strandsonepolitikk.

Etter plan- og bygningslova § 1-8 er det i utgangspunktet eit generelt byggjeforbod i 100-metersbeltet langs sjøen. Forbodet gjeld ikkje der anna byggegrense er fastsett i arealdel til kommuneplan eller reguleringsplan. I 100-metersbeltet skal det ved ei eventuell utarbeiding av arealdel til kommuneplan eller reguleringsplan takast særleg omsyn til natur- og kulturmiljø, friluftsliv, landskap og andre ålmenne interesser. Etter naturmangfaldlova § 7 skal prinsippa i naturmangfaldlova §§ 8-12 leggjast til grunn som retningsliner ved utøving av offentleg mynde, og vurderinga og vektlegginga skal gå fram av vedtaket.

Spørsmålet om bygging i 100-metersbeltet langs sjøen skal vurderast etter dei prinsipp og omsyn som gjeng fram av statlege planretningsliner for  differensiert forvaltning av strandsona langs sjøen, fastsett ved kongeleg resolusjon av 25. mars 2011.

Formålet med retningslinene er å tydeleggjere nasjonal arealpolitikk i 100-metersbeltet langs sjøen innafor rammene av plan- og bygningslova. Målet er å ta i vare ålmenne interesser og unngå uheldig bygging langs sjøen. Det skal gjennomførast ei sterkare geografisk differensiering slik at byggeforbodet vert praktisert strengast i sentrale område der presset på areala er stort.

I retningslinene gjeng det og fram at strandsona skal vurderast heilskapleg og langsiktig gjennom planlegging etter plan- og bygningslova. Arealbruken skal vurderast konkret i forhold til dei interesser som gjer seg gjeldande i dei ulike deler av strandsona. Strandsona skal vurderast i kommuneplanen, og eventuelt i regionale planer der det er hensiktsmessig.

Kysten er etter retningslinene delt inn i tre hovudkategoriar med ulike føringar. I samsvar med dette er Bømlo kommune plassert i kategorien for ”Områder med mindre press på arealene”. For desse områda er det gitt nærare retningsliner i pkt. 7.2. Det gjeng fram her at byggeforbodet i 100-metersbeltet langs sjøen gjeld generelt, at 100-metersbeltet er av nasjonal interesse, og at bygging berre kan tillatast etter ei konkret vurdering ut frå lokale forhold. I område utan press vil det vere enklare for kommunane å gje tillating til å bygge enn i område der presset er stort. Det vil gje kommunane utanfor pressområda moglegheit til å inkludere 100-metersbeltet langs sjøen i sine heilskaplege utviklingsstrategiar. Dette inneber at kommunane kan vedta planar som tillet utbygging til ulike formål i 100-metersbeltet. 

Kommunen viser til at det er eit sterkt ønske om få lagt til rette for utviding av den eksisterande verksemd Wärtsilä, men at det og må leggjast til rette for etablering av ny     
industri knytt til den eksisterande.

I gjeldande kommuneplan frå 2006 er heile det aktuelle området sett av som byggje-område, men utan at arealbruksføremålet er nærare spesifisert.

Av saka gjeng det fram at fylkesmannen i utgangspunktet meiner gjeldande reguleringsplan for Rubbestadneset er moden for revisjon, og han gjeng ikkje mot at Wärtsilä får utvide si eksisterande verksemd. Fylkesmannen meiner likevel at delar av det i planen viste industriområdet må reduserast mot aust.

I saka er det stilt spørsmål om det framlagde reguleringsplanforslag burde utløyse krav om konsekvensutgreiing. Føresegn om konsekvensutgreiing etter plan- og bygnings-lova av 1. april 2005 innførde krav om konsekvensutgreiing for nærare nemnde planar. I medhald av § 3 punkt 3 i føresegna  skulle reguleringsplanar som omfatta utvidingar eller endringar av dei tiltak som er lista opp i § 3 punkt 1 og 2 handsamast etter føresegna dersom dei vert fanga opp av kriteria for vurdering av vesentlege verknader i § 4. Tilsvarande reglar er ført vidare i gjeldande føresegn om konsekvensutgreiingar av 26. juni 2009.

Den nye reguleringsplanen for Rubbestadneset inneber slik utviding og endring i forhold til gjeldande reguleringsplan og krev at kommunen som ansvarleg myndigheit gjer vurderingar etter § 4 i føresegna. Departementet viser i den samanheng til Bømlo kommune sitt brev av 10. desember 2008 til Fylkesmannen i Hordaland, der det er gjort ei vurdering som konkluderer med at kriteria i § 4 ikkje utløyser konsekvensutgreiing. På denne bakgrunn finn ikkje departementet at det er grunnlag for å krevje ny konsekvensutgreiing, men vil likevel peike på at kommunen burde ha gjort slik avklåring før kunngjering av varsel om oppstart av planarbeidet og da i samråd med andre myndigheiter, jf. § 3, fjerde til sjette ledd i føresegna. Departementet vil og understreke at ved ei eventuell seinare detaljregulering av det aktuelle området må avklårast om denne vert omfatta av føresegna om konsekvensutgreiingar av 26. juni 2009.

Det følgjer av naturmangfaldlova § 8 at avgjersla skal bygge på eksisterande og tilgjengeleg kunnskap om dei økosystem, naturtypar og artar som blir påverka, deira tilstand og utvikling og tiltaket sine effektar på økosystem, naturtypa og artar. Store delar av planområdet er allereie utvikla til hamneføremål, men utvidinga av planområdet vil omfatte fleire vegetasjonsdekte knausar og innebere utfylling i sjø.
Det gjeng fram av Naturbasen at Larsholmen og Lyraholmen er yngleområde for gråhegre. Denne arten er ikkje kategorisert trua eller nær trua, men livskraftig på Norsk rødliste for arter 2010. Det vil si at arten er vurdert til å ha mindre enn 5 % risiko for utdøing i kommande 100-års periode. Det gjeng fram av Artsdatabanken sitt Artskart at det er mange nyare observasjonar av fugl innanfor planområdet. Dei fleste er ikkje på raudlista, men fiskemåke, som er kategorisert som nær trua på Norsk rødliste for arter 2010, er observert innanfor arealet som er i bruk som hamneføremål i dag

Direktoratet for naturforvaltning meiner at det er behov for tilleggskartleggingar og –vurderingar etter naturmangfaldet i sjøområda for å oppfylla krava i naturmangfaldlova § 8 om kunnskapsgrunnlag. Miljøverndepartementet er einig med direktoratet  i at sjøområdet burde vore kartlagd i forhold til marint naturmangfald, men viser til at naturmangfaldvurderingane i hovudsak skal skje ut frå eksisterande og tilgjengeleg kunnskap om tilstand og utvikling, og om effektar av tiltaket på naturmangfaldet i det aktuelle området. Dette gjeld og der man har liten eller ingen kunnskap om naturmangfald i det aktuelle området.

Kartlegging av marint naturmangfald er eit langsiktig prosjekt, og ein kan ikkje alltid krevje detaljert kartlegging av alle prosjekter. Departementet har og lagt vekt på at saka har kome langt i prosessen før kravet om kartlegging har kome opp, og at det ikkje kan krevjast at området skal konsekvensutgreiast etter reglane i plan- og bygningslova. Her er det heller ingen kjente førekomstar av trua eller nær trua arter eller naturtypar på Norsk rødliste for arter 2010 og Norsk rødliste for naturtyper 2011, med unntak av fiskemåke som er nær trua. Sjølv om kunnskapen om naturmangfaldet i dei aktuelle sjøområda er sparsame, er eksisterande og tilgjengeleg kunnskap lagt til grunn i saka. Kravet til kunnskapsgrunnlaget er dermed oppfylt, jf. naturmangfaldlova § 8.

Det følgjer av naturmangfaldlova § 9 om føre-var-prinsippet at ”Når det treffes en beslutning uten at det foreligger tilstrekkelig kunnskap om hvilke virkninger den kan ha for naturmiljøet, skal det tas sikte på å unngå vesentlig skade på naturmangfoldet.” I denne saka er kunnskapsgrunnlaget ikkje tilstrekkeleg og prinsippet skal derfor i utgangspunktet tilleggast stor vekt. Dette gjelder særleg for sjøområda der ein ikkje har kunnskap om moglege naturmangfaldverdiar. Dette inneber at om planen blir stadfesta bør det stillast krav om nærare utgreiingar (utomhusplan) i samband med vidare detaljplanlegging av det aktuelle området, særleg knytt til sjøområdet. Dette bør gjerast for å unngå mogleg vesentleg skade på naturmangfaldet. Førekomstane på land vert vurdert å vere av ein slik karakter at det kan taksast omsyn til dei i samband med detaljutforminga (utomhusplan) av tiltaket, og at avgrensinga og omfanget av utbygginga bør vurderast nærare når kunnskapen er blitt meir presis. Vi viser til naturmangfaldlova § 12 som stiller krav om at ein skal velje metodar og driftsformer som ut frå ei samfunnsmessig vurdering gjer det beste resultat. Kostnadene knytt til slike tilleggsvurderingar skal dekkjast av tiltakshavar, jf. plan- og bygningslova § 12-7 nr. 12 og naturmangfaldlova § 11 om kostnader ved miljøreduksjon. 

I følgje naturmangfaldlova § 10 skal påverknad på eit økosystem, naturtypar og artar vurderast ut frå den samla belastning dei er eller vil bli utsett for. Konsekvensane av ei eventuell utbygging må sjåast i samanheng med andre belastningar dei omtala arter
(og eventuelle naturtypar) er eller vil bli utsette for. Fugleartane fiskemåke og gråhegre har allereie blitt utsett for negative påverknader gjennom at det føreligg eit industriområde på staden. I tillegg vert dei påverka av det planlagde tiltaket. Det føreligg ikkje informasjon om at desse artane kan bli påverka av andre tiltak i nær framtid. Tiltaket vil dermed kunne ha negativ påverknad på desse. Omsynet til fiskemåke bør til ein viss grad kunne innarbeidast i detaljplanen (utomhusplan).

Plan- og bygningslova skal legge til rette for eit vidt spekter av samfunnsinteresser, og lova skal fremje ei berekraftig utvikling. Det skal leggjast vekt på at det er eit generelt byggjeforbod i 100-metersbeltet langs sjøen  og at bygging berre kan tillatast etter ei konkret vurdering ut frå lokale forhold. I denne saka må utbygging til industriføremål vegast opp mot landskaps-, natur- og friluftsverdiar i området. Departementet meiner forholdet til naturmangfaldverdiane burde vore betre belyst, særleg i sjøområda.

Miljøverndepartementet kan sjå at det er viktig for kommunen å leggje til rette for ei ønskjeleg utviding av industriverksemda på Rubbestadneset. I den samanheng ser vi og at det kan vere eit behov for å opparbeide nye kaiareal for å kunne ta i mot større skip som stikk djupare i sjøen. Departementet finn derfor at den framlagde reguleringsplan i utgangspunktet kan vere eit godt grunnlag for vidare utviklinga av industriverksemda på Rubbestadneset. Den framlagde reguleringsplan er og i samsvar med gjeldande arealdel av kommuneplanen. Departementet legg vekt på at det i denne saka gjeld vidareutvikling av ei etablert næringsverksemd. Etter  ovannemnde strandsone¬retningsliner skal behovet for næringsutvikling tilleggast vekt i vurderinga av tiltak i 100-metersbeltet. Departementet finn ut frå dette å kunne stadfeste reguleringsplanen, men ta ut dei austre delane.

Departementet legg avgjerande vekt på at dette er ei utviding av eit eksisterande industriområde som har trong til vidare utvikling, samstundes som ein tar ut eit mindre område i aust som har viktige landskapselement. Departementet føreset at før ein gjeng vidare med nærare detaljering av industriområdet og hamnene i ein utomhusplan vert gjort ytterlegare utgreiingar av land- og sjøområda slik at forholdet til naturmangfaldet, mellom anna fiskemåke vert tilstrekkeleg vist og teke i vare.

Departementet sitt framlegg til avgjerd vart lagt fram for kommunen, som ikkje har hatt merknader til dette, jfr. møte med ordføraren i departementet den 4. november 2011.

      Vedtak

I medhald av § 27-2 nr. 2 i plan- og bygningslova av 1985, jfr. § 12-13 i plan- og bygningslova av 2008, stadfestar Miljøverndepartementet vedtak av Bømlo kommunestyre i møte den 2. november 2009 om reguleringsplan for industriområde på Rubbestadneset med unntak frå eit område aust i planen vist med svart skravur. Samstundes stadfestar departementet dei tilhøyrande reguleringsføresegner.

Reguleringsplanen og tilhøyrande føresegner med påteikning om stadfesting ligg ved dette brevet.

Vi viser til reglane i plan- og bygningslova § 27-2 nr 3 ( § 12-12 i ny lov) om kunngjøring av stadfesta reguleringsplan.

Kommunen er orientert om departementet si avgjerd ved kopi av dette brev.

 

Med helsing


Erik Solheim

 

Kopi:
Bømlo kommune
Nærings- og handelsdepartementet
Direktoratet for naturforvaltning

Vedlegg:
Reguleringsplan og reguleringsføresegner