Departementet svarer på spørsmål om definisjon av anneks og uthus

Vi viser til e-post av 21. februar 2022 med spørsmål om forskjellen på anneks og uthus, og kva som er avgjerande for om eit bygg er til varig opphald eller ikkje.

Departementet tek ikkje stilling til konkrete saker, og svarer generelt på spørsmåla.

Omgrepa «anneks» og «uthus»

Omgrepa «anneks» og «uthus» er ikkje definerte i plan- og bygningsregelverket. I eit brev av 3. juli 2020 (sak 20/2798) uttaler likevel departementet at: «Plan- og bygningslovgivningen har ingen definisjon av «anneks». Et anneks vil ofte være en frittliggende bygning i tilknytning til en bolig eller en hytte. Et anneks er som regel beregnet på beboelse, og kan i så fall brukes til overnatting. Dersom bygningen inneholder alle hovedfunksjoner, det vil si både stue/soverom, kjøkken og wc/bad regnes den imidlertid ikke som et anneks, men som en egen boenhet. Det betyr at bygningen fortsatt kan anses som et anneks dersom den enten har kjøkken eller bad i tillegg til overnattingsmulighet.»

Kommunen sitt ansvar i byggjesaksbehandlinga

Kommunen sitt ansvar og plikter er regulert i plan- og bygningslova (pbl.) kapittel 21. Ansvaret knyter seg primært til å avklare lovlegskapen av ein byggjesøknad mot rammeføresetnader i plan og materielle krav i lov og forskrift. Kommunen si hovudoppgåve i saksbehandlinga er å sjå til at tiltaket oppfyller føresegner gitt i eller i medhald av plan- og bygningslova. Kommunen sine oppgåver gjeld fyrst og fremst saksbehandlinga, som er definert som ein oppgåve, og ikkje eit ansvar på linje med aktørane sitt ansvar[1]. Vi vedlegg til orientering eit tidlegare brev som nærmare omtaler kommunen sitt ansvar ved behandling av byggjesøknader.

Oppfølging i ettertid

Tiltakshavar eller ansvarleg føretak er ansvarleg for at tiltak blir utført i samsvar med dei krava som følgjer av føresegner gitt i eller i medhald av lova, jf. pbl. § 23-1. Viser det seg i ettertid at for eksempel eit uthus blir brukt til varig opphald, kan kommunen følgje dette opp etter reglane i pbl. kapittel 32. Vi vil også nemne at det å ta i bruk eller leggje til rette for at eit uthus blir teke i bruk til varig opphald kan vere ei søknadspliktig bruksendring, jf. byggjesaksforskrifta § 2-1. Det er ikkje nødvendig at det skjer bygningsmessige endringar i uthuset for at søknadsplikt skal oppstå.

 

[1] Se Ot. prp. nr. 45 (2007-2008) s. 118