Etne kommune - motsegn til reguleringsplan for Fjæra settefiskeanlegg

Miljøverndepartementet stadfestar reguleringsplan (detaljregulering) for Fjæra settefiskanlegg i Etne kommune. Fjæraelva er eit lakseførande vassdrag, der det normalt ikkje etablerast slike anlegg. I dette høvet legg departementet avgjerande vekt på at tiltakshavar har sannsynleggjort at det ikkje finst gode alternative stadar i regionen der anlegget kan lokaliserast, og at etableringa vil gi positive verknader for næringsutvikling og arbeidsplassar for lokalsamfunnet. Departementet legg til grunn at det i søknadsprosessen etter akvakulturregelverket blir grundig vurdert korleis og om det planlagde anlegget kan etablerast med forsvarleg sikring mot rømming og spreiing av sjukdom. Omsynet til den sårbare laksestammen i Fjæra må vurderast grundig i denne prosessen. Motsegna frå fylkesmannen tas dermed ikkje til følgje.

Saka er sendt Miljøverndepartementet ved fylkesmannen sitt brev 5. juli 2011, for avgjerd etter § 12-13 i plan- og bygningslova frå 2008.

Miljøverndepartementet stadfestar reguleringsplan (detaljregulering) for Fjæra settefiskanlegg i Etne kommune. Fjæraelva er eit lakseførande vassdrag, der det normalt ikkje etablerast slike anlegg. I dette høvet legg departementet avgjerande vekt på at tiltakshavar har sannsynleggjort at det ikkje finst gode alternative stadar i regionen der anlegget kan lokaliserast, og at etableringa vil gi positive verknader for næringsutvikling og arbeidsplassar for lokalsamfunnet. Departementet legg til grunn at det i søknadsprosessen etter akvakulturregelverket blir grundig vurdert korleis og om det planlagde anlegget kan etablerast med forsvarleg sikring mot rømming og spreiing av sjukdom. Omsynet til den sårbare laksestammen i Fjæra må vurderast grundig i denne prosessen. Motsegna frå fylkesmannen tas dermed ikkje til følgje.

Bakgrunnen for saka

Forslag til reguleringsplan (detaljregulering) for Fjæra settefiskanlegg blei sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn 26. oktober 2010. Planområdet er på om lag 70 dekar, og 12 dekar er i kommuneplanen sett av til næring, medan resten er landbruks-, natur- og friluftsområde. Anlegget vil dekke ca 35 dekar. Det gjeld eit landbasert settefiskanlegg inntil Fjæraelva og Marine Harvest står for tiltaket.

Fylkesmannen i Hordaland hadde 10. desember 2010 motsegn til planen. Fylkesmannen meiner at den samla belastninga av tiltaket for sjøaure, villaks og ål i Fjæraelva vil ha ein negativ påverknad på bestandane og deira naturlege leveområde. Fjæraelva er eit av 18 vassdrag i Hordaland som har ein eigen laksestamme, og bestanden er rekna som sårbar, nær tålegrensa. Det er ikkje opna fiske etter villaks i vassdraget grunna den kritiske bestandssituasjonen. Det er i tillegg ein mindre bestand av storvoksen sjøaure her. Det er dessutan registrert ein mindre bestand av ål i vassdraget. Ål står på raudlista for artar, og har status som kritisk trua. Fylkesmannen meiner dessutan at tiltaket vil bli eit stort og markert inngrep som vil endre landskapet i Fjæra.

Hordaland fylkeskommune uttala seg 14. desember 2010. Fylkeskommunen hadde ikkje motsegn, men hadde merknader mellom anna om landskap og tilgjenge langs elva.

Saka vart drøfta i møte 31. januar 2011.

Fylkesmannen opprettheldt motsegna og ga utfyllande merknader i brev 13. april 2011.

Etne kommunestyre vedtok reguleringsplanen 10. mai 2011. Sett oppimot verdiskaping, arbeidsplassar og lokalsamfunn meiner kommunestyret at det ikkje er tvil om at nytten ved tiltaket er større enn ulempene, jf. naturmangfaldlova §§ 8-12. Kommunestyret viser til at det er etablert settefiskanlegg i mange andre lakseførande vassdrag i landet. Dei peiker på at planlagt ferskvassinntak ligg ovafor lakseførande strekning, og det vil i tillegg kome reinsekrav på inn- og utlaupsvatn. Kommunestyret meiner elles at tiltaket må sjåast i lys av at rundt 60 % av Etne kommune sitt areal er verna vassdrag eller verna etter naturvernlova, og Fjæravassdraget er det siste store vassdraget i kommunen som ikkje er verna. Kommunestyret viser også til at Marine Harvest ønskjer å bidra til bygging av oppgangsveg for laksefisk ovafor dagens lakseførande strekning i Fjæraelva, og dette vil løyse ut kring 350 m ekstra gyte- og oppvekstområde og styrke den lokale laksestamma.

Kommunen sendte saka til fylkesmannen ved brev 13. mai 2011.

Samarbeidsrådet for Sunnhordland ga i uttale 8. juni 2011 støtte til planen. Samarbeidsrådet meiner samfunns- og næringsutvikling er viktige argument i saka.

Fylkesmannen sendte saka til departementet ved brev 5. juli 2011. Fylkesmannen rår til at departementet ikkje stadfestar reguleringsplanen. Fylkesmannen meiner omsynet til naturmangfaldet må vege tyngst i saka. Fylkesmannen viser til den kritiske bestandssituasjonen for ål og villaks.

Marine Harvest uttala seg i brev til departementet 1. august 2011. Dei kommenterer fylkesmannen sitt brev og viser mellom anna til rapport frå Rådgivende Biologer.

Kommunen ved ordførar (SP), varaordførar  (H) og gruppeleiar for AP ga merknader i brev til departementet 16. august 2011. Kommunen meiner anlegget er berekraftig, mellom anna fordi det er eit lukka anlegg på land og at det difor ikkje er fare for rømming. Dei peiker på at saka er viktig for lokalsamfunnet.

Etne Næringsutvikling ga i uttale 15. september 2011 støtte til etableringa av settefiskanlegget.

Synfaring og møte i saka blei halde 20. oktober 2011 med deltakarar frå kommunen, Marine Harvest, fylkesmannen, Direktoratet for naturforvaltning, Fiskeri- og kystdepartementet og Miljøverndepartementet.

Kommunen sendte tilleggsmateriale til departementet ved brev 1. november 2011.

Fiskeri- og kystdepartementet tilrår i brev 10. november 2011 at reguleringsplanen blir stadfesta. Fiskeri- og kystdepartementet meiner føre var og landskapsomsyn sett opp mot dei tekniske løysingane, topografien og arronderinga i planområdet, talar sterkt for at motsegna ikkje blir tatt til følgje. Fiskeri- og kystdepartementet viser til at kommunen sitt einstemmige vedtak og befolkninga sitt sterke engasjement for eit tiltak som kan skaffe verdfulle arbeidsplassar i ei bygd prega av fråflytting, trekker i same retning.

Direktoratet for naturforvaltning tilrår i brev 16. januar 2012 at departementet tar til følgje motsegna frå fylkesmannen, ut frå omsynet til stammene av villaks og sjøaure, og omsynet til ål i Fjæraelva, men også av landskapsomsyn. Direktoratet meiner settefiskanlegg ved eit vassdrag med bestandar av sjøaure, villaks og ål ikkje er mogeleg å foreine med dei nasjonale måla for livskraftige elver og innsjøar og § 5 i naturmangfaldlova om forvaltningsmål for arter. Direktoratet peiker på at det alltid vil vere risiko for uhell og menneskeleg svikt, og at ras og flaum kan føre til rømming. Det kan også vere fare for rømming ved transport og flytting av fisk. Direktoratet peiker vidare på faren for spreiing av sjukdom ved utslepp av vatn frå anlegget, og at avlaupet frå anlegget vil bli slept ut i sjøen like utanfor vassdraget. I tillegg peiker direktoratet på problem i samband med uttak av vatn, som vil endre vassføringa i Fjæraelva og endre oppvekstvilkåra for fisk og ål.

Direktoratet meiner saka må sjåast i høve til den svake statusen for lakse- og sjøaurestammane generelt i Hordaland. Bestandane av villaks og sjøaure og førekomsten av ål i Fjæravassdraget er allereie svekka, og det gjer at belastninga ikkje må auke. Direktoratet viser til at ål står på Norsk rødliste for arter 2010, med status som kritisk trua. Direktoratet forstår at kommunen ønskjer å skape arbeidsplassar, men meiner konsekvensane for naturmangfaldet er alvorlege og må tilleggast mest vekt i saka. Direktoratet meiner dessutan at utbygginga vil dominere kulturlandskapet med dei høge, bratte fjellsidene og den vesle bygda.

Kommunen og Marine Harvest var på møte i Miljøverndepartementet 25. januar  og 11. juni 2012.

Marine Harvest har kome med ytterlegare merknader i brev til departementet 22. februar og 16. juli 2012.

Miljøverndepartementet si vurdering

Miljøverndepartementet skal avgjere om planen for etablering av eit landbasert settefiskanlegg ved Fjæraelva i Etne kommune skal stadfestast, eller om motsegna frå fylkesmannen ut frå nasjonale og vesentlege regionale interesser knytt til naturmangfald skal tas til følgje.

Denne saka blir handsama etter plan- og bygningslova av 2008. Etter lova § 12-13 andre ledd avgjer Miljøverndepartementet om motsegna skal tas til følgje og kan i samband med det gjere dei endringane i planen som er nødvendig.

Saka skal i tillegg vurderast etter naturmangfaldlova. Etter naturmangfaldlova § 7 skal prinsippa i lova §§ 8-12 leggjast til grunn som retningsliner ved utøving av offentleg myndigheit som berører naturmangfald, og vurderinga og vektlegginga skal gå fram av vedtaket.

Det er planlagt eit moderne settefiskanlegg, og planen har stor støtte lokalt. I kommuneplanen sin arealdel er området avsett til næringsområde og landbruks-, natur- og friluftsområde. Anlegget skal byggjast på land inntil Fjæraelva, som også inngår i reguleringsplanen.

I saka er det opplyst at anlegget vil gje 15-25 nye arbeidsplassar, og at dette er viktig for lokalsamfunnet. Miljøverndepartementet er samd i at det er viktig for Etne kommune å leggje til rette for næringsutvikling og nye arbeidsplassar i bygda. Omsynet til næringsutvikling og arbeidsplassar må likevel vurderast opp mot dei verknadene på naturmangfaldet som settefiskanlegget vil få. Spørsmålet er om det ut frå nasjonale omsyn knytt særleg til forvaltninga av laks og ål er tilrådeleg å byggje settefiskanlegget inntil elva.

Motsegna frå fylkesmannen er mellom anna grunngjeve med at den samla belastninga av tiltaket for sjøaure, villaks og ål i Fjæraelva blir for stor, og i tillegg er det lagt vekt på landskapsomsyn.

Det skal vurderast om planen vil berøre naturmangfald, jf. naturmangfaldlova § 7.  Kunnskapen om naturmangfaldet er henta frå Artsdatabanken sitt Artskart og Direktoratet for naturforvaltning sin Naturbase, og frå direktoratet sitt Lakseregister. Direktoratet for naturforvaltning har vurdert saka i høve til naturmangfaldlova, og departementet bygger på opplysningane frå direktoratet.

Fjæraelva er i direktoratet sitt Lakseregister registrert med både lakse- og sjøaurestamme. Fylkesmannen har vist til at Fjæraelva er eit av 18 vassdrag i Hordaland som har ei eige laksestamme. Lakse- og sjøaurestammane generelt i Hordaland har svak status, og bestandane av villaks og sjøaure i Fjæraelva er allereie svekka. Det er i tillegg til laks og sjøaure også ein førekomst av ål i Fjæraelva, sjølv om den også er svak. Ål har status som kritisk trua på Norsk rødliste for arter 2010. Det er i Naturbasen ikkje registrert verdifulle kulturlandskap i det aktuelle området, og det er heller ikkje andre registreringar av verdifulle landskap i området.

Bortsett frå førekomsten av ål er det ikkje registrert prioriterte arter, trua eller nær trua arter på Norske rødliste for arter 2010 eller andre verdifulle arter i det aktuelle området. Det er heller ikkje registrert utvalde naturtypar, trua eller nær trua naturtypar på Norsk rødliste for naturtyper 2011 eller verdfulle naturtypar i området. Det er ikkje kome fram andre opplysningar i saka som tyder på at det er andre viktige arter eller naturtypar i området.

Kravet i naturmangfaldlova § 8 om at saka i hovudsak skal baserast på eksisterande og tilgjengeleg kunnskap er etter dette oppfylt.

Kunnskapen om naturmangfaldet i planområdet og konsekvensane for dette mangfaldet av ei eventuell rømming er tilstrekkeleg. Føre-var-prinsippet i naturmangfaldlova § 9 får difor liten vekt i denne saka.

Forvaltningsmålet for artar i naturmangfaldlova § 5 har også tyding for skjønnsutøvinga. Målet i § 5 er at artane og deira genetiske mangfald blir vareteke på lang sikt og at artane finst i levedyktige bestandar i sine naturlege leveområde.

Prinsippet i naturmangfaldlova § 12 seier at for å unngå eller avgrense skade på naturmangfaldet skal det tas utgangspunkt i slike driftsmetodar og slik teknikk og lokalisering som, ut frå ei samla vurdering av tidlegare, noverande og framtidig bruk av mangfaldet og økonomiske forhold, gir dei beste samfunnsmessige resultata.

Generelt sett er oppdrett ein alvorleg trussel mot dei ville laksestammene. Oppdrettsnæringa påverkar lakse- og sjøaurestammene på fleire vis. Spreiing av sjukdom og genetisk påverknad som følgje av rømming er mest alvorleg. Direktoratet for naturforvaltning peiker i si tilråding på at erfaring viser at det alltid vil vere ein viss risiko for rømming. Marine Harvest planlegg eit moderne og rømmingssikkert anlegg. I utgangspunktet søkte Marine Harvest om eit betydeleg vassuttak, men tar no sikte på montering av eit resirkuleringsanlegg og eit mindre vassuttak. Marine Harvest opplyser i brevet 22. februar 2012 at det planlagde anlegget skal byggjast med siste teknologi, som mellom anna inneber trippel rømmingssikring, konstruksjonar i betong, og langt lågare vass- og energibruk enn det som er normalt for settefiskanlegg. Dette er også utdjupa i brevet 16. juli 2012.

Driftsmetoden og teknikken er i denne saka vurdert som god. Tilrettelegging for næringsutvikling og nye arbeidsplassar i det aktuelle området er og eit moment i vurderinga, og Marine Harvest har sannsynleggjort at det ikkje finst gode alternative stadar i regionen der anlegget kan lokaliserast. Miljøverndepartementet ser det som positivt at det tas sikte på å sikre anlegget så godt som mogeleg mot rømming med særskilte tiltak og med betre standard enn det som hittil har vært vanleg. Departementet legg til grunn at risikoen for negativ påverknad på laksestammen med dette blir redusert. Miljøverndepartementet er samd med Marine Harvest i at det er ein fordel at smolten får vakse seg større på land.

Etter naturmangfaldlova § 10 skal verknaden for naturtypar og artar vurderast ut frå den samla belastninga dei er eller vil bli utsett for. Departementet peiker på at påverknaden frå oppdrett på ville laksestammer er spesielt stor i Hordaland, som er det tettaste oppdrettsområdet i landet. Departementet meiner likevel dette ikkje kan tilleggjast avgjerdande vekt i denne saka, som gjeld eit landbasert anlegg som er planlagt spesielt godt sikra mot rømming.

Prinsippet i naturmangfaldlova § 11 om at tiltakshavaren skal bere kostnadene for miljøet er ikkje nødvendig å vurdere i denne saka.

Saka må også sjåast i høve til forskrift om rammer for vassforvaltninga. Etter forskrifta  § 4 er miljømålet at tilstanden i overflatevatn skal beskyttast mot forverring, forbetrast og gjenopprettast med sikte på at vassførekomstar skal ha minst ”god” økologisk og kjemisk tilstand innan tidsfristane som er sett i forskrifta. Villfiskstammane vil vere blant indikatorane ved klassifiseringa. Vassførekomsten er enno ikkje klassifisert etter forskrifta, men ut frå kunnskapen som ligg føre om stammane av villaks, sjøaure og ål i vassdraget, og dei avbøtande tiltaka som er føreslåtte, er det mest sannsynleg at stoda vil kunne bli sett til ”god”, eller at det ikkje er dette anlegget som vil vere årsaka til at stoda ikkje kan bli sett til god men moderat. Vidare er alternativ vurdert, jf. vassforskrifta § 12.

Motsegna er også grunngjeve i landskapsomsyn. Miljøverndepartementet er samd i at  området på grunn av bygda, elva og fjella omkring utgjer eit attraktiv landskap, og at det aktuelle settefiskanlegget vil virke dominerande. Dette kan likevel ikkje tilleggjast avgjerande vekt i vurderinga av saka.

Miljøverndepartementet har etter ein grundig prosess  kome til at reguleringsplanen for Fjæra settefiskanlegg kan stadfestast.  Departementet føreset at dei avbøtande tiltaka som er skissert av Marine Harvest blir grundig vurdert i den etterfølgjande handsaminga etter akvakulturregelverket, og at det vert sett naudsynte vilkår dersom det blir gitt løyve.

Etne kommune har ved brev 1. november 2011 oversendt plankart datert 7. februar 2011. Dette plankartet viser mellom anna byggegrense mot Fjæraelva, mens kommunestyret vedtok planen med plankart datert 4. februar 2011 der byggegrensa ikkje er vist. Kommunen ber om at departementet vedtar plankartet med byggegrense.

 Vedtak

I medhald av plan- og bygningslova § 12-13 andre ledd stadfestar Miljøverndepartementet Etne kommunestyre sitt vedtak 10. mai 2011 om reguleringsplan (detaljregulering) for Fjæra settefiskanlegg, med endring slik det går fram av plankart datert 7. februar 2011.

 

 

Med helsing

Bård Vegar Solhjell

 

 

Kopi:

Etne kommune

Hordaland fylkeskommune

Direktoratet for naturforvaltning

Fiskeri- og kystdepartementet

Marine Harvest, Sandviksbodene 78 A, 5035 Bergen

Etne Næringsutvikling, Postboks 78, 5591 Etne