Meld. St. 29 (2010–2011)

Felles ansvar for eit godt og anstendig arbeidsliv

Til innhaldsliste

1 Kjelder

Arbeidskraftundersøkinga (AKU)

Statistisk sentralbyrå gjennomfører arbeidskraftundersøkinga fire gonger årleg, og undersøkinga dekkjer eit representativt utval av den norske befolkninga i alderen 15–74 år, i alt ca. 24 000 personar kvart kvartal. AKU er viktig som referanse for viktige variablar i arbeidslivet. Undersøkinga omfattar basisinformasjon om yrkestilknyting (yrke, næring, tilsetjingsform, arbeidstid, arbeidssøking og ønske om arbeidstid, fråvær frå arbeid og biarbeidsforhold). Formålet er å gi informasjon om utviklinga i sysselsetjing og arbeidsløyse, og om tilknyting til arbeidsmarknaden hos ulike befolkningsgrupper, arbeidstidsordningar osv.

AKU-tala er forsynte med vekter som tek omsyn til at svarprosenten varierer med alder, kjønn, bustad osv. Ved bruk av vektene kan ein estimere nasjonale tal.

Kvart år har AKU ei tilleggsundersøking med ei rekkje spørsmål i tråd med krav frå Eurostat. I 2007 dreia denne tilleggsundersøkinga seg om arbeidsrelatert skade og sjukdom. Ca. 16 000 personar svarte på desse spørsmåla.

Arbeids- og velferdsforvaltninga (NAV)

Arbeids- og velferdsforvaltninga består av den statlege arbeids- og velferdsetaten og delar av sosialtenestene i kommunane. I meldinga er NAV brukt som kjelde til opplysningar om godkjende yrkessjukdommar, sjukefråvær, oppbrukte sjukepengerettar og uførepensjon.

Arbeidstilsynet

Arbeidstilsynet er ein statleg tilsynsetat som ligg under Arbeidsdepartementet. Etaten har til oppgåve er å føre tilsyn med at verksemdene følgjer krava i arbeidsmiljølova. Frå Dokumentasjons- og analyseavdelinga i Direktoratet for arbeidstilsynet har vi fått data om arbeidsskadedødsfall, oversikt over legar som melder arbeidsrelatert sjukdom, og om Arbeidstilsynet sine tilsyn i verksemdene. Arbeidstilsynet si godkjenningseining for bedriftshelsetenesta har gitt oss oversikt over godkjende bedriftshelsetenester.

Arbeidstilsynet er også kjelde til informasjon frå Arbeidstilsynet sitt yrkesskaderegister og Arbeidstilsynet sitt register over legemelde arbeidsrelaterte sjukdommar.

http://www.arbeidstilsynet.no/

Arbeidstilsynet sitt register over legemelde arbeidsrelaterte sjukdommar (RAS)

Legar har plikt til å melde frå til Arbeidstilsynet dersom dei får kjennskap til at ein arbeidstakar lid av ein sjukdom som legen går ut frå har oppstått på grunn av arbeidssituasjonen til arbeidstakaren, jf. aml. § 22. Desse meldingane gir tilgang til data om arbeidsrelaterte helseskadar frå ei upartisk, kvalifisert kjelde, med beskrivingar av kjende og mindre kjende risikoforhold i arbeidsmiljøet som kan vere utløysande årsak til sjukdom. Verdien av meldingane ligg i detaljeringsgraden, ikkje i at dei er komplette. Arbeidstilsynet har også oversikt over talet på legar som melder sjukdommar til tilsynet, i forhold til talet på potensielle meldarar.

Arbeidstilsynet sitt yrkesskaderegister (i VYR)

Arbeidstilsynet sitt yrkesskaderegister omfattar meldingar som er vidaresende frå NAV, og er basert på meldeplikta til arbeidsgivarane. Det er stor variasjon i tidsrommet frå ein yrkesskade har skjedd, til Arbeidstilsynet får kopi av meldeskjemaet til NAV, så statistikken for eit bestemt år blir ikkje rekna for å vere komplett før 18 månader etter årsslutt. Grunnlaget for statistikken er vurderingar frå arbeidsgivarane av om skaden kan dekkjast av folketrygda. Det inneber at mange yrkesskadar ikkje blir rapporterte. Statistikken frå Arbeidstilsynet dei siste åra omfattar om lag 35–40 prosent av talet på skadar. Men det er grunn til å tru at rapporteringsgraden er relativt stabil, og at statistikken derfor kan gi gode indikasjonar på utviklinga i omfanget av yrkesskadar.

Database on Institutional Characteristics of Trade Unions, Wage Setting, State Intervention and Social Pacts (ICTWSS)

The ICTWSS database covers four key elements of modern political economies in advanced capitalist societies: trade unionism, wage setting, state intervention and social pacts. The database contains annual data for 34 countries: Australia, Austria, Belgium, Bulgaria, Canada, Cyprus, the Czech Republic, Denmark, Estonia, Germany, Greece, Finland, France, Hungary, Ireland, Italy, Japan, Latvia, Lithuania, Luxembourg, the Netherlands, New Zealand, Malta, Norway, Poland, Portugal, Romania, Spain, Slovenia Slovakia, Sweden, Switzerland, the United Kingdom, the United States and it runs from1960 till 2007.

http://www.uva-aias.net/208

DAYSY

Forsikringsbransjen kartlegg omfanget av arbeidsskadar gjennom registeret DAYSY. Registeret er basert på informasjon frå forsikringsselskap om arbeidsskadar og omfattar skadar som har utløyst utbetaling på minst 500 kroner utover det som blir dekt av folketrygda. Forsikringsselskapa som leverer tal til DAYSY, dekkjer meir enn 95 prosent av den norske marknaden. Talet på skadar registrerte i DAYSY per år viser nokolunde same utvikling som statistikken til Arbeidstilsynet, men ligg på i overkant av 10 prosent av det som blir registrert av Arbeidstilsynet. Ei ulempe ved dataa i DAYSY er den lange forseinkingstida frå ein skade skjer, til han blir registrert. Det kan dreie seg om ein etterslepsperiode på fleire år.

Dødsårsaksregisteret

Folkehelseinstituttet er databehandlingsansvarleg for Dødsårsaksregisteret, og Statistisk sentralbyrå er databehandlar. Det er eit register for alle dødsfall melde av lege ved dødsmelding. Dødsmeldingane blir samla i Dødsårsaksregisteret, som kodar opplysningane etter eit internasjonalt system og bestemmer dødsårsaka som blir brukt i dødsårsaksstatistikken (underliggjande dødsårsak). Registeret gir oss høve til å følgje utviklinga i dødsfrekvens for mellom anna hjarteinfarkt, kreft, ulykker og sjølvmord.

http://www.fhi.no/eway/default.aspx?MainArea_5661=5631:0:15,4439:1:0:0:::0:0&pid=233&trg=MainArea_5661

Eurofound

Eurofound, the European Foundation for the Improvement of Living and Working Conditions, is a European Union body, one of the first to be established to work in specialised areas of EU policy. Specifically, it was set up by the European Council (Council Regulation (EEC) No. 1365/75 of 26 May 1975), to contribute to the planning and design of better living and working conditions in Europe.

A tripartite EU agency who provides expertise and publications on living and working conditions, industrial relations and managing change in Europe. See also Eurofound – EIRO, EMCC and EWCO.

http://www.eurofound.europa.eu/

Eurofound – EIRO, EMCC og EWCO

European Industrial Relations Observatory (EIRO) has been published online since 1997. EIRO is part of Eurofound’s Network of European Observatories (NEO) together with the European Working Conditions Observatory (EWCO) and the European Restructuring Monitor (ERM), and The European Monitoring Centre on Change (EMCC). Its purpose is to collect, analyse and disseminate high-quality and up-to-date information on key developments in industrial relations in Europe. It aims primarily to serve the needs of national and European level organisations of the social partners, governmental organisations and EU institutions. See also European Working Conditions Survey (EWCS).

http://www.eurofound.europa.eu/eiro/

http://www.eurofound.europa.eu/emcc/

http://www.eurofound.europa.eu/ewco/

Eurofound – European Working Conditions Survey (EWCS)

The European Foundation for the Improvement of Working and Living Conditions gjennomfører arbeidsmiljøundersøkingar kvart femte år. I denne tilstandsrapporten blir data frå den fjerde europeiske spørjeskjemaundersøkingar frå 2005 presenterte. Totalt 30 000 personar frå 31 europeiske land var med. Utvalet i Noreg var ca. 1000 personar over 15 år som utførte inntektsgivande arbeid i referanseveka. Den europeiske arbeidsmiljøundersøkinga blei første gongen gjennomført i 1990, og ho blir teken opp att kvart femte år. Noreg var med i 2000 og 2005 som ein del av EØS-avtalen. Sjå dokumentasjonsrapport frå EWCS:

http://www.eurofound.europa.eu/publications/htmlfiles/ef0698.htm

European Agency for Safety and Health at Work (OSHA)

EU-OSHA aim is to be the central provider of information on safety and health at work, and to ensure that it is relevant to every user, regardless of size of enterprise or sector of activity. EU-OSHA was set up in 1996 by the European Union and located in Bilbao, Spain. EU-OSHA is the main EU reference point for safety and health at work.

http://osha.europa.eu/en/front-page

Eurostat

Eurostat, statistikkontoret i EU, er eit generaldirektorat under EU-kommisjonen, og det er lokalisert i Luxembourg. Eurostat skal utarbeide samanliknbar statistikk på europeisk nivå (land og regionar). Noreg leverer data frå ei heil rekkje statistikkområde til Eurostat og har gjennom EØS-avtalen plikter og rettar med omsyn til levering av data og utarbeiding av statistikk.

http://epp.eurostat.ec.europa.eu/portal/page/portal/statistics/themes

Giftinformasjonen

Giftinformasjonen er det nasjonale rådgivings- og kompetanseorganet for akutte forgiftingar og forgiftingsfare og ligg under Helsedirektoratet. I denne meldinga har Giftinformasjonen vore kjelde til informasjon om forgiftingar i arbeidslivet.

Internasjonal Labor Organization (ILO)

Internasjonal Labour Organization, Den internasjonale arbeidsorganisasjonen, ligg under FN, med hovudkvarter i Genève, Sveits. ILO står mellom anna bak ei rekkje konvensjonar om helse, miljø og sikkerheit og arbeidslivspolitikk. Organisasjonen bidreg også med å forbetre arbeidslivssituasjonen i utviklingsland. ILO forhandlar og utformar, gjennom internasjonalt trepartssamarbeid, og overvaker internasjonale arbeidsstandardar. ILO har eigne databasar, og publiserer eigne rapportar om arbeidsmiljø og arbeidshelse internasjonalt.

http://www.ilo.org/global/lang--en/index.htm

ICTWSS

Database on Institutional Characteristics of Trade Unions, Wage Setting, State Intervention and Social Pacts in 34 countries between 1960 and 2007, (ICTWSS) (http://www.uva-aias.net/208). The ICTWSS database covers four key elements of modern political economies in advanced capitalist societies: trade unionism, wage setting, state intervention and social pacts. The database contains annual data for 34 countries: Australia, Austria, Belgium, Bulgaria, Canada, Cyprus, the Czech Republic, Denmark, Estonia, Germany, Greece, Finland, France, Hungary, Ireland, Italy, Japan, Latvia, Lithuania, Luxembourg, the Netherlands, New Zealand, Malta, Norway, Poland, Portugal, Romania, Spain, Slovenia, Slovakia, Sweden, Switzerland, the United Kingdom, the United States and it runs from1960 till 2007.

Kreftregisteret

Kreftregisteret, Institutt for populasjonsbasert kreftforskning, blei oppretta i 1951 og er eit av dei eldste nasjonale kreftregistra i verda. Kreftregisteret er ein del av Helse Sør-Øst RHF og er organisert som sjølvstendig institusjon under Oslo universitetssykehus HF, med eige styre. Kreftregisteret tek imot meldingar om alle krefttilfelle i heile befolkninga. Registeret er svært komplett og har etablerte rutinar for kvalitetssikring.

http://www.kreftregisteret.no/

Luftfartstilsynet og Sjøfartsdirektoratet

Luftfartstilsynet og Sjøfartsdirektoratet er statlege etatar. Luftfartstilsynet ligg under Samferdselsdepartementet og har myndigheitsansvar innanfor norsk sivil luftfart. Sjøfartsdirektoratet ligg under Nærings- og handelsdepartementet og Miljøverndepartementet og har myndigheitsansvar overfor norskregistrerte skip og utanlandske skip som er innom norske hamner. Etatane har vore kjelde til informasjon om arbeidsskadedødsfall innanfor desse tilsynsområda.

PEROSH

Partnership for European Research on Occupational Safety and Health (PEROSH). PEROSH coordinates and cooperates on European research and development in occupational safety and health. It is a high-level research network aiming at improving the quality and dissemination of working liferesearch via joint collaboration on priority topics, sharing of knowledge and resources and a proactive dialogue with the EU, national and international partners. The network comprises 13 Occupational Safety and Health (OSH) institutes, all playing key roles in their national affiliations to governments/authorities and health and accident insurance systems.

Frå Noreg er Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI) medlem.

www.perosh.eu

Petroleumstilsynet

Petroleumstilsynet er ein statleg tilsynsetat som ligg under Arbeidsdepartementet. Petroleumstilsynet har myndigheitsansvar for sikkerheit, beredskap og arbeidsmiljø i petroleumsverksemda. Det blir det presentert resultat frå RNNP (Risikonivå i norsk petroleumsverksemd), ei undersøking som blir gjennomført annakvart år blant eit utval tilsette i norsk offshoreindustri og på landanlegg. På eit overordna nivå er målet med spørjeskjemaundersøkinga å måle korleis dei tilsette opplever HMS-tilstanden i norsk offshoreindustri og på landanlegga.

Petroleumstilsynet er også kjelde for informasjonen om arbeidsskadedødsfall i norsk petroleumsverksemd og for register over arbeidsrelatert sjukdom hos arbeidstakarar under Petroleumstilsynet sitt tilsynsområde.

http://www.ptil.no/

Petroleumstilsynet sitt register over arbeidsrelatert sjukdom

Petroleumstilsynet har på same måten som Arbeidstilsynet eit register over legemelde arbeidsrelaterte sjukdommar, og meldeplikta til legane gjeld også mogleg arbeidsrelatert sjukdom (der arbeidsmiljøet kan ha vore ein faktor i utviklinga av sjukdommen) hos arbeidstakarar under ansvarsområdet til Petroleumstilsynet.

Produktregisteret (PR)

Produktregisteret er styresmaktene sitt sentrale register over kjemiske stoff og produkt som blir importerte til eller produserte i Noreg, og ligg under Klima- og forureiningsdirektoratet. Bedrifter som importerer, omset eller produserer over 100 kg av merkepliktige kjemikaliar per år, er pliktige til å deklarere produktet til Produktregisteret, jf. forskrift om klassifisering og merking av farlige kjemikaliar. Opplysningane blir brukte i helse-, miljø- og sikkerheitsarbeid.

http://www.klif.no/no/naringsliv/Produktregisteret/

Risikonivå i norsk petroleumsverksemd (RNNP)

Aktivitetane i regi av RNNP tek sikte på å måle og forbetre HMS-tilstanden i petroleumsverksemda til havs og ved petroleumsanlegg på land. Prosjektet «Risikonivå i norsk petroleumsverksemd» (RNNP) gir ut ein årleg rapport som formidlar eit faktabasert og veldokumentert bilete av utviklinga av risikonivået i petroleumsverksemda. Ei rekkje aktørar frå industrien, partane, andre styresmakter og fagmiljø er bidragsytarar til RNNP. Undersøkinga blir gjennomført annakvart år blant eit utval tilsette i norsk offshoreindustri og på landanlegga. På eit overordna nivå er målet med spørjeskjemaundersøkinga å måle korleis dei tilsette opplever HMS-tilstanden i norsk offshoreindustri og på landanlegga. Arbeidet har ein viktig posisjon i næringa og legg grunnlaget for ei felles forståing blant partane av utviklinga i risikonivået. Rapporteringa for 2009 er den tiande i rekkja.

Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI)

Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI) er det nasjonale forskingsinstituttet innanfor arbeidsmiljø og arbeidshelse og ligg under Arbeidsdepartementet. STAMI skal skape kunnskap om og kartleggje samanhengen mellom arbeid, sjukdom og helse, vurdere risiko og kome med forslag til førebyggjande tiltak og gjere kunnskap om samanhengar mellom arbeid og helse kjend i Noreg.

STAMI kartlegg miljø- og helseforhold, vurderer faremoment og kjem med forslag til førebyggjande tiltak på arbeidsplassane. Instituttet har ein arbeidsmedisinsk klinikk som greier ut pasientar med moglege arbeidsrelaterte sjukdommar. Biblioteket til STAMI er ope for alle, og det er tilgjengeleg på heimesidene til instituttet.

Nasjonal overvaking av arbeidsmiljø og helse (NOA) er ei avdeling under STAMI som arbeider med arbeidsmiljøovervaking. Avdelinga blei etablert i 2006 og har som oppgåve å samle inn, gjennomarbeide og formidle data om arbeidsmiljø og helse blant sysselsette i Noreg. STAMI/NOA gir mellom anna ut Faktabok om arbeidsmiljø og helse og andre rapportar om arbeidsmiljø og helse. STAMI er også kjelda til informasjon om kjemiske og biologiske eksponeringsmålingar i norsk arbeidsliv (EXPO) og gjennomarbeidd informasjon frå BHT-registeret og STAMI sitt pasientregister.

http://www.stami.no/

STAMI sitt eksponeringsregister, EXPO

EXPO er eksponeringsdatabasen hos STAMI og inneheld kjemiske og biologiske eksponeringsmålingar i luft, biologisk materiale og materialprøver frå norsk arbeidsliv sidan 1984, med totalt vel 130 000 målingar frå ca. 5000 verksemder. Målingane i EXPO er avgrensa til STAMI sin analyseaktivitet, estimert til å omfatte 70 prosent av arbeidsmiljømålingane i Noreg i 1992 og ca. 20 prosent i perioden 2001–2005. Dataa gir indikasjonar på noverande eksponeringsnivå på norske arbeidsplassar, samtidig som dei gir eit unikt bilete av utviklinga av yrkesmessig eksponering i Noreg. Det er sett i gang eit arbeid med å utvikle EXPO til ein nasjonal eksponeringsdatabase, der alle verksemder som utfører eksponeringsmålingar i norsk arbeidsliv, skal registrere måleresultata sine i databasen. Det vil på lengre sikt gi eit endå meir omfattande og dekkjande bilete av eksponeringssituasjonen og eksponeringsnivåa i Noreg.

STAMI sitt BHT-register

Fagsekretariatet for bedriftshelsetenesta (BHT) ved STAMI driftar eit BHT-register som inneheld bedriftshelsetenester som leverer tenester til verksemder. Registeret inneheld om lag 80 prosent av bedriftshelsetenestene i Noreg. Det går ikkje fram kva for bedriftshelsetenester som er godkjende, den informasjonen har ein i den nyoppretta godkjenningseininga i Arbeidstilsynet.

STAMI sitt pasientregister

STAMI har, i samarbeid med dei arbeidsmedisinske avdelingane, frå 2009 oppretta eit anonymt register over utgreiingssaker for alle pasientar som er utgreidde ved avdelingane. STAMI har ansvar for drift av registeret og utarbeider årlege rapportar basert på den registrerte verksemda.

Statens strålevern

Statens strålevern er fagstyresmakta på området strålevern og atomsikkerheit. Strålevernet ligg under Helse- og omsorgsdepartementet, men skal gi hjelp til alle departement ved spørsmål som gjeld stråling. Statens strålevern overvaker og fører tilsyn med yrkeseksponerte og arbeidsmiljø med ulike typar stråling, og det gir ut eigne publikasjonar og rapportseriar.

http://www.nrpa.no/

Kriminalstatistikken til Statistisk sentralbyrå

Statistisk sentralbyrå er brukt som kjelde for data om arbeidsmiljøkriminalitet, som er ein del av kriminalstatistikken til SSB. Kriminalstatistikken gir eit bilete av omfanget og karakteren av den registrerte kriminaliteten. Statistikken viser kva for lovbrot som blir melde, etterforska og seinare oppklarte eller ikkje oppklarte.

Statistisk sentralbyrå si levekårsundersøking om arbeidsmiljø (LKU-A)

Dataa i tilstandsrapporten byggjer i stor grad på den siste levekårsundersøkinga om arbeidsmiljø, frå 2009. Levekårsundersøkinga om arbeidsmiljø er ei spørjeskjemaundersøking som blir gjennomført kvart tredje år. Ho blei første gongen gjennomført i 1996, og deretter i 2000 og 2003. Det var også liknande undersøkingar i 1989 og 1993. Frå og med levekårsundersøkinga 2006 er utvalet i levekårsundersøkinga, når arbeidsmiljø er tema, om lag 19 000 personar i alderen 18–66 år. Dette gir betre høve til detaljerte analysar av arbeidsmiljøet i ulike yrkesgrupper og næringar. Det er også oppretta eit panel, det vil seie at dei same personane som blei trekte ut til å vere med i 2006, er blitt intervjua på nytt i 2009 og blir deretter kontakta kvart tredje år framover.

Statistisk sentralbyrå si levekårsundersøking om helse, omsorg og sosial kontakt (LKU-H)

Levekårsundersøkinga om helse, omsorg og sosial kontakt er gjennomført kvart år sidan 1996. Den siste rapporten kom i 2008. Rapportane presenterer svar på utvalde spørsmål frå undersøkinga. Sjå dokumentasjonsrapportar frå SSB: http://www.ssb.no/emner/00/90/levekaar/.

Til forsida