Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Meld. St. 17 (2018–2019)

Mangfald og armlengds avstand — Mediepolitikk for ei ny tid

Til innhaldsliste

10 Økonomiske og administrative konsekvensar

Ny finansieringsmodell for NRK

I kapittel 4 i meldinga konkluderer regjeringa med at kringkastingsavgifta skal avviklast frå 1. januar 2020, og at NRK frå det same tidspunktet skal finansierast gjennom løyvingar over statsbudsjettet. Inndekkinga på skattesida vil skje ved at ein reduserer personfrådraget, og at den berekna inntekta ved innføringstidspunktet blir øyremerkt NRK. Det vidare nivået på løyvinga følgjer Stortingets årlege budsjettvedtak i samsvar med styringssignala for dei økonomiske rammene til NRK. Dei få meirkostnadene skatteetaten har i samband med omlegginga, blir dekte innanfor budsjettet til skatteetaten.

For den enkelte skattebetalaren vil modellen ha dei same fordelingseigenskapane som i skattesystemet elles. For skattytarar som i dag betaler kringkastingsavgift, inneber avviklinga av kringkastingsavgifta ei forenkling ved at dei ikkje lenger treng å betale fakturaer frå NRK to gonger i året. Hushald med éin skattytar som i dag betaler kringkastingsavgift, vil få redusert dei samla utgiftene sine med inntil om lag 1 400 kroner, avhengig av om dei i dag får utnytta personfrådraget fullt ut eller ikkje. Fleirpersonhushald som i dag betaler kringkastingsavgift, vil få noko høgare utgifter ved alminneleg budsjettfinansiering. For eit hushald med to vaksne er auken på inntil om lag 350 kroner. For dei fleste som i dag ikkje betaler kringkastingsavgift, inneber forslaget auka utgifter på om lag 1 700 kroner i året.

Samtidig som kringkastingsavgifta blir avvikla, må det etablerast ei ordning som kompenserer for inngåande meirverdiavgift for NRK. Ei slik ordning skal liggje under Kulturdepartementet. Kostnadene ved ei meirverdiavgiftskompensasjonsordning for NRK blir berekna til om lag 450 millionar kroner i 2020. Når meirverdiavgifta fell bort, vil det i tillegg oppstå eit netto provenytap for staten. Denne meirkostnaden utgjer omkring 240 millionar kroner i 2020. Begge desse elementa er finansierte gjennom det reduserte personfrådraget. Det vil derfor ikkje innebere nokon netto utgiftsauke for staten samanlikna med situasjonen i dag.

Konsekvensane av omlegginga for kommunane sine skatteinntekter blir teke omsyn til gjennom fastsettinga av dei kommunale skattøyrane i budsjetta for 2020 og seinare år.

Nedlegging av lisenskontoret til NRK

Ein konsekvens av at det ikkje lenger skal krevjast inn kringkastingsavgift, er at NRK sin lisensavdeling i Mo i Rana blir lagt ned. Lisensavdelinga hadde per 31. desember 2018 om lag 106 tilsette – sju av desse var midlertidige årsverk. I 2018 var NRK sine kostnader knytte til Lisensavdelinga på 92 millionar kroner, fordelt på høvesvis personalkostnader (69 millionar kroner) og andre kostnader (23 millionar kroner). I tillegg betalte NRK 46 millionar kroner til Statens innkrevjingssentral for innkrevjingsoppgåver knytt til kringkastingsavgifta. NRK sine samla kostnader knytte til innkrevjingssystemet var 138 millionar kroner i 2018. Ved overgangen til ein ny finansieringsmodell vil dei økonomiske rammene til NRK bli redusert tilsvarande, i takt med kostnadsreduksjonen for NRK som følgje av omlegginga til løyvingsfinansiering.

Regjeringa vil at delar av denne innsparinga skal nyttast til å utvide Nasjonalbiblioteket si verksemd i Mo i Rana, noko som vil gi nye arbeidsplassar. Regjeringa vil komme tilbake med eit overslag for kor mange stillingar som kan skapast ved Nasjonalbiblioteket i Mo i Rana. Konkrete planar for satsinga vil departementet komme tilbake til i budsjettet for 2020. Regjeringa legg elles opp til ein dialog med NRK om korleis ein kan ta best mogleg vare på dei tilsette ved Lisensavdelinga. Mellom anna bør NRK ved behov leggje til rette for rettleiing og bistand til å søkje på andre stillinger.

Samling av mediestøtta, uavhengig råd og mål for den direkte mediestøtta

I kapittel 5 konkluderer regjeringa med at det skal etablerast faste, langsiktige økonomiske rammer for mediestøtta gjennom eit system med styringssignal. Det vil skje ved at Kulturdepartementet året etter stortingsval legg fram ein budsjettproposisjon om dei økonomiske rammene for høvesvis NRK og den direkte mediestøtta med forslag til fireårige styringssignal. På grunnlag av budsjettproposisjonen vil regjeringa foreslå at Stortinget fattar romartalsvedtak for dei årlege økonomiske rammene til høvesvis NRK og den direkte mediestøtta for desse fire åra. Dersom Stortinget fattar eit slikt vedtak, vil det ha som konsekvens at Stortinget forpliktar seg ut over det enkelte budsjettår. Dette vil styrkje uavhengigheita og føreseielegheita for mottakarane. Innføringa av eit fireårig styringssignal for den samla mediestøtta vil ikkje i seg sjølv ha nemneverdige økonomiske eller administrative konsekvensar.

I kapittel 5 blir det òg konkludert med at det skal etablerast eit uavhengig råd med Medietilsynet som sekretariat (Mediestøtterådet). Mediestøtterådet får regelverkskompetanse for støtteordningane og for fordeling av midlane mellom tilskotsordningar som utgjer direkte mediestøtte. Opprettinga av Mediestøtterådet og sekretariatsfunksjonen til Medietilsynet skal dekkjast innanfor budsjettrammene til Kulturdepartementet. I kapittel 6 konkluderer regjeringa med at dagens mål for tilskotsordningane under den direkte mediestøtta skal vidareførast og supplerast med enkelte nye mål. Målet om at mediestøtta skal leggje til rette for lokale medium i heile landet og unngå kvite flekkar geografisk vil innebære ei auke i tilskotet til små, lokale aviser. Desse måla skal liggje til grunn for arbeidet til Mediestøtterådet. I kapittel 5 blir det mellom anna peikt på at Mediestøtterådet må vurdere behovet for endringar i eksisterande tilskotsordningar og behovet for nye tilskotsordningar.

Kartlegging av rammevilkåra for lokalradiodrift

I kapittel 7 går det fram at departementet har bedt Medietilsynet om å kartleggje rammevilkåra for lokalradiodrift og vurdere i kva grad det er grunnlag for å forlengje FM-konsesjonar etter 2021. Dette tiltaket skal dekkjast innanfor budsjettrammene til Medietilsynet.

Styringssignal for NRK

I kapittel 8 konkluderer regjeringa med at NRKs økonomiske ramme for åra 2020 til 2022 skal justerast kvart år i takt med pris- og lønnsveksten, minus eit effektiviseringskrav på 0,5 prosent. Den økonomiske ramma blir fastsett med utgangspunkt i eit anslag for NRKs inntekter frå kringkastingsavgift i 2019. Det blir vidare konkludert med at NRK-plakaten skal endrast ved at ein skal ta inn eit punkt om at NRK skal ha eit særleg ansvar for å dekkje tematiske og geografiske blindsoner. Det vil ikkje ha økonomiske eller administrative konsekvensar for det offentlege.

Styringssignal for mediestøtta

I kapittel 9 konkluderer regjeringa med at den direkte mediestøtta for åra 2020 til 2022 skal justerast kvart år i takt med pris- og lønnsveksten med utgangspunkt i ramma i budsjettet for 2019. I ein overgangsperiode vil delar av innsparinga NRK har ved den nye finansieringsordninga brukast til å lette omstillingane i mediestøtteordningane. Regjeringa kjem tilbake til bruk av dette i budsjettproposisjonen for 2020. Kva slags økonomiske konsekvensar dette vil ha for dei som får tilskot under den direkte mediestøtta, vil vere avhengig av korleis støtteordningane blir innretta, og korleis Mediestøtterådet fordeler midlane mellom tilskotsordningane.

Til toppen
Til forsida av dokumentet