Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Meld. St. 17 (2018–2019)

Mangfald og armlengds avstand — Mediepolitikk for ei ny tid

Til innhaldsliste

3 Økonomiske verkemiddel

3.1 Innleiing

Mediepolitiske verkemiddel har sidan innføringa av pressestøtta vore forankra i eit ønske om å bevare eit mangfald av medium som ein føresetnad for ytringsfridom og demokrati. Hovudmålet er å fremje god nyheitsproduksjon og ein open offentleg samtale og å bevare eit mangfald av nyheits- og aktualitetsmedium. Mediestøtta er forankra i Grunnlova § 100 sjette ledd, som slår fast: «Dei statlege styresmaktene skal leggje til rette for eit ope og opplyst offentleg ordskifte».

I dette kapittelet vil departementet gjere greie for dei økonomiske verkemidla på mediefeltet i dag og korleis verkemidla har utvikla seg over tid.

3.2 Direkte mediestøtte

Dei økonomiske verkemidla til staten omfattar både indirekte verkemiddel som fritak for meirverdiavgift og direkte verkemiddel som produksjonstilskotet til nyheits- og aktualitetsmedium. Direkte mediestøtte er i større grad målretta mot medium som har behov for tilskot, og blir tildelt ut frå kriterium som skal sikre mangfald. Tilskot blir løyvd over statsbudsjettet.

3.2.1 Produksjonstilskot

Produksjonstilskotet blei innført i 1969, i ei tid der dei fleste aviser hadde eit uttalt (parti)politisk grunnsyn og det i fleire byar og regionar eksisterte lokal konkurranse. Hovudmålet med tilskotsordninga var konserverande: Ein ønskte å bevare ei differensiert dagspresse. Bakteppet var at ei rekkje aviser, i hovudsak nummer 2-aviser med borgarleg grunnsyn, gjekk inn i perioden mellom 1950 og 1969, og at ein frykta ei tilsvarande utvikling som i nabolanda våre, særleg i Danmark, med avisdød og påfølgjande lokale monopol som resultat.

Tilskotet til den enkelte avisa blei berekna på grunnlag av avisa sitt forbruk av avispapir. Dette var ei innretning som gjorde at ein stor majoritet av avisene var omfatta av tilskotsordninga. Etter om lag ti år erfarte ein at denne modellen førte til for sterk konkurransevriding enkelte stader. I tillegg kunne ordninga gi insitament til sløsing ved at talet på sider per avis blei kunstig oppblåse. Stortinget ønskte derfor ei ny ordning for å gjere tilskotet meir målretta.

I 1984 blei produksjonsstøtta omgjord frå å vere basert på papirforbruk til å bli basert på ein kombinasjon av utgitte eksemplar, utgivingsfrekvens og opplagstal. I tillegg valde Stortinget å endre definisjonen av støttemottakarane. Ei avis blei no definert som ein del av dagspressa dersom ho hadde eit opplag på over 2 000 og kom ut minst to gonger i veka. I tillegg blei det bestemt at vekeaviser med opplag på minst 1 000 òg skulle inkluderast i ordninga. Endringane gjorde at nummer 2-avisene blei sterkare prioriterte.

Prioriteringa av nummer 2-avisene blei vidareført i innstillinga til dagspresseutvalet av 1991.1 Utvalet framheva den spesielle rolla til dagspressa i forhold til dei andre media på bakgrunn av den spesielle stillinga dagspressa har som informasjonskjelde, som forum for debatt og som ledd i den allmenne kulturberedskapen vår. Utvalet meinte derfor at det burde vere ei samfunnsoppgåve å gi rammevilkår som bidrog til at posisjonen til dagspressa ikkje blei svekt. Med dette som bakgrunn blei det formulert målsetjingar om at pressepolitikken skulle «bidra til at det kan utkomme aviser flest mulig steder hvor det er grunnlag for det» og «bidra til lokal aviskonkurranse på flest mulig steder».

I 2000 la det fjerde dagspresseutvalet fram si NOU.2 Utvalet meinte at fleire av nummer 2-avisene framleis var utsette, trass i ei forholdsvis stabil opplagsutvikling og eit høgt aviskonsum samanlikna med resten av verda, særleg med tanke på konkurransen med andre medium. Utvalet frykta derfor ei langsam avmagring, men peikte samtidig på at pressepolitiske verkemiddel så langt hadde fungert tilfredsstillande. I den påfølgjande stortingsmeldinga I ytringsfrihetens tjeneste (St.meld. nr. 57 (2000–2001)) blei det konkludert med at produksjonstilskotet til dagsavisene burde vidareførast og aukast, og det blei foreslått å rette tilskotet i endå større grad mot dei minste lokalavisene for å sikre lokaldemokratiet på ein betre måte. I familie- og kulturkomiteen (Innst. S. nr. 142 (2001–2002)) slutta fleirtalet seg til forslaget om å styrkje støtta til dei små lokalavisene. I tillegg til å vise til lokalavisene sin funksjon i lokaldemokratiet, peikte komiteen på kva lokalavisene betyr for varetakinga av det norske språket, lokalt kultur- og foreiningsarbeid og høvet språklege og etniske minoritetar har til å ytre seg.

Figur 3.1 Statens økonomiske verkemiddel på medieområdet (millionar kroner) i 2018

Figur 3.1 Statens økonomiske verkemiddel på medieområdet (millionar kroner) i 2018

Kjelde: Medietilsynet, Prop. 1 LS (2018–2019), NRK. NRK sitt rekneskap for 2018 er ikkje endeleg

3.2.2 Plattformnøytralt produksjonstilskot

Frå pressestøtta til dagsaviser blei introdusert i 1969 og fram til 2014 var tilskotsordninga øyremerkt aviser som kom ut på papir. Med dei store endringane innanfor teknologi, mediebruk og medieøkonomi sidan 90-åra som bakteppe oppnemnde Stoltenberg II-regjeringa i 2009 eit utval (mediestøtteutvalet) som skulle gjere ei samla vurdering av korleis økonomiske verkemiddel blei brukte på medieområdet. Utvalet gjekk inn for å vidareføre produksjonstilskotet, men meinte at fordelingskriteria i ordninga burde endrast slik at fordelinga blei «plattformuavhengig».

Ei ny forskrift om produksjonstilskot til nyheits- og aktualitetsmedium blei fastsett av Kulturdepartementet 25. mars 2014. Den nye forskrifta innebar at produksjonstilskot blei gitt for publisering på alle plattformer med unntak av kringkasting, og at både papirbaserte og digitale publikasjonar blei inkluderte i tilskotsordninga. Regjeringa ønskte med den nye ordninga å modernisere det mediepolitiske verkemiddelapparatet. Formålet med ei plattformnøytral pressestøtte var å fjerne barrierane mot digital publisering som låg i den papirbaserte ordninga, og dermed fremje innovasjon i avisbransjen.

I den nye tilskotsordninga av 2014 blei det gjort endringar for å gjere pressestøtta meir treffsikker og for å gi små medium høve til å hente inn risikokapital. For å sikre at støtta går til medium med eit reelt behov, blei det sett grenser for kor stort overskot støttemottakarane kan ha etter skatt, og for kor stor driftsmargin støttemottakarane kan ha. Tradisjonelt har det ikkje vore tillate for medium som får produksjonstilskot å dele ut utbyte. Den nye plattformnøytrale tilskotsordninga opna for at selskap som får produksjonstilskot kan dele ut eit moderat utbytte, og den gjorde det enklare for små nyheitsmedium å hente inn risikokapital.

Med den plattformnøytrale ordninga blei det òg innført eit dynamisk tilskotstak på 40 prosent av driftskostnadene til mottakaren. Taket er meint å skulle sikre at den enkelte støttemottakaren ikkje i for stor grad blir avhengig av tilskot. I tillegg skal taket hindre at produksjonstilskotet blir skeivfordelt i for stor grad og på den måten sikre at tilskotsmidla ikkje berre blir tildelte eit fåtal mottakarar.

Som eit supplement til det dynamiske taket foreslo Solberg-regjeringa i 2014 å innføre eit statisk støttetak på kor mykje eit medieselskap kan få kvart år (Meld. St. 20 (2013–2014) Produksjonstilskudd til nyhets- og aktualitetsmedier). Forslaget blei grunngitt med at regjeringa ønskte å sikre ei proporsjonal og målretta ordning og hindre eventuelle uheldige utslag av dei fastsette tildelingskriteria. Meldinga viste til at tilskotsordninga er rammestyrt, og at meir støtte til nokre få aktørar inneber mindre støtte til andre. Regjeringa foreslo derfor eit tak på 40 millionar kroner. Forslaget fekk ikkje fleirtal i Stortinget.

Tabell 3.1 Tilskot til nyheitsmedium 2000–2019 (i 1000 kroner)

2005

2010

2013

2014

2015

2016

2017

2018

2019

Kompensasjon til kommersiell allmennkringkaster

135 000

Produksjonstilskot

244 249

272 899

307 941

308 246

308 246

313 046

313 000

313 000

318 000

Innovasjonsmidlar

7 000

10 000

Medieforsking og etterutdanning

15 729

13 418

13 350

17 050

21 346

21 751

22 130

21 610

22 130

Tilskot til samiske aviser

12 969

22 319

24 138

24 983

25 031

27 031

27 500

28 100

33 770

Tilskot til minoritetsspråklege publikasjonar

1 167

789

830

875

Distribusjonstilskot til avisene i Finnmark

1 560

1 799

1 916

1 983

2 048

2 048

2 090

2 135

2 190

Totalt

275 674

311 224

348 175

353 137

356 671

363 876

364 720

371 845

521 090

Kjelde: Medietilsynet

3.2.3 Tilskot til vekeaviser

I tillegg til den ordinære pressestøtta til dagsavisene blei det i 1978 bestemt at det frå og med 1979 skulle løyvast tilskot til vekeaviser som Stortinget vurderte som spesielt støtteverdige, men som ikkje kvalifiserte for tilskot frå den ordinære produksjonsstøtta. Formålet med ordninga var å halde oppe og utvikle veke- og månadsaviser som hadde ulik kulturell og samfunnsmessig verdi, og som la hovudvekt på kultur- og kommentarstoff retta mot eit allment publikum. Tildelinga inneheldt enkelte konkrete kriterium, men la i hovudsak til grunn ei brei, skjønnsmessig kvalitetsvurdering av vekeavisene som søkte tilskot.

I 2015 foreslo Kulturdepartementet å fastsetje reglar mellom anna for målgruppe, kvalifikasjonskrav, fordelingskriterium og overgangsordningar. Endringsforslaga fekk brei støtte og blei godkjende av EFTAs overvakingsorgan i juni 2016. Tilskotsordninga er i dag ein del av det ordinære plattformnøytrale produksjonstilskotet og blir forvalta av Medietilsynet etter dei same objektive kriteria.

Tabell 3.2 Tilskot til vekeaviser 2015–2018

Tittel

2015

2016

2017

2018

Dag og Tid

5 100 000

5 000 000

4 921 000

4 946 800

Dagens Perspektiv (Ukeavisen Ledelse)

700 000

Morgenbladet

5 100 000

5 000 000

4 878 000

4 852 582

Ny Tid & Orientering

2 250 000

Korsets Seier Publikasjoner (Korsets Seier)

1 416 000

944 000

708 000

472 000

Norge IDAG

1 917 000

1 922 000

1 921 026

Dagens Perspektiv har sidan 2016 fått tilskot som ordinær nummer 2-avis. Ny Tid er sidan 2016 utgitt som månadsavis.

Kjelde: Medietilsynet

3.2.4 Tilskot til aviser retta mot særlege grupper

Samiske aviser får tilskot frå ei eiga tilskotsordning. Formålet er å leggje til rette for demokratisk debatt, meiningsdanning og språkutvikling i det samiske samfunnet. Tilskotsordninga til samiske aviser er regulert i ei eiga forskrift3 som med unntak av reglane om fordeling av tilskot, har nesten likelydande vilkår som produksjonstilskotet til dagsaviser før det blei gjort om til ei plattformnøytral ordning. For 2018 blei det løyvd 28,1 millionar kroner. Inntil 4 prosent av denne støtta går til aviser som gir ut avissider på lule- eller sørsamisk, mens resten av støtta blir fordelt på den samiskspråklege avisa Ávvir og den norskspråklege avisa Ságat – aviser som har den samiske befolkninga som målgruppe. I tillegg til dei samiske avisene får den kvenske avisa Ruijan Kaiku tilskot. Tilskotet til Ruijan Kaiku er likevel ikkje ein del av pressestøtta, men blir tildelt av Norsk kulturfond, som er forvalta av Norsk kulturråd.

I tillegg til samiske og kvenske aviser blir lettlestavisa Klar Tale tildelt støtte. Avisa rettar seg mot personar med språk- og lesevanskar og kjem òg ut som lydavis på CD og som podcast. Klar Tale blir forvalta av Bufdir under Barne- og likestillingsdepartementet. Formålet med tilskotet er å medverke til at også personar med språk- og lesevanskar skal kunne delta i debatten og i samfunnet elles. Avisa blir løyvd midlar under Barne- og likestillingsdepartementets budsjett kap. 872 Nedsatt funksjonsevne, post 70 Funksjonshemma sine organisasjoner og blei i 2018 tildelt 7,7 millionar kroner i støtte.

I 1980 blei det oppretta ei tilskotsordning for andre minoritetsspråklege publikasjonar. Formålet med ordninga var å bidra til framvekst av publikasjonar for språklege minoritetar og til utvikling av redaksjonell kvalitet i desse publikasjonane: «Gjennom informasjon om norske samfunnsforhold og opprinnelig hjemland på eget språk, skal publikasjonene fremme mulighetene for samfunnsdeltakelse og kulturell utfoldelse hos personer med minoritetsbakgrunn».4 Føresetnadene for å få støtte var at publikasjonane kom ut med minst seks utgåver i året, hadde eit gjennomsnittleg nettoopplag på minst 400 eksemplar, tok betaling for publikasjonen og hadde ein ansvarleg redaktør. I 2009 var det berre tre publikasjonar som fekk støtte, etter ein nedgang i talet på publikasjonar over fleire år: Bosnisk Post og BH Glasnik på bosnisk og Tong Xun på kinesisk. Ordninga blei avvikla i 2015. Departementet meinte at ordninga ikkje lenger fungerte etter formålet og viste til at det blei gitt tilskot til publikasjonar retta mot grupper av innvandrarar der innvandringa frå dei landa i fleire år hadde vore marginale.

3.2.5 Distribusjonstilskot til aviser i Finnmark

Ei eiga ordning med distribusjonstilskot til aviser i Finnmark blei etablert i 1989 og er grunngitt med at desse avisene har ekstraordinært høge distribusjonskostnader. Formålet med tilskotet er såleis å lette dei økonomiske ekstrabyrdene aviser i Finnmark har til distribusjon av papiraviser. I statsbudsjettet for 2018 blei det løyvd 2,135 millionar kroner til ordninga. Tolv aviser fekk distribusjonstilskot i 2018. Tilskotet kjem i tillegg til eventuelt produksjonstilskot og blir fastsett på grunnlag av kor mange eksemplar avisene kan dokumentere å ha distribuert.

Dagspresseutvalet av 2000 foreslo i innstillinga si at ordninga skulle avviklast, sidan det ikkje kunne dokumenterast at kostnadene i Finnmark var så mykje høgare enn i resten av landet at det var behov for eit eige tilskot. St.meld. nr. 57 (2000–2001) I ytringsfrihetens tjeneste avviste forslaget frå dagspresseutvalet. Departementet understreka at dei aktuelle avisene har særlege rammevilkår, som medfører eit reelt økonomisk behov for tilskot og meinte at dagspresseutvalet ikkje hadde dokumentert at behovet for slikt tilskot hadde falle bort. Stortinget slutta seg til Kulturdepartementet si vurdering, jf. Innst. S. nr. 142 (2001–2002). Mediestøtteutvalet (NOU 2010: 14) foreslo i innstillinga si å vidareføre distribusjonstilskotet for finnmarksavisene, men grunngav ikkje forslaget ut over å vise til at andre utval tidlegare hadde jobba særleg med denne støtteordninga og andre ordningar.5

3.2.6 Tilskot til medieforsking og etterutdanning

I 1970 blei det oppretta ei støtteordning for etterutdanning i mediebransjen. Frå året etter blei det òg gitt ein mindre sum til forsking. I 2018 blei det løyvd om lag 28,5 millionar kroner til desse to formåla.

KULMEDIA (2014–2018) har vore eit handlingsretta forskingsprogram under Forskingsrådet, med hovudmål om å betre kunnskapsgrunnlaget for utforming av kultur- og mediepolitikk. Programmet har bidrege med ny, forskingsbasert kunnskap om samanhengane mellom samfunnsrolla til kulturlivet og media og dei økonomiske og teknologiske vilkåra deira. Det er bestemt å vidareføre tilskotet til forsking på kultur- og mediefeltet fram til 2023, gjennom etableringa av eit nytt forskingsprogram. Programmet vil ha dei same hovudmåla som KULMEDIA-programmet.

Midlane til anvendt medieforsking blir fordelt av Medietilsynet på grunnlag av ei innstilling frå Rådet for anvendt medieforsking. Støtteordninga har som mål at forskinga skal vere praktisk orientert og komme mediebrukarane og bransjen til gode. Både forskarar, journalistar, andre med tilknyting til media og master- og doktorgradsstudentar kan søkje om midlar til prosjekt.

SSB og medienorge bidreg med produksjon og tilgjengeleggjering av statistikk og data om norske medium og medieutviklinga som skal bidra til meir informerte avgjerder på medieområdet.

Midlar til etterutdanning og praktisk retta kurs blir gitt til Institutt for journalistikk (IJ) og Landslaget for lokalaviser (LLA). Desse skal bidra til å heve kompetansen i ein sektor som er sterkt prega av særleg den teknologiske utviklinga og omlegging av journalistiske arbeidsformer. IJ er eit eige kurs- og kompetansesenter for norske medium. LLA har gjennom kompetansearbeidet sitt årleg hatt rundt 400–500 lokalavistilsette på skreddarsydde kurs dei siste ti åra. I tillegg blir støtta brukt til å drifte og oppdatere ein mykje brukt idébank.

3.2.7 Innovasjonstilskot til nyheits- og aktualitetsmedium

Eit av forslaga til Mediemangfaldsutvalet (2017) var å innføre ei søknadsbasert, innovasjonsretta tilskotsordning. Forslaget blei grunngitt med at endra brukarvanar og inntektsstraumar og overgangen til digital publisering inneber eit betydeleg behov for innovasjon og utvikling hos dei tradisjonelle nyheitsmedia. Utvalet peikte på at inntektsfall og beskjeden bemanning fører til at særleg små, uavhengige aktørar ofte ikkje har økonomi eller personell til å setje i verk innovasjons- og utviklingsprosessar.

I forslaget til statsbudsjettet for 2018 foreslo regjeringa å setje i gang ei omlegging av mediestøtta ved å etablere ei tilskotsordning retta mot redaksjonell innovasjon. Ordninga er meint å fremje journalistisk innovasjon og digitalisering og rettar seg særleg mot små lokale medium. I tråd med forslaget til Mediemangfaldsutvalet er den nye ordninga søknadsbasert. Ordninga tredde i kraft 1. juli 2018 og har i 2019 ei ramme på 10 millionar kroner. Tilskot blir tildelt medium som har som hovudmål å drive journalistisk produksjon og formidling av nyheiter, aktualitetsstoff og samfunnsdebatt til allmenta, som formidlar eit breitt innhaldstilbod frå ulike samfunnsområde, og som har ein ansvarleg redaktør med status som svarer til føresegnene i redaktørplakaten. Offentleg støtte kan ikkje overstige 40 prosent av prosjektkostnadene, men for prosjekt som rettar seg mot små, lokale nyheits- og aktualitetsmedium kan offentleg støtte likevel utgjere inntil 50 prosent av prosjektkostnadene. Medietilsynet mottok 71 søknader for 2018, med ein samla søknadssum på 32 millionar kroner. 18 verksemder fekk totalt 7 millionar kroner i 2018.

3.3 Indirekte mediestøtte

Indirekte verkemiddel er ordningar som har eit generelt formål, og som omfattar eit fleirtal av nyheits- og aktualitetsmedia. Den økonomiske fordelen blir gitt gjennom reduserte avgifter.

3.3.1 Fritak for meirverdiavgift for aviser og elektroniske nyheitstenester

I 1970 blei meirverdiavgiftssystemet innført til erstatning for den dåverande omsetningsavgifta frå 1935. Som ein del av regelverket blei det bestemt at trykte medium, inkludert papiraviser, skulle vere fritekne frå avgifta. Vedtaket hadde ei språk- og kulturpolitisk grunngiving og handla om å bevare det norske språket. Fritaket for pressa blei i tillegg grunngitt med betydninga pressa har for den offentlege samtalen, og at ei differensiert dagspresse held oppe og skaper grunnlag for ei mangesidig og fri opinionsdanning. I grunngivinga heitte det at «[det] er betenkelig å beskatte det trykte ord i et så lite språksamfunn som det norske», og at «en eventuell avgiftsplikt kan virke hemmende for fri opinionsdannelse og at kulturelle hensyn vil bli skadelidende».6

I samband med forhandlingane på Stortinget om statsbudsjettet for 2015 bestemte regjeringa at ho ville notifisere fritak for meirverdiavgift for digitale nyheitsmedium. Ordninga skulle omfatte alle medium som i hovudsak består av nyheits- og aktualitetsinnhald, medrekna nettaviser og nyheitsbaserte TV-kanalar. Årsaka var at fritaket for meirverdiavgift berre gjaldt papiraviser som kom ut med minst eitt nummer i veka. Elektroniske aviser var derfor, til liks med andre elektroniske tenester, meirverdiavgiftspliktige med ein sats på 25 prosent.

I forslaget til statsbudsjett for 2016 foreslo regjeringa å utvide meirverdiavgiftsfritaket til òg å gjelde elektroniske nyheitstenester. Fritaket omfattar i dag alle medium som hovudsakleg inneheld nyheits- og aktualitetsstoff, uavhengig av plattform. Hovudkriteriet til fritaket er retta mot innhaldet i den digitale tenesta eller publikasjonen. Nyheitsinnhald som i hovudsak omhandlar saker frå berre éin sektor, eller som er retta mot éi interesse, fell utanfor fritaket. Fritaket omfattar nyheiter og aktualitetsstoff for allmenta, som blir omsett mot brukarbetaling, har ein ansvarleg redaktør og blir publisert kvar veke eller oftare. Føresegna tredde i kraft 1. mars 2016, etter at ESA godkjende at fritaket er i tråd med statsstøtteregelverket. Samla verdi av fritaket for meirverdiavgifta for aviser og elektroniske nyheitstenester er berekna til 2,2 milliardar kroner i 2018, jf. Prop. 1 LS (2018–2019).

I revidert nasjonalbudsjett for 2018 varsla regjeringa at det skal takast sikte på å innføre fritak for meirverdiavgift på elektroniske tidsskrift med verknad tidlegast frå 1. juli 2019. Regjeringa vil komme tilbake med nærmare omtale av avgrensingar og omfang av fritaket og konkrete forslag til lovendringar i 2019.

Verdien av fritaket for meirverdiavgift for tidsskrifter blei berekna til 500 millionar kroner i 2018, jf. Prop. 1 LS (2018–2019).

3.3.2 Kjøp av avisdistribusjon

Lov om posttenester blei endra med verknad frå 1. januar 2016. Endringa innebar at kravet om laurdagsdistribusjon av post blei avvikla. For å sikre at det blir distribuert aviser på laurdagar i heile landet, vedtok Samferdselsdepartementet å kjøpe avisdistribusjon for område der det ikkje eksisterer noko alternativt avisbodnett. Det blei i samband med dette anslått at 85 prosent av eksemplara som inngår i eit abonnement er dekt av eit avisbodnett. Tenesta skulle sørgje for distribusjon for resten. I 2019 er det løyvd 83,4 millionar kroner til distribusjon av laurdagsaviser i abonnement.

Regjeringa vil om kort tid leggje fram ein lovproposisjon med forslag til endringar i postlova.

3.4 Kringkasting

Allmennkringkasting er eit eige statleg verkemiddel. Målet er å sikre innhaldsmangfaldet i kringkastingstilbodet. Som verkemiddel inneber allmennkringkasting økonomiske fordelar/privilegium til kringkastingsselskap, som til gjengjeld tek på seg visse plikter med omsyn til innhald.

3.4.1 Kringkastingsavgifta

NRK har vore finansiert ved ei apparatbasert kringkastingsavgift frå etableringa i 1933 og fram til i dag. Foreløpige tal viser at kringkastingsavgifta skaffa 5 684 millionar kroner i 2018. Det utgjorde 95,3 prosent av inntektene til NRK AS. I 2019 er kringkastingsavgifta 3 038,56 kroner inklusive meirverdiavgift på 12 prosent.

Dagens ordning baserer seg på at alle som har ein fjernsynsmottakar i bruk, pliktar å betale kringkastingsavgift. Utgangspunktet er at det skal betalast éi avgift for kvar mottakar, men avgifta dekkjer òg ektefelle og andre husstandsmedlemmer som betalaren forsørgjer heilt eller delvis. Dei siste åra har endra bruksmønster som følgje av teknologiske endringar gitt indikasjonar på at ein «lekkasje» er i ferd med å oppstå. Mens 1–2 prosent oppgav å ikkje ha TV i åra 2011–2013, har prosentdelen som ikkje har TV lege på 5–6 i åra 2016–2018.7 I same periode har bruken av lineær TV hatt ein kraftig tilbakegang, samtidig som bruken av strøymetenester og mobilt innhald har auka.

I Meld. St. 15 (2016–2017) Eit moderne og framtidsrettaNRK, som blei lagd fram 16. desember 2016, foreslo regjeringa å gå over til ei apparatnøytral ordning. I behandlinga av meldinga slutta stortingsfleirtalet seg til at den framtidige finansieringa av NRK ikkje er sikra ved at ein vidarefører dagens modell, og at det skal innførast ein ny finansieringsmodell for NRK. Stortingsfleirtalet ønskjer at NRK sine inntekter skal sikrast ved eit bidrag betalt av personar over ein viss alder med inntekt. Bidraget skal øyremerkjast NRK og gjerne ha eit minimums- og eit maksimumsbeløp for å sikre ein sosial profil. Stortingsfleirtalet var samde om at NRK ved overgangen til ny finansiering skal behalde det same reelle nivået på inntektene som dei har i dag.

I NRK-meldinga foreslo regjeringa at det kvart fjerde år skal fastsetjast eit styringssignal for dei økonomiske rammene til NRK. I behandlinga av meldinga konkluderte komiteen med at eit styringssignal òg vil kunne bidra til nødvendig føreseielegheit for omstilling og innovasjon i allmennkringkastaren.

3.4.2 Kommersiell allmennkringkasting

I 1990 vedtok Stortinget at det skulle opprettast ein riksdekkjande reklamefinansiert TV-kanal ved sida av den offentlege allmennkringkastaren. Konsesjonen blei tildelt TV 2 og gav einerett til å drive riksdekkjande reklamefinansiert fjernsyn i bakkenettet mot vilkår knytte til lokalisering, finansiering av selskapet, eigarforhold, programinnhald og dekning.

Mens mangel på frekvensar i det analoge bakkenettet hadde gitt TV 2 store økonomiske fordelar, innebar utbygginga av det digitale bakkenettet at fleire aktørar kunne få tilsvarande dekning som TV 2. At staten ikkje lenger kunne tilby TV 2 nokon einerett til riksdekkjande reklamefinansierte sendingar, bidrog til å svekkje verdien av konsesjonsinstituttet som verktøy for å oppnå mediepolitiske mål. Krav om betaling av eingongsvederlag og enkelte av dei konkrete programkrava i konsesjonen fall derfor bort då avtalen mellom TV 2 og staten blei fornya for andre gong i 2010.

I Meld. St. 14 (2016–2017) Kommersiell allmennkringkasting tilrådde Kulturdepartementet å tilby offentleg kompensasjon for å sikre dei mediepolitiske måla med kommersiell allmennkringkasting. Departementet la vidare opp til at berre éin aktør bør få kompensasjon for meirkostnader som følgjer av å ha eit kommersielt allmennkringkastingsoppdrag, og at støtta bør bli gitt over statsbudsjettet.

Hausten 2016 fekk Mediemangfaldsutvalet eit tilleggsmandat til å vurdere ulike kompensasjonsmodellar. Utvalet foreslo at ein eventuell avtale om kompensasjon bør vere tidsavgrensa og berre gjelde lineær TV. Då departementet på nytt utlyste ein avtale mellom staten og ein kommersiell allmennkringkastar i juni 2017, bestemte regjeringa at staten vil kompensere for utgifter med inntil 135 millionar kroner per år i fem år. TV 2 var einaste søkjar.

Innhaldskrava i avtalen omfattar daglege riksdekkjande nyheitssendingar, norskspråklege program for barn og unge og førstegongsvisingar av norsk film og TV-drama. I tillegg set avtalen krav til ein programprofil av allmenn karakter, med program til smale og breie grupper, eit programtilbod med tematisk og sjangermessig breidd, krav om ein viss prosentdel norskspråklege program og bruk av begge målformer.

Departementet inngjekk ein ny avtale med TV 2 om kommersiell allmennkringkasting 26. september 2018, som gjeld frå 1. januar 2019 og ut 2023.

3.4.3 Tilskot til lokale lyd- og biletmedium

Tilskotsordninga for lokale lyd- og biletmedium blei etablert i 1994 og er forvalta av Medietilsynet. Ordninga omfattar lokalkringkastingskonsesjonærar og registrerte kringkastarar som tilbyr innhald som i hovudsak rettar seg mot eit lokalt publikum, nasjonale samanslutningar for lokale lyd- og biletmedium og anleggskonsesjonærar for lokalkringkasting. Det blei i 2018 tildelt 19,4 millionar kroner fordelt på 90 mottakarar.

Tilskotsordninga har som formål å bidra til mediemangfald, ytringsfridom og styrking av den demokratiske funksjonen i samfunnet til dei lokale lyd- og biletmedia. Tilskot kan bli gitt i form av investeringstilskot til digitalisering av lokalradio, driftstilskot til nasjonale samanslutningar og lokalradioar for etniske og språklege minoritetsgrupper, prosjekttilskot til lokale programproduksjonar – og tilskot til enkeltståande kompetansehevande tiltak og utviklingsprosjekt til aktivitetar som stimulerer til auka programmessig kvalitet og breidd.

I stortingsmeldinga om rammevilkår for lokalradio (Meld. St. 24 (2014–2015)) la Kulturdepartementet til grunn at dei omstillingane som lokalradio står overfor, tilseier at ein bør prioritere støtte til å digitalisere lokalradioen. Departementet gjekk inn for at om lag halvparten av den årlege potten til tilskotsordninga bør setjast av til å byggje ut DAB i konsesjonsområde med låg befolkning, fram til digitaliseringa av lokalradiosektoren har nådd eit tilfredsstillande nivå. Stortingsfleirtalet slutta seg til forslaget, jf. Innst. 370 S (2014–2015).

3.5 Mediestøtte i andre europeiske land

Ulike land har valt ulike modellar for støtte til pressa og finansiering av allmennkringkasting, men dei fleste landa i Europa har reduserte satsar på meirverdiavgift for trykte nyheitsmedium. I tillegg har fleire land ei form for direkte støtteordningar for pressa. Her følgjer omtale av land med ordningar som har fellestrekk med og forskjellar frå dei norske ordningane.

3.5.1 Sverige

Det svenske medielandskapet har i lang tid vore prega av sterke allmennkringkastarar (SVT, UR og SR) og mange lokalaviser, i tillegg til større regionaviser og ei rekkje riksdekkjande aviser. Mens avisene har opplevd fallande opplag, ligg landet på Europa-toppen når det gjeld nyheitskonsum via mobil (69 prosent). 51 prosent brukte tradisjonelle medium digitalt ein gjennomsnittsdag i 2017, ifølgje Nordicoms mediebarometer. I tillegg er sosiale medium blitt ein viktig plattform for konsum av nyheiter. Fire av fem svenskar konsumerer nyheiter via sosiale medium minst tre dagar i veka.8

Dei siste åra har det vakse fram ei generasjonskløft mellom mediebruken til dei yngre og dei eldre. Mens sosiale medium er dei mest brukte distribusjonsplattformene for nyheitskonsum i aldersgruppa 16–25 år, aukar konsumet av nyheiter i TV, radio og aviser i takt med aukande alder.9 Prosentdelen som betaler for digitale nyheiter, auka frå 20 prosent i 2017 til 26 prosent i 2018.10

3.5.1.1 Pressestøtte

Den svenske pressestøtta består av fleire typar direkte støtteordningar. Formålet er å bidra til ei allsidig nyheitsformidling og sikre ei brei opinionsdanning og ei god spreiing av aviser over heile landet. I 2017 var den totale direktestøtta på SEK 538,1 millionar.11

Den direkte støtta består av to ordningar. Eit driftstilskot blir gitt til nummer 2-aviser med maksimalt 30 prosent husstandsdekning på utgivarstaden, mens eit distribusjonstilskot går til aviser som deltek i organisert samdistribusjon. Begge ordningane har vore meinte å stimulere til ei brei spreiing av aviser. Årleg tildelt driftstilskot kan ikkje overstige SEK 40 millionar.

I 2016 blei det innført ei utviklingsstøtte i tillegg til den ordinære pressestøtta. Ordninga er tidsavgrensa og varer ut 2020. Bakgrunnen for å utvide pressestøtta mellombels var at dagspressa har hatt ein markert nedgang i opplag og rekkjevidd dei siste åra, samtidig som trafikken har auka for avisene sine nyheitstenester på nett. Løyvingane til ordninga var i 2017 på SEK 31,6 millionar.

Utviklingsstøtta inneber at trykte aviser kan søkje om støtte til å utvikle elektroniske publiseringstenester. Støtta gjeld utvikling av redaksjonelt innhald i digitale kanalar, utvikling og innovasjon av digital publisering, spreiing og konsum, og utvikling av digitale verksemdsmodellar.

Utviklingsstøtta kan hjelpe eit prosjekt med midlar i inntil tre år. I tillegg er det mogleg å søkje om støtte for inntil eitt år for førebuande prosjekt (förstudier). Støtta er på inntil 40 prosent av dei samla kostnadene for prosjektet, men kan, dersom prosjektet rettar seg mot minoritetsgrupper eller barn og unge, utgjere inntil 75 prosent av dei totale kostnadene.

Formålet med utviklingsstøtta er å fremje mediemangfaldet og den demokratiske debatten gjennom å gi trykte allmenne nyheitsaviser føresetnader for langsiktig å utvikle elektroniske publiseringstenester. Tilskot blir gitt til aviser som kjem ut minst ein gong i veka, og gjeld òg gratisaviser så lenge dei oppfyller andre krav til pressestøtte.

I juni 2018 vedtok Riksdagen endringar i dei direkte støtteordningane. Ei ny ordning skal styrkje lokaljournalistikken i område der den journalistiske dekninga er svak eller fråverande, såkalla kvite flekkar. Tilskot kan tildelast allmenne nyheitsmedium som startar opp eller aukar den journalistiske verksemda si i kommunar med svak eller inga journalistisk dekning. Tilskot skal tildelast uavhengig av distribusjonsplattform og vil rette seg mot både lokale og regionale aviser og mot digitale nyheitsmedium. Formålet med støtta er å gi insitament for langsiktige journalistiske satsingar. Støttemottakarar kan tildelast inntil SEK 1 million.

Riksdagen har òg vedteke å opprette ei utvida innovasjonsstøtte. I motsetning til dagens ordning, som rettar seg mot trykte aviser, skal den nye innovasjonsstøtta vere plattformnøytral.

Dagens tilskotsordningar gjeld ut 2019. Ved sida av endringane i dei direkte støtteordningane vedtok Riksdagen å forlengje dagens tilskotsordningar og å auke det økonomiske nivået på støtteordningane. Driftsstøtta blir auka med 10 prosent for fleirdagars- og vekeaviser, samtidig som maksbeløpet for årleg tildelt støtte blir vidareført. Støttenivået for distribusjonsstøtta blir auka med 50 prosent. EU-kommisjonen må godkjenne den nye tilskotsordninga før ho kan innførast.

I tillegg til den direkte pressestøtta får dagspressa indirekte støtte gjennom redusert meirverdiavgift (6 prosent). Redusert sats gjeld berre trykte aviser, mens digitale nyheiter betaler alminneleg sats på 25 prosent. EU vedtok 6. november 2018 eit direktiv som opnar for at medlemslanda kan nytte reduserte satsar eller fritak på digitale publikasjonar. 14. mars 2019 vedtok den svenske regjeringa at redusert meirverdiavgift (6 prosent) òg skal gjelde digitale publikasjonar. Endringa vil tre i kraft 1. juli 2019.

3.5.1.2 Allmennkringkasting

I Sverige har Sveriges Television (SVT), Sveriges Radio (SR) og Utbildningsradion (UR) status som allmennkringkastarar. Lisens blir betalt inn til ein eigen konto på statsbudsjettet (rundradiokontot) og blir fastsett av Riksdagen. For perioden 2014–2019 vedtok Riksdagen at tilskotet til SR, SVT og UR skal auke med 2 prosent kvart år i avtaleperioden. Avgifta var på SEK 2 400 i 2018.

I november 2018 vedtok Riksdagen å erstatte lisensen med ei individuell allmennkringkastingsavgift. Kringkastingsskatten skal gjelde personar som er fylt eller fyller 18 år i skatteåret, og som har ei skattbar inntekt. Den vil ikkje vere knytt til korvidt ein har eit TV-apparat eller ikkje. Avgifta vil bli teken inn av skatteverket, som betaler ut avgiftsmidlane til ein særskild allmennkringkastingskonto i Riksgäldskontoret. Til liks med dagens ordning vil midlane bli forvalta i eit system som er åtskilt frå statsbudsjettet elles.

TV- og radioskatten skal utgjere 1 prosent av den skattbare inntekta, med eit tak på 1 300 kroner i året per person. Personar med ei lågare inntekt enn 13 600 kroner i månaden betaler ei redusert avgift. Juridiske personar vil vere unnatekne avgift.

Den særskilde TV- og radioskatten er meint å vareta prinsippet om armlengds avstand mellom allmennkringkastarane og myndigheitene.

3.5.2 Danmark

Medielandskapet i Danmark er kjenneteikna av sterke allmennkringkastarar (DR og TV 2), og av lokale og regionale aviser. Som i dei andre nordiske landa eksisterer det også i Danmark eit generasjonsskilje når det gjeld mediebruk. Unge til og med 25 år bruker i hovudsak nettbaserte medietenester, mens folk frå 40 år og oppover framleis nyttar tradisjonelle medium òg. Internettplattformene er likevel ein stadig viktigare distribusjonskanal for nyheitskonsum for alle aldersgrupper. 80 prosent las nyheiter på nett i 2017, mot 67 prosent i 2016.12

I starten av 2017 gjekk mobil forbi datamaskin som den eininga flest les nyheiter på. Det har vore ein reduksjon i kor mange som har sosiale medium som hovudnyheitskjelde, og nedgangen gjeld òg yngre aldersgrupper. Likevel er sosiale medium ei viktig plattform for sirkulasjon av nyheiter; halvparten av danske mediebrukarar får nyheiter direkte frå sosiale medium. Dei danske avisene har jamt over eit lågare opplag enn aviser i dei andre nordiske landa. Nisjeavisene har likevel vore mindre utsette for nedgang i opplag enn det dagsavisene har vore.13

3.5.2.1 Pressestøtte

I Danmark er trykte aviser fritekne for meirverdiavgift. Direkte tilskot til nyheitsmedium er regulert i ei eiga lov om mediestøtte med tilhøyrande forskrift. Det blir løyvd ca. DKK 403,6 millionar, deriblant 361,6 millionar kroner til ei produksjonsstøtteordning, 20 millionar i prosjektstøtte til etablering og utvikling av nyheitsmedium (innovationspuljen) og 20 millionar i tilskot til distribusjon av visse periodiske, ikkje-kommersielle blad og tidsskrift som kjem ut minst to gonger i året (bladpuljen).

Den danske pressestøtta blei lagd om med verknad frå 2014. Ordninga gjekk då bort frå å gi tilskot basert på distribusjonskostnadene til mediet til fordel for ei produksjonsstøtte som blir utbetalt på grunnlag av kor store dei redaksjonelle kostnadene er. Ordninga dekkjer inntil 35 prosent av dei redaksjonelle kostnadene til mediet, og maksimalt DKK 17,5 millionar per år. Den redaksjonelle produksjonsstøtta blir tildelt både trykte nyheitsmedium og tekstbaserte nyheitsmedium på nett.14

Innovasjonspuljen består av to typar tilskot: innovasjonstilskot og etableringstilskot. Etableringstilskot blir gitt for inntil tre år. Føresetnaden er at eigenfinansieringa utgjer 40 prosent, og at det er reelle sjansar for at media som får støtte kan bli økonomisk sjølvberande etter enda støtte. Etableringstilskot kan vere retta både mot utgifter ved etablering (til dømes lønn, lokale og materiale) og mot førebuande undersøkingar (til dømes marknadsundersøkingar). Medium som får etableringstilskot, kan ikkje få andre typar tilskot.

Eit innovasjonstilskot kan bli gitt til nyheitsmedium i samband med produkt-, marknads- eller innhaldsutvikling og i samband med omstilling til ny teknologi eller infrastruktur i redaksjonar. Ein føresetnad er at eigenfinansieringa utgjer 60 prosent av kostnadene. Kravet om eigenfinansiering kan likevel senkast til 25 prosent for prosjekt som rettar seg spesifikt mot barn, funksjonshemma, eldre og etniske minoritetar. Så lenge kravet til eigenfinansiering er oppfylt, er det inga grense for kor høgt støttebeløp ein kan søkje om. Ved tildeling av eit innovasjonstilskot blir det lagt vekt på kor godt prosjektet bidreg når det gjeld å støtte nytenking og innovasjon, når det gjeld sjansane for å oppnå ein økonomisk og positiv langtidseffekt og når det gjeld høvet til å fremje eit allsidig og mangfaldig tilbod av nyheiter.

Sidan 2014 er det blitt gitt støtte til kriseramma aviser (saneringsstøtte). Ein føresetnad er at nyheitsmediet ikkje med eigne finansielle midlar eller med støtte frå eigarar, aksjonærar og kreditorar vil kunne unngå å bli avvikla utan statleg støtte i tillegg. Redningsstøtte blir gitt som eit eingongsbeløp og skal gi rom for å utforme ein omstrukturerings- eller likvideringsplan for å løyse problema avisa har. Støtta blir gitt i form av eit lån og må betalast tilbake innan seks månader. Formålet med støtta er å hindre ei omgåande nedlegging og medverke til å sikre at mediet blir vidareført.

I samband med endringane av pressestøtta i 2014 blei det oppretta eit overgangstilskot. Tilskot blei gitt for åra 2014–2016 og blei løyvd i 2014 for heile perioden. Støtta blei gitt til nyheitsmedium som samla sett fekk mindre i tilskot etter at pressestøtta blei omgjord. Totalt 16 nyheitsmedium fekk støtte.

Ein ny medieavtale blei inngått i juni 2018 og gjeld for perioden 2019–2023. Den nye avtalen gjer fleire endringar i mediestøtta. For lokale og regionale medium blir tilskotstaket på DKK 17,5 millionar vidareført. For andre medium blir det sett eit tak på 11 millionar kroner. I tillegg blir det gjort endringar i innovasjonsordninga, der det ikkje lenger skal kunne gis tilskot til omstilling til ny teknologi for eksisterande medium. Innovasjonstilskot skal frå 2019 berre bli gitt til etablering av nye medium og utprøving av nye forretningsmodellar. Eigenfinansieringa blir senka frå 60 til 50 prosent. Dei nye endringane er venta å tre i kraft frå 1. januar 2020. Endringane må notifiserast til EU-kommisjonen.

For å sikre ei plattformnøytral støtte skal meirverdiavgiftsfritaket for trykte medium utvidast til å omfatte digitale nyheitsmedium. Fritaket vil tre i kraft 1. juli 2019.

3.5.2.2 Allmennkringkasting

I Danmark har Danmarks Radio (DR), TV 2 hovudkanalen, dei åtte regionale TV 2-verksemdene og Radio24syv status som allmennkringkastarar. DR er den største lisensmottakaren (ca. 83 prosent). Ved sida av å finansiere allmennkringkastarane gjekk ein liten del av lisensmidlane i perioden 2015–2018 til filmskule for ungdom, utgifter til førehandsgodkjenning av nye DR-tenester, rapportar om medieutviklinga og statistikk.

Den danske lisensmodellen svarer i hovudsak til den norske, men gjeld alle som eig eit apparat som kan ta imot og vise levande bilete til allmenta. Lisensen er dermed teknologinøytral. Folketinget vedtek kvart år kor stor lisensen skal vere, i samsvar med fireårige tverrpolitiske medieavtalar som fastset nivået på lisensen og korleis han skal fordelast mellom mottakarane.

I medieavtalen som gjeld frå 2019, blei det bestemt at finansieringa av DR gradvis skal leggjast om frå lisens til alminneleg skattefinansiering, og at dei økonomiske rammene til DR skal reduserast med 20 prosent i perioden 2019–2023. Samtidig får dei regionale TV 2-verksemdene DKK 1 million meir i støtte i 2021 for å styrkje den journalistiske dekninga av kommunevalet. Den nye medieavtalen fastset at DR skal reduserast frå seks til fire TV-kanalar. I tillegg vil regjeringa lyse ut to nye avtalar for høvesvis ein kommersiell TV-kanal og ein kommersiell radiokanal, som begge skal ha ein allmennkringkastingsprofil. Den nye TV-kanalen skal tilby kulturinnhald og folkeopplysning og vil få eit årleg tilskot på DKK 50 millionar i offentleg støtte. Den nye digitale radiokanalen skal leggje vekt på formidling av kultur, inkludert klassisk musikk. Kanalen skal få eit årleg tilskot på DKK 30 millionar. Allmennkringkasting på kommersiell radio skal tildelast DKK 94,8 millionar. Tilskotet vil bli redusert årleg fram til 2023.

Public Service-puljen gir i dag støtte til programføretak som ikkje får lisensmidlar. Ordninga blir forvalta av Det Danske Filminstitut, og tilskot går til produksjon av dansk TV-drama og dokumentarar og til allmennkringkastingsprogram retta mot barn og unge (TV). Puljen er i inneverande avtale blitt tildelt DKK 35 millionar årleg. Den nye medieavtalen tilseier at puljen skal aukast gradvis i løpet av perioden til DKK 100,6 millionar i 2023. Samtidig blir ordninga utvida, og i den nye avtalen vil ho rette seg mot audiovisuelt innhald, radio og podcast på alle plattformer.

Til liks med endringane i pressestøtta er desse endringane venta å tre i kraft frå 1. januar 2020. Endringane må notifiserast til EU-kommisjonen.

3.5.3 Finland

Det finske presselandskapet er karakterisert av ein sterk allmennkringkastar (Yle), sterke regionale aviser og tre store riksaviser. Ein nedgang i opplaget til papiravisene har ført til økonomiske utfordringar dei siste åra ettersom hovudinntektene framleis kjem derifrå. I 2017 hadde avisene ein auke i digitale abonnentar, etter nokre år utan særleg vekst. Samtidig er folk blitt meir villige til å betale for digitale medium. Internett har i nokre år vore den viktigaste kjelda til nyheiter, men hadde til liks med TV og papirpressa ein liten nedgang frå 2017 til 2018.15

3.5.3.1 Pressestøtte

Direkte pressestøtte blei i 2008 lagd inn i partistøtta.16 Grunngivinga for ordninga var at tilskotet i hovudsak hadde gått til den finske partipressa. Dermed er det partia sjølve som i dag tildeler støtte til avisene sine. Aviser som ikkje er tilknytte noko parti, det vil seie om lag 90 prosent av avisene, får dermed ikkje tilskot. Det blir likevel tildelt pressestøtte til papir- og nettaviser på minoritetsspråka svensk, samisk og romani, og til vedlegg på minoritetsspråka i finskspråklege aviser. Dette tilskotet er på EUR 500 000 i året.

Indirekte pressestøtte blir gitt i form av meirverdiavgift med redusert sats på trykte publikasjonar. Sidan 2013 har satsen for meirverdiavgifta vore på 10 prosent. Digitale medium har i dag ei meirverdiavgiftssats på 24 prosent.

På grunn av dei økonomiske utfordringane i mediebransjen bestemte den finske regjeringa seg for å innføre ei tidsavgrensa innovasjonsstøtte på EUR 30 millionar over tre år, med oppstart i 2015. Formålet med støtta har vore å framskunde mediebransjen sin overgang til digitale løysingar og gi rom for utvikling av kreative tenester og løysingar. Støtta har vore teknologinøytral og er blitt tildelt til utvikling av nye produkt, tenester, løysingar og produksjonsmetodar.

3.5.3.2 Allmennkringkasting

I Finland har Yle status som allmennkringkastar. Kanalen får årleg overført ein sum fastsett i lov om statens TV- og radiofond. For 2016 var beløpet EUR 508 millionar. I 2013 kom 97 prosent av inntektene til Yle frå kringkastingsskatten.

I 2013 gjekk Finland frå å ha ei avgift knytt til eigarskap av TV-apparat til å få ein særskatt øyremerkt allmennkringkasting (rundradioskatten). Grunngivinga var at ein slik særskatt ville gi Yle stabile inntekter og vere meir sosialt rettferdig. Løyvinga til Yle er lovfesta, og reint finansielt er det ingen grunn til å ha nokon særskild skatt. Ordninga skal synleggjere betalinga for og frå den enkelte brukar.

Skatteverket krev inn skatten parallelt med at dei krev inn inntektsskatt. Skatteprovenyet blir inntektsført i statens TV- og radiofond og inngår ikkje i statsfinansane, men blir rapportert i statsbudsjettet. Beløpet som blir tilført TV- og radiofondet er lovfesta i statsbudsjettet og utgjer ikkje nødvendigvis den nøyaktige inntekta frå Yle-skatten. Yle må søkje fondet om midlar og betaler 10 prosent meirverdiavgift av overføringsmidlane.

Skattenivået er regulert i Lag om rundradioskatt. Personlege skattytarar betaler TV-skatt på arbeids- og kapitalinntekt, berekna som 2,5 prosent av den skattbare inntekta. Det er likevel sett eit tak på 163 euro årleg. Personar med skattbar inntekt under 14 000 euro er fritekne frå TV-skatten. Dei under 18 år betaler heller ikkje TV-skatt. Næringsverksemder med skattbar inntekt på minst 50 000 euro betaler 140 euro i TV-skatt. For skattbar inntekt over 50 000 euro betaler verksemdene i tillegg 0,35 prosent skatt. Skattetaket for næringsverksemder er 3 000 euro per år. Frivillige lag og liknande betaler ikkje TV-skatt med mindre dei driv kommersiell verksemd med omsetning på over 50 000 euro.

Ved innføringa av rundradioskatten blei det fastsett i den nye TV- og radiofondslova at inntektsnivået til Yle skulle ha ein årleg auke i samsvar med KPI (1/3) og lønnsvekst (2/3). Lova blei endra av Riksdagen i 2014. Endringane gjorde at indeksreguleringa i praksis blei oppheva frå 2015.

I desember 2015 låg det føre ei utgreiing om rammevilkår, marknadshindringar og konkurransesituasjonen på den finske mediemarknaden, forfatta av ei arbeidsgruppe nedsett av regjeringa.17 Utgreiinga konkluderte med at det ville komme den finske mediemarknaden til gode dersom Yle reduserte eigenproduksjonen og i staden auka volumet på innkjøp av eksterne produksjonar.

I juni 2016 leverte ei arbeidsgruppe i parlamentet si innstilling på bakgrunn av utgreiinga.18 Innstillinga tilrådde at finansieringa av Rundradion Ab skulle frysast i perioden 2017–2019, med normal indeksjustering seinast frå 2020. I innstillinga gjekk ein òg inn for å følgje tilrådinga om å auke prosentdelen eksterne produksjonar, og for at finansieringa av Rundradion Ab bør haldast utanfor statsbudsjettet for å sikre at kringkastaren held fram med å vere uavhengig.

I 2018 auka Riksdagen skattetaket frå 143 til 163 euro. I tillegg auka skattesatsen frå 2 til 2,5 prosent av skattbar inntekt.

3.5.4 Storbritannia

Det britiske presselandskapet er karakterisert av ein sterk allmennkringkastar, fleire dominerande riksaviser og ein høg eigarkonsentrasjon i avislandskapet. Sjølv om også britisk presse har opplevd utfordringar knytte til digitalisering og endringar i marknaden, har det i delar av pressa vore ei haldning som seier at marknaden sjølv vil løyse problema. Medielandskapet er prega av mediehus som prøver å finne nye inntektsstraumar på nett, nyetablerte nettaviser som særleg rettar seg mot unge, og meir populistiske nettaviser som sakte har begynt å etablere lesarkretsar.19 I tillegg har det generelt vore aukande uro for lokale nyheiter. I perioden 2012–2018 blei 136 lokale og regionale aviser lagde ned. Sjølv om det er store variasjonar frå region til region, var det i gjennomsnitt 11 prosent færre lokal- og regionaviser i dei britiske regionane i 2018 enn i 2012.20 I tillegg har fleire lokalaviser redusert dekninga av lokalpolitikk som ein del av kostnadssparande tiltak, ifølgje Digital News Report 2017.

Til liks med dei nordiske landa er digitale plattformer blitt viktigare for distribusjonen av nyheiter, men TV er likevel den plattforma som er mest brukt for å konsumere nyheiter, etterfølgt av internett. Unntaket er aldersgruppa 16–24 år, som føretrekkjer digitale plattformer. Samtidig har digitale nyheitsmedium ein svakare posisjon i Storbritannia enn i Skandinavia. Mens 44 prosent bruker sosiale medium til å konsumere nyheiter, er det berre 37 prosent som konsumerer nyheiter på andre digitale plattformer.21 Betalingsviljen for digitale nyheiter er blant dei lågaste i Europa (7 prosent), trass i at pressa i aukande grad prøver å rekruttere digitale lesarar.22

3.5.4.1 Pressestøtte

I Storbritannia er det ein sterk tradisjon for avstand mellom presse og myndigheiter. Pressa får derfor få privilegium. Det finst ingen direkte støtteordningar, men det blir gitt indirekte støtte i form av meirverdiavgiftsfritak for papiraviser. Lokalmedia får likevel ei form for støtte gjennom the Local Democracy Reporting Service; ei ordning starta av BBC i samarbeid med News Media Association i 2017. Ordninga fungerer som eit pressebyrå finansiert av BBC gjennom lisensen, der 150 journalistar er lønna av BBC, men leverer innhald til lokale og regionale medium. Ordninga er meint å styrkje den kritiske dekninga av lokalpolitikk og offentlege tenester og å styrkje dei lokale media.

Eit utval blei nedsett av den britiske regjeringa i mars 2018. Utvalet hadde i oppgåve å vurdere den framtidige mediemarknaden for kvalitetsjournalistikken i Storbritannia, mellom anna kva rolle sosiale medium, digitale søkjemotorar, digitale annonsar og berekraftig finansiering av produksjon og distribusjon av journalistikk spelar.

Rapporten23 frå utvalet kom i februar 2019, og utvalet foreslår mellom anna eit fond for medieinnovasjon, skattefrådrag for digitale nyheiter og tilskot til lokale nyheiter.

3.5.4.2 Allmennkringkasting

I Storbritannia har BBC, hovudkanalane til Channel 4 Corporation (C4C), hovudkanalane til Channel 3 (ITV, STV, UTV), Channel 5 og den walisiske regionale kringkastaren S4C status som allmennkringkastarar. BBC er den einaste allmennkringkastaren som får overføringar frå myndigheitene gjennom inntekter frå ei kringkastingsavgift, men BBC har sidan 2013 vore med på å delfinansiere S4C. I tillegg er det fleire gonger blitt reist spørsmål ved om lisensen bør nyttast til å finansiere allmennkringkastingsinnhaldet til andre kringkastarar, noko som så langt ikkje er blitt gjennomført.

Den britiske lisensen svarer i grove trekk til den norske kringkastingsavgifta, men er teknologinøytral. Lisensen dekkjer dermed alle apparat som kan brukast for å sjå TV-innhald. I utgangspunktet skal det betalast ei avgift for kvar enkelt mottakar som blir brukt til å sjå TV, men det er gjort unntak for mottakarar innanfor same hushald som blir brukte av medlemmer av hushaldet. Blinde, svaksynte og personar som bur på sjukeheim, har redusert sats. I tillegg er personar over 75 år unnatekne lisens.

Lisensen blir fastsett av regjeringa i såkalla licence fee settlements, som gjeld for nokre år om gongen. I 2017 blei lisensen auka for første gong sidan 2010. Samtidig blei det bestemt at lisensen skal ha ein årleg auke i ein periode på fem år i takt med inflasjonen. Auken blir berekna med utgangspunkt i KPI. Lisensnivået var i 2018 på 150,50 pund for farge-TV og 50,50 pund for svart-kvitt-TV. I tillegg har BBC store kommersielle inntekter, i hovudsak frå dotterselskapet BBC Worldwide. Dei kommersielle inntektene var i 2015 på om lag GBP 1 milliard.

Som ledd i drøftingane om det framtidige samfunnsoppdraget til og finansieringa av BBC la regjeringa sommaren 2015 fram ei grønbok om samfunnsoppdraget til og finansieringa og styringa av BBC. Høyringa tok òg for seg fordelar og ulemper med lisensordninga. Her blei det mellom anna påpeikt at lisensordninga etablerer ein direkte relasjon mellom lisensbetalaren og tenestene som BBC tilbyr, at ho er berekraftig og føreseieleg, og at ho sikrar ein grad av sjølvstende overfor myndigheitene. I mai 2016 presenterte regjeringa eit forslag der dei mellom anna gjekk inn for å behalde lisensfinansieringa for ein ny periode, og for at dei som ser BBC ikkje-lineært òg må betale lisens.

3.5.5 Austerrike

Austerrike har fleire riksdekkjande aviser som blir utgitt i Wien. Det er likevel regionale aviser som dominerer, med opptil 90 prosent av marknaden i sine respektive område. Mediesektoren er òg prega av høg eigarkonsentrasjon, der eitt selskap ofte gir ut fleire lokalaviser i ein region og i tillegg eig lokalradioen på staden. Landet har det høgaste konsumet av papiraviser i Europa. Pressa har likevel hatt nedgang i opplaget dei siste åra, sjølv om nedgangen har gått saktare enn i ein del andre europeiske land.24 Samtidig aukar bruken av digitale nyheitstenester, særleg på mobil, i tillegg til at det blir konsumert stadig meir nyheiter via sosiale medium. Digitale plattformer utgjer i 2018 for første gong den største kjelda til nyheiter, framfor TV. Betalingsviljen for digitale nyheiter er likevel blant dei lågaste i Europa (8 prosent).25

3.5.5.1 Pressestøtte

Dagens pressestøtte har vore gjeldande sidan 2004 og består av indirekte støtte i form av redusert meirverdiavgift for papiraviser (10 prosent) i tillegg til direkte støtte. Den direkte støtta inkluderer abonnements- og laussalsaviser.

Pressestøtta består av tre støtteordningar. I tillegg til ei regional mangfaldsstøtte som er tilskot retta mot nummer 2-aviser, blir det gitt distribusjonsstøtte til alle aviser som oppfyller krava for å få støtte. Distribusjonsstøtta blir delt ut slik at alle mottakarane får den same summen. Dersom eit selskap gir ut meir enn éi avis, vil støtta til dei resterande avisene bli redusert. Distribusjonsstøtta utgjer 44 prosent av pressestøtta og er såleis den største potten, mens mangfaldsstøtta utgjer 38 prosent.

Kvalitetsstøtta dekkjer fire formål og utgjer 18 prosent av pressestøtta. Frå ordninga får aviser som distribuerer gratis aviser til skular, tilskot som kompensasjon for manglande salsinntekter. Tilskot blir òg gitt til utdanning og kompetansehevande tiltak for journalistar, mens inntil EUR 40 000 blir gitt som kompensasjon for utgifter redaksjonar har til utanriksjournalistar.

Kvalitetsstøtte blir òg gitt til praktisk retta forskingsprosjekt, som kan få dekt inntil 50 prosent av kostnadene sine. Forskingsstøtte er i hovudsak blitt gitt til prosjekt som forskar på tema omkring pressa si sjølvregulering, rettar som er knytte til digitale arkiv og journalistiske tilsetjingsforhold. Det siste har særleg vore knytt til ein tanke om at færre årsverk i redaksjonane kan føre til ei mindre mangfaldig presse.

Pressestøtta blei i 2017 dobla frå EUR 8 millionar til EUR 17 millionar for å sikre berekrafta i avissektoren.26

3.5.5.2 Allmennkringkasting

I Austerrike har Österreichischer Rundfunk (ORF) status som allmennkringkastar. Allmennkringkastaren har lisens som hovudkjelde, men blir òg finansiert gjennom reklame og andre kommersielle inntekter. Lisensen utgjer omtrent 60 prosent av inntektene. Lisens blir kravd inn frå alle hushald som har radio eller fjernsyn. Austerrike er eitt av få land som krev inn avgift på radioapparat. Hushalda betaler berre éi avgift uavhengig av kor mange apparat dei har, men avgifta er lågare for hushald som berre har radio. Nivået på lisensen er ulikt i dei forskjellige delstatane og varierte i 2017 frå 251 til 321 euro.

Spørsmålet om å utvide lisensen til å inkludere andre tekniske apparat som kan ta imot radio- og TV-signal, blei prøvd i ein domstol i 2015. Den austerrikske forvaltingsdomstolen avgjorde då at mobilar, nettbrett og datamaskiner ikkje kan reknast som TV-mottakarar innanfor lova, og derfor ikkje kan reknast som avgiftspliktige.27

3.5.6 Frankrike

I Frankrike er TV framleis den viktigaste kjelda til nyheiter, sjølv om digitale nyheiter var ei like stor kjelde i 2017. Samtidig opplever pressa fallande opplag på papir, med ei halvering i lesartala frå 2013 til 2018.28 I 2016 opplevde Le Monde å få fleire digitale brukarar enn papirformatlesarar. I 2018 begynte avisa å auke inntektene frå digitale lesarar og har no fleire digitale abonnentar enn papiravisabonnentar. Mange aviser har likevel problem med å tene pengar på digital journalistikk, og berre 11 prosent av nyheitskonsumentane betaler for digitale nyheitstenester.

3.5.6.1 Pressestøtte

Frankrike har ei lang rekkje direkte og indirekte støtteordningar for pressa. Totalt utgjer dei over EUR 1 milliard per år. Formålet med dei ulike støtteordningane er å gjere informasjon tilgjengeleg for borgarane, stimulere til ein brei offentleg samtale og sikre eit mangfald av aviser.

Den direkte støtta omfattar tilskot til nyheitsbyrået AFP, ulike former for distribusjonstilskot, ei mediemangfaldsstøtte som særleg rettar seg mot vekepressa og aviser med låge annonseinntekter. Ho omfattar òg ei ordning som gir tilskot til produksjonsutstyr, ny teknologi og journalistikk. Den indirekte støtta blir utgjord av ein låg meirverdiavgiftssats på trykte aviser (2,1 prosent), reduserte satsar for postdistribusjon og fritak for arbeidsgivaravgift.

Dei direkte og indirekte støtteordningane er i hovudsak retta mot papiraviser. Støtta er likevel brei i den forstand at ho ikkje er selektiv, men inkluderer alle aviser. I 2015 fekk 326 aviser direkte støtte på til saman EUR 77 millionar. I tillegg fekk nyheitsbyrået AFP ei støtte på EUR 100 millionar. Redusert meirverdiavgiftssats på aviser svarte til ei indirekte støtte på EUR 160 millionar, fritak frå arbeidsgivaravgifta svarte til ei indirekte støtte på EUR 250 millionar, mens reduserte satsar for postdistribusjon svarte til om lag EUR 500 millionar.29

For å møte utfordringane med overgangen til nett og kompensere for fallande inntekter for avisene vedtok den franske nasjonalforsamlinga i 2014 å harmonisere meirverdiavgiftssatsen for trykte og digitale nyheitsmedium på 2,1 prosent. Men i mars 2015 konkluderte EU-domstolen med at det franske vedtaket var i strid med meirverdiavgiftsdirektivet. EU vedtok 6. november 2018 eit direktiv som opnar for at medlemslanda kan nytte reduserte satsar eller fritak på digitale publikasjonar. Det franske vedtaket om lik meirverdiavgift på trykte og digitale publikasjonar kan derfor følgjast opp.

3.5.6.2 Allmennkringkasting

I Frankrike har dei heileigde statlege allmennkringkastarane France Télévisions, Radio France og France Medias Monde (RFI og France 24) og dei deleigde TV5 Monde, Euronews og Arte status som allmennkringkastarar. Finansieringsmodellen er tredelt mellom lisensbetaling, direkte statlege overføringar og kommersielle inntekter som reklame og sponsing. 70 prosent av inntektene til dei heileigde allmennkringkastarane stammar frå kringkastingsavgifta, mens offentleg støtte utgjer 7 prosent av inntektene. France Télévisions er den aktøren som får mest av lisensmidlane (69 prosent), som i 2015 var på EUR 3,6 milliardar. Det er eit uttalt mål å gradvis fase ut den kommersielle finansieringa. Offentleg støtte gitt over statsbudsjettet har mellom anna hatt som formål å kompensere for nedgangen i reklameinntekter.

Frankrike hadde tidlegare ei lisensordning som i stor grad svarer til den norske kringkastingsavgifta. Etter ei omlegging av lisensordninga i 2005 blir lisensen kravd inn saman med ein kommunal bustadskatt (taxe d’habitation), såframt ein har eit fjernsynsapparat eller liknande apparat med mottakarteknologi i bruk. Det blir berre kravd éin lisens per hushald. Personar som er utan skattbar inntekt eller er fritekne for bustadskatt, er unnatekne frå avgiftsplikta. Det same gjeld studentar under 25 år. Funksjonshemma og personar over 74 år er heilt eller delvis unnatekne avgiftsplikt dersom dei oppfyller særskilde vilkår.

Avgiftsplikta omfattar ikkje strøyming av TV-innhald. Spørsmålet om å utvide avgiftsgrunnlaget til å omfatte PC-ar, nettbrett og smarttelefonar blei drøfta hausten 2015 etter initiativ frå den franske kulturministeren og France Télévisions. Ei utviding var grunngitt med at ein med det ville ta meir omsyn til at brukarvanane har endra seg og sikre ei rettferdig ordning, som omfattar alle mediebrukarane og dei medietenestene som allmennkringkastarane tilbyr. Av omsyn til regjeringa sitt generelle politiske mål om å redusere skattetrykket blei ikkje noka slik revidering av eksisterande avgiftsgrunnlag iverksett. Samtidig blei det uttalt at ein ikkje kan sjå bort frå at det kan komme endringar seinare.

3.5.7 Nederland

Medielandskapet i Nederland er karakterisert av sterke allmennkringkastarar, kommersielle nyheitsorganisasjonar av høg kvalitet og ein akselererande digital innovasjon. Det digitale nyheitskonsumet auka med nesten 20 prosent i 2017, mens både tabloide aviser og kvalitetspressa opplevde nedgang i papiropplaga. Digitale plattformer har vore den viktigaste kjelda til nyheiter sidan 2016. Trass i at digital innovasjon har fått meir merksemd er det ikkje meir enn 13 prosent som betaler for digitale nyheitstenester.30

Eit resultat av at inntektene er blitt mindre, er at eigarkonsentrasjonen av nederlandske medium har auka. I 2015 var det to mediekonsern som eigde til saman 80 prosent av mediemarknaden. I tillegg har minska ressursar ført til mindre redaksjonar, og ein er blitt meir avhengig av frilansarar. Stadig større bruk av frilansarar, meir fokus på marknadsføring og større påverknad frå forbrukarane si side når det gjeld innhald, gjer at fleire redaktørar i større grad enn før fryktar for brot på den redaksjonelle fridommen.31

3.5.7.1 Pressestøtte

Nederland har indirekte støtte i form av redusert meirverdiavgiftssats for trykte aviser (6 prosent). Det blir ikkje gitt noka form for driftsstøtte, men avisene kan søkje journalistikkfondet (Stimuleringsfonds voor de Journalistiek) om støtte til avisproduksjon, forsking og mangfald. Fondet er eit uavhengig statleg byrå og får ei årleg løyving på EUR 2,2 millionar gjennom Undervisnings-, kultur- og vitskapsdepartementet.

Journalistikkfondet skal bidra til å sikre ei mangfaldig presse, motivere til tiltak som kan gi innovasjon og stimulere til at presselandskapet og den journalistiske infrastrukturen fornyar seg. Fondet gir òg økonomisk hjelp til vanskelegstilte aviser, med mål om at avisene skal bli sjølvfinansierte igjen. Støtta som blir gitt, er derfor av kortsiktig karakter og relativt målretta og innovasjonsorientert.

Tradisjonelt har fondet vore forankra i aviser, men det har dei siste åra i aukande grad òg vendt seg til andre medium, uavhengig av plattform. Fondet støttar både gratisaviser og aviser i laussal eller abonnement. Det er likevel eit krav at hovudvekta av innhaldet skal vere nyheiter, analyse- og kommentarstoff og andre samfunnsrelevante saker.

Journalistikkfondet har fleire støtteordningar. Det største er innovasjonsprogrammet, som blei etablert i 2010. Innovasjonsstøtta dekkjer prosjektkostnader med inntil 50 prosent opp til EUR 100 000. Ordninga støttar mellom anna prosjekt som har med digitale nyheitsplattformer å gjere og med eksperimentering med og utprøving av nye verksemdsmodellar. Frå etableringa i 2010 til våren 2015 hadde totalt 93 søknader fått innvilga støtte på til saman EUR 10,3 millionar. Ved vurderinga av søknader blir det lagt vekt på at prosjektet skal vere med på å fornye eller styrkje nederlandsk journalistikk, at det er realiserbart og har føresetnader for å bli vidareført etter avslutta støtteperiode, og at det har innovasjonskraft. Ei evaluering av programmet sommaren 2014 viste at halvparten av prosjekta som hadde motteke støtte, hadde halde fram med å vidareutvikle prosjektet i ettertid.

I tillegg til å søkje om støtte gjennom innovasjonsprogrammet har mediebedrifter høve til å søkje om støtte til kortsiktige prosjekt, som ikkje inngår i dei vanlege aktivitetane til verksemda. Kriteria for å få tilskot er at prosjektet anten bidreg med å halde oppe pressemangfaldet eller ein grunnleggjande ytringsfridom. Ordninga støttar inntil 50 prosent av kostnadene, med ei maksgrense på EUR 5000. Støtte til same type aktivitet blir berre innvilga kvart tredje år.32

Sidan 1981 har fondet støtta praktisk medieforsking som er meint å komme pressa til gode. Dei siste ti åra er det særleg forsking på lokal og regional presse som har fått støtte. Tilskot er gitt til forsking som handlar om marknadsposisjonen til aviser, dagspressa som annonseplattform, avisbruk blant unge og etniske minoritetar, økonomiske modellar og multimediesteg hos lokale aviser.

Fondet formidlar òg innsikt om mediefeltet frå forsking som har fått tilskot og prosjekt støtta av innovasjonsordninga. Målet er at andre mediebedrifter skal kunne trekkje på erfaringar og kunnskap frå både forskinga og innovasjonsprosjekta til andre mediebedrifter.

3.5.7.2 Allmennkringkasting

Nederland har ikkje éin felles allmennkringkastar. Derimot har det sidan 2016 vore åtte samanslutningar av allmennkringkastarar. Allmennkringkastarane i Nederland er i hovudsak medlemsstyrte foreiningar av lyttarar og sjåarar, som tradisjonelt har vore tilknytte ulike trussamfunn, politiske parti o.a. Dei ulike allmennkringkastarane i Nederland er organisert i ein felles organisasjon, Nederlandse Publieke Omroep (NPO), som står for tre TV-kanalar og fleire riksdekkjande radiokanalar.

I 2000 gjekk Nederland frå ei ordning med lisensavgift knytt til eit radio- eller fjernsynsapparat til finansiering over statsbudsjettet. Avvikling av lisensavgifta blei grunngitt med at allmennkringkasting er eit kollektivt gode som bør finansierast over statsbudsjettet. Dessutan ville internett redusere inntektsgrunnlaget framover, og staten ville spare kostnadene med eit særskilt innkrevjingsorgan. For å sikre allmennkringkastarane minimum same inntekt som før omlegginga blei løyvinga lovfesta til minst same beløp som i 1998. Løyvinga skal justerast etter vekst i talet på hushald og konsumprisar. Overgangen til finansiering over statsbudsjettet blei dekt inn ved å setje opp inntektsskatten med 1,1 prosentpoeng.

Omlegginga til skattefinansiering var omstridd og blei vedteken mot stemmene frå opposisjonen. Med skiftande regjeringar har det vore relativt store endringar i løyvingane, sjølv om tilskotet til allmennkringkasting er lovfesta. For å kunne redusere tilskotet til under det som var utgangspunktet, har det vore gjort endringar i medielova ved at det er lagt til eit frådragsbeløp, mens indeksføresegna er fasthalden. Allmennkringkastarane har kritisert finansieringa over statsbudsjettet for å vere uføreseieleg og føre til mykje politisk innblanding.

Ein fjerdedel av utgiftene til allmennkringkastarane blir finansiert gjennom reklameinntekter. Dette er blitt kritisert av dei private kringkastarane og avisene, men det har vore brei politisk semje om at allmennkringkastarane skal ha denne inntektskjelda.

Fotnotar

1.

NOU 1992: 14 Mål og midler i pressepolitikken.

2.

NOU 2000: 15 Pressepolitikk ved et tusenårsskifte.

3.

Forskrift 17. mars 1997 nr. 248 om tilskudd til samiske aviser

4.

Forskrift 22. oktober 2003 nr. 1256 om tilskudd til minoritetsspråklige publikasjoner.

5.

Tilskotet til samiske aviser og minoritetsspråklege publikasjonar.

6.

Ot.prp. nr. 17 (1968–69).

7.

NRKs profilundersøking 2015, NRKs profilundersøking 2018.

8.

Myndigheten för press, radio och tv (2018). «Medieutveckling 2018».

9.

Konsumet av nettaviser er likt mellom yngre og eldre. Den høgaste bruken finn vi i gruppa 36–49 år.

10.

Reuters Institute (2018). «Digital News Report 2018».

11.

https://www.mprt.se/sv/stod-till-medier/beviljade-stod

12.

Danmarks statistik (2018). «IT-anvendelse i befolkningen 2017».

13.

Reuters Institute (2017). «Digital News Report 2017».

14.

Levande bilete og lyd kan inngå i mindre omfang så lenge det støttar tekstinnhaldet.

15.

Reuters Institute (2018). «Digital News Report 2018».

16.

Støtta var i 2008 på EUR 14,7 millionar.

17.

Vinn eller försvinn. Rapport från den arbetsgrupp som utvärderar den finländska mediemarknaden.

18.

https://www.lvm.fi/-/arbetsgrupp-parlamentariskt-samforstand-om-finansieringen-av-yle-och-bolagets-uppgifter

19.

Reuters Institute (2017). «Digital News Report 2017».

20.

Mediatique (2018). «Overview of recent dynamics in the UK press market».

21.

Ofcom (2018). «News Consumption in the UK: 2018».

22.

Reuters Institute (2018). «Digital News Report 2018».

23.

«The Cairncross Review: A Sustainable Future for Journalism».

24.

Reuters Institute (2017). «Digital News Report 2017».

25.

Reuters Institute (2018). «Digital News Report 2018».

26.

http://mediaglocalizer.com/blog/2017/07/13/austria-increases-subsidies-for-media-outlets/

27.

IRIS Legal Observations of the European Audiovisual Observatory. «Administrative Court exempts streaming devices from licence fee» (2015-9: 1/5).

28.

Reuters Institute (2018). «Digital News Report 2018».

29.

https://www.french-property.com/news/french_life/newspapers_press_subsidies/

30.

Reuters Institute (2018). «Digital News Report 2018».

31.

http://www.mediamonitor.nl/analyse-verdieping/onafhankelijkheid-van-nieuwsredacties-2015/

32.

https://www.svdj.nl/dutch-journalism-fund/

Til toppen
Til forsida av dokumentet