Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Meld. St. 17 (2018–2019)

Mangfald og armlengds avstand — Mediepolitikk for ei ny tid

Til innhaldsliste

6 Mål for den direkte mediestøtta

6.1 Innleiing

Med eit mediestøtteråd på plass vil Stortinget og regjeringa fastsetje overordna, politiske mål og føringar for kva støtteordningar ein skal ha, og korleis tilskotsordningane under den direkte mediestøtta skal innrettast. Dette kapittelet presenterer kva slags mål som bør vere førande for arbeidet til rådet. I påvente av etableringa av Mediestøtterådet vil departementet setje i gang eit arbeid med omlegging av mediestøtta i tråd med konklusjonane under.

6.2 Bakgrunn

6.2.1 Det overordna målet til regjeringa

Regjeringa sine overordna mål for mediepolitikken er formulert i Granavollplattforma. Her heiter det: «Regjeringens mediepolitikk skal legge til rette for ytringsfrihet, pressefrihet og informasjonsfrihet og for god nyhetsproduksjon over hele landet, og en bredt anlagt offentlig samtale i det digitale mediesamfunnet». Mediepolitikken skal stimulere til innovasjon, utvikling og nyskaping. Samtidig som tradisjonane og grunnverdiane til den frie pressa skal vidareførast i ei ny tid. I tillegg har regjeringa som mål at mediestøtta skal vere føreseieleg og ubyråkratisk og ha størst mogleg avstand til politiske myndigheiter.

Med dei nemnde måla som bakgrunn ønskjer regjeringa å «modernisere mediestøtten for å sikre et mangfold av utgivelser på ulike plattformer, norsk journalistisk innhold, og videreføre innovasjonsordningen for digital medieutvikling».

6.2.2 Mål for eksisterande tilskotsordningar

I tillegg til regjeringa sine mål for mediepolitikken er det utarbeidd mål for dei enkelte tilskotsordningane på medieområdet.

Produksjonstilskotet, som er den berande ordninga i den direkte mediestøtta, skal «stimulere til et mangfold av nyhets- og aktualitetsmedier karakterisert av høy kvalitet og uavhengig journalistikk, inkludert medier i markeder som er for små til å være bærekraftige og alternativer til de ledende mediene i større markeder».1 Samiske aviser har ei eiga ordning som skal «legge til rette for demokratisk debatt, meningsdanning og språkutvikling i det samiske samfunnet»,2 mens tilskotet til lokale lyd- og biletmedium skal «bidra til mediemangfold, ytringsfrihet og styrking av de lokale lyd- og bildemedienes demokratiske funksjon i samfunnet» og «stimulere til et kvalitetsorientert og økonomisk livskraftig miljø for lokale medier som når et stort publikum».3

I 2018 blei det oppretta ei ordning for innovasjons- og utviklingstilskot. Formålet med denne ordninga er å «fremme mediemangfold og en opplyst offentlig samtale gjennom å stimulere til redaksjonell, innholdsrettet innovasjon og utvikling hos nyhets- og aktualitetsmedier. Ordningen skal særlig fremme redaksjonell, innholdsrettet innovasjon og utvikling i små, lokale nyhets- og aktualitetsmedier».4

Boks 6.1 Eksisterande mål for den direkte mediestøtta

Forskrift 25. mars 2014 nr. 332 om produksjonstilskudd til nyhets- og aktualitetsmedier § 1:

Produksjonstilskuddet skal stimulere til et mangfold av nyhets- og aktualitetsmedier karakterisert av høy kvalitet og uavhengig journalistikk, inkludert medier i markeder som er for små til å være bærekraftige og alternativer til de ledende mediene i større markeder.

Forskrift 17. mars 1997 nr. 248 om tilskudd til samiske aviser § 1:

Tilskuddet til samiske aviser og samisk språklige avissider skal legge til rette for demokratisk debatt, meningsdanning og språkutvikling i det samiske samfunnet.

Forskrift 26. juni 2018 nr. 1033 om innovasjons- og utviklingstilskudd til nyhets- og aktualitetsmedier § 1:

Tilskuddsordningen skal fremme mediemangfold og en opplyst offentlig samtale gjennom å stimulere til redaksjonell, innholdsrettet innovasjon og utvikling hos nyhets- og aktualitetsmedier.
Ordningen skal særlig fremme redaksjonell, innholdsrettet innovasjon og utvikling i små, lokale nyhets- og aktualitetsmedier.

Forskrift 19. februar 2016 nr. 166 om tilskudd til lokale lyd- og bildemedier § 1:

Tilskuddsordningen har som hovedmål å bidra til mediemangfold, ytringsfrihet og styrking av de lokale lyd- og bildemedienes demokratiske funksjon i samfunnet. Tilskuddsordningen skal stimulere til et kvalitetsorientert og økonomisk livskraftig miljø for lokale medier som når et stort publikum ved å bidra til:
  • a) digitalisering av lokalradio,

  • b) produksjon av programmer med høy teknisk og innholdsmessig kvalitet,

  • c) videreutvikling av det enkelte lokalmediets egenart, og

  • d) kompetanseutvikling og samarbeid mellom ulike lokalmedier.

6.2.3 Mediemangfaldsutvalet sitt forslag til målformulering

Ein del av mandatet til Mediemangfaldsutvalet var å vurdere kva mål staten bør ha for mediemangfald. For å oppnå det overordna målet om å fremje ytringsfridom og demokrati, jf. Grunnlova § 100, foreslår utvalet følgjande målformulering:

«Med sikte på å fremme en felles, åpen og opplyst offentlig samtale, bør staten legge til rette for at alle borgere kan bruke et mangfold av uavhengige nyhets- og aktualitetsmedier.»

Utvalet legg vekt på at oppgåva til staten «må være å legge til rette for, gi tilgang til og muligheter for bruk som understøtter reell ytrings- og informasjonsfrihet». Utvalet viser til at målformuleringa føreset innhaldsmangfald, er plattform- og teknologinøytral og inkluderer borgarar på tvers av sosioøkonomiske, demografiske og andre variablar. I tillegg peiker utvalet på at tiltak for mediemangfald er med på å motverke samfunnsmessige tendensar som å dele den offentlege samtalen opp i mindre, isolerte og einsretta deloffentlegheiter.

Utvalet skriv at mangfald er det sentrale omgrepet i målformuleringa, og viser til tre aspekt ved eit mediemangfald: avsendarmangfald, innhaldsmangfald og bruksmangfald. Bruksmangfaldet blir sagt å vere «den mest avgjørende dimensjonen ved mangfoldsbegrepet». Utvalet skriv at eit breitt spektrum av medieinnhald med tanke på mellom anna målform, sjanger og geografisk og ideologisk ståstad og synspunkt «er en nødvendig, men ikke tilstrekkelig forutsetning for borgernes reelle informasjons- og ytringsfrihet». Det er grunngitt med at medieinnhald blir viktig først når det faktisk blir brukt. Dersom det mangfaldige tilbodet av medium ikkje blir teke i bruk, kan heller ikkje mediemangfaldet bidra til reell informasjons- og ytringsfridom. Mangfald er derfor ikkje eit isolert mål, men eit middel for å oppnå ein felles, open og opplyst samtale.

6.2.4 Høyringsinnspel

Ingen av høyringsinstansane kommenterer sjølve målformuleringa til utvalet. Dei fleste høyringsinstansane peiker likevel på den viktige rolla lokalavisene har i lokalsamfunna og i lokaldemokratiet. KS skriv at ut frå omsynet til eit levande lokaldemokrati er det spesielt viktig at lokale medium har gode vilkår: «Lokale medier som har ressurser til å følge opp saker lokalt har stor betydning for et levende lokaldemokrati. Lokale medier kan bidra til å øke interessen og kunnskap om lokale politiske saker og avdekke kritikkverdige forhold, og derigjennom til å skape tillit til lokaldemokratiet». Lokalmedia er «på mange måtar […] grunnlaget for den mangfaldige og levande norske pressestrukturen» vi har i dag, ifølgje Nynorsk pressekontor. LLA og Norsk Journalistlag (NJ) peiker på at lokalavisene har stor betydning for informasjonstilgangen og meiningsdanninga der dei kjem ut, og at desse media er ein viktig og uunnverleg fellesarena i lokalsamfunna. Samtidig peiker dei på at lokalavisene «står overfor store utfordringer i arbeidet med å tilpasse medietilbudet til endrede medievaner som følge av stram økonomi» (NJ), og at det er «viktig å sikre rammevilkåra til lokalavisene» (LLA).

Polaris meiner at det er viktig å bevare den journalistiske overvakinga til lokalmedia, og viser til at lokalavisene er ein sentral del av nyheitsdekninga: «Mindre redaksjoner fører til en mindre evne til å overvåke samfunnet – både geografisk og sektormessig». Polaris synest den aukande tendensen til å utvide journalistiske blindsoner er «bekymringsfull».

MBL og LLA meiner det er vesentleg at mediestøtta stimulerer til innovasjon og utvikling for å hjelpe mediebransjen gjennom den digitale transformasjonen, og at ho bidreg til at lokalavisene får ta del i den digitale utviklinga. At særleg små, uavhengige aviser «får tilstrekkeleg med kompetanse, råd, rettleiing og tilgang til teknologi, kan bli avgjerande for å klare å halde oppe mangfaldet på eigarsida i lokalavisene i landet», ifølgje LLA. Verkemiddel som medverkar til omstilling og utvikling, «kan bidra til å heve kvaliteten på norsk journalistikk» (NR) og hjelpe mediebedrifter med små ressursar til «å komme i gang med nye prosjekter» (NJ).

6.3 Mål for den direkte mediestøtta

Digitaliseringa har gjort det mogleg å formidle journalistikk på fleire måtar enn tidlegare, mens betre informasjonstilgang og analyseverktøy gjer det lettare for media å få kjennskap til brukarane og preferansane deira. Samtidig har endringar på etterspørselssida gjort det nødvendig å utvikle nye forretningsmodellar. Nyheiter blir i dag konsumerte på fleire plattformer samtidig, mens digitaliseringa har gjort tilgangen til nyheiter større og endra konkurransebiletet.

Mediemangfaldsutvalet konkluderer med at omlegginga av produksjonstilskotet i 2014 til ei plattformnøytral ordning, og ei utviding av meirverdiavgiftsfritaket i 2016 til å inkludere elektroniske nyheitsmedium, har gjort at dei økonomiske verkemidla er med på å leggje til rette for forretningsmodellar som baserer seg meir på digital publisering. Endringane i mediemarknaden, teknologien og mediebruken kan likevel innebere at det er intensjonar eller omsyn som ikkje blir varetekne godt nok i dagens mål for mediestøtta.

Departementet legg til grunn at dagens mål for produksjonstilskotet og dei andre direkte mediestøtteordningane bør vidareførast (sjå boks 6.1). Det er likevel behov for å supplere desse måla. Måla skal liggje til grunn for verksemda til Mediestøtterådet.

6.3.1 Lokale medium og geografiske kvite flekkar

Mediemangfaldsutvalet viser til at lokalmedia fyller ei viktig rolle for mediemangfaldet. Utvalet peikar på at dersom det ikkje finst redaksjonelt styrte medium som følgjer regionale og lokale forvaltingsnivå og maktstrukturar i samfunnet tett, kan det svekkje demokratiske funksjonar og informasjonsfridommen til den enkelte borgaren. Utvalet peiker òg på at den journalistiske dekninga blir svakare jo mindre befolkningsgrunnlaget er. Dersom ei lokalavis blir lagd ned i ein kommune med få eller ingen andre lokale alternativ, vil det vere meir prekært enn dersom eit av mange riksdekkjande nyheitsmedium fell bort.

Departementet deler utvalet sitt syn på den viktige rolla til lokalmedia. Lokalmedia er sentrale for å sikre eit godt lokaldemokrati og for tilknyting og engasjement i lokalmiljøet. Ei undersøking frå USA5 har mellom anna funne tendensar til at økonomistyringa er betre i kommunar med ei lokalavis, mens ei norsk undersøking6 har konkludert med at innbyggjarar i kommunar med lokalavis har eit meir kritisk blikk på lokaldemokratiet, noko som truleg gjer innbyggjarane i stand til å ta betre informerte val. Når medium legg ned lokalkontor eller har for få ressursar til å dekkje kommunestyredebattar e.l., kan det føre til at borgarane går glipp av viktig informasjon om det som skjer i nærmiljøet.

På små stader klarer ofte ikkje marknaden åleine å bevare eit lokalmedium. Om ein kommune er godt dekt eller ikkje, handlar ikkje berre om at det kjem ut ei lokalavis på staden, eller at ei avis har kommunen som dekningsområde. Storleiken og økonomien til mediet, og dermed den redaksjonelle styrken, har òg mykje å seie for om avisa klarer å utføre samfunnsoppdraget sitt.

Å leggje til rette for lokalmedium i heile landet og meir undersøkjande journalistikk og innovasjon vil òg bidra til utvalsmålet om at «alle borgere kan bruke et mangfold av uavhengige nyhets- og aktualitetsinnhold». Det er vanskeleg å stimulere spesifikt til bruksmangfald. Å leggje til rette for kritisk og undersøkjande innhald frå eit mangfald av avsendarar, spesielt lokalmedium, vil likevel kunne stimulere til eit bruksmangfald.

I samband med utgreiinga til Mediemangfaldsutvalet fekk Sigurd Høst i oppdrag å undersøkje lokalavisene si dekning i Noreg. Høst fann berre éi blindsone: Oslo kommune. Med blindsone meiner han at det ikkje skjer systematisk journalistisk dekning i stor nok grad, og at dekninga som blir gjord, er sparsam. Vidare fann Høst det han kallar «halvskuggar» i 22 norske kommunar. Halvskuggane beskriv han som ein situasjon der kommunen blir opplyst, men der lyset er for svakt. I tillegg finn han enkelte kommunar der han meiner at det er grunn til å spørje om dekninga er god nok: små og perifere kommunar som berre blir dekte av store regionaviser, og kommunar som er dekte av aviser med små redaksjonelle ressursar som i tillegg skal dekkje distrikt som er så store at det blir ei utfordring for dei. Høst konkluderer likevel med at den redaksjonelle dekninga av norske kommunar samla sett er rimeleg god, med tanke på alle dei små kommunane vi har i landet.

Ein eventuell auke av underdekte område kan få store konsekvensar. Den framtidige mediestøtta bør bidra til å unngå geografiske kvite flekkar i medielandskapet. Slike kvite flekkar treng ikkje berre vere kommunar utan systematisk dekning, men kan òg vere kommunar der dekninga er svak. Å ta vare på små lokalmedium og stimulere til etablering av nye medium er positivt for mediemangfaldet generelt og for lokalsamfunna spesielt. Særleg vil det vere positivt å stimulere til lokalmedium i område som i dag har låg eller inga journalistisk dekning. Samtidig viser Mediemangfaldsutvalet til at den økonomiske utviklinga i bransjen «som følge av sterk konkurranse om reklameinntekter» har skapt eit aukande behov for innovasjon. Dette gjeld særleg små medium. Men ei rekkje verksemder – særleg små, uavhengige mediehus – har ofte ikkje overskotskapasitet eller økonomiske ressursar til å gjennomføre nødvendige omleggingar.

Mange av dei små lokalmedia får eit nokså lite produksjonstilskot. Til saman fekk 132 nummer 1-medium og åleinemedium 76,6 millionar i tilskot i 2018. For mange av mottakarane har tilskotet likevel mykje å seie. Ein analyse som Medietilsynet gjorde i 2018, viser at tilskotet utgjer meir enn 10 prosent av driftskostnadene hos 48 medium. Tilsynet meiner at desse media vil ha store problem med å komme ut utan tilskot. Likevel blei desse 48 media berre tildelt 28,57 millionar kroner i tilskot til saman i 2018. For 53 medium utgjer tilskotet mellom 5 og 10 prosent av inntektene. For desse er ikkje produksjonstilskotet avgjerande for at dei skal komme ut, men tilskotet styrkjer den redaksjonelle kapasiteten. 29 medium har låg støtteintensitet (mindre enn 5 prosent). 24 av desse hadde eit opplag på over 4 000. Tilskotet til den siste gruppa medium bidreg truleg til innhaldsmangfald og redaksjonell kvalitet i lokalsamfunna der dei kjem ut, men tilskotet er ikkje avgjerande for at mediet kjem ut.7

Mediemangfaldsutvalet meiner at produksjonstilskotet har bidratt til å bevare ein stabil og geografisk differensiert pressestruktur og framhevar ordninga sitt bidrag til framveksten av lokale fådagarsaviser. I 2018 fekk 158 aviser til saman 313 millionar kroner i produksjonstilskot, og av dette gjekk nesten 208 millionar kroner til dei ti største tilskotsmottakarane. Mediemangfaldsutvalet meiner det er ei utfordring for legitimiteten til ordninga at store støttebeløp går til eit fåtal aviser. Det er noko av bakgrunnen for at utvalet foreslår å auke støtta til lokale nyheitsmedium gjennom å omfordele midlane frå dei største mottakarane. Auka støtte til lokalmedia kan vere avgjerande for at små medium skal kunne halde på dei redaksjonelle medarbeidarane sine, eller for at lokale medium i større grad skal kunne satse meir på undersøkjande journalistikk.

Det er viktig å bevare eit finmaska nett av lokale nyheitsmedium. Sidan lokalmedia er så viktige for lokaldemokratiet, og fordi dei har behov for innovasjon og digital omstilling, bør mediestøtta i større grad framheve lokalmedia. Mediestøtta bør derfor ha som mål å leggje til rette for lokale medium i heile landet og unngå kvite flekkar geografisk, ved å sørgje for omfordeling til små lokalaviser. Ei slik omfordeling til små, lokale aviser vil på sikt innebere ein reduksjon i tilskotet til dei media som i dag får mest tilskot. Desse avisene er også viktige for mediemangfaldet. Ei omfordeling til fordel for små lokalaviser må derfor skje gradvis, slik at dei som vil få mindre støtte, får tid til å omstille seg. Departementet viser i denne samanheng til kapittel 9, der det er varsla ein auke i mediestøtta i ein periode, for å lette omlegginga av ordningane. Departementet vil på bakgrunn av dette starte et arbeid med å innrette produksjonstilskotet slik at tilskotet allereie frå og med budsjettåret 2020 i større grad omfordelast til små, lokale aviser. Departementet vil involvere både bransjen og Medietilsynet i dette arbeidet.

6.3.2 Samfunnsviktig og undersøkjande journalistikk

Mediemangfaldsutvalet meiner at det i dag ikkje er god nok betalingsvilje for kostnadskrevjande kvalitetsjournalistikk digitalt, og at det heller ikkje finst mekanismar som premierer ressurskrevjande og undersøkjande journalistikk. Innhald som genererer mykje trafikk på nettet, vil òg generere større inntekter, uavhengig av kvaliteten på innhaldet.

Samfunnsviktig journalistikk, som omfattar mellom anna undersøkjande og forklarande journalistikk, er ofte ressurskrevjande tidsmessig, redaksjonelt og/eller økonomisk. Samtidig kan slik journalistikk vere strategisk viktig for det enkelte medium, fordi den kan differensiere tilbodet frå andre medium. Dette kan vere med på å auke publikum sin vilje til å betale for tilbodet. Det kan vere forklaringa på at ein det siste året har sett mange eksempel på at media bruker store ressursar på enkeltsaker. Den samfunnsviktige journalistikken bidreg med innhald som er viktig for det offentlege ordskiftet, og tilfører gjerne nye perspektiv. Samtidig er undersøkjande journalistikk om viktige samfunnsforhold ein sentral del av kjerneoppgåvene til media. Likevel er det store forskjellar mellom nyheitsmedia når det gjeld kva høve ein har til å prioritere ressurskrevjande journalistikk. Små lokalaviser har ofte i liten grad økonomiske og redaksjonelle ressursar til å prioritere store graveprosjekt eller andre typar ressurskrevjande arbeid.8

Medietilsynet har i rapporten NRKs bidrag til mediemangfoldet sett nærmare på omstrukturering og nedbemanning i mediehusa. Ifølgje rapporten har den økonomiske situasjonen dei siste åra, med til dels store inntektstap for avisene, ført til at mediehusa no har langt færre tilsette. Tilsynet viser til MBL sin lønnsstatistikk for årsverk. Den er direkte knytt til avishusredaksjonar og viser at det er blitt nesten 18 prosent færre redaksjonelle årsverk i perioden 2013–2017 i til saman 140 avishus som er tilknytte MBL. Ifølgje rapporten anslår Landslaget for lokalaviser (LLA) at det dei siste åra er kutta om lag 150 journalistiske årsverk i avisene som berre er tilslutta LLA. Det er avisene med størst fall i annonseinntekter som har hatt størst reduksjon i årsverka. Medietilsynet skriv at for dei aller fleste avishusa kjem størstedelen av inntektene framleis frå papiravisene. Dersom inntektene frå papiravisene held fram med å falle meir enn inntektene frå nettutgåvene aukar dei nærmaste åra, vil avishusa framleis måtte effektivisere og drive med omstilling. Det vil mest sannsynleg bety færre journalistar i redaksjonane rundt om i landet. Det kan komme til å påverke i kva grad lokalmedia kan satse på djupnejournalistikken, og dermed blir den samfunnsviktige journalistikken endå meir utsett. Mange lokalmedium har berre nokre få redaksjonelle medarbeidarar. For desse media kan det potensielt ha stor innverknad dersom dei må innskrenke arbeidsstokken ytterlegare.

Ved å leggje til rette for sterke og solide redaksjonar gir ein dei enkelte media i større grad høve til å prioritere den samfunnsviktige undersøkjande journalistikken. Når redaksjonar må prioritere, er det i tillegg ein risiko for at enkelte tema og sektorar får låg eller inga journalistisk dekning. Å stimulere til samfunnsviktig journalistikk kan derfor bidra til å hindre at nye tematiske blindsoner breier seg.9 I tillegg kan det stimulere til auka dekning av sektorar som gjerne krev journalistar med høg kompetanse på området, til dømes oljesektoren og andre delar av næringslivet, og som ofte blir underdekte i dag. Å stimulere til undersøkjande journalistikk vil dermed kunne stimulere til auka journalistisk dekning i sektorar som i dag har låg eller inga journalistisk dekning, like mykje som å stimulere til djupnejournalistikk.

Det bør vere eit overordna mål for all mediestøtte at ordningane, der det er relevant, skal legge til rette for samfunnsviktig og undersøkjande journalistikk, og redusere tematiske kvite flekkar. Mediemangfaldsutvalet foreslo at det bør etablerast ei ny tilskotsordning som har til formål å stimulere samfunnsviktig journalistikk. Departementet ser ikkje grunnlag for å innføre ei slik ordning no, mellom anna fordi ein ser mange døme på at media uansett prioritetar slike prosjekt. Når det gjeld tematiske blindsoner viser departementet til at Mediemangfaldsutvalet fekk gjennomført ein kartlegging av kva slags saksområder norske media dekkjer og om det er tema som i liten grad blir dekka.10 Sjølv om forskarane fann enkelte tematiske blindsonar, var hovudkonklusjonen at dekninga er god på tvers av nasjonale, regionale og lokale media. Dette er ein situasjon som kan endre seg i takt med at det økonomiske fundamentet for medieverksemd forandrar seg. Departementet legg derfor til grunn at Mediestøtterådet må følgje utviklinga, med særleg merksemd på vilkåra for slik journalistikk.

6.3.3 Innovasjon og utvikling

Endringane i brukarvanar og inntektsstraumar og overgangen til digital publisering inneber at tradisjonelle medium har eit stort behov for innovasjon og utvikling. Mediemangfaldsutvalet legg derfor vekt på behovet for ordningar som legg til rette for innovasjon og utvikling, og foreslår ei prosjektbasert tilskotsordning for å styrkje innovasjonstiltaka i dei redaksjonelle norske media.

Papiraviser har i fleire år hatt nedgang i opplag, samtidig som det er blitt fleire digitale lesarar. Likevel har det vore ei utfordring for mange aviser å finne attraktive modellar for brukarbetaling på digitale utgåver. Særleg gjeld det små lokalmedium som ikkje er ein del av noko konsern, og som i liten grad har faglege eller økonomiske ressursar til teknologisk utvikling.

I 2018 blei det i tråd med utvalet sitt forslag innført ei ny innovasjonsretta tilskotsordning på budsjettet til Kulturdepartementet. Ordninga har ei ramme på 10 millionar kroner i 2019. Tilskotsordninga skal særleg stimulere til digitalisering, utvikling og innovasjon i lokalaviser, og etableringa av den nye ordninga blei positivt motteken av mediebransjen. Medietilsynet fekk i 2018 71 søknader om prosjektstøtte til digitalisering og utvikling på til saman 32 millionar kroner. Totalt 18 prosjekt fekk tilskot. Det tyder på at det er eit stort behov for midlar til slike prosjekt i mediebransjen.

Det er krevjande å digitalisere og gjennomføre innovasjonsprosjekt, spesielt for dei minste avisene og aviser som ikkje er ein del av eit større konsern. Desse avisene manglar ofte både økonomiske og faglege ressursar til å gjennomføre digitale prosjekt. Til dømes kan det vere utfordrande for desse avisene å kjøpe og drifte gode modellar for brukarbetaling for digitale utgåver. Samtidig har endringar i mediebruken og medievanane til publikum gjort det viktigare enn tidlegere å lage attraktive digitale produkt. SSBs Norsk mediebarometer 2017 viser at stadig færre les papiraviser, samtidig som meir enn halvparten av den norske befolkninga les norske aviser digitalt. Betalingsløysingar og modellar med innlogging gjer det lettare for media å utvikle målretta strategiar og metodar for å samle informasjon om brukarane. Med slik informasjon kan media lage eit produkt som verkar meir attraktivt for brukarane, og som igjen vil kunne gjere mediet meir attraktivt for annonsørar. I tillegg kan betre informasjon om brukarane gjere at norske medium kan tilby eit meir konkurransedyktig annonseprodukt gjennom å tilby meir tilpassa reklameplassering.

Dagens mediebilete er prega av høg innovasjonstakt, både når det gjeld journalistikk og teknologi. Det kjem mellom anna til uttrykk ved at det har blitt utvikla attraktive digitale tenester som har gjort publikum meir villige til å betale. Sjølv om det alt er oppretta ei innovasjonsordning, meiner departementet at det er behov for å styrkje innsatsen som er retta mot innovasjon og utvikling for mediestøtta generelt. Den digitale transmisjonen gjer at det er heilt nødvendig at media held fram arbeidet med innovasjon. Dette kan særleg vere krevjande for lokalavisene, som kan ha avgrensa ressursar til å gjennomføre innovasjonsprosjekt. Det bør derfor vere eit overordna mål for mediestøtta at den bidreg til innovasjon og utvikling.

6.3.4 Insentiv i støttesystemet

I dagens produksjonstilskot er opplag og utgåver dei mest sentrale kriteria for å berekne tilskot. Desse omgrepa er laga for papiravisene, men gjeld òg nettavisene. Ettersom ei kontinuerleg oppdatert nettavis består av ei blanding av nye og gamle saker, er det ikkje mogleg å sjå på ei nettavis på same måten som ein ser på ei papiravis. Det er derfor problematisk å bruke desse kriteria for digitale aviser. Medietilsynet, som forvaltar produksjonstilskotet, meiner at utgåveomgrepet fungerer dårleg for digitale aviser. Det er òg administrativt krevjande å skulle berekne opplag.

Støttesystemet vi har i dag, har enkelte uheldige sider. For det første er det ingen krav om kor mykje eigenprodusert innhald ein må lage for å få tilskot. Det kan gi rom for å resirkulere innhald og artiklar på tvers av media i eit konsern, og for å resirkulere innhald frå andre medium. Ei slik resirkulering av innhald gjer det mogleg for aviser å produsere fleire utgåver og på den måten maksimere støtta. I nabolanda våre er det til dømes krav om ein viss prosentdel eigenprodusert innhald. I Sverige må minst 55 prosent av det redaksjonelle innhaldet vere eigenprodusert, i Danmark minst ein sjettedel.

For det andre er ikkje opplagsauke knytt til kva for ein pris avisene tek for produktet. Nye opplagsreglar for fastsetjing av opplag11 tok til å gjelde 1. januar 2018. Dei nye opplagsreglane gir avisene fri tilgang til å rabattere abonnementsprisen og likestiller tilbodsabonnement med abonnement til full pris. I tillegg tilseier dei nye reglane at eit abonnement tel med i opplagsberekninga frå og med den første dagen. Aviser som bruker verveabonnement med tilbodspris ein viss periode, får dermed auka opplag utan at opplagsinntektene aukar tilsvarande. Støttesystemet kan dermed gi insentiv til uheldige tilpassingar. Eksemplet illustrerer kor viktig det er at regelverket blir gått gjennom med sikte på å avgrense insentiva for uheldige tilpassingar til tilskotssystemet.

Ideelt sett bør det primært vere kostnadsforhold og omsynet til lesarane som verkar inn på til dømes kor mange utgåver eit medium gir ut kvar veike. Utforminga av mediestøtta bør ikkje verke inn på dette. Når kalkuleringa av tilskotet er avhengig av mellom anna utgivingsfrekvens, seier det seg sjølv at støttesystemet kan få ei slik følgje. Det same gjeld for kriteriet knytt til opplag, som kan oppmuntra til rabattar for å auke opplaget. Departementet meiner på bakgrunn av dette at eit mål for utforminga av tilskotsordningane bør vere at dei i minst mogleg grad gir insentiv til uheldige tilpassingar. Ein moglegheit kan til dømes vere å bruke opplagsinntekter som fordelingskriterium, heller enn opplag og utgåver. Etter departementet sitt syn er det nødvendig å så snart som mogleg starta ein gjennomgang av mediestøtteordningane med sikte på avgrense potensialet for slike tilpassingar.

Boks 6.2 Mål for den direkte mediestøtta

Regjeringa vil vidareføre dagens mål for mediestøtta, supplert med følgjande mål som skal liggje til grunn for arbeidet til Mediestøtterådet:

  • Mediestøtta skal leggje til rette for lokale medium i heile landet og unngå kvite flekkar geografisk ved å sørgje for omfordeling til små, lokale aviser.

  • Mediestøtta skal leggje til rette for samfunnsviktig og undersøkjande journalistikk og redusere tematiske kvite flekkar.

  • Mediestøtta skal bidra til innovasjon og utvikling i mediebransjen.

  • Mediestøtta skal i minst mogleg grad gi insentiv til uheldige tilpassingar.

Fotnotar

1.

Forskrift 25. mars 2014 nr. 332 om produksjonstilskudd til nyhets- og aktualitetsmedier, § 1

2.

Forskrift 17. mars 1997 nr. 248 om tilskudd til samiske aviser § 1

3.

Forskrift 19. februar 2016 nr. 166 om tilskudd til lokale lyd- og bildemedier § 1

4.

Forskrift 26. juni 2018 nr. 1033 om innovasjons- og utviklingstilskudd til nyhets- og aktualitetsmedier § 1

5.

Murphy, Dermot m.fl. (2018). «Financing Dies in Darkness? The Impact of Newspaper Closures on Public Finance».

6.

Winsvold, Marte (red.) m.fl. (2013). «Veier til god lokaldemokratisk styring». Rapport 2013:24, NIBR.

7.

Analysen gjeld media som fekk produksjonstilskot i 2018.

8.

I 2018 starta LLA eit pilotprosjekt for å auke den undersøkjande journalistikken i lokalavisene. Prosjektet hjelper blant anna medlemsavisene med å søkje pengar frå Fritt Ord sine tildelingar til norsk journalistikk.

9.

Forskarane Kvalheim og Sjøvaag har på oppdrag frå Mediemangfaldsutvalet kartlagt saksområda som norske media skriv om. Dei fant blant anna at vinningsbrotsverk, teknologi (riksmedia), sosialsektoren (riks- og regionmedia), datakriminalitet (region- og lokalmedia) og finans utgjer blindsoner i nokre typar media (Kvalheim, Nina og Sjøvaag, Helle (2016) «Journalistikkens blindsoner». Universitetet i Bergen).

10.

Kvalheim, Nina og Sjøvaag, Helle (2016) «Journalistikkens blindsoner». Rapport skrevet på oppdrag for Mediemangfoldsutvalget. Universitetet i Bergen.

11.

Forskrift 17. september 2014 nr. 1207 om fastsettelse av opplag og utgaver i nyhets- og aktualitetsmedier.

Til toppen
Til forsida av dokumentet