Kvam kommune – motsegn til reguleringsplan for gnr 21 bnr 5, Kvamskogen

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Miljøverndepartementet

Avgjørelse i innsigelsessak, 13. august 2007

 

Kvam kommune – motsegn til reguleringsplan for gnr 21 bnr 5, Kvamskogen


Saka er sendt Miljøverndepartementet ved fylkesmannen sitt brev 5. februar 2007 for avgjerd etter plan- og bygningslova § 27-2 nr. 2.

Miljøverndepartementet stadfestar reguleringsplan for gnr 21 bnr 5, Kvamskogen, med ei mindre endring i reguleringsføresegnene. Miljøverndepartementet er samd med fylkesmannen i at det er viktig å vurdere vegbygging i revisjonen av kommunedelplanen for Kvamskogen, og at det er uheldig å tillate vegar etter einskilde reguleringsplanar utan ei slik samla avklaring. Miljøverndepartementet har likevel kome til at det i denne konkrete saka er lite å oppnå ved å vente på ny kommunedelplan, idet vegane ikkje er til slik skade for allmenne frilufts- og landskapsinteresser at kommunen si avgjerd bør setjast til sides. Motsegna frå fylkesmannen vert dermed ikkje teken til følgje.

Bakgrunnen for saka

Reguleringsplanen for gnr 21 bnr 5, Kvamskogen, gjeld endringar i tidlegare reguleringsplan frå 1987. Det vert tillate å byggje vegar i hytteområdet ved at tidlegare stiar vert omregulert frå spesialområde friluftsområde til spesialområde privat veg. Dessutan vert talet på hytter auka frå 27 til 29.

Fylkeskommunen frårådde i brev 19. april 2006 at det vert tilrettelagt for heilårsveg fram til hyttene i planområdet, ut frå omsynet til allmenn ferdsel. Kvamskogen er eit viktig regionalt vinterutfartsområde for store delar av befolkninga i fylket, og vinterbrøytte vegar fram til hyttene på Kvamskogen er eit konfliktfylt tema. Fylkeskommunen peikar på at det ikkje går klart fram av saka om vegane kjem i konflikt med eksisterande ferdsel i og gjennom området, men rår til at ein gjennomgåande løypetrase vert vist i planen. Fylkeskommunen meiner arealbruken på Kvamskogen må fastleggjast gjennom den nye kommunedelplanen for Kvamskogen før kvar einskild reguleringsplan vert handsama.

Fylkesmannen fremma 27. april 2006 motsegn mot omregulering av stiane til vegar, ut frå effekten på landskapet og omsynet til friluftsliv. Fylkesmannen viser til at reguleringsområdet ligg i byggjeområde i gjeldande kommunedelplan, og planen føreset at tilhøve til landskap, friluftsliv og  naturverdiar vert avklara i reguleringsplan. Fylkesmannen meiner det er eit påtrengjande behov for å få ferdig ein oppdatert kommunedelplan der dei overordna prinsippa for utbygging og vegar vert vurdert i større samanheng. Fylkesmannen meiner nye vegar er svært problematisk, særleg i høve til landskap og friluftsliv, og meiner hytteområda på Kvamskogen er ein viktig del av turområda. Fylkesmannen meiner dessutan at vegane i reguleringsområdet vil få svært negativ landskapsverknad, og er eit tema som må avklarast gjennom ny kommunedelplan. Fylkesmannen meiner konflikten med friluftsliv, særleg vinterstid, ikkje er omtala tydeleg nok i planen.

Kommunen bad i brev 8. juli 2006 om at fylkesmannen trekker motsegna, på bakgrunn av handsaming av søknad om bygging av vegar i området. Kommunen meiner det er heimel i gjeldande reguleringsplan for å byggje vegen, ved formuleringa ”sti som kan opparbeidast for framkomst med traktor”.

Fylkesmannen opprettheldt motsegna i brev 22. august 2006.

Kommunestyret vedtok reguleringsplanen i møte 3. oktober 2006, utan å ta omsyn til motsegna. I saksutgreiinga går det fram at kommunen meiner gjeldande reguleringsplan heimlar eit så tungt inngrep fordi ein skal kunne kome fram med traktor. Det vert peika på at tidlegare sakshandsaming er utydeleg på grensedraginga mellom byggesaka og plansaka.

Kommunen sende saka til fylkesmannen ved brev 21. desember 2006.

Fylkesmannen rådde i oversendingsbrevet til departementet 5. februar 2007 til at motsegna vert teken til følgje. Fylkesmannen fann ikkje grunnlag for mekling, då usemja hovudsakleg gjeld tolkinga av gjeldande reguleringsplan og vektlegginga av overordna planarbeid. Fylkesmannen meiner saka har prinsipielle sider med omsyn til kva som skal tillatast i eksisterande hytte- og turområde på Kvamskogen, som er det største og viktigaste utfartsområdet for Bergen og omegn vinterstid. Det er uheldig at det stadig vert fremma nye enkeltplanar på Kvamskogen utan at dei overordna prinsippa for arealstyring er på plass. Fylkesmannen er usamd med kommunen i at gjeldande reguleringsplan heimlar køyreveg i området. Fylkesmannen meiner spørsmålet om det nye føremålet privat veg mellom hyttene må vurderast i samband med den pågåande revisjonen av kommunedelplanen for Kvamskogen.

Synfaring og møte om saka vart halde 11. mai 2007 med representantar for kommunen, fylkesmannen, Direktoratet for naturforvaltning og Miljøverndepartementet. Grunneigaren var også til stades.

Direktoratet for naturforvaltning rådde i brev 5. juni 2007 til at motsegna frå fylkesmannen blir teken til følgje. Direktoratet meiner endring av friluftsføremål til vegføremål vil endre opplevinga av området, både i forhold til landskaps- og friluftsverdiar. Direktoratet meiner kommunen burde avklart kvar det er ønskjeleg med vegutløysning gjennom ein overordna plan som ser heile Kvamskogen under eitt, framfor at dette styrast gjennom enkelplanar. Direktoratet stør fylkesmannen si tilråding om dei prinsipielle og overordna spørsmåla i samband med utbygging på Kvamskogen og tilrår at prinsippa for vegutløysing blir avklart gjennom revidert kommunedelplan.

Miljøverndepartementet si vurdering

Miljøverndepartementet skal ta stilling til spørsmålet om det kan byggjast heilårs bilvegar til hyttene i det aktuelle hytteområdet på Kvamskogen. Departementet må vurdere om kommunen sitt vedtak er i strid med nasjonale eller viktige regionale interesser.

Spørsmålet om vegar i hytteområde er omtala i Miljøverndepartementet sin veileder T-1450 Planlegging av fritidsbebyggelse. Det er peika på at tilrettelegging for høg teknisk standard gir store utfordringar. Vidare er det uttala at kommuneplanen bør avgrense kor det skal være tillate med vegtilknyting med og utan vinterbrøyting. I St.meld. nr. 26 (2006-2007) Regjeringens miljøpolitikk og rikets miljøtilstand er arealforvaltninga av fjellområda omtala på s. 57 og hyttepolitikken på s. 62. Der er det uttala at spørsmål knytt til vegar, brøyting, utfartsparkering, stiar og løyper krev ei heilskapleg planlegging.

Nogjeldande reguleringsplan for det aktuelle hytteområdet er frå 1987. Planen  viser stiar i friluftsområdet, og føresegnene fastset i § 6 følgjande: ”I hytteområda og friluftsområda kan regulerte stiar opparbeidast for framkomst med traktor.”

Kommunen har gitt løyve til bygging av vegane, og vegane er i hovudsak bygd allereie. Kommunen har i samband med byggesaka og ved handsaminga av motsegna uttala at dei meiner reguleringsplanen frå 1987 gir heimel for å byggje vegane.

Miljøverndepartementet er ikkje samd i kommunen si tolking av føresegnene. Området er i reguleringsplanen frå 1987 avsett til friluftsområde, med reguleringsføresegn som tillet stiar som er vist på plankartet. Sjølv om stiane skal kunne opparbeidast for framkomst med traktor, er ein sti likevel noko anna enn ein veg. Rett reguleringsføremål for private veger er spesialområde for private veger. Det er dette nye føremålet kommunen har vedteke å omregulere til, og Miljøverndepartementet legg til grunn at det er nødvendig med omregulering for å byggje dei aktuelle vegane. Kommunen skulle såleis ikkje ha gitt løyve til å byggje vegane før reguleringsplanen var ferdig handsama.

Området er vist som byggjeområde i gjeldande kommuneplan for kommunen og i gjeldande kommunedelplan for Kvamskogen. Kommunen arbeidar med å revidere kommunedelplanen. Miljøverndepartementet er samd med fylkesmannen i at det er viktig at spørsmålet om vegar på Kvamskogen vert handsama i den nye kommunedelplanen, på bakgrunn av at Kvamskogen er eit særs viktig hytte- og turområde. Vidare vegbygging på Kvamskogen bør difor ikkje tillatast før det  er avklart i ny kommunedelplan. Når ein planlegg hytteområde, må ein vurdere dei samla konsekvensane, også av tilhøyrande vegar.

Det beste hadde vore om ei slik overordna og samla vurdering hadde skjedd før avgjerd av spørsmålet om vegar i det aktuelle hytteområdet. Miljøverndepartementet finn det likevel vanskeleg å skyve spørsmålet om veg i dette hytteområdet ut i tid, slik tilhøva i denne saka elles er.

Departementet må difor vurdere om vegane kjem i slik konflikt med omsyn til friluftsliv og landskap at dei ikkje kan tillatast.

Utbygginga av området er ikkje fullført, sjølv om nokre hytter er bygd. Det vert bygd store hytter med høg standard. Hyttebygginga fører til at området vert meir privat, og ferdsel som tidlegare kan ha vore naturleg gjennom området, kan bli vanskeleg når området er ferdig utbygt. Det kom fram under synfaringa at det ikkje er spesielle stiar eller skiløyper gjennom reguleringsområdet, men det går preparert skiløype like i nærleiken. Det er såleis ikkje påvist at friluftsinteresser vert skadelidande ved vegbygginga.

Miljøverndepartementet er samd med fylkesmannen i at vegane vil påverke landskapet. Departementet meiner likevel at det er sjølve hyttebygginga som er det største inngrepet i landskapet, jf. at det som nemnt gjeld store hytter med høg standard. Departementet viser også til at det ikkje er tillete vegar til alle hyttene i området. Det er framleis vist stiar i den øvste og brattaste delen av området, der omsynet til landskap er viktigast.

Miljøverndepartementet kan etter dette ikkje sjå at omsynet til allment friluftsliv eller landskap gjer at kommunen sitt vedtak må setjast til sides.

Den omtvista reguleringsføresegna er oppretthalde for dei stiane som er vist på den nye planen. § 6 fjerde ledd i føresegnene lyder framleis slik: ”I hytteområda og friluftsområda kan regulerte stiar opparbeidast for framkomst med traktor.” Departementet meiner denne formuleringa må takast ut av reguleringsføresegnene.
  

Vedtak

I medhald av plan- og bygningslova § 27-2 finn Miljøverndepartementet å kunne stadfeste Kvam kommunestyre sitt vedtak 3. oktober 2006 om reguleringsplan for gnr 25 bnr 5, Kvamskogen, med endring slik at reguleringsføresegnene § 6 fjerde ledd vert teken ut.

Vedtaket inneber at Miljøverndepartementet gjer endringar i reguleringsplanen. Etter plan- og bygningslova § 27-2 nr. 2 kan departementet etter at kommunen er gitt høve til å uttale seg, gjere dei endringane som er nødvendige, men planen kan ikkje endrast i hovudtrekka. Departementet har difor tatt kontakt med kommunen om endringa i reguleringsføresegnene.

Miljøverndepartementet har ikkje fått oversendt ordinært reguleringskart i saka, berre kartet innbunde i heftet med saksdokumenta. Departementet har difor ikkje gjort påteikning på plankartet og reguleringsføresegnene.

Miljøverndepartementet ber om at kommunen sjølv gjer endringar i reguleringsføresegnene slik at § 6 fjerde ledd vert teken ut.


Med helsing
Helen Bjørnøy

Kopi:
Kvam kommune         
Hordaland fylkeskommune         
Direktoratet for naturforvaltning

Vedlegg:
Sakdokumenta i retur