Meld. St. 17 (2018–2019)

Mangfald og armlengds avstand — Mediepolitikk for ei ny tid

Meldinga drøftar bruken av økonomiske verkemiddel for å realisere regjeringa sine mål for mediepolitikken. I meldinga legg regjeringa mellom anna fram ein ny finanseringsmodell for NRK. Meldinga drøftar òg kva for mål som bør liggje til grunn for dei direkte støtteordningane på mediefeltet. Regjeringa presenterer vidare ein ny modell for forvaltinga av mediestøtte, der eitt sentralt element er å etablere eit nytt organ – Mediestøtterådet. Dette rådet skal ha ein uavhengig status og vil få ei sentral rolle knytt til den nærare fordelinga av økonomiske middel mellom ulike støtteordningar og regelverksutforming. Regjeringa legg òg fram forslag til dei konkrete økonomiske rammene for mediestøtta fram til og med 2022.

Les dokumentet

Følg meldinga vidare på www.stortinget.no