2 Kommunestyret sitt kontrollansvar

Kommunestyret har mykje å seie for kva rolle kontrollutvalet skal ha i kommunen.

Det er kommunestyret som har det overordna kontrollansvaret for den kommunale verksemda. Kommunestyret vel sjølv eit kontrollutval til å utøve den løpande kontrollen med den kommunale verksemda. Kontrollutvalet skal sjå til at rekneskapen til kommunen blir revidert på ein forsvarleg måte, og at økonomien blir forvalta i samsvar med gjeldande føresegner og vedtak. Kontrollutvalet skal også sjå til at det blir ført kontroll med forvaltninga av interessene kommunen har i selskap. Kontrollutvalet skal rapportere resultata av arbeidet sitt til kommunestyret. I saker som skal sendast over til kommunestyret, skal kommunedirektøren få høve til å uttale seg før kontrollutvalet handsamar saka. Kontrollutvalet kan krevje å få innsyn i alle opplysningar, alle saksframstillingar og alle dokument utan hinder av teieplikt, slik at utvalet kan gjere dei undersøkingane det meiner er naudsynte for å gjennomføre oppgåvene sine.

Rammevilkåra for kontrollutvalet blir i stor grad avgjorde av kommunestyret, som legg til rette for at kontrollutvalet skal vere i stand til å gjennomføre kontrolloppgåvene. Ei av dei viktigaste oppgåvene til kommunestyret i denne samanhengen er val av medlemmer til kontrollutvalet. Kommunestyret må også sørgje for at kontrollutvalet har dei ressursane som er naudsynte for å gjennomføre pålagde oppgåver, og leggje til rette for god samhandling mellom kommunestyret og kontrollutvalet. Kommunestyret har difor mykje å seie for kva rolle kontrollutvalet skal ha i kommunen.

Kommunestyret si rolle som kontrollorgan

Det går to kontrollinjer frå kommunestyret. Den eine linja går frå kommunestyret til administrasjonen, ved kommunedirektøren. Ordet kommunedirektør omfattar her tilsvarande funksjonar ved parlamentarisk styreform, slik som kommuneråd, fylkesråd og byråd. Kommunedirektøren er ansvarleg for planlegging, myndeutøving og tenesteproduksjon i kommunen. Kommunedirektøren skal også føre kontroll med eiga verksemd, gjerne omtale som internkontroll.

Den andre kontrollinja går frå kommunestyret til kontrollutvalet. Kontrollutvalet er ansvarleg for kontroll med heile den kommunale verksemda. Kontrollansvaret til kontrollutvalet er ikkje avgrensa til administrasjonen, men omfattar også formannskapet, andre politiske utval og ordføraren. Kontrollutvalet kan i prinsippet handsame alle forhold ved verksemda til kommunen, så lenge det kan definerast som kontroll. Dette gjeld så framt utvalet ikkje overprøver politiske prioriteringar eller vurderer i kva grad vedtak er politisk føremålstenlege. Kontrollutvalet har i utgangspunktet ikkje eit kontrollansvar overfor kommunestyret, ettersom kontrollutvalet er underordna kommunestyret. Utvalet kan likevel uttale seg dersom kommunestyret til dømes har treft, eller er i ferd med å treffe, eit vedtak som vil vere ulovleg.

Kommunestyret

Kor langt strekkjer kontrollansvaret til kontrollutvalet seg?

Det er ikkje berre administrasjonen kontrollutvalet kan føre kontroll med.

Ordførar

I ein kommune kontrollerte kontrollutvalet om ordføraren hadde nytta sommarfullmakta si i samsvar med intensjonen.

Formannskap

I ein annan kommune kontrollerte kontrollutvalet om vedtaket i formannskapet var i samsvar med delegeringa frå kommunestyret.

Kommunestyret

I ein tredje kommune stilte kontrollutvalet spørsmål ved om det var rett av kommunestyret å tildele ein leverandør eit oppdrag utan å konkurranseutsetje oppdraget. Den totale verdien av kontrakten var større enn den gjeldande terskelen i reglane om offentlege anskaffingar.

Ein del kommunale tenester blir organiserte i eigne verksemder som ikkje er ein del av den kommunale etatsorganiseringa, til dømes kommunale føretak (KF) og aksjeselskap (AS). Dette har innverknad på styrings- og kontrollmoglegheitene til kommunen, noko kommunestyret må vere merksame på når dei organiserer tenesteproduksjonen. Spesielt gjeld dette stiftingar, som er ei organisasjonsform der moglegheitene til styring og kontroll er avgrensa.

Fleire kommunar vel også å samarbeide om kommunale tenester anten i interkommunale selskap (IKS) eller andre former for interkommunalt samarbeid. Ei form for interkommunalt samarbeid er vertskommunesamarbeid. Vertskommunesamarbeid kan innebere at det blir delegert vedtaksmynde til ein annan kommune (vertskommune). Den einskilde kommunen har framleis det formelle ansvaret for lovpålagde oppgåver for sine innbyggjarar, også når vedtaksmyndet er delegert til ein vertskommune. Det er likevel kontrollutvalet i vertskommunen som fører kontroll med verksemda i ein vertskommune på vegner av alle deltakarkommunane.

Val og samansetjing av kontrollutvalet

Kommunestyret vel medlemmer og varamedlemmer til kontrollutvalet, og blant desse leiar og nestleiar. Det skal veljast minst fem medlemmer. For å sikre tilstrekkeleg kontakt mellom kommunestyret og kontrollutvalet er det eit krav at minst éin av medlemmene skal sitje i kommunestyret. Det er og lovleg å ha gjennomgåande representasjon. Dette inneber at heile kontrollutvalet blir valt blant medlemmene i kommunestyret.

Avgrensingar i valbarheit

Krav til at kontrollutvalet skal vere uavhengig og nøytralt, medfører at ein medlem av kontrollutvalet som hovudregel ikkje kan ha verv som kan kome i konflikt med arbeidet i kontrollutvalet. Dette inneber at følgjande personar ikkje kan bli valde til kontrollutvalet:

  • ordførar og varaordførar
  • medlem og varamedlem til formannskap og fylkesutval
  • medlem og varamedlem av kommunestyrekomité eller fylkestingkomité
  • medlem og varamedlem av folkevalde organ med vedtaksmynde. Medlem og varamedlem av kommunestyret er likevel valbare.
  • medlemmer av kommuneråd eller fylkesråd
  • personar som har ei leiande stilling i eller er medlem eller varamedlem av styret eller bedriftsforsamlinga i eit selskap som kommunen eller fylkeskommunen har eigarinteresser i
  • personar som har ei leiande stilling i eller er medlem eller varamedlem av styret i eit interkommunalt politisk råd eller eit kommunalt oppgåvefellesskap
  • tilsette i kommunen eller fylkeskommunen, uansett stillingsbrøk

Alternativet «folkevalde organ med vedtaksmynde» rommar ei rekkje ulike organ. Til dømes vil medlemmer av klagenemnd etter eigedomsskattelova ikkje vere valbare til kontrollutvalet. Det same gjeld medlemmer av fellesnemnd etter inndelingslova.

Styremedlemmer i kommunale føretak vil heller ikkje vere valbare til kontrollutvalet.

Kommunelova § 5-12 bestemmer at alle kommunar skal ha eit eldreråd, råd for personar med funksjonsnedsetjing og ungdomsråd. Desse råda har ikkje vedtaksmynde. Det er difor ikkje forbod mot at dei same personane sit i eit slikt råd og kontrollutvalet.

Kontrollutvalet skal veljast på det konstituerande møtet, jf. kommunelova § 7-1 tredje ledd. På den måten unngår ein at medlemmene i kommunestyret først blir valde til andre verv som kjem i konflikt med rolla som kontrollutvalsmedlem.

Generelt bør kommunestyret sørgje for at kontrollutvalet blir eit velfungerande organ, med medlemmer som kan delta aktivt i oppgåvene til kontrollutvalet. I tillegg til dei lovfesta reglane for valbarheit bør kommunestyret difor også vurdere forhold knytte til habilitet.

Valbarheit og inhabilitet

Kommunestyret må vere merksam på at det kan vere tilhøve som gjer at valbare personar ofte kan bli inhabile, og at det difor ikkje er tenleg at dei blir valde. Til dømes dersom kontrollutvalsmedlemmen er i ein for nær relasjon med personar som har leiaransvar i sentraladministrasjonen i kommunen

Samansetjing av kontrollutvalet

Dersom valet skjer som forholdsval (det vil seie at partia eller grupperingane set opp kvar si liste), må kvar liste tilfredsstille krava i kommunelova § 7-5 andre ledd til kjønnsmessig balanse. Kravet til kjønnsmessig balanse gjeld kvar liste, og ikkje den endelege samansetjinga av utvalet.

Dersom valet skjer som avtaleval, jf. kommunelova § 7-7, blir det sett opp éi samla liste. Dersom ingen medlemmer av kommunestyret krev forholdsval, blir lista vedteke samrøystes av kommunestyret, jf. kommunelova § 7-4 første ledd. Regelen om kjønnsmessig balanse i kommunelova § 7-5 andre ledd krev at lista må setjast opp slik at det blir kjønnsmessig balanse i utvalet.

Leiar for kontrollutvalet kan ikkje vere medlem av det same partiet eller tilhøyre den same gruppa som ordføraren, jf. kommunelova § 23-1 andre ledd. For nærare vurderingar av kva som ligg i «gruppe», sjå tolkingsfråsegn frå departementet: § 23-1: Spørsmål knyttet til den nye kommunelova § 23-1 om kontrollutvalget – regjeringa.no

I fleire kommunar har opposisjonen fleirtal i kontrollutvalet, sjå nærare rapporten. Valg av medlemmer til kommunale og fylkeskommunale kontrollutvalg, Forum for kontroll og tilsyn 2020.

Kommunestyret kan sjølv fastsetje reglar om samansetjinga av kontrollutvalet utover minimumskrava i lova.

Kontrollutvalet er eit lekmannsorgan. I regelverket er det ikkje sett krav til kompetanse og erfaring for medlemmene av utvalet. Kommunestyret kan likevel leggje vekt på at kontrollutvalet bør representere ei breidd i kompetanse og erfaringsbakgrunn. Det er viktig at kommunestyret vurderer kva erfaring og kompetanse det er naudsynt å ha i kontrollutvalet, og at kommunestyret drøftar kva forhold det er viktig å leggje vekt på.

«Viktige forutsetningar for at kontrollutvalet skal fungere godt, er nok ressursar, engasjerte og kompetente medlemar og sekreteriat.» (Kontrollutvalsleiar)

Behovet for kompetanse er noko kommunestyret kan ta omsyn til gjennom val til kontrollutvalet. Det er også viktig at kommunestyret sikrar at kontrollutvalsmedlemmene får naudsynt opplæring.

Så langt det er mogleg, er det ein føremon at kommunestyret sikrar kontinuitet ved val til kontrollutvalet. Kommunestyret kan mellom anna sørgje for at ikkje alle medlemmene blir skifta ut på same tidspunkt.

Val av varamedlemmer

Medlemmene i kontrollutvalet har varamedlemmer frå den partigruppa medlemmen høyrer til. Det er likevel viktig å hugse på at medlemmene ikkje skal drive partipolitikk i kontrollutvalet.

Dersom varamedlemmen ikkje kan stille når ein kontrollutvalsmedlem melder forfall, kan ein ikkje hente inn vara frå dei andre partia. På grunn av at det kan variere kva varamedlemmer som blir kalla inn frå gong til gong (avhengig av kva representant som melder forfall), kan det gå lang tid mellom kvar gong ein varamedlem deltek i kontrollutvalet. Det kan difor vere vanskeleg for varamedlemmene å halde seg orienterte om sakene og medverke aktivt i utvalet.

Ved avtaleval blir det valt eit tal varamedlemmer for kvar partigruppe som svarer til talet medlemmer partigruppa skal ha i utvalet, med eit tillegg av to personar. Ved forholdsval til kontrollutvalet kan fleire parti gå saman om éi liste. Desse dannar då éi gruppe i kontrollutvalet og har felles varaliste.

Det er viktig at kommunestyret vel eit tilstrekkeleg tal på varamedlemmer, slik at utvalet kan vere fulltalig sjølv om nokon av dei faste medlemmane har forfall.

Nyval og suppleringsval

Kommunestyret er ansvarleg for at kontrollaktiviteten i kommunen blir teken hand om. Kommunestyret kan når som helst gjennomføre nyval av medlemmene i kontrollutvalet, til dømes dersom dei meiner utvalet ikkje fungerer, sjå kommunelova § 23-1 fjerde ledd. Ved utskifting av éin eller fleire medlemmer av utvalet skal det gjennomførast nyval av alle medlemmer. Dette hindrar ikkje at delar av utvalet kan bli attvalde.

Dersom ein medlem trer varig ut, til dømes ved flytting, vel kommunestyret ein ny medlem frå den same gruppa som den som trer ut, høyrer til. Her vil det likevel vere viktig å ta omsyn til kjønnsfordelinga, sjå kommunelova § 7-10 fjerde ledd. Intensjonen bak føresegna om ein kommunestyremedlem i kontrollutvalet tilseier at kommunane strekkjer seg langt for å sikre at kommunestyret er representert i kontrollutvalet i heile valperioden. Suppleringsval vil ikkje få konsekvensar for dei andre medlemmene i utvalet.

Departementet publiserer kvart fjerde år eit konstitueringsrundskriv. Rundskrivet inneheld mye informasjon valreglane.

Reglement for kontrollutval

Kommunelova § 5-13 bestemmer at alle folkevalde organ skal ha eit reglement. Dette gjeld også kontrollutvalet. Reglementet skal ha føresegner om

  • verkeområdet til organet og det eventuelle vedtaksmyndet det har
  • tidsperioden som organet er oppretta for
  • eventuelle andre sentrale føresegner om verksemda til organet

I tillegg kan kommunestyret gje andre typar føresegner i reglementet. Reglementet kan mellom anna romme retningslinjer for sakshandsaminga i utvalet og ei skildring av oppgåvene til utvalet. Vidare kan reglementet omfatte krav til møtefrekvens, rutinar knytte til budsjetthandsaming, og retningslinjer for evaluering av verksemda til kontrollutvalet. Reglementet kan ikkje fastsetje retningslinjer som avgrensar eller som er i strid med gjeldande regelverk for kontrollutvalet.

Samspelet mellom kommunestyret og kontrollutvalet

Det er kommunestyret som har det overordna kontrollansvaret for den kommunale verksemda. Kontrollutvalet fører den løpande kontrollen med den kommunale forvaltninga på vegner av kommunestyret.

«Det er viktig at alle forstår og ser de ulike rollene de har og innser at via godt samarbeid kan kontrollutvalget og kommunestyret sammen bidra til en bedre kommune.» (Kontrollutvalsleiar)

God forståing og respekt for kvarandre sine roller er avgjerande for god samhandling mellom kommunestyret og kontrollutvalet. Det er difor viktig at kommunestyret legg til rette for god dialog og informasjonsutveksling.

Rolleforståing

Folkevaldopplæringa ved oppstarten av kvar valperiode kan vere ein viktig arena for å skape grunnlag for god samhandling mellom kommunestyret og kontrollutvalet. Opplæringa kan vere med på å auke forståinga for kva roller dei to organa skal ha.

Opplæringa bør difor gje informasjon om kontrollansvaret til kommunestyret og krava dette stiller til kommunestyret og til arbeidet i kontrollutvalet.

«Ta med kontrollutvalget på folkevalgtopplæring. Gi rom for å la kontrollutvalget presentere seg og sine oppgaver.» (Ordførar)

Kontrollutvalsmedlemmer og varamedlemmer bør bli inviterte til å ta del i folkevaldopplæringa, slik at dei blir kjende med oppgåvene til kommunestyret. Kommunestyret bør også på andre måtar sikre at kontrollutvalsmedlemmer får tilstrekkeleg opplæring.

Ordføraren sin møterett i kontrollutvalet

Ordførar har møte- og talerett i kontrollutvalet. Det at ordføraren deltek på kontrollutvalsmøte, er med på å synleggjere at kontrollutvalet er kommunestyret sitt kontrollorgan. Dette gjev høve til direkte dialog, der kontrollutval og ordførar kan utveksle informasjon og oppdatere kvarandre på aktuelle saker.

«Ordfører blir alltid invitert til å møte, men avgjør selv om han vil møte eller ikke. Hos oss møter ordfører primært når han selv ønsker å informere kontrollutvalget om noe, eller hvis kontrollutvalget skal behandle saker han har spesiell interesse av.» (Kontrollutvalsleiar)

Nokre ordførarar møter i kontrollutvalet ein til to gonger i året, mens andre ordførarar vel å ta i bruk møteretten sin ved å stille på kvart møte. Det kan vere nyttig at ordførar og kontrollutvalet tidleg i valperioden klårgjer kva behov og forventingar ein har til ordføraren si deltaking på kontrollutvalsmøta. Ordførarar kan vere usikre på om kontrollutvala ynskjer at dei deltek, ut ifrå omsynet til at kontrollutvalet skal vere uavhengig. Ordførarar ynskjer heller ikkje å gje inntrykk av at dei blandar seg inn i sakene til kontrollutvalet og prøver å overstyre arbeidet til kontrollutvalet. Kontrollutvalet kan vurdere i kva saker det vil vere særleg nyttig at ordføraren er til stades. Ved å oppmode ordførar spesielt om å delta i møte der kontrollutvalet skal ta opp slike saker, vil utvalet leggje til rette for ei god samhandling mellom kontrollutvalet og ordførar.

God samhandling mellom kontrollutval og kommunestyret

Eit godt samarbeid byggjer på openheit, dialog, tillit, gjensidig informasjon og rolleforståing. Dette kan kome til uttrykk ved

  • at kommunestyret viser interesse for arbeidet til utvalet
  • at ordførar møter på kontrollutvalsmøta
  • at kommunestyret gjev kontrollutvalet rom for å gje god informasjon om arbeidet utvalet gjer til kommunestyret under behandling av saker
  • at kommunestyret brukar kontrollutvalet når ein ynskjer å få kontrollert ei sak
  • at kontrollutvalet sørgjer for god informasjon om arbeidet utvalet gjer generelt, og om enkeltsaker utvalet jobbar med
  • at kontrollutvalsmedlemmene ikkje driv partipolitikk i utvalet
  • at kontrollutvalsleiar møter i kommunestyret

Innspel til kontrollutvalet frå kommunestyret

Kontrollutvalet arbeider på oppdrag frå kommunestyret, og fleirtalet i kommunestyret kan oppmode eller påleggje kontrollutvalet å kontrollere konkrete saker for kommunestyret. Kommunestyret bør vurdere om saker ligg innanfor mandatet og oppgåvene til utvalet, før dei blir sende til kontrollutvalet. I nokre tilfelle sender kommunestyret framlegg frå enkeltrepresentantar direkte vidare til kontrollutvalet som oversendingsframlegg, utan at kommunestyret realitetshandsamar framlegga. Enkeltrepresentantar frå kommunestyret kan ikkje påleggje kontrollutvalet oppgåver. I slike tilfelle er det ikkje påkravd at kontrollutvalet realitetshandsamar saka.

Uavhengig av om kontrollutvalet får oversendt saker frå kommunestyret, kan utvalet på eige initiativ følgje opp saker som er handsama i kommunestyret, dersom utvalet meiner det er viktig ut ifrå eit kontrollperspektiv. Det er likevel viktig at dette ikkje blir ein omkamp om politiske vedtak.

Kontrollutvalsleiar sin møterett i kommunestyret

Leiar i kontrollutvalet har møte- og talerett i kommunestyret når saker frå kontrollutvalet blir handsama. Leiaren kan la ein av dei andre medlemmene i utvalet utøve denne retten på sine vegner. Det er viktig at kontrollutvalet nyttar denne retten, og at ordførar gjev kontrollutvalsmedlemmene eiga taletid, slik at utvalet kan informere om aktuelle saker i samband med handsaminga i kommunestyret. Spesielt gjeld dette handsaminga av årsrekneskap og rapportar frå forvaltningsrevisjonar og eigarskapskontrollar.

«Det er svært viktig for kontrollutvalgsleder å være til stede i bystyret. Jeg er ikke medlem av bystyret denne perioden, men møter alltid. Jeg har talerett på våre saker og den benytter jeg.» (Kontrollutvalsleiar)

Når kontrollutvalsleiar får høve til å presentere sakene for kommunestyret, får kommunestyret eit betre grunnlag for å handsame sakene. Presentasjon av sakene vil også vere med på å synleggjere arbeidet til kontrollutvalet, og vil setje kommunestyret betre i stand til å forstå og bruke kontrollutvalet aktivt som sitt kontrollorgan.

Saker frå kontrollutvalet til kommunestyret

Kontrollutvalet skal rapportere resultata av arbeidet sitt til kommunestyret. I saker som skal sendast over til kommunestyret, skal kommunedirektøren få høve til å uttale seg før kontrollutvalet handsamar saka. Saker frå kontrollutvalet skal fremjast til kommunestyret for handsaming.

«Det er viktig at kontrollutvalget løpende legger frem og presenterer sakene for kommunestyret som organ.» (Kontrollutvalsleiar)

I saker der kontrollutvalet har innstillingsrett, har verken kommunedirektør eller folkevalde organ høve til å gje innstilling. Innstillingsretten til kontrollutvalet er knytt til saker der kontrollutvalet rapporterer resultata av sitt arbeid. Dette gjeld mellom anna:

  • plan for eigarskapskontroll
  • rapportar frå gjennomførte eigarskapskontrollar
  • plan for forvaltningsrevisjon
  • rapportar frå gjennomførte forvaltningsrevisjonar
  • rapportering om saker som ikkje er følgde opp av administrasjonen

Kontrollutvalet har i tillegg lovfesta innstillingsrett i saker som gjeld val av revisjonsordning. Dersom kommunen har eigen revisjon, skal kontrollutvalet innstille til kommunestyret i saker som gjeld å tilsetje, suspendere, seie opp eller setje av leiaren av revisjonen. Leiaren av revisjonen tilset, suspenderer, seier opp eller gjev avskil til dei andre tilsette i revisjonen. Kontrollutvalet har også innstillingsrett når kommunestyret vel sekretariat for kontrollutvalet.

Kontrollutvalet sin innstillingsrett til kommunestyret er ikkje til hinder for at andre folkevalde organ kan handsame saker frå kontrollutvalet før dei blir handsama i kommunestyret. Saksframlegget til kontrollutvalet og innstillinga skal likevel gå uendra til kommunestyret og gå tydeleg fram av saksdokumenta.

Det kan vere ein føremon at kommunestyret drøftar kva typar saker dei ynskjer at kontrollutvalet skal leggje fram, slik at kommunestyret på ein tenleg måte kan halde seg orientert om arbeidet til kontrollutvalet.

Handsaming av budsjett for kontrollarbeidet

For å gje kontrollutvalet gode arbeidsvilkår må kommunestyret stille naudsynte ressursar til disposisjon. Kommunestyret skal vedta eit samla budsjett for kontrollarbeidet i kommunen, mellom anna utgifter til kontrollutvalet, sekretærbistand og revisjon.

Kontrollutvalet skal utarbeide framlegg til budsjett. I budsjettet må kontrollutvalet synleggjere eigne kostnader og kostnader knytte til revisjonsaktivitetar. Vidare er det viktig at budsjettet tek høgd for at det kan oppstå uventa situasjonar, slik som til dømes førespurnader frå innbyggjarar, mediesaker og mistanke om mislege handlingar, som kontrollutvalet må følgje opp (sjå kapittel 4).

Det kan i løpet av perioden kome ekstra bestillingar frå kommunestyret, utover det som er vedteke i planane til kontrollutvalet. Dersom kontrollutvalet ikkje har tilgjengelege budsjettmidlar, kan utvalet fremje ei sak om ekstra midlar frå kommunestyret.

Det er berre kommunestyret som kan endre budsjettframlegget frå kontrollutvalet. Grunnen til at budsjettet til kontrollutvalet er i ei særstilling, er at utvalet skal vere fritt og uavhengig av dei organa som utvalet skal kontrollere. Det er uheldig om administrasjonen eller eit organ som kontrollutvalet skal kontrollere, til dømes formannskapet, får innverknad på budsjettramma til utvalet.

Formannskapet kan likevel, i sitt samla budsjett, føreslå eit lågare beløp enn det kontrollutvalet føreslår. Budsjettframlegget til kontrollutvalet skal likevel uendra følgje det samla budsjettframlegget til kommunestyret, slik at kommunestyret ved budsjetthandsaminga har informasjon om både kontrollutvalet sitt framlegg og formannskapet si innstilling til budsjett. Kommunedirektøren har ikkje høve til å gjere endringar i framlegget frå kontrollutvalet undervegs i prosessen.

Kontrollutvalet kan byggje budsjettframlegget sitt på utkast eller anna underlag frå revisor.

Aktuelle budsjettpostar

  • møteutgifter
  • møtegodtgjering
  • tapt arbeidsforteneste og reiseutgifter
  • sekretariatsutgifter
  • konferansar
  • litteratur og medlemsskap
  • utgifter til revisjon
    • rekneskapsrevisjon
    • forenkla etterlevingskontroll med økonomiforvaltninga
    • risiko- og vesentlegvurdering og plan for forvaltningsrevisjon og eigarskapskontroll
    • forvaltningsrevisjon
    • eigarskapskontroll
  • uplanlagde aktivitetar

Kontroll i formannskapsmodellen og i ein parlamentarisk styringsmodell

Dei fleste kommunar og fylkeskommunar er styrte etter formannskapsmodellen. Nokre kommunar og fylkeskommunar har valt ei parlamentarisk styringsform. Formelt sett er det ingen forskjell mellom kommunar med formannskapsmodell og kommunar med ein parlamentarisk styringsmodell når det gjeld rolla og oppgåvene til kontrollutvalet.

I ein formannskapsmodell er kommunedirektøren den øvste leiaren for administrasjonen. I den parlamentariske modellen er eit politisk valt kommuneråd ansvarleg for administrasjonen. Forskjellen i styringslinjer kan føre til at saker som kontrollutvalet handsamar, i større grad kan få politiske konsekvensar i ein parlamentarisk modell. Grunnen til dette er at dei øvste administrativt ansvarlege for tenesteområda i kommunen er politisk valde.

«Vi har et parlamentarisk system, det betyr større grad av balansegang for å få til enstemmige vedtak. Under formannskapsmodellen var det kommunedirektøren som fikk kritikken, nå går det på byråden.» (Kontrollutvalsleiar)

Når kontrollutvalet gjennomfører undersøkingar av forvaltninga, må kommunedirektøren i kommunar som er styrte etter formannskapsmodellen, ta ansvar for eventuelle avvik som blir avdekte. I ein parlamentarisk modell vil det vere det politisk valde kommunerådet som er ansvarleg. I ytste konsekvens kan resultatet av kontrollutvalsarbeidet føre til eit mistillitsforslag i kommunestyret mot det politisk valde kommunerådet og/eller kommuneråden.

Moglege politiske konsekvensar av arbeidet til kontrollutvalet kan medføre at utvalet opplever eit større politisk press i ein parlamentarisk styringsmodell enn i ein formannskapsmodell. Dette gjeld spesielt når kontrollutvalet handsamar saker som er av spesielt alvorleg karakter. Det er viktig at kommunestyret og kontrollutvalet er merksame på dei spesielle utfordringane den parlamentariske styringsmodellen kan innebere for kontrollarbeidet, og strekar under kor viktig det er at kontrollutvalet arbeider sjølvstendig.

Oppsummering

  • Kommunestyret fyller sitt kontrollansvar mellom anna ved å skape gode rammevilkår for arbeidet til kontrollutvalet.
  • Kommunestyret må sikre at kontrollutvalet har eit tilstrekkeleg budsjett, slik at dei kan gjennomføre sine pålagde kontrolloppgåver, og at utvalet har tilgang til eit kompetent sekretariat.
  • Kommunestyret kan påleggje kontrollutvalet å gjennomføre kontrolloppgåver.
  • Val av kontrollutval skal skje på det konstituerande møtet før val av andre folkevalde organ.
  • Kommunestyret bør vurdere om det er mange nok medlemmer i kontrollutvalet. Kommunestyret kan og vurdere om alle parti som er representerte i kommunestyret og bør vere representerte i kontrollutvalet.
  • Det kan vere viktig å avklare kva forventningar kontrollutvalet og ordførar har til ordføraren si deltaking i møta.
  • Kontrollutvalsleiar eller den ho eller han peiker ut, bør nytte møte- og taleretten i kommunestyret.
  • Kommunestyret er ansvarleg for at kontrollutvalsmedlemmene og varamedlemmene får tilstrekkeleg opplæring i sine kontrolloppgåver.
  • Det er ein føremon om kontrollansvaret til kommunestyret er eit tema i folkevaldopplæringa. Det må kommuniserast tydeleg at kontrollutvalet er kommunestyret sitt kontrollorgan, og at det opererer på vegner av kommunestyret.
  • Også kontrollutvalsmedlemmer som ikkje sit i kommunestyret, bør få høve til å delta på folkevaldopplæringa.
Til forsida