1 Innleiing
Hepatitt B-virus (HBV) og hepatitt C-virus (HCV) smittar ved kontakt med infisert blod eller seksuelt, til dømes gjennom deling av utstyr ved bruk av rusmiddel, frå mor til barn under svangerskap og fødsel, eller ved sex utan kondom. Begge virusa kan gi ein akutt eller kronisk infeksjon. Ein akutt infeksjon er forbigåande, og den smitta kvittar seg med viruset på eiga hand. Ein kronisk infeksjon er definert som ein infeksjon som varer i meir enn 6 månader. Over tid kan ein kronisk infeksjon leie til leverbetennelse (hepatitt), leverfibrose og skrumplever (cirrhose) med påfølgjande leversvikt eller leverkreft. Personar som er smitta med HBV, kan også bli smitta med hepatitt D-virus (HDV), som vanlegvis fører til eit alvorlegare forløp. Tiltaka som er beskrivne i denne strategien, bør sjåast i samanheng med kreftstrategien for 2025–2035.
Hepatitt B og C er globale folkehelseproblem1. WHO vedtok i 2014 ein resolusjon som oppmoda alle land om å utarbeide nasjonale strategiar for kampen mot hepatitt. Virale hepatittar er også omtalte i dei globale berekraftsmåla til FN, der mål 3.3 er å «innan 2030 stanse epidemiane av aids, tuberkulose, malaria og neglisjerte tropiske sjukdommar og nedkjempe hepatitt, vassborne og andre smittsame sjukdommar»2. I 2016 lanserte WHO ein global strategi for virale hepatittar (fornya i 2022), med mål om å eliminere hepatitt B og C som folkehelseproblem innan 20303. Eliminasjon som folkehelseproblem vil seie reduksjon av smitte og omfang av sjukdom til eit så lågt nivå at det ikkje lenger utgjer eit problem for folkehelsa, med mål som er talfesta av WHO4, 5.
I Noreg er hepatitt B og C definerte som allmennfarlege smittsame sjukdommar etter forskrift om allmennfarlige smittsomme sykdommer, og dette gir både rettar og plikter til den som er smitta, eller den ein trur er smitta. Prevalensen (prosentdelen som er smitta på eit bestemt tidspunkt) i den generelle befolkninga er låg. Smitten er konsentrert i enkelte grupper, og personar som høyrer til grupper med høgare risiko for smitte (heretter kalla risikogrupper) med hepatitt B og hepatitt C, overlappar. Viktige risikogrupper i Noreg6, 7 inkluderer mellom anna personar som
- har injisert eller sniffa rusmiddel i løpet av livet
- er innvandrarar frå land med høg smitterisiko
- kan ha vore i kontakt med sprøyter eller anna medisinsk utstyr som ikkje er tilstrekkeleg desinfisert eller sterilisert
- er fødde av ei mor som er smitta med hepatitt B eller C
- er menn som har sex med menn (msm)
- er transpersonar
- sel, byter eller kjøper seksuelle tenester
- lever med hiv
- sit i fengsel
- har hatt sex utan kondom med ein person som kjem frå land eller miljø med høg smitterisiko
I tråd med strategien til WHO lanserte Helse- og omsorgsdepartementet «Nasjonal strategi for arbeidet mot virale leverbetennelser (hepatitter)» i 20168. Etter at ny og effektiv behandling mot hepatitt C blei gjord tilgjengeleg for alle i 2018, blei strategien vidareutvikla i «Nasjonal strategi mot hepatitter 2018–2023»9. Helsedirektoratet utarbeidde ein gjennomføringsplan i form av nasjonale faglege råd i 2019, med vekt på hepatitt C10.
Denne strategien er ein revisjon og ei forlenging av strategiane frå 2016 og 2018. Målet er å gi ei retning for det langsiktige arbeidet med å førebyggje og kontrollere hepatitt B og C, og å samle dei viktigaste tiltaka og måla i ein heilskapleg strategi. Tiltakspakken er oppdatert og basert på tilrådingar frå mellom anna WHO og europeiske retningslinjer. Dei viktigaste tiltaka er stort sett uendra samanlikna med førre strategiperiode. Det er etterspurt ei betre gjennomføring av eksisterande satsingar, og fleire mål er talfesta. Den reviderte strategien har ikkje budsjettverknader.
Hepatitt A og E, som vanlegvis gir ein forbigåande akutt infeksjon, er ikkje omtalt i strategien. Utbrot kan oppstå, men som regel er det sporadiske tilfelle som blir handterte lokalt. Ut frå situasjonen i dag er det ikkje rekna som nødvendig med auka beredskap retta mot desse virusa.
Strategien er ikkje tidsavgrensa. Strategien bør evaluerast kontinuerleg og revurderast innan 2030, eller tidlegare dersom det oppstår vesentlege endringar i smittesituasjonen.