Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Meld. St. 17 (2018–2019)

Mangfald og armlengds avstand — Mediepolitikk for ei ny tid

Til innhaldsliste

7 Medieøkonomiske verkemiddel

7.1 Innleiing

Dette kapittelet handlar om Mediemangfaldsutvalet sine forslag til nye direkte tilskotsordningar og økonomiske verkemiddel retta mot særlege grupper av publikasjonar, målgrupper og formål. På nokre punkter foreslår departementet endringer i regelverket for eksisterande tilskotsordninger. I påvente av etableringen av Mediestøtterådet vil departementet sette i gang med regelverksendringer, der dette er aktuelt.

Kapittelet inneheld òg ei vurdering av Mediemangfaldsutvalets forslag om eit tidsgrensa fritak frå arbeidsgivaravgift og kompensasjon til ein kommersiell allmennkringkaster på radio. Vidare kjem ei vurdering av verkemiddel som kan bidra til å betre rammevilkåra til lokalradioen.

7.2 Direkte mediestøtte

7.2.1 Tilskot til samiske aviser

Formålet med tilskotsordninga for samiske aviser er å leggje til rette for demokratisk debatt, meiningsdanning og språkutvikling i det samiske samfunnet. Tilskotet har ein eigen post på statsbudsjettet og blir regulert i ei eiga forskrift.1 Som med produksjonstilskotet er det krav om at ein må ta reell betaling for avisa, og at minst halve opplaget må seljast gjennom abonnement. Med samiske aviser meiner ein aviser som har den samiske befolkninga som hovudmålgruppe. I tillegg blir det gitt tilskot til aviser som blir utgitt i eller har stor dekning innanfor dei lule- eller sørsamiske kjerneområda, og som publiserer eigenprodusert nyheits- og aktualitetsstoff på lule- eller sørsamisk.

Inntil 4 prosent av løyvinga skal tildelast innhald som er produsert på lule- eller sørsamisk. Resten av midlane skal fordelast mellom eit fast og eit variabelt tilskot. Det faste tilskotet (82,5 prosent av løyvinga) skal fordelast med like beløp på aviser som oppfyller grunnvilkåret om å ha den samiske befolkninga som hovudmålgruppe. Resten – 17,5 prosent – skal fordelast på grunnlag av talet på utgivingar multiplisert med talet på produserte sider samisk tekst.

I 2018 blei det løyvd 28,1 millionar kroner til samiske aviser. 96 prosent av midlane gjekk til to aviser: Ávvir (nordsamisk) og Ságat (norsk). I tillegg fekk lokalavisene Nord-Salten og Snåsningen tilskot for innstikk på lule- og sørsamisk. Ságat og Ávvir er dei to avisene med høgast støtteintensitet blant alle avisene som får tilskot gjennom mediestøtteordningane. Dei samiske avisene kjem ut fem gonger i veka.

Tilskotet til samiske aviser er ikkje plattformnøytralt. Nettutgåver av dei samiske avisene tel derfor ikkje med når ein skal rekne ut tilskotet til samiskspråklege sider.

7.2.1.1 Mediemangfaldsutvalet sitt forslag

Mediemangfaldsutvalet antek at den høge støtteintensiteten til dei to samiske avisene «kan ha bidratt til at de to avisene har kunnet opprettholde en høy utgivelsesfrekvens og en oppdatert nyhetsdekning» og dermed kan ha bidratt «positivt til bruksmangfoldet til samiske borgere i avisenes dekningsområde».

Samtidig meiner utvalet at ordninga i dag i liten grad gir «de samiske aviser incitament til å satse på digitale forretningsmodeller». Utvalet foreslår derfor å gjere tilskotet til samiske medium plattformnøytralt, slik at ordninga i større grad vil kunne stimulere til innovasjon og meir effektiv distribusjon.

7.2.1.2 Høyringsinstansane sitt syn på saka

Det er få av høyringsinstansane som kommenterer utvalet sitt forslag om å gjere tilskotet til samiske aviser plattformnøytralt. Landslaget for lokalaviser (LLA) og Noregs Mållag støttar forslaget om å gjere tilskotet plattformnøytralt.

Den samiske forleggjar- og avisforeininga Sálas representerer begge dei samiske avisene. Leiaren i foreininga er òg sjefredaktør og dagleg leiar i avisa Ságat. Sálas meiner at utvalet legg uriktige vurderingar til grunn for forståinga av samiske medium og i forslaget om å gjere ordninga plattformnøytral. Foreininga meiner det er feil å seie at dagens ordning i liten grad gir incitament til å satse på digitale forretningsmodellar: «Å gjøre støtteordningen plattformnøytral vil neppe ha noen praktisk betydning for fordelingen og vil i seg sjøl verken bidra til innovasjon eller mer effektiv distribusjon.» Ifølgje foreininga bør målet heller vere å auke budsjettramma, og dei viser til at «samisk presse er spesielt sårbar».

Sálas siktar truleg til at 82,5 prosent av tilskotet skal fordelast likt blant aviser som kvalifiserer for tilskot, og at det dermed ikkje vil ha noko å seie om tilskotet skal gjerast plattformnøytralt. Dei siste 17,5 prosentane av tilskotet skal likevel fordelast på grunnlag av (papir)utgåver og sider på samisk. Dei to samiske dagsavisene har fullverdige nettaviser der innhaldet er tilgjengeleg mot betaling, og det tilseier for så vidt at tilskotet ikkje har hindra dei samiske avisene i å tilby nettutgåver. Sálas sitt syn om at ei omlegging ikkje vil ha noka praktisk betydning, føreset elles at det ikkje kjem nye tilskotsmottakarar inn i ordninga.

I eit brev datert 20. november 2017 til kulturministeren og Stortingets familie- og kulturkomité tek redaktørane i Finnmark Dagblad og Finnmarken til orde for å modernisere tilskotet til dei samiske avisene og sikre ei betre fordeling av midlane. Dei viser til at forskrifta i dag er skreddarsydd for to aviser, og at tilskotet verkar konkurransevridande. Redaktørane viser til at andre aviser i Finnmark ikkje har insentiv til å tilby innhald på samisk, ettersom det ikkje blir gitt tilskot til avissider på nordsamisk. I tillegg meiner dei at ordninga i dag gir Ságat høve til å utvide nedslagsfeltet sitt til nye marknader, mellom anna til Nordkapp og Sør-Varanger, som ligg utanfor dei samiske kjerneområda, samtidig som dei meiner avisa har lite nærvær i dei samiske områda utanfor Finnmark.

Sametinget støttar forslaget om å gjere tilskotet til samiske medium plattformnøytralt, og meiner eit slikt tiltak kan bidra til å auke det samiske mediemangfaldet. Samtidig er dei bekymra for dei samiske dagsavisene dersom fleire nye medium kjem inn i ordninga, utan ein samtidig auke i støtta til samiske medium.

7.2.1.3 Vurdering

Tilskotsordninga for samiske aviser bør vere plattformnøytral, på same måte som produksjonstilskotet. Dette betyr at tilskotet til samiske aviser og samiskspråklege avissider vil vere basert på utgivingar både digitalt og på papir. Ei slik endring vil kunne bidra til at media satsar meir digitalt og får fleire abonnentar over på digitale plattformer. I tillegg vil terskelen for å publisere på samisk eller med den samiske befolkninga som hovudgruppe bli lågare, og det vil i beste fall kunne resultere i meir mangfald ved at nye publikasjonar kjem inn i ordninga. Fleire medium med den samiske befolkninga som målgruppe vil både kunne ha ein positiv effekt på bruksmangfaldet og bidra til å gjere dei samiske skriftspråka meir synlege. Begge dei samiske dagsavisene er i dag lokalisert i Finnmark. Ei plattformnøytral tilskotsordning vil òg kunne stimulere til meir mediemangfald i dei sørsamiske og lulesamiske samfunna eller til publikasjonar som bidreg til meir meiningsutveksling på tvers av dei samiske samfunna.

Samiske nyheitsmedium speler ei viktig rolle for språkutviklinga i det samiske samfunnet. Samtidig er det mange samar som ikkje kan lese dei samiske skriftspråka, og som er avhengige av å få nyheiter om den samiske befolkninga på norsk. Det er derfor rimeleg at også norskspråklege aviser med den samiske befolkninga som hovudmålgruppe får støtte. Samtidig blir det i dag ikkje gitt insentiv til å produsere avissider på andre samiske språk enn lule- og sørsamisk. Det kan gi dårlege insentiv for eventuelle andre publikasjonar til å omtale samiske forhold eller leggje til rette for debatt som gjeld den samiske befolkninga.

Dei samiske avisene kjem ut med fem utgåver i veka. Medietilsynet peiker på at dersom fleire aviser kjem inn i tilskotsordninga, vil Ávvir og Ságat truleg måtte gi ut færre utgåver i veka med mindre rammene for ordninga blir auka. Departementet legg til grunn at myndigheitene bør vurdere korleis tilskotet til samiske medium på best mogleg måte kan stimulere til meir bruk av ressursar til journalistikk og innhald og oppnå formålet om å leggje til rette for demokratisk debatt, meiningsdanning og språkutvikling i det samiske samfunnet, samt spegle det språklege og kulturelle mangfaldet som eksisterer i dag. På grunnlag av dette vil departementet setje i verk ein prosess med å gjere ordninga plattformnøytral.

Boks 7.1 Tilskot til samiske aviser

Regjeringa vil sende på høyring forslag om å gjere tilskotsordninga til samiske aviser plattformnøytral.

7.2.2 Tilskot til breie nyheitsmedium

7.2.2.1 Utvalet si vurdering

Mediemangfaldsutvalet peiker på at dei breie nyheitsmedia, dvs medium med bredt tematisk og geografisk nedslagsfelt, har ein spesiell verdi fordi dei bidreg til bruksmangfaldet i eigenskap av å vere fellesarenaer med eit vidt tematisk og geografisk nedslagsfelt. Utvalet ser likevel «klare tegn til at det er i ferd med å oppstå en situasjon der det blir vanskeligere å finansiere det brede redaksjonelle tilbudet i disse breddemediene» og peiker på at forretningsmodellane som tradisjonelt har bidrege til å bevare ei brei dekning av samfunnet, «ikke lenger gir tilstrekkelige inntekter til å opprettholde en slik bredde».

Utvalet viser til at regionavisene i stor grad har fått redusert annonseinntektene sine og derfor har måtta gjennomføre kraftige kutt. Desse kutta har mellom anna ført til at regionavisene har redusert den tematiske og geografiske dekninga. Utvalet meiner derfor at det er grunnlag for å greie ut ei supplerande tilskotsordning retta mot breie nyheitsmedium som i større grad påskjønner investeringar i redaksjonelt innhald.

7.2.2.2 Høyringsinstansane sitt syn på saka

Forslaget får støtte av mellom andre MBL, Schibsted og Adresseavisen. MBL skriv at «utviklingen også for disse mediene er bekymringsfull dersom situasjonen forverres, og at tiltak bør utredes».

Fleire høyringsinstansar viser til utvalet sitt poeng om faren for journalistiske blindsoner (NR, Adresseavisen, Schibsted og Polaris) og at omfattande nedbemanning har konsekvensar for redaksjonane si evne til å drive kritisk overvaking (Tinius Stiftelsen). Færre journalistar og omstruktureringar i media vil dessutan «få konsekvenser for det samlede tilbudet av godt redaksjonelt innhold», påpeiker NR. Schibsted viser i tillegg til at viktige og gjerne komplekse saksområde ikkje lenger blir dekte av faste journalistar med inngåande kunnskap og oversikt over feltet.

Trass i utfordringane i dei breie nyheitsmedia er det fleire høyringsinstansar som først og fremst ønskjer allmenne og indirekte støtteordningar (Adresseavisen, Polaris og BergensTidende).

7.2.2.3 Vurdering

Medietilsynets økonomirapport for 2017 viser at dei største avisene har mista nær ein fjerdedel av inntektsgrunnlaget sitt dei siste åra. Hovudårsaka til nedgangen i driftsinntektene er reduserte annonseinntekter. Sjølv om inntektssvikten har gjort det nødvendig med kostnadskutt, meiner tilsynet at det òg har vore ein spore til å drive meir effektivt.

Trass i at dei større breiddemedia òg har krevjande år bak seg, er det fleire utviklingstrekk med positive forteikn etter at utvalet leverte si NOU. I 20172 auka både opplag og opplagsinntekter for avisene, og fleire av breiddemedia viser til gode resultat. Med unntak for laussalsavisene auka brukarinntektene for alle typar aviser frå 2016 til 2017. Økonomirapporten for 2017 viser vidare at alle avistypar har hatt betre driftsmargin og lønnsemd i 2017. Det er dei leiande dagsavisene og laussalsavisene som har høgast driftsmargin og lønnsemd. Dei leiande dagsavisene står i tillegg for mesteparten av driftsinntektene til bransjen.

I lys av dette kan det vere meir treffsikkert å prioritere tilskot til dei aktørane som får støtte frå etablerte ordningar, enn å gi støtte til breie nyheitsmedium. Det synest derfor ikkje å vere formålstenleg med ei tilskotsordning retta mot breie nyheitsmedium no.

7.2.3 Støtte til gratismedium

7.2.3.1 Utvalet si vurdering

Mediemangfaldsutvalet peiker på at gratis nettaviser kvar veke har stor dekning hos grupper som i liten grad konsumerer nyheiter om samfunnsliv, politikk og økonomi. Samtidig er produksjonstilskotet i dag innretta slik at det ikkje blir gitt tilskot til medium som er gratis for brukarane. Utvalet viser til at når dei fleste nyheitsmedium legg opp til betalingsløysingar og hovudinntektskjelda til dei reklamefinansierte nyheitsmedia blir svekt, er det ein risiko for at dei som sjeldan aktivt oppsøkjer nyheiter, blir ytterlegare marginaliserte. Det kan ifølgje utvalet tilseie at det som ei tidsavgrensa ordning kan vere formålstenleg å rette tilskot inn mot nyheitsproduksjonen til gratismedia.

7.2.3.2 Høyringsinstansane sitt syn på saka

Fleire av dei som kommenterer forslaget, er positive til eit tilskot til gratisaviser (mellom anna LLA, Amedia, NJ og NR). Landslaget for lokalaviser (LLA) meiner at prinsippet om brukarbetaling for å kvalifisere til tilskot «er med på å sikre at aviser som får tilskott, satsar på godt og relevant innhald som utløyser betalingsvilje». Dei støttar likevel forslaget om ei prøveordning så lenge ordninga blir evaluert etter nokre år. Amedia meiner at eit slikt tilskot saman med andre tiltak vil kunne vere med og «understøtte det arbeidet norske medier allerede gjør for å omstille seg og utvikle nye innholdstilbud og nye tjenester». Konsernet er likevel skeptisk til å gjere ei slik ordning permanent.

Sálas er ueinig i forslaget og meiner at «det bør være et ufravikelig krav at mottakere av pressestøtte må bevise sin profesjonalitet ved at det utgis redaksjonelle kvalitetsprodukter som publikum er villig til å betale for».

7.2.3.3 Vurdering

Verksemder som publiserer nyheitsstoff utan å krevje betaling frå lesarane, spenner frå nasjonale publikasjonar med stor redaksjonell produksjon og driftsinntekter i 100 millionar-kroners-klassen til lokale, nystarta multimedieverksemder med 1–2 millionar kroner i driftsinntekter.

Nasjonale gratismedium som Nettavisen, ABC Nyheter, Dagbladet.no og VG.no har stor oppslutning i befolkninga. Dei er dei viktigaste kommersielle aktørane i den nasjonale marknaden for gratis nyheits- og aktualitetsstoff, har ein solid driftsøkonomi og er viktige for å nå dei som i liten grad konsumerer nyheiter elles. Oppslutninga om og bruken av dei nasjonale aktørane gjer at marknaden i dag klarer å finansiere dette tilbodet på eiga hand. At marknaden åleine finansierer ei rekkje nasjonale gratismedium, er likevel ikkje ein garanti for at desse media vil klare å oppretthalde breidda og djupna i den redaksjonelle dekninga i framtida.

Mindre, lokale gratismedium kan ha eit tydelegare behov for støtte. Lokale gratismedium kan vere eit positivt tilskot til mediemangfaldet. Når fleire nyheitsmedium legg opp til betalingsløysingar og hovudinntektskjelda til dei reklamefinansierte nyheitsmedia blir svekt, er det ein risiko for at dei som sjeldan aktivt oppsøkjer nyheiter, blir ytterlegare marginaliserte. Samtidig er det i dag avgrensa tilgang til gratis lokal nyheits- og aktualitetsjournalistikk.

Lokale gratismedium er som oftast små verksemder med avgrensa ressursar og svakare driftsøkonomi. I tillegg finst det nokre bysentrerte gratismedium på papir. Dei sistnemnde har vore spesielt utsette for fallande annonsevolum og fleire har på grunn av bortfall av inntekter blitt tvungne til å avvikle eller innskrenke verksemda. I perioden 2013–2018 har det vore ei halvering både i dei samla reklameinntektene og i talet på gratismedium på papir.3 Medietilsynet si økonomirapport viser at lokale gratismedium har hatt ei svakare samla inntektsutvikling dei siste åra enn aviser som tek betalt for innhaldet. Tala som tilsynet har samla inn tyder på at særleg dei papirbaserte gratisavisene blir pressa på pris i dei lokale annonsemarknadene dei betener, mens inntektsutviklinga for nettavisene har vore mindre negativ. Ifølgje tilsynet har driftsmarginen for lokale gratisaviser variert mellom –1,1 og 5,5 prosent dei siste fem åra.

Det finst lite kunnskap om bruken av lokalt gratis nyheits- og aktualitetsstoff og om korleis støtte til gratis lokalaviser vil påverke den lokale aviskonkurransen på staden. Det er derfor uklart kor stort behov det er for ei eiga ordning for gratismedium. Vidare er det ein fordel med den eksisterande produksjonstilskotsordninga, at ho berre er for medium som tek seg betalt frå lesarane. Det at publikum er villige til å betale for eit medium, kan sjåast som eit indirekte uttrykk for at medietilbodet har ein viss kvalitet. Ei eventuell støtteordning for gratismedium vil ikkje kunne vere heilt open. Det vil vera nødvendig å etablere eit sett med kvalifikasjonskriterium, antakeleg knytt opp til innhaldet i publikasjonane. Det vil innebere vanskelege og ressurskrevjande vurderinger. Departementet meiner på grunnlag av slike omsyn at det ikkje er formålstenleg å etablere ei eiga tilskotsordning for gratismedium no.

7.2.4 Distribusjonstilskot til aviser i Finnmark

Ordninga med distribusjonstilskot til aviser i Finnmark blei etablert i 1989, grunngitt med at aviser i dette fylket har høgare distribusjonskostnader enn elles i landet. Ein har rekna med at topografi, spreidd busetjing og klima gjer at avisdistribusjon er spesielt kostnadskrevjande i Finnmark. Tilskotet kjem i tillegg til eventuelt produksjonstilskot og blir fastsett på grunnlag av mengda dokumenterte postdistribuerte eksemplar av papiravisa.4 I 2018 blei 2 135 000 kroner fordelt på tolv aviser.

7.2.4.1 Mediemangfaldsutvalet sitt forslag

Utvalet viser til at tilskotet blir fordelt etter talet på distribuerte papiraviser, og at ordninga derfor kan vere til hinder for innovasjon og forretningsutvikling. Vidare viser utvalet til at det ikkje er dokumentert at avisene i Finnmark har høgare distribusjonskostnader enn andre aviser. Utvalet peiker òg på at tilskotet har auka sidan 2006 (primært prisjustering), samtidig som opplaget til avisene har minka. Utvalet foreslår at ordninga blir avvikla, og at desse midlane blir omdisponerte til produksjonstilskotet, eventuelt at tilskotet òg kan fordelast til medium elles i landet etter objektive kriterium.

7.2.4.2 Høyringsinstansane sitt syn på saka

Det er berre Sálas (den samiske forleggjar- og avisforeininga) som eksplisitt kommenterer forslaget til utvalet. Foreininga meiner at forslaget vil føre til at andre aviser i Finnmark vil få eit større produksjonstilskot, samtidig som dei samiske avisene taper støtte. Sálas meiner «det er helt på det rene» at spesielle forhold tilseier at avisene i Finnmark må ha distribusjonsstøtte. Foreininga peiker på at 27,82 prosent av distribusjonstilskotet blei tildelt dei to samiske dagsavisene i 2016.

7.2.4.3 Vurdering

Sidan distribusjonstilskotet blir fordelt på grunnlag av talet på distribuerte papiraviser, stimulerer ordninga i mindre grad til innovasjon og utvikling. Storleiken på tilskotet utgjer mellom 0,06 og 2,3 prosent av dei samla driftsinntektene til avisene, og er truleg ikkje avgjerande for at avisene som kjem ut i Finnmark, kan bli distribuert på papir.

I ein gjennomgang av distribusjonskostnadene til avisene i 2014, 2015 og 2016 finn Medietilsynet at aviser som kjem ut i Finnmark, ikkje systematisk har høgare distribusjonskostnader per eksemplar enn aviser som kjem ut i andre fylke. Dei konkluderer derfor med at ordninga med distribusjonstilskot til desse avisene verkar å vere utdatert. Vidare finn tilsynet at det ikkje er spesielle kjenneteikn ved aviser med høge distribusjonskostnader per eksemplar, og at det av den grunn vil vere vanskeleg å finne objektive kriterium for å målrette eit tilskot mot aviser som har høge distribusjonskostnader.

Ságat, Finnmarken og Finnmark Dagblad er avisene som får mest i distribusjonstilskot. Finnmarken og Finnmark Dagblad har dei siste åra fått mange fleire digitale abonnentar og er i dag blant avisene med flest digitale brukarar i Noreg. Finnmark Dagblad hadde i 2017 ein digital prosentdel på 60. Veksten i digitale abonnentar kan indikere at tilskotet ikkje hindrar auka digitalisering.

Regjeringa vil leggje fram ein lovproposisjon med forslag til endringar i kravet til talet på dagar med postombering. Mange medium er avhengige av postombering for å få ein stor del av aviseksemplara sine ut til abonnentane. Eventuelle endringar i talet på dagar med postombering kan føre til endringar i distribusjonsformene. Ei vurdering av distribusjonstilskotet bør derfor ikkje gjerast før ein veit meir om korleis ei eventuell endra frekvens i postomberinga verkar inn på media. Departementet legg til grunn at Mediestøtterådet vil følgje utviklinga.

7.2.5 Innvandrarar og språklege minoritetar

I 1980 blei det oppretta ei tilskotsordning for minoritetsspråklege publikasjonar. Formålet med ordninga var å bidra til framvekst av publikasjonar for språklege minoritetar, utvikle redaksjonell kvalitet i desse publikasjonane og gjere det lettare for personar med minoritetsbakgrunn å delta i samfunnet gjennom å sørgje for informasjon om norske samfunnsforhold på deira eige språk. Som med produksjonstilskotet var det krav om at det skulle bli teke reell betaling for produktet, og at minst halvparten av opplaget skulle seljast som abonnement. Tilskot blei gitt i form av eit grunntilskot som var fastsett etter utgivingsmengda, og eit driftstilskot som var fastsett etter det godkjende opplaget til publikasjonen.

I åra 1996–2009 blei det gitt støtte til publikasjonar på til saman ni ulike språk. Ordninga blei avvikla i 2015, etter fleire år med stadig færre publikasjonar. Årsaka var at midlane i hovudsak hadde gått til publikasjonar retta mot grupper av innvandrarar der innvandringa frå desse landa i fleire år hadde vore marginal. Departementet meinte derfor at ordninga ikkje fungerte slik det var tenkt, og at det ikkje lenger var behov for å ha ei eiga tilskotsordning for minoritetsspråklege medium.

7.2.5.1 Mediemangfaldsutvalet sitt forslag

Utvalet peiker på at det finst få tilrettelagde medietilbod som gjeld norske forhold på andre språk enn norsk. Utvalet viser òg til at innvandrarbefolkninga har eit lågare nyheitskonsum enn majoritetsbefolkninga. Utvalet foreslår derfor å inkorporere ei støtteordning i innovasjonsordninga. Ordninga skal vere til for publikasjonar som legg til rette for auka nyheitskonsum blant innvandrarar, og som fremjar demokratisk deltaking. Utvalet meiner at ei slik støtte bør vere tidsavgrensa og ta sikte på at publikasjonen etter ein oppstartsfase kan stå på eigne bein utan statlege tilskot. Vidare skriv utvalet at ein kan vurdere om det bør vere krav om mellom anna distribusjon på nett, prosentdel framandspråk og prosentdel redaksjonell omtale av norske forhold. I tillegg til etableringsstøtte under innovasjonstilskotet foreslår utvalet at tilskot til etniske og språklege minoritetsgrupper kan bli gitt under ei prosjektstøtteordning for samfunnsviktig journalistikk, dvs journalistikk som omfattar mellom anna undersøkjande og forklarande journalistikk, og som ofte er tidsmessig og økonomisk ressurskrevjande.

7.2.5.2 Høyringsinstansane sitt syn på saka

Ingen av høyringsinstansane hadde kommentarar til forslaget om å støtte nyheitsmedium retta mot innvandrarar. Sálas, som representerer dei samiske media, er den einaste høyringsinstansen som nemner tilskot til medium retta mot etniske og språklege minoritetar – inkludert samiske medium. Sálas viser til Mediemangfaldsutvalet sitt forslag om at innovasjonstilskot og tilskot til samfunnsviktig journalistikk vil inkludere medium retta mot minoritetsgrupper. Sálas uttaler at dei prinsipielt er imot desse forslaga, og skriv vidare at tilskot til nyheitsmedium for nasjonale minoritetar og andre grupper bør vere permanente, ikkje prosjektbaserte.

7.2.5.3 Vurdering

Innovasjonsordninga tok til å gjelde 1. juli 2018. Ordninga skal fremje journalistisk innovasjon og digitalisering og vil særleg rette seg mot små, lokale medium. Det blir ikkje gitt tilskot til nyetableringar, men etablerte medium kan få støtte til å opprette eit biprodukt, til dømes ei nettavis som rettar seg spesifikt mot innvandrarar. Tidlegare erfaringar og evalueringar har òg vist at dei minoritetsspråklege media har hatt behov for journalistisk opplæring og oppfølging også etter at publikasjonane er etablerte.

Medietilsynet meiner at den største utfordringa for publikasjonar på andre språk er etableringsfasen. Tilsynet støttar derfor forslaget om ei etableringsstøtte og understrekar at tilskot i så fall bør rette seg mot medium som ønskjer å komme ut regelmessig, som skriv på språket i heimlandet, og der innhaldet handlar om norske forhold. Det har tidlegare vore krav om at 40 prosent av stoffet skulle gjelde norske forhold – ein prosentdel det var vanskeleg for mange publikasjonar å oppnå.

Tilskot til publikasjonar med omtale av norske samfunnsforhold retta mot innvandrarar kan vere eit viktig tiltak for å nå fleire «nyheitsunnvikarar», bidra til betre integrering av innvandrarar med svake norskferdigheiter og fremje demokratisk deltaking. Behovet for minoritetsspråklege publikasjonar som tek for seg norske forhold, er størst dei første åra etter innvandringa.

Det finst i dag mange tilbod til innvandrarar. Fleire minoritetsspråklege radiostasjonar kringkastar nyheiter og debattprogram. Éin sender frå Bergen, dei fleste andre frå Oslo. Mange av dei er tilgjengelege på nett, og kan dermed ha eit breiare nedslagsfelt. I tillegg publiserer TV 2 Skole nyheiter som er lagt til rette for vaksenopplæringa, på sju forskjellige språk. NRK publiserer òg hendingar på andre språk enn norsk.

Departementet er samd med Mediemangfaldsutvalet i at den eksisterande innovasjonsordninga bør kunne brukast til å støtte publikasjonar som legg til rette for auka nyheitskonsum blant innvandrarar og språklege minoritetar. Som Medietilsynet påpeikar, bør ein særleg leggje til rette for etablering av slike tilbod. Departementet vil derfor arbeide for å innrette ordninga slik at ho i større grad er retta inn mot slike omsyn.

7.2.6 Tilskot til medium retta mot personar med funksjonsnedsetjingar

Lettlest-avisa Klar Tale rettar seg mot personar med språk- og lesevanskar og kjem ut både på papir, som lydavis på CD og som podkast. Det er Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som forvaltar tilskotet til avisa. Avisa har fått midlar over Barne- og likestillingsdepartement sitt kap. 872, post 72 Levekåra og livskvaliteten til dei funksjonshemma, men vil få midlar over Kulturdepartementet sitt budsjett frå 2020. Formålet med tilskotet er å medverke til at personar med lesevanskar òg skal kunne delta i debatten og samfunnet elles.

NRK, TV 2 og TVNorge har i dag krav om at alle ferdigproduserte og direktesende program som blir sende mellom klokka 18 og 23, skal vere teksta dersom det er praktisk og teknisk mogleg. NRK sender òg Tegnspråknytt, har lydtekst på førehandsproduserte program der det ikkje blir snakka norsk, og har synstolka filmar og seriar i nettspelaren sin.

7.2.6.1 Mediemangfaldsutvalet sitt forslag

Mediemangfaldsutvalet viser til at digitaliseringa gir fleire høve til å tilpasse innhaldet, men at ho òg byr på utfordringar knytte til standardisering, kompatibilitet og oppdateringssyklusar av tekniske hjelpemiddel. Utvalet fremja ikkje eigne forslag til tiltak som er særskilt retta mot personar med funksjonsnedsetjingar, men viste til at forslaget om ei tilskotsordning for innovasjonsprosjekt òg ville omfatte tiltak for denne mediebrukargruppa. Mediemangfaldsutvalet foreslo at støtteintensiteten i ei innovasjonsordning bør kunne vere inntil 75 prosent for prosjekt som kjem visse mediebrukargrupper til gode eller har potensial til særleg å styrkje bruksmangfaldet. For andre prosjekt foreslo utvalet ei grense på 40 prosent.

7.2.6.2 Høyringsinstansane sitt syn på saka

Fleire høyringsinstansar kommenterte media si tilrettelegging for personar med funksjonsnedsetjingar på meir generelt grunnlag. Hørselshemmedes Landsforbund var den einaste høyringsinstansen som kommenterte forslaget til utvalet direkte og støtta forslaget om ei innovasjonsordning «såfremt økt støtteintensitet for prosjekter rettet mot økt bruksmangfold inkluderes i tilskuddsordningen, herunder personer med nedsatt funksjonsevne».

7.2.6.3 Vurdering

Departementet legg parallelt med denne meldinga fram forslag om endringar i kringkastingslova. Endringane inneber krav til NRK med omsyn til teiknspråk, lydtekst og synstolking, i tillegg til meir omfattande krav om teksting. For dei kommersielle kringkastarane på TV er det foreslått krav om teiknspråktolking og synstolking når dette er teknisk og praktisk mogleg.

Nyheitsmedium kan søkje om innovasjonstilskot til tiltak for tilrettelegging av redaksjonelt innhald og publiseringsformer for personar med funksjonsnedsetjingar. I regelverket er det lagt til grunn at prosjekt må ha minst 50 eller 60 prosent eigenfinansiering.5 Departementet er samd med utvalet i at det for prosjekt som rettar seg mot spesifikke befolkningsgrupper kan vere grunnlag for å akseptere noko høgare støtteintensitet fordi det kan vere spesielt ressurskrevjande og risikofullt å utvikle tiltak retta mot særskilde grupper i befolkninga. Departementet legg derfor opp til å sende på høyring eit forslag om justering av regelverket i tråd med dette.

7.2.7 Tilskot til bydelsmedium

Forskrifta om produksjonstilskot til nyheits- og aktualitetsmedium blei endra i 2014. Til dømes fall bydelsaviser bort som eigen tilskotskategori. I staden slår forskrifta fast at bydelen «skal regnes som utgiversted, dersom det reelle geografiske markedet for mediet er mindre enn kommunen». Som ein konsekvens tok den øvre opplagsgrensa for nummer 1-medium og åleinemedium til å gjelde for bydelsmedia òg. Endringa førte i praksis til at berre éi avis (Akers Avis Groruddalen) fall ut av ordninga.

Under behandlinga av 2017-budsjettet gjorde Stortinget følgjande oppmodingsvedtak (nr. 232):

Stortinget ber regjeringen, om nødvendig gjennom forskriftsendringer, legge til rette for at bydelsaviser som mister tilskudd som følge av endringen i Forskrift om produksjonstilskudd til nyhetsmedier mv. i 2014, får produksjonstilskudd inntil Mediemangfoldsutvalgets rapport og stortingsmeldingen i etterkant av denne er ferdigbehandlet.

Kulturdepartementet følgde opp oppmodinga gjennom ei eiga mellombels forskrift om tilskot til bydelsaviser som tok til å gjelde 27. juni 2017. Forskrifta innførte i praksis på nytt det systemet som gjaldt for bydelsmedium før omlegginga i 2014. Den mellombelse forskrifta gjaldt i utgangspunktet berre for 2017-tildelinga, men blei utvida ved forskrift av 1. juni 2018, som omfatta tildelinga av produksjonstilskot for 2018. Forskrifta har i praksis berre hatt noko å seie for tilskotet til Akers Avis Groruddalen.

Bydelsaviser er viktige for mediemangfaldet, særleg i område som i dag har låg eller inga journalistisk dekning frå større lokalmedium. Utgreiinga gjennomført av Sigurd Høst på vegner av Mediemangfaldsutvalet fann at Oslo kommune er eit døme på ei blindsone utan systematisk journalistisk dekning i stor nok grad, og der dekninga er sparsam. Departementet vil derfor vidareføre den gjeldande ordninga med ei mellombels forskrift. Mediestøtterådet bør vurdere behovet for å bevare bydelsmedium som særskild tilskotskategori innanfor produksjonstilskotet til nyheits- og aktualitetsmedium.

7.3 Fritak frå arbeidsgivaravgift

7.3.1 Mediemangfaldsutvalet sitt forslag

Som eit indirekte verkemiddel ved sida av meirverdifritaket for nyheitsmedium foreslår Mediemangfaldsutvalet eit tidsavgrensa fritak for arbeidsgivaravgift for nyheits- og aktualitetsmedium. Forslaget er meint å supplere direkte verkemiddel som produksjonstilskotet. Utvalet synest ikkje det gir meining å avgrense fritaket til berre å gjelde arbeidstakarar som arbeider redaksjonelt, ettersom alle stillingar i mediehusa er nødvendige for å produsere og distribuere det journalistiske produktet. Utvalet har berekna at fritaket vil innebere eit provenytap for staten på mellom 500 og 600 millionar kroner årleg.

Mediemangfaldsutvalet meiner at eit tidsavgrensa fritak for arbeidsgivaravgift for nyheitsbaserte medium vil vere eit generelt, ubyråkratisk tiltak som følgjer prinsippet om armlengds avstand til politiske myndigheiter, og som er lett å kontrollere. Utvalet meiner i tillegg at dette tiltaket kan styrkje norske journalistikkprodusentar i konkurranse med aktørar som Google og Facebook. Eit svakt punkt i dette forslaget er ifølgje utvalet at det kan stimulere til høgare lønnsnivå og verke konserverande fordi innkjøpte materiale blir mindre konkurransedyktig. Det vil mellom anna seie at frilansarar kan få dårlegare vilkår. Dette er ein av grunnane til at utvalet foreslår fritaket som eit tidsavgrensa tiltak.

7.3.2 Høyringsinstansane sitt syn på saka

Tiltaket fekk brei støtte blant bransjeaktørane i høyringa. Adresseavisen, Fagpressen, Mediebedriftenes landsforening, Polaris og Stiftelsen Tinius er blant aktørane som framhevar at eit fritak frå arbeidsgivaravgift vil vere ei støtte som direkte rettar seg mot å styrkje innhaldsproduksjon og journalistikk, og at eit slikt tiltak dermed er meir målretta mot det journalistiske innhaldet. Redaktørutvalget i Amedia, Norsk Journalistlag og Klassekampen legg stor vekt på at eit slikt tiltak vil verke positivt på kor mange redaksjonelle medarbeidarar avisene vil kunne ha. Stiftelsen Tinius legg dessutan vekt på at fritaket vil frigjere ressursar til «utvikling av teknologiske løsninger og digital formidling samt innovasjon av kommersielle løsninger» og dermed styrkje dei norske mediehusa.

Fleire av høyringsinstansane trekkjer fram at fritak frå arbeidsgivaravgifta er ubyråkratisk, lett å administrere og eit både treffsikkert og objektivt verkemiddel. Schibsted peiker på at ei slik støtte vil vere rettferdig og ikkje konkurransevridande, mens Norsk redaktørforening og Klassekampen omtaler forslaget som eit ikkje-diskriminerande tiltak som ikkje legg føringar på produktutvikling og forretningsmodell.

Nærmedieforeningen er den av høyringsinstansane som i minst grad støttar forslaget. Foreininga representerer nettbaserte gratismedium for bydelar i Oslo og Bergen, aviser som på grunn av forretningsmodellen sin verken får pressestøtte eller har fordelar i form av nullsatsordninga (meirverdiavgifta). Foreininga meiner at eit fritak frå arbeidsgivaravgift fører til ytterlegare forskjellsbehandling av dei små gratismedia – til forskjell frå medium med andre forretningsmodellar.

7.3.3 Vurdering

Arbeidsgivaravgifta er geografisk differensiert, og kommunane er delt inn i sju ulike avgiftssoner. Satsane varierer frå 14,1 prosent i sentrale strøk (sone 1) til 0 prosent i Finnmark og Nord-Troms (sone 5). Mange av kommunane i innlandet i Sør-Noreg betaler 10,6 prosent, og dei fleste kommunane i Nordland betaler 5,1 prosent.

Eit fritak frå arbeidsgivaravgift kan i nokon grad bidra til målet om å leggje til rette for samfunnsviktig og undersøkjande journalistikk og redusere tematiske kvite flekker. Isolert sett vil ein reduksjon i arbeidsgivaravgifta stimulere media til å tilsetje fleire journalister eller i alle fall bremse nedbemanninga, og dermed styrkje journalistikken. Redusert arbeidsgivaravgift kan òg bidra til at små medium blir betre rusta til å takle den digitale transformasjonen, ved at dei til dømes får betre råd til å tilsetje ein medarbeidar med teknologisk kompetanse. Slik kan dette tiltaket bidra til å oppnå målet om innovasjon og utvikling i mediebransjen. På den andre sida er det heller ikkje utenkjeleg at tiltaket ville hemme til dømes investeringar i innovativ teknologi, fordi arbeidskrafta relativt sett blir billigare. Departementet viser vidare til at differensieringa av avgifta kan gjere at dei minste media, som kanskje har det største behovet for hjelp til omstilling, får minst nytte av tiltaket.

Arbeidsgivaravgifta bør normalt ikkje nyttast som eit verkemiddel for å støtte opp under enkelte næringar. Eit sentralt prinsipp er at skattesystemet i utgangspunktet bør vere næringsnøytralt, dvs at ulike næringar står overfor dei same skattereglane. Lågare arbeidsgivaravgift i ein sektor vil trekkje arbeidskraft til denne sektoren, og det vil vere ei ulempe for andre sektorar. Det vil igjen gi dårlegare utnytting av dei samla ressursane i samfunnet.

Medietilsynet har berekna utslaga av eit fritak for arbeidsgivaravgift for alle medarbeidarar i nyheits- og aktualitetsmedium. Dersom ordninga skulle blitt innført i dag, ville over 72 millionar kroner (av totalt 410 millionar) gått til dei to største avisene, VG og Aftenposten (Schibsted). Det er aviser med ei sterk merkevare og eit stort konsern i ryggen, som klarer seg relativt godt i marknaden. Meirverdiavgiftsfritaket er primært ei støtte til forbrukaren, men om ein reknar dette i den totale verdien av avgiftsfritaka ville desse to avisene få om lag 550 millionar kroner til saman i indirekte støtte. Verdien av fritaket for arbeidsgivaravgift for Dagens Næringsliv ville ha vore på over 30 millionar kroner, mens verdien for Dagbladet og dei større regionavisene Bergens Tidende, Stavanger Aftenblad, Fædrelandsvennen (Schibsted) og Adresseavisen ville ha vore frå 6 til 24 millionar kroner kvar.6

Mediemangfaldsutvalet viser til at regionavisene i stor grad har fått redusert annonseinntektene sine, og dermed har dei mellom anna måtta redusere den tematiske og geografiske dekninga. Nesten alle regionavisene blir gitt ut i kommunar med den høgaste avgiftssatsen. På same måte som dei nasjonale media har regionavisene fleire journalistar i tilsette stillingar enn lokalmedia, og vil derfor ha ein større fordel med eit fritak frå arbeidsgivaravgift enn lokalmedia. Sjølv om mange små og mellomstore lokalmedium i Sør-Noreg ville fått ein fordel med eit avgiftsfritak, vil eit fritak frå arbeidsgivaravgift i størst grad gi uttelling for større mediehus med relativt solid økonomi. For dei minste media er direkte støtte viktigare og meir treffsikkert enn ulike former for indirekte støtte. Direkte støtte bidreg sterkt til eksistensgrunnlaget for dei minste media. Dette er òg medium med få tilsette. Ifølgje Medietilsynet har dei mot-takarane av produksjonstilskotet med høgast støtteintensitet i gjennomsnitt 3,4 årsverk

Effekten av indirekte tiltak kan òg vurderast opp mot måla for den direkte mediestøtta, jf. kapittel 6. Eit viktig mål for mediestøtta bør vere å sikre lokale medium i heile landet og unngå kvite flekkar geografisk. Lokalmedia har stor betyding og mange utfordringar, derfor bør dei prioriterast. Statens økonomiske verkemiddel bør derfor vere innretta mot tiltak som treffer lokalmedium i heile landet. Fordi arbeidsgivaravgifta allereie er geografisk differensiert, vil dette tiltaket vere av mindre eller ingen betyding for små aviser og aviser som blir utgitt i marknader som allereie har fritak eller redusert arbeidsgivaravgift. Fritaket vil gi størst utslag for dei største avisene, fordi desse blir utgitt i område med den høgaste avgiftssatsen (Oslo og kommunar langs kysten i Sør-Norge).

Eit fritak for arbeidsgivaravgift vil vere eit kostbart og lite målretta tiltak som ikkje bør innførast no. Dersom den økonomiske situasjonen for media skulle bli vesentleg forverra i åra som kjem, kan det vere aktuelt å sjå på forslaget på nytt.

7.4 Kommersiell allmennkringkasting på radio

Radio Norge og P4 hadde begge konsesjon til å sende i FM-nettet fram til det blei sløkt i 2017, og hadde dermed plikt til å tilby allmennkringkastingsinnhald. Plikta innebar mellom anna krav om å ha ein programprofil av allmenn karakter og interesse, kringkaste eigne nyheiter, spele 35 prosent norsk musikk og ha program for både breie og smale grupper. I konsesjonane for kringkasting i DAB-nettet er det ikkje stilt krav om å tilby allmennkringkasting.

7.4.1 Mediemangfaldsutvalet sitt forslag

Utvalet foreslår å tilby éin riksdekkjande radiokanal kompensasjon for meirutgifter knytte til det å tilby allmennkringkastingsinnhald, i første rekkje i form av eigenproduserte nyheiter og aktualitetsstoff, minst 25 prosent norsk musikk og lokalisering utanfor Oslo. Det bør vidare stillast generelle overordna krav om programverksemd av allmenn karakter og interesse og om at programmenyen skal ha ei tematisk og sjangermessig breidd som svarer til krava i dei tidlegare rikskonsesjonane for kommersiell allmennkringkasting på FM. Ordninga bør vere avgrensa til mellom tre og fem år. Verknaden av ein eventuell kompensasjon og analyse av framtidige behov bør evaluerast før ordninga eventuelt blir forlengd ytterlegare. Utvalet foreslo ein kompensasjon på 3 millionar kroner årleg.

7.4.2 Høyringsinstansane sitt syn på saka

Medietilsynet støttar forslaget om å tilby éin riksdekkjande kommersiell radiokanal kompensasjon for meirutgifter knytte til det å ta på seg ansvaret som allmennkringkastar på radio. Tilsynet meiner at det må stillast krav om eit reelt allmennkringkastingstilbod, og at meirutgiftene knytte til det å tilby allmennkringkastingsinnhald for kommersielle radiokanalar er vesentleg høgare enn dei estimerte 3 millionar kronene. Kravet om norsk musikk bør setjast høgare enn 25 prosent, og ordninga bør evaluerast etter tre til fem år.

NJ støttar forslaget om å gi offentleg støtte til ein kommersiell allmennkringkastar på radio som forpliktar seg til å publisere eigenprodusert nyheits- og aktualitetsstoff, men meiner ein må greie nærmare ut kva det kostar å vareta allmennkringkastaroppdraget for ein radiokanal.

Ordentlig Radio AS meiner at det kan verke som om det berre er éin kandidat til desse midlane. Dei meiner kravet om 25 prosent norsk musikk er svært nøkternt, og at prosjektstøtte vil vere meir effektivt enn «kompensasjon for merutgifter», der ein ikkje veit kva ein får tilbake.

P4 meiner at oppdragsbeskrivinga til den økonomiske ramma er for omfattande og for vanskeleg å kombinere med den økonomiske ramma (3 millionar kroner). «Utvalget har trolig rett i at nyheter på radio ikke blir borte med konsesjonskravene. Det er likevel langt fra sikkert at tilbudet vil holde like høy kvalitet eller ha et like stort omfang som det gjør under dagens regime».

Radio Norge meiner det er lurt å vurdere ei støtteordning for uavhengige allmennkringkastarar på radio, men åtvarar sterkt mot å avgrense dette til å vere ei ordning for berre éin aktør, for det vil vere «svært konkurransevridende». Radio Norge kan heller ikkje sjå at «summene som utvalget opererer med for en eventuell ordning for allmennkringkastere for radio er proporsjonalt med ønske om økt mediemangfold».

Språkrådet meiner det er viktig å stille krav om norskprodusert innhald, både når det gjeld program og musikk, dersom ein skal tilby kompensasjon til kommersielle allmennkringkastarar.

7.4.3 Vurdering

Regjeringa har i samsvar med Stortinget sine føresetnader ved behandlinga av Meld. St. 14 (2016–2017) Kommersiell allmennkringkasting, jf. Innst. 235 S (2016–2017), gjort ein avtale med TV 2 om kompensasjon for meirkostnader for å tilby allmennkringkasting. Ei liknande kompensasjonsordning for kommersiell allmennkringkasting i radio bør vurderast på bakgrunn av om marknaden for kommersiell radio i tilstrekkeleg grad produserer innhald som er viktig i eit samfunnsperspektiv, til dømes eigenproduserte nyheiter og norsk musikk.

P4 har i sitt høyringssvar gitt uttrykk for at nyheiter truleg ikkje blir borte på kommersiell radio sjølv om kanalane ikkje har konsesjonsvilkår som føreset slike sendingar, men seier samtidig at kvaliteten og omfanget på nyheitene kan bli lågare samanlikna med tidlegare. Det kan vere ein indikasjon på at dei kommersielle kanalane på sikt ikkje vil finne det økonomisk gunstig å bruke like mykje ressursar på nyheitsjournalistikk som dei tradisjonelt har gjort.

Før utbygginga av det nasjonale DAB-nettet var det fem nasjonale radiokanalar, og radiolyttinga var i stor grad konsentrert rundt desse fem kanalane. Digitaliseringa har gjort lyttinga meir fragmentert. Lyttinga er i ferd med å spreie seg frå dei store kanalane over på fleire mindre kanalar. Alle dei fem hovudkanalane (P1, P2, P3, P4, Radio Norge) har dei to siste åra mista lyttarar til andre kanalar, og lyttinga til andre kanalar var i 2018 på om lag 37 prosent.7

I dei tidlegare konsesjonane for allmennkringkasting var kanalane forplikta til å sende 35 prosent norsk musikk. Dette kravet fall bort då konsesjonane for kommersiell allmennkringkasting på FM gjekk ut. Ein rapport laga av BI og Menon Economics8 på oppdrag frå Kulturdepartementet fann at nordmenn høyrer mindre på norsk musikk. Å auke mengda norsk musikk i radio kan styrkje den mangfaldige musikkproduksjonen og næringsgrunnlaget til komponistar og musikarar. Det finst likevel fleire verkemiddel som kan vere eigna til å styrkje bruken av norsk musikk i radio. I 2018 blei til dømes tilskotet til lokale programproduksjonar og utviklingsprosjekt som stimulerer til bruk av norsk musikk, gitt prioritet innanfor tilskotsordninga for lokale lyd- og biletmedium. Halvparten av søkjarane som blei tildelt støtte (35 søkjarar), fekk stønad til prosjekt der grunngivinga var å stimulere til bruk av norsk musikk. Denne prioriteringa gjeld òg i 2019.

Det er viktig at andre enn NRK tilbyr nyheiter på radio. Fragmenteringa av radiolytting gjer likevel at det ville vere lite treffsikkert å gi støtte til éin radiokanal. Fleire høyringsinstansar åtvarar mot å avgrense støtta til éin aktør og foreslår i staden ei prosjektbasert støtte.

Det er enno kort tid sidan dei riksdekkjande FM-sendingane blei stansa. Foreløpig veit ein ikkje sikkert korleis den nye digitale radiomarknaden vil bli sjåande ut. Radiomarknaden er òg prega av at nye lydtilbod, som podkast, utfordrar det tradisjonelle radiomediet. Fleire av dei mest populære podkastane spring ut av nyheitsredaksjonane i avisene og kan for nokon vere eit alternativ til tradisjonell radio. Den eksisterande tilskotsordninga for lokale lyd- og biletmedium møter òg i nokon grad dei omsyna som ligg til grunn for Mediemangfaldutvalet sitt forslag. Med dei endringane som kjenneteiknar radiomarknaden no, både når det gjeld aktørbiletet og utviklinga i innhaldstilbodet, ser ikkje departementet det som aktuelt å innføre ein kompensasjonsordning for kommersiell allmennkringkasting på radio.

7.5 Lokalradio

7.5.1 Framtidig FM-distribusjon

Ved behandlinga av stortingsmeldinga9 som la rammene for lokalradio i samband med digitalisering av radiomediet, bestemte Stortinget at «[l]okalradiokonsesjonane som held fram på FM etter digitaliseringa av det riksdekkjande radionettet, blir forlengde med fem år etter 2017, dvs. til 31. desember 2021».

Norsk Lokalradioforbund ønskjer at framtidige rammevilkår skal bli meir føreseielege, og meiner at ein så tidleg som mogleg bør bestemme at lokalradio bør halde fram på FM etter 2021 – fortrinnsvis til 2031, som er tidspunktet då dei gjeldande DAB-konsesjonane går ut. Lokalradioforbundet opplyser at lokalradioane er optimistiske med tanke på digitalisering, men viser til at det er dyrt å drive lokalradio i DAB-nettet, særleg i tynt folkesette område der det er få lokalradioaktørar som kan dele på kostnadene. Dei aller fleste stader er FM-sendingar framleis det økonomiske fundamentet for å drive lokalradio. Det kan vere ønskjeleg å opne for at lokalradioane utanfor storbyane kan halde fram på FM nokre år utover 2021 òg, men ein bør hente inn meir fakta om økonomiske og regulatoriske rammevilkår og om statusen for digitaliseringa av lokalradio før Stortinget tek stilling til spørsmålet. Departementet har derfor bedt Medietilsynet om å kartleggje rammevilkåra for drift av lokalradio og vurdere om det er grunnlag for å forlengje FM-konsesjonar etter 2021, og på kva slags vilkår ei eventuell forlenging bør bli gitt. Departementet tek sikte på å komme tilbake til Stortinget om saka i 2019.

7.5.2 Tilskotsordninga til lokale lyd- og biletmedium

Tilskotsordninga blir løyvd over budsjettramma til Kulturdepartementet og forvalta av Medietilsynet. Midlane blir tildelte etter innstilling frå eit fagutval som består av ekspertar på lokalradio. Av ei samla ramme på 19,4 millionar kroner i 2018 blei vel 6,5 millionar kroner gitt som investeringstilskot til å byggje ut digitale radionett, mens 3,4 millionar kroner gjekk til digitaliseringsprosjekt i lokalradioane.

Medietilsynet vurderer det slik at ordninga har bidrege til at bransjen har tatt i bruk DAB-teknologien raskare og i større omfang enn det som hadde vore mogleg utan ei slik særskild prioritering. Norsk Lokalradioforbund er i hovudsak nøgd med ordninga og meiner at ho i stor grad bestemmer tempoet på utbygging av DAB for lokalradio.

Tilskot som blir gitt under denne ordninga, er å rekne som statsstøtte etter EØS-retten. Reglane for statsstøtte tillèt at staten gir maksimalt 200 000 euro til enkeltaktørar over ein treårsperiode (såkalla bagatellmessig støtte). Dersom ein skal gi meir enn 200 000 euro over tre år, må ordninga først meldast til og godkjennast av EFTA sitt overvakingsorgan, ESA. Utfordringa i dag er at fleire aktørar har nådd grensa på 200 000 euro, slik at utbyggingsprosjekt som fagutvalet i utgangspunktet definerer som gode, må avvisast eller utsetjast.

Medietilsynet har i ei evaluering av støtteordninga frå mai 2018 sagt at støttetaket er for lågt, og at ordninga derfor bør notifiserast slik at ein får høve til å heve taket. Det samsvarer med korleis lokalradioforbundet ser på saka.

Departementet har sett i verk ein prosess med sikte på å notifisere støtteordninga for lokale lyd- og biletmedium for ESA, slik at taket på støtta til enkeltaktørar kan hevast.

Boks 7.2 Lokalradio

Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget i 2019 om vilkåra for ei eventuell forlenging av FM-konsesjonar for lokalradio etter 2021.

7.6 Forsking og utvikling

For å styrkje mediepolitiske avgjerder med oppdaterte fakta, meiner utvalet at departementet i større grad bør samordne aktivitetane innanfor anvendte empiriske undersøkingar av medieutviklinga. Utvalet foreslo at ei verksemd kan få ansvar for å skaffe kunnskap/statistikk om medieutviklinga, mediebruk, mangfald og liknande, etter modell frå Kulturstyrelsen i Danmark.

Departementet viser til at Medietilsynet gjer regelmessige undersøkingar (til dømes undersøkinga om Barn og medier, som blir gjennomførd kvart andre år) og undersøkingar på ad hoc-basis. I tillegg gir tilsynet midlar til bruksretta medieforsking som kjem publikum og bransjen til gode, etter innstilling frå Rådet for anvendt medieforsking. Medietilsynet har vidare lansert planar om å utvikle eit mediemangfaldsrekneskap der utviklinga i mediemangfaldet skal analyserast jamnleg. Eit slikt tiltak vil kunne bidra til å oppfylle intensjonen bak dette forslaget. Departementet vil følgje opp dette i styringsdialogen med tilsynet.

7.7 Forholdet til EØS-avtalens reglar om offentleg støtte

Statsstøttereglane i EØS-avtalen set rammer for statleg støtte til næringsverksemd og omfattar i utgangspunktet alle økonomiske verkemiddel i EØS-området, også mediestøtte. Etter artikkel 61 nr. 1 i avtalen er tildeling av offentleg støtte i utgangspunktet forbode. Det finst ulike heimlar for unntak frå det generelle forbodet mot statsstøtte. For tilskotsordningar på mediefeltet er den mest relevante unntaksføresegna gitt i artikkel 61 nr. 3 (støtte som blir rekna å vere i samsvar med funksjonen til avtalen). På bakgrunn av ein notifikasjon av støtta vil ESA gjere ei konkret vurdering av om ho skal tillatast. Her vurderer ein mellom anna om tiltaket er retta mot eit veldefinert mål av felles europeisk interesse, om det er eigna til å nå desse måla, og om dei positive sidene støtta blir rekna for å ha, veg opp for dei negative effektane ho kan ha på konkurransen. ESA har godkjent fleire støtteordningar på mediefeltet i samsvar med EØS-avtalen artikkel 61 nr. 3 (c), mellom anna produksjonstilskotet for nyheits- og aktualitetsmedium og innovasjonsstøtteordninga.

Eventuelle endringar i ordningane må innrettast i samsvar med EØS-reglane om offentleg støtte og notifiserast til ESA før iverksetjing når det er påkravd. I dette ligg det òg det må sikrast at endringar i tilskotsordningane blir gjorde på ein måte som er mest mogleg målretta og minst mogleg konkurransevridande. Departementet legg til grunn at Mediestøtterådet må sørgje for at dette blir tatt hand om når rådet skal gjennomføre endringar i tilskotsordningane.

Fotnotar

1.

Forskrift 17. mars 1997 nr. 248 om tilskot til samiske aviser.

2.

Nye opplagsreglar for fastsetjing av opplag tok til å gjelde 1. januar 2018. Opplagstal for 2018 kan derfor ikkje jamførast med tidlegare år.

3.

Sigurd Høst (2019) «Avisåret 2018». Rapport nr. 90, Høgskulen i Volda.

4.

Det er talet på eksemplar som er distribuerte til hushald med posten, som ligg til grunn for kompensasjonsberekninga. Det blir ikkje teke omsyn til papireksemplar som er distribuerte med bod.

5.

Forskrift 26. juni 2018 nr. 1033 om innovasjons- og utviklingstilskudd til nyhets- og aktualitetsmedier § 6 andre ledd.

6.

Den store variasjonen skriv seg mellom anna frå at enkelte aviser har flytta støttefunksjonar som sal og annonsar til eigne selskap i konsernet. Eit fritak for arbeidsgivaravgifta vil likevel vere eit insentiv til å flytte slike støttefunksjonar tilbake til produksjonsselskapet.

7.

Kantar Media (2018). «Årsrapport for radiolytting i Norge». Undersøkinga gjeld nasjonale radiokanalar og inkluderer ikkje lytting til lokalradio.

8.

Tidsvold-Tøien, Irina m.fl. (2019). «Hva nå – digitaliseringens innvirkning på norsk musikkbransje». Rapport nr. 1 2019, BI Centre for Creative Industries.

9.

Meld. St. 24 (2014–2015) Rammevilkår for lokalradio i samband med digitaliseringa av radiomediet, jf. Innst. 370 S. (2014–2015)

Til toppen
Til forsida av dokumentet