Føreord

Kontrollutvalet er avgjerande for å oppnå ein velfungerande eigenkontroll i den enkelte kommune eller fylkeskommune. Ein velfungerande eigenkontroll styrkjer innbyggjarane sin tillit til kommunen og er viktig for å sikre effektiv og rett bruk av ressursane.

Aktørane i eigenkontrollen er kommunestyret, kontrollutvalet saman med sekretariatet, kommunedirektøren og revisor. Ein god eigenkontroll krev samspel mellom desse. For at dette samspelet skal fungere, er det naudsynt at aktørane kjenner både si eiga og kvarandre sine roller. Målet med denne rettleiaren er å skape større forståing for rolla og oppgåvene til kontrollutvalet og å medverke til eit godt samspel mellom dei ulike aktørane.

I denne rettleiaren gjer departementet greie for vår generelle forståing av kommunelova og dei aktuelle forskriftene. Kommunane og fylkeskommunane har eit sjølvstendig ansvar når dei brukar lova, og for vedtaka sine.

Første utgåve av rettleiaren blei utarbeidd av Deloitte på oppdrag frå departementet. Denne tredje utgåva er oppdatert av departementet i samarbeid med Forum for kontroll og tilsyn og Norges Kommunerevisorforbund.

Sidan denne andre utgåva blei publisert, er det vedteke ny kommunelov og nye forskrifter. Dette er innarbeidd i den nye utgåva. Også andre oppdateringar er gjorde. For nærare rettleiing om kommunelova viser vi til dei sentrale forarbeida i Prop. 46 L (2017–2018) og NOU 2016: 4 Ny kommunelov.

Dei same reglane gjeld for fylkeskommunane og kommunane. Dersom det i teksten berre er tale om kommunane, omfattar dette også fylkeskommunane.

Vi håpar rettleiaren vil vere til nytte og inspirasjon for arbeidet i kontrollutvala i alle kommunar og fylkeskommunar.

God lesnad!

  • Kommunal- og distriktsdepartementet
  • januar 2022
Til forsida