7 Vedlegg

7.1 Situasjonsbilete 2025

7.1.1 Omfang av hepatitt B og hepatitt C i Noreg

Nysmitten med HBV blir rekna som liten i Noreg. I perioden 2020–2024 blei færre enn 10 nye tilfelle av akutt hepatitt B melde til MSIS årleg106. Det er estimert at rundt 25 000 personar levde med kronisk hepatitt B i Noreg ved slutten av 2022107, men talet er usikkert. Over 95 prosent av nye kroniske tilfelle som blir melde til MSIS årleg, er personar som er fødde utanfor Noreg, og som truleg blei smitta før innvandringa108. Omfanget av udiagnostisert kronisk hepatitt B blant innvandrarar er ukjent. Prevalensen i andre risikogrupper blir rekna for å vere låg, men for enkelte grupper er datagrunnlaget mangelfullt. Insidensen av alvorleg sjukdom og dødsfall som skriv seg frå HBV, er låg109, 110. Hepatitt D er ikkje meldepliktig til MSIS, og det finst lite data på førekomsten blant personar med kronisk hepatitt B i Noreg. Ved referanselaboratoriet for hepatittvirus ved Folkehelseinstituttet var prevalens av HDV-infeksjon blant personar med presumptivt kronisk HBV rundt 1 prosent i perioden 2016–2021.

Det er estimert at rundt 3000 personar levde med HCV-infeksjon i Noreg ved slutten av 2022111. Med framleis høgt behandlingsopptak er talet truleg nærare 2000 i 2025, men dette er usikkert fordi omfanget av udiagnostisert hepatitt C blant innvandrarar er ukjent. I 2022–2024 utgjorde personar som er fødde utanfor Noreg, over 50 prosent av nye hepatitt C-tilfelle som blei melde til MSIS112. Den viktigaste risikogruppa for smitte i Noreg er personar som nokon gong har injisert rusmiddel. Sidan den nasjonale strategien blei lansert i 2016, har prevalensen i risikogruppa gått ned med 80–90 prosent og ligg i 2025 sannsynlegvis nærare 5 prosent. Nedgangen i prevalens kjem mellom anna av at enkel, effektiv og kortvarig behandling med få og milde biverknader har vore gratis tilgjengeleg for alle uavhengig av sjukdomsprogresjon sidan februar 2018, eit forenkla behandlingstilbod for personar som injiserer rusmiddel fleire stader i landet gjennom pasientnær testing og behandling og høg dekning av skadereduserande tiltak nasjonalt113. Det blir no estimert å vere lite nysmitte i gruppa114, men nedgangen i prevalens ser ut til å flate ut. Prevalensen i andre risikogrupper blir rekna for å vere låg. Insidensen av alvorleg sjukdom og dødsfall som skriv seg frå HCV, er låg115.

7.1.2 Innsats og førebyggjande tiltak frå helsetenesta

Dei seinare åra har statlege og kommunale aktørar, og dessutan brukarorganisasjonar, drive omfattande informasjonskampanjar om brukarutstyr og hepatitt C116. Døme på slikt informasjonsarbeid inkluderer hepatitt C-bussen, som var driven av proLAR Nett, og bemanna av personar med tidlegare injiserande rusmiddelbruk, fram til slutten av 2024. Nokre kommunar har utarbeidd eige informasjonsmateriell, og mange har informert om test og behandling for hepatitt C på nettsidene sine og i lokale medium. Hepatitt C er tematisert i den årlege statusrapporten for legemiddelassistert rehabilitering (LAR)117. Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet har utvikla informasjonsmateriell om hepatitt B og C til befolkninga på fleire språk118, 119. På www.zanzu.no ligg det også informasjon om hepatitt B og C på fleire språk. Eit prosjekt ved Oslo universitetssjukehus og Caritas har utvikla informasjonsmateriell og -kanalar, og har spreidd kulturelt tilpassa informasjon om hepatitt B i fleire norske byar120. Auka merksemd rundt hepatitt B- og C-testing blant transpersonar, msm og personar som sel eller byter seksuelle tenester, er vektlagt i rettleiingane til Folkehelseinstituttet og i arbeidet som blir utført av andre relevante aktørar, som Olafiaklinikken, Helseutvalet, Chemfriendly, Sex og samfunn og Pro Sentret.

Testing for hepatitt B og C er tilrådd for grupper med høgare risiko for smitte, men også for andre grupper anten av smittevernomsyn eller på klinisk indikasjon121,122. Testing skjer hovudsakleg i helsetenesta ved innsending av prøvar til mikrobiologisk laboratorium. I samsvar med dei gjeldande retningslinjene blir det gjort primært serologiske undersøkingar som for hepatitt C blir supplerte med reflekstesting med PCR/NAT ved påviseleg antistoff123,124. For personar med høg smitterisiko for hepatitt C er tilrådinga at også pasientnær PCR/NAT for HCV kan nyttast som første diagnostiske test i det som blir kalla eit forenkla behandlingsløp125.

Det finst fleire målretta testtilbod for enkelte grupper, og nokre er organiserte utanfor helsetenesta. Enkelte tilbod er baserte på andre testmetodar. Noreg har lenge hatt krav om serologisk undersøking for hepatitt B og C av alle blodgivarar. Testing og oppfølging med posteksponeringsprofylakse i samband med stikkskade eller anna mogleg eksponering er ein del av arbeidet i helsetenesta. Sidan juni 2018 har det vore tilrådd at alle gravide får tilbod om test for hepatitt B126. Gravide som er i ei risikogruppe, blir i tillegg tilrådde undersøking for hepatitt C127. Flyktningar, asylsøkjarar og familiesameinte som kjem frå land med høg smitterisiko blir tilrådde å teste seg i samband med tidleg helsekartlegging når dei kjem, og i samband med tilbod om helseundersøking tre månader seinare128. Ein studie om hepatitt B viser at dette tiltaket bidreg til raskare diagnostisering129. Helsesenteret for papirlause migrantar i Oslo og Bergen tilbyr også testing. Det er tilråding om testing av personar som lever med hiv, personar som bruker pre- eller posteksponeringsprofylakse for hiv130, og nye innsette i fengsel131. Testing er omtalt i Nasjonale pasientforløp for psykisk helse og rus132, og mange LAR-tiltak tilbyr jamleg testing for dei med risiko for smitte. Pro Sentret tilbyr test til personar som har erfaring med å selje eller byte seksuelle tenester. For hepatitt C har enkelte aktørar drive eit pasientnært testtilbod for personar som nokon gong har injisert rusmiddel, anten som eit ambulant, oppsøkjande tilbod eller integrert i helsetenesta133, 134, 135, 136. Nokre av desse har tilbydd pasientnær PCR/NAT, der pasienten testar seg og får svar ved same besøk, men prosjektet er no avslutta137, eller tiltaket har slutta å teste for hepatitt C138. Trass i desse tiltaka tyder data frå den årlege helseundersøkinga blant personar som injiserer rusmiddel i Oslo, på at under halvparten testar seg årleg139. Sjekkpunkt ved Helseutvalet tilbyr hurtigtest for hepatitt C-antistoff til transpersonar og msm med risikoåtferd140. For hepatitt B er bruk av hurtigtestar avgrensa til eit prosjekt ved Caritas sitt ressurssenter for innvandrarar i Oslo (test for hepatitt B og C blir tilbydd, i samarbeid med Oslo universitetssjukehus)141. Heimeprøvetaking for hepatitt B eller C er ikkje tilgjengeleg i offentleg regi, i motsetnad til i enkelte andre land142, 143.

Rett oppfølging etter diagnose med hepatitt B eller C er vesentleg for å førebyggje vidare smitte og utvikling av alvorleg sjukdom. Norsk forening for infeksjonsmedisin og nokre andre fagmedisinske foreiningar gir ut faglege retningslinjer for utgreiing og behandling av hepatitt B og C, som per 2024 sist blei oppdaterte i 2022144, 145. Kopla nasjonale registerdata som er analyserte ved FHI, viser at rundt 90 prosent av dei som er nydiagnostiserte med kronisk hepatitt B, har hatt ein konsultasjon om hepatitt B i spesialisthelsetenesta etter diagnose146. Analysen viser også at rundt halvparten av dei diagnostiserte som var busette i Noreg ved slutten av 2022, framleis blir følgde opp i helsetenesta, og at om lag ein femdel er under behandling147. Prosentdelen diagnostiserte tilfelle av hepatitt C som har fått behandling, har auka markant dei seinare åra og ligg no over målet til WHO. Det er kort tid frå diagnose til behandling, og dei fleste fullfører behandlinga. Likevel er det 10–15 prosent av dei nydiagnostiserte med hepatitt C kvart år som ikkje tek til med behandling148. Studiar blant personar som injiserer rusmiddel i Oslo, har vist lågare behandlingsopptak blant kvinner og personar som ikkje er i LAR149, 150.

Hepatitt B-vaksinen blei innført i barnevaksinasjonsprogrammet for alle barn som er fødde frå og med november 2016, og dekninga er svært høg151. Vaksinen blir også tilbydd gratis til grupper med høgare risiko for smitte152. I tillegg til helsetenesta tilbyr også andre aktørar lågterskeltiltak for enkelte grupper153. Avgrensa data tyder på at vaksinedekninga blant enkelte tilrådde grupper, som personar som injiserer rusmiddel og msm, er for låg154. Resultat frå «The European MSM Internet Survey» (EMIS) i 2017 tyder på at det er behov for å auke kunnskapen om hepatitt B-vaksine blant msm155.

For hepatitt B er risikoen for smitte frå mor til barn under svangerskap eller fødsel avhengig av hepatitt B-virusmengda til mor. Utan førebyggjande tiltak som behandling av mor og neonatal profylakse vil 90 prosent av barn som er fødde av mødrer med høg viruskonsentrasjon, bli smitta perinatalt, og dei vil ha svært høg risiko for å utvikle kronisk HBV-infeksjon. Barn som er fødde av hepatitt B-positive mødrer, bør få immunglobulin omgåande postpartum og vaksinerast innan 24 timar etter fødselen og ved fire vekers alder. Barnet bør deretter få rutinevaksinasjon gjennom barnevaksinasjonsprogrammet156. Data frå barnevaksinasjonsprogrammet viser at vaksinasjonsdekninga i denne gruppa er for låg. Blant barn som er fødde i Noreg i tidsrommet 2020–2023, blei eitt barn meldt som smitta med hepatitt B frå mor, etter mangelfull posteksponeringsprofylakse157. Ein nyleg kvalitativ studie ved Oslomet blant 23 jordmødrer og helsesjukepleiarar fann utfordringar med mellom anna tolking av screeningprøvar om hepatitt B-statusen til mor og korleis ein kan dokumentere og sikre den vidare oppfølginga av barnet158. For hepatitt C er risikoen for perinatal smitte lågare enn for hepatitt B. Det finst ikkje tiltak som kan førebyggje smitte, men smitta nyfødde kan behandlast frå fylte tre år159.

Skadereduserande tiltak som å verne mot blodborne infeksjonar er viktig for å førebyggje smitte av HBV og HCV. Noreg har oppnådd globale mål for utdeling av sterile sprøyter og kanylar, og opptak i LAR160. Kommunane bør dele ut brukarutstyr, jf. smittevernlova § 7-1 tredje ledd om førebygging av smittsame sjukdommar, dersom brukarar etter ei fagleg vurdering har risiko for å bli smitta161. Det finst målretta tilbod for viktige risikogrupper, som personar som bruker rusmiddel i samband med sex (til dømes såkalla chemsex) og personar som sel eller byter seksuelle tenester162, 163. Sidan 2019 er det i brukarrom tillate å innta rusmiddel på annan måte enn injisering, og andre rusmiddel enn heroin. Den nasjonale Switch-kampanjen har som mål å fremje bruk av mindre helseskadelege inntaksmåtar, slik som inhalering for dei som injiserer. Brukarutstyr kan også bestillast heim164, 165. Frå januar 2022 tok proLAR Nett over sal og distribusjon av brukarutstyr i Noreg, via ein nyoppretta nettbutikk, www.brukerutstyr.no. Per 2024 er salet tredobla. Det er behov for å auke omfanget av skadereduserande tiltak endå meir. I 2022 melde fleire kommunar om behov for å begynne å dele ut eller auke utdeling av utstyr for inntak av rusmiddel166. I helseundersøkingane i Oslo gjekk deling av brukarutstyr ned frå 2002 til 2024. Frå 2018 til 2024 svarte 4–9 prosent av deltakarane at dei hadde delt sprøyter/kanylar i løpet av dei siste fire vekene, og 28–38 prosent svarte at dei hadde delt anna utstyr til injisering167.

7.2 Mål, tiltak og ansvarsfordeling

Tabell 7.1 Mål, tiltak og ansvarsfordeling i nasjonal strategi for førebygging og kontroll av hepatitt B og C

Tiltak

Mål

Hovudansvar

Sjukdomsbyrda

  • Alle tiltak bidreg til å oppnå og halde oppe desse måla.
  • <2 nye tilfelle av hepatitt B-infeksjon per 1 000 000.
  • <5 nye tilfelle av hepatitt C-infeksjon per 1 000 000.
  • <2 % prevalens av hepatitt C-infeksjon blant personar som injiserer rusmiddel.
  • <1 tilfelle av hepatitt B- eller C-relatert alvorleg leversjukdom og dødsfall per 100 000

HOD

Tiltak

Kunnskap om hepatitt B og C i risikogrupper og i helsetenesta

  • Lett forståeleg informasjon om hepatitt B og C som er retta mot personar i risikogrupper, på relevante språk og utan stigmatiserande innhald blir spreidd på relevante arenaer.
  • Målretta informasjon og opplæring er tilgjengeleg for helsepersonell i helse- og omsorgstenesta og tilsette i organisasjonar som jobbar med risikogruppene for hepatitt B og C.
  • Ikkje noko spesifikt mål, men vil støtte framsteg i retning alle mål i strategien.
  • Kommunar
  • RHF
  • FHI
  • Hdir

Enkel tilgang til testing og høg testaktivitet

  • Tilbod om test for hepatitt B og C til grupper med indikasjon.
  • Betre tilgang til forenkla testing i definerte risikogrupper.
  • Personar med aktiv risikoåtferd får tilbod om test minst årleg, helst kvar sjette månad.
  • ≥95 % av personar med kronisk hepatitt B er diagnostiserte.
  • ≥95 % av gravide blir testa for hepatitt B i løpet av svangerskapet.
  • ≥95 % av personar som injiserer rusmiddel, er testa for hepatitt B og hepatitt C det siste året.
  • ≥95 % av innvandrarar frå land med høg smitterisiko er testa for hepatitt B og hepatitt C.
  • Kommunar
  • RHF

God nok oppfølging og behandling av diagnostiserte personar

  • Alle med hepatitt B eller C skal følgjast opp etter dei faglege rettleiingane.
  • Alle pasientar med hepatitt B blir testa for hepatitt D og har jamleg kontakt med spesialisthelsetenesta.
  • Ytterlegare desentralisering og integrering av oppfølging for hepatitt C, med behandling som er tilgjengeleg på fleire arenaer. Vurdere avtalar med primærhelsetenesta og aktuelle lågterskeltiltak for rekvirering av behandling på h-resept og oppfølging av pasientar som er diagnostiserte med hepatitt C.
  • Pasientar som ikkje møter til avtalt time, blir følgde aktivt opp av behandlande avdeling/poliklinikk.
  • Pasientar med cirrhose blir overvakte for leverkreft ein gong i halvåret.
  • Ved nye påviste tilfelle blir det gjennomført grundig smittesporing.
  • ≥90 % av personar som er diagnostiserte med kronisk hepatitt B, som framleis er busette i Noreg, blir følgde opp minst éin gong årleg i helsetenesta.
  • ≥95 % av personar som er diagnostiserte med kronisk hepatitt B som har indikasjon for behandling, er på behandling.
  • ≥95 % av personar som er diagnostiserte med hepatitt C, startar behandling.
  • Kommunar
  • RHF

Førebygging av mor-barn-smitte

  • Alle gravide får tilbod om test for hepatitt B ved første konsultasjon. Gravide som høyrer til ei risikogruppe, blir i tillegg testa for hepatitt C.
  • Alle barn som er fødde av ei hepatitt B- eller C-positiv mor, får rett oppfølging.
  • ≥95 % av gravide blir testa for hepatitt B i løpet av svangerskapet.
  • 100 % av barn som er fødde av ei hepatitt B-positiv mor, får rett posteksponeringsprofylakse etter nasjonale retningslinjer.
  • Kommunar
  • RHF

Høg vaksinasjonsdekning for hepatitt B i tilrådde grupper

  • Tilby hepatitt B-vaksine til tilrådde grupper.
  • ≥95 % barn 0–2 år har fått tre dosar hepatitt B-vaksine.
  • Kommunar
  • RHF

Skadereduserande tiltak i miljø med bruk av rusmiddel som blir injiserte

  • Dele ut meir brukarutstyr for inntak av rusmiddel.
  • Auke talet på pasientar i substitusjonsbehandling for rusmiddelavhengige.
  • Tilpasse tiltak etter skiftande trendar av rusmiddelbruk.
  • ≥600 pakkar med utstyr for injisering av rusmiddel er distribuerte per person per år.
  • <2 % av personar som injiserer rusmiddel, har delt sprøyter eller kanylar den siste månaden.
  • <10 % av personar som injiserer rusmiddel, har delt utstyr anna enn sprøyter eller kanylar den siste månaden.
  • ≥90 % av personar som er avhengige av opioid er i legemiddelassistert rehabilitering.
  • Kommunar

Førebygging av seksuell smitte

  • Informere om og forsterke tiltak som førebyggjer seksuell smitte, som kondombruk ved sex med tilfeldig partnar, test og vaksinasjon.
  • Forsterke informasjonsarbeidet om smitterisiko og bruk av rusmiddel i samband med sex, inkludert i rusbehandling og smittevernarbeidet.
  • Sjå seksuell helse, rusmiddelbruk og psykisk helse i samanheng.
  • Ikkje noko spesifikt mål.
  • Kommunar

Sikre blodprodukt og rett oppfølging etter stikkskade

  • Testing av alle blodgivarar for hepatitt B og C.
  • Alle som blir eksponerte for, eller står i fare for å bli eksponerte for, hepatitt B eller C, får rett oppfølging.
  • Tilbod om hepatitt B-vaksine til alle som blir utsette for smittefare under utøvinga av yrket sitt eller under utdanning.
  • 100 % av blodprodukt er trygge.
  • 100 % av injeksjonar i helsetenesta er trygge.
  • RHF

Overvaking av omfanget av hepatitt B og C i befolkninga og i risikogrupper

  • Lage eit heilskapleg system som gir nødvendige data over sjukdomsbyrda, innsatsen til helsetenesta og årsaker til smitte.
  • Ikkje noko spesifikt mål.
  • FHI

7.3 Status i 2025 for talfesta nasjonale mål

Tabell 7.2 Talfesta nasjonale mål for å nedkjempe hepatitt B og C i Noreg, inkludert status i 2025

VERKEOMRÅDE

MÅL

Status i 2025

Sjukdomsbyrda

Insidens eller prevalens av infeksjon a, b

<2 nye tilfelle av hepatitt B-infeksjon per 1 000 000

Ein går ut frå at målet er nådd, basert på låg insidens av akutt hepatitt B (færre enn 10 nye tilfelle er melde til MSIS årleg frå 2020 til 2024)168.

<5 nye tilfelle av hepatitt C-infeksjon per 1 000 000

Ein går ut frå at målet er nådd, basert på låg estimert insidens blant personar som injiserer rusmiddel169.

<2 % prevalens av hepatitt C-infeksjon blant personar som injiserer rusmiddel. *

Rundt 5 %170, 171, 172

Insidens av alvorleg sjukdom og dødsfall

<1 tilfelle av hepatitt B- eller C-relatert alvorleg leversjukdom og dødsfall per 100 000

Målet er nesten nådd, det er rundt 60–70 dødsfall relatert til hepatitt B- eller C-infeksjon årleg (rundt 1 per 100 000)173,174.

Tiltak

Testing

Prosentdel diagnostisertc

≥95 % av personar som lever med kronisk hepatitt B, er diagnostiserte

Ukjent

Testaktivitetd

≥95 % av gravide blir testa for hepatitt B i løpet av svangerskapet

Ukjent

≥95 % av personar som injiserer rusmiddel, er testa for hepatitt B og hepatitt C det siste årete *

Data frå helseundersøkinga i Oslo tyder på at 30–45 prosent testar seg for hepatitt C årleg175.

≥95 % av innvandrarar frå land med høg smitterisiko er testa for hepatitt B og hepatitt Cf *

Ukjent

Oppfølging etter diagnose og behandling

Oppfølging i helsetenesta

≥90 % av personar som er diagnostiserte med kronisk hepatitt B, blir følgde opp minst éin gong årleg i helsetenesta *

Rundt 50 %176

Behandling

≥95 % av personar som er diagnostiserte med kronisk hepatitt B som har indikasjon for behandling, er på behandling

Ukjent

≥95 % av personar som er diagnostiserte med hepatitt C, startar behandling

Rundt 85 %177

Smitteførebyggjande tiltak

Dekning av hepatitt B-vaksinasjong

≥95 % av barn 0–2 år har fått tre dosar hepatitt B-vaksine.

97 %178

100 % av barn som er fødde av ei hepatitt B-positiv mor, får rett posteksponeringsprofylakse etter nasjonale retningslinjerh

Rundt 70 %179, 180

Skadereduserande tiltak blant personar som er avhengige av rusmiddel

≥600 pakkari med utstyr for injisering av rusmiddel er distribuerte per person per år

400–500 sprøyter delt ut per person per år181

<2 % av personar som injiserer rusmiddel, har delt sprøyter eller kanylar den siste månaden *

Frå 2018 til 2024 svarte 4–9 prosent av deltakarane i helseundersøkinga i Oslo at dei hadde delt sprøyter/kanylar i løpet av dei siste fire vekene, og 28–38 prosent svarte at dei hadde delt anna utstyr til injisering182.

<10 % av personar som injiserer rusmiddel, har delt utstyr anna enn sprøyter eller kanylarj den siste månaden *

≥90 % av personar som er avhengige av opioid er i legemiddelassistert rehabilitering

Rundt 80 %183

Blodprodukt

100 % av blodprodukt er trygge

100%

100 % av injeksjonar i helsetenesta er trygge

Ukjent

* Indikerer nasjonale mål som ikkje har eit tilsvarande internasjonalt mål 184 , 185 , 186 . For fleire andre mål er terskelen meir ambisiøs enn det internasjonale målet.

a Det globale målet om HBsAg-prevalens blant barn 0–4 år er ikkje ført opp i tabellen. Det er allereie låg HBsAg-prevalens blant barn i Noreg, og førebygging av nysmitte vil bli teke hand om ved at alle nyfødde barn av ei hepatitt B-positiv mor får rett posteksponeringsprofylakse og høg dekning av hepatitt B-vaksine i barnevaksinasjonsprogrammet.

b Det globale målet om insidens <2 per 100 personar som injiserer rusmiddel, er ikkje ført opp i tabellen. Det blir dekt av mål for insidens per 1 000 000 i den generelle befolkninga og mål for prevalens blant personar som injiserer rusmiddel.

c Det tilsvarande globale målet for hepatitt C er ikkje ført opp i tabellen. Dette er fordi alle personar som blir diagnostiserte med hepatitt C, skal behandlast, og dei aller fleste vil kvitte seg med viruset, slik at talet på diagnostiserte tilfelle som lever med kronisk hepatitt C, vil vere lågt dersom ein oppnår målet for behandling.

d Det er også viktig å sikre høg testaktivitet i alle grupper som er tilrådde det, inkludert transpersonar, menn som har sex med menn, og personar som sel eller byter seksuelle tenester 187 , 188 .

e Testing for hepatitt B bør vere for dei som ikkje er vaksinerte eller naturleg immune, medan testing for hepatitt C bør vere for HCV-RNA.

f Innvandrarar frå land med høg smitterisiko: https://www.fhi.no/ss/blod-seksuelt-overforbare-infeksjoner/anbefaling-om-testing-av-innvandrere-for-hiv-hepatitt-b-hepatitt-c-og-syfilis/.

g Det er også viktig å sikre høg vaksinedekning i alle grupper som er tilrådde det 189 .

h Éin dose vaksine og hepatitt B-immunglobulin innan 24 timar etter fødselen og endå ein dose vaksine ved fire vekers alder. Alle barn skal deretter følgje barnevaksinasjonsprogrammet og testast for hepatitt B 1–3 månader etter siste vaksinedose. Med «hepatitt B-positiv mor» meiner ein ei mor som er positiv for HBsAg.

i Europeiske retningslinjer tilrår ein brei pakke av utstyr for inntak av rusmiddel, inkludert steril sprøyte og kanyle, kokekar, filter, sterilt vatn, askorbinsyre, alkotørk, røykjefolie og utstyr som sikrar forsvarleg kasting av brukt utstyr, som kanyleboksar 190 .

j Her meiner ein utstyr som også kan føre til smittefare for blodborne infeksjonar, som vatn, filter og kokekar 191 .

Fotnotar

106 Folkehelseinstituttet. Blod- og seksuelt overførbare infeksjoner i Norge: Årsrapport 2024. 2025. Tilgjengeleg frå https://www.fhi.no/publ/2025/arsrapport-2024---blod--og-seksuelt-overforbare-infeksjoner/. Lesen 19. mars. 2026.
107 Canabarro, A.P.F., Duffell, E., Hansson, D., Niehus, R., Seyler, T., Dudareva, S. et al. Chronic hepatitis B infections in the European Union and European Economic Area in 2022: estimates of prevalence using the Workbook Method. Akseptert ved Eurosurveillance.
108 Folkehelseinstituttet. Blod- og seksuelt overførbare infeksjoner i Norge: Årsrapport 2024. 2025. Tilgjengeleg frå https://www.fhi.no/publ/2025/arsrapport-2024---blod--og-seksuelt-overforbare-infeksjoner/. Lesen 19. mars. 2026.
109 Folkehelseinstituttet. Statusrapport om eliminasjon av hepatitt B og C som folkehelseproblem i Norge: Oppfølging av den nasjonale strategien mot virale hepatitter. 2023. Tilgjengeleg frå https://www.fhi.no/contentassets/f35ea65ab2694b408f0957fc4a9d695b/statusrapport_fhi_hdir_eliminasjon-hepatitt-b-og-c_norge_2023.pdf. Lesen 19. mars. 2026.
110 Folkehelseinstituttet. Blod- og seksuelt overførbare infeksjoner i Norge: Årsrapport 2024. 2025. Tilgjengeleg frå https://www.fhi.no/publ/2025/arsrapport-2024---blod--og-seksuelt-overforbare-infeksjoner/. Lesen 19. mars. 2026.
111 Folkehelseinstituttet. Vaksiner til barn. 2024. Tilgjengeleg frå https://www.fhi.no/va/barnevaksinasjonsprogrammet/. Lesen 19. mars. 2026.
112 Folkehelseinstituttet. Blod- og seksuelt overførbare infeksjoner i Norge: Årsrapport 2024. 2025. Tilgjengeleg frå https://www.fhi.no/publ/2025/arsrapport-2024---blod--og-seksuelt-overforbare-infeksjoner/. Lesen 19. mars. 2026.
113 Folkehelseinstituttet. Statusrapport om eliminasjon av hepatitt B og C som folkehelseproblem i Norge: Oppfølging av den nasjonale strategien mot virale hepatitter. 2023. Tilgjengeleg frå https://www.fhi.no/contentassets/f35ea65ab2694b408f0957fc4a9d695b/statusrapport_fhi_hdir_eliminasjon-hepatitt-b-og-c_norge_2023.pdf. Lesen 19. mars. 2026.
114 Whittaker, R., Midtbø, J.E., Kløvstad, H. Monitoring progress towards the elimination of hepatitis C as a public health threat in Norway: a modelling study among people who inject drugs and immigrants. J Infect Dis. 2024 Sep 23;230(3):e700-e711.
115 Folkehelseinstituttet. Blod- og seksuelt overførbare infeksjoner i Norge: Årsrapport 2023. 2024. Tilgjengeleg frå https://www.fhi.no/publ/2024/blod--og-seksuelt-overforbare-infeksjoner-i-norge.-arsrapport-2023. Lesen 19. mars. 2026.
116 Folkehelseinstituttet. Statusrapport om eliminasjon av hepatitt B og C som folkehelseproblem i Norge: Oppfølging av den nasjonale strategien mot virale hepatitter. 2023. Tilgjengeleg frå https://www.fhi.no/contentassets/f35ea65ab2694b408f0957fc4a9d695b/statusrapport_fhi_hdir_eliminasjon-hepatitt-b-og-c_norge_2023.pdf. Lesen 19. mars. 2026.
117 Senter for rus- og avhengighetsforskning. SERAF rapport nr 5/2025 – Statusrapport 2024. 2025. Tilgjengeleg frå https://www.med.uio.no/klinmed/forskning/sentre/seraf/publikasjoner/rapporter/2025/seraf-rapport-nr-5-2025-statusrapport-2024.html. Lesen 19. mars. 2026.
118 Helsedirektoratet. Hepatitt C: Nasjonale faglige råd. 2019. Tilgjengeleg frå https://www.helsedirektoratet.no/faglige-rad/hepatitt-c. Lesen 19. mars. 2026.
119 Folkehelseinstituttet. Informasjon om hepatitt – flere språk. 2022. Tilgjengeleg frå https://www.fhi.no/publ/informasjonsark/hepatittinformasjon-til-asylsokere/. Lesen 19. mars. 2026.
120 Forskingsrådet. Persontilpasset behandling og oppfølging av kronisk hepatitt B-infeksjon. 2023. Tilgjengeleg frå https://prosjektbanken.forskningsradet.no/project/FORISS/336567. Lesen 19. mars. 2026.
121 Folkehelseinstituttet. Hepatitt B – håndbok for helsepersonell. 2024. Tilgjengeleg frå https://www.fhi.no/sm/smittevernveilederen/sykdommer-a-a/hepatitt-b---veileder-for-helsepers/?term=. Lesen 19. mars. 2026.
122 Folkehelseinstituttet. Hepatitt C – håndbok for helsepersonell. 2024. Tilgjengeleg frå https://www.fhi.no/sm/smittevernveilederen/sykdommer-a-a/hepatitt-c---veileder-for-helsepers/?term=. Lesen 19. mars. 2026.
123 Den norske legeforeningen. Faglig veileder for utredning og behandling av hepatitt B. 2022. Tilgjengeleg frå https://www.hepatittfag.no/pdf-hbv. Lesen 19. mars. 2026.
124 Den norske legeforeningen. Faglig veileder for utredning og behandling av hepatitt C. 2022. Tilgjengeleg frå https://hepatittfag.no/pdf-hcv. Lesen 19. mars. 2026.
125 Den norske legeforeningen. Faglig veileder for utredning og behandling av hepatitt C. 2022. Tilgjengeleg frå https://hepatittfag.no/pdf-hcv. Lesen 19. mars. 2026.
126 Helsedirektoratet. Nasjonale faglige retningslinjer: Svangerskapsomsorgen. 2024. Tilgjengeleg frå https://www.helsedirektoratet.no/retningslinjer/svangerskapsomsorgen. Lesen 19. mars. 2026.
127 Folkehelseinstituttet. Hepatitt C – håndbok for helsepersonell. 2024. Tilgjengeleg frå https://www.fhi.no/sm/smittevernveilederen/sykdommer-a-a/hepatitt-c---veileder-for-helsepers/?term=. Lesen 19. mars. 2026.
128 Helsedirektoratet. Helsetjenester til asylsøkere, flyktninger og familiegjenforente. 2024. Tilgjengeleg frå https://www.helsedirektoratet.no/veiledere/helsetjenester-til-asylsokere-flyktninger-og-familiegjenforente. Lesen 19. mars. 2026.
129 Salamanca, B.V., Johannessen, A., Dalgard, O., Finbråten, A.K., Whittaker, R. Time from migration to diagnosis and the proportion presenting late among diagnosed cases of chronic hepatitis B in Norway, 2008 to 2022. Infect Dis (Lond). 2025:1–12.
130 Den norske legeforeningen. Faglige retningslinjer for oppfølging og behandling av hiv i Norge. Tilgjengeleg frå https://hivfag.no/. Lesen 19. mars. 2026.
131 Helsedirektoratet. Veileder for kommunale helse- og omsorgstjenester til innsatte i fengsel. 2013. Tilgjengeleg frå https://www.helsedirektoratet.no/tema/fengselshelsetjenester. Lesen 19. mars. 2026.
132 Helsedirektoratet. Nasjonalt pasientforløp for somatisk helse og levevaner ved psykiske lidelser og/eller rusmiddelproblemer. 2022. Tilgjengeleg frå https://www.helsedirektoratet.no/nasjonale-forlop/somatisk-helse-og-levevaner-ved-psykiske-lidelser-og-eller-rusmiddelproblemer. Lesen 19. mars. 2026.
133 Fransiskushjelpen. Sykepleie på hjul. 2024. Tilgjengeleg frå https://fransiskushjelpen.no/hvem-er-vi/sykepleie-paa-hjul. Lesen 19. mars. 2026.
134 Midgard, H., Bjørnestad, R., Egeland, M., Dahl, E., Finbråten, A.K., Kielland, K.B. et al. Peer support in small towns: A decentralized mobile Hepatitis C virus clinic for people who inject drugs. Liver Int. 2022;42(6):1268–77.
135 Fadnes, L.T., Aas, C.F., Vold, J.H., Leiva, R.A., Ohldieck, C., Chalabianloo, F. et al. Integrated treatment of hepatitis C virus infection among people who inject drugs: A multicenter randomized controlled trial (INTRO-HCV). PLoS Med. 2021;18(6):e1003653.
136 Oslo kommune. Hepatitt C-klinikken. Tilgjengeleg frå https://www.oslo.kommune.no/helse-og-omsorg/rusomsorg/behandling-og-tjenester/hepatitt-c-klinikken/#gref. Lesen 19. mars. 2026.
137 Midgard, H., Bjørnestad, R., Egeland, M., Dahl, E., Finbråten, A.K., Kielland, K.B. et al. Peer support in small towns: A decentralized mobile Hepatitis C virus clinic for people who inject drugs. Liver Int. 2022;42(6):1268–77.
138 Fransiskushjelpen. Sykepleie på hjul. 2024. Tilgjengeleg frå https://fransiskushjelpen.no/hvem-er-vi/sykepleie-paa-hjul. Lesen 19. mars. 2026.
139 Folkehelseinstituttet. Statusrapport om eliminasjon av hepatitt B og C som folkehelseproblem i Norge: Oppfølging av den nasjonale strategien mot virale hepatitter. 2023. Tilgjengeleg frå https://www.fhi.no/contentassets/f35ea65ab2694b408f0957fc4a9d695b/statusrapport_fhi_hdir_eliminasjon-hepatitt-b-og-c_norge_2023.pdf. Lesen 19. mars. 2026.
140 Helseutvalget. Hepatitt C. 2016. Tilgjengeleg frå: https://www.helseutvalget.no/kunnskap/hepatitt-c. Lesen 19. mars. 2026.
141 Forskingsrådet. Persontilpasset behandling og oppfølging av kronisk hepatitt B-infeksjon. 2023. Tilgjengeleg frå https://prosjektbanken.forskningsradet.no/project/FORISS/336567. Lesen 19. mars. 2026.
142 The National Health Service. NHS rolls out order-to-home hepatitis C tests via NHS website for tens of thousands at risk. 2023. Tilgjengeleg frå https://www.england.nhs.uk/2023/05/nhs-rolls-out-order-to-home-hepatitis-c-tests-via-nhs-website-for-tens-of-thousands-at-risk/. Lesen 19. mars. 2026.
143 Health Service Executive. HSE highlights hepatitis C free home testing service ahead of World Hepatitis Day. 2024. Tilgjengeleg frå https://about.hse.ie/news/hse-highlights-hepatitis-c-free-home-testing-service-ahead-of-world-hepatitis-day/. Lesen 19. mars. 2026.
144 Den norske legeforeningen. Faglig veileder for utredning og behandling av hepatitt B. 2022. Tilgjengeleg frå https://www.hepatittfag.no/pdf-hbv. Lesen 19. mars. 2026.
145 Den norske legeforeningen. Faglig veileder for utredning og behandling av hepatitt C. 2022. Tilgjengeleg frå https://hepatittfag.no/pdf-hcv. Lesen 19. mars. 2026.
146 Salamanca, B.V., Johannessen, A., Dalgard, O., Whittaker, R. Linkage to Care, Retention in Care and Treatment Uptake Among Patients Diagnosed With Chronic Hepatitis B in Norway, 2008-2022. J Viral Hepat. 2025;32(10):e70089.
147 Salamanca, B.V., Johannessen, A., Dalgard, O., Whittaker, R. Linkage to Care, Retention in Care and Treatment Uptake Among Patients Diagnosed With Chronic Hepatitis B in Norway, 2008-2022. J Viral Hepat. 2025;32(10):e70089.
148 Whittaker, R., Midgard, H., Dalgard, O., Kløvstad, H. Treatment uptake among notified cases of hepatitis C virus infection in Norway, 1990 to 2022: a registry-based study to monitor progress towards elimination. Euro Surveill. 2024;29(46).
149 Malme, K.B., Ulstein, K., Finbråten, A.K., Wusthoff, L.E.C., Kielland, K.B., Hauge, J. et al. Hepatitis C treatment uptake among people who inject drugs in Oslo, Norway: A registry-based study. Int J Drug Policy. 2023;116:104044.
150 Opheim, E., Dalgard, O., Ulstein, K., Sorli, H., Backe, O., Foshaug, T. et al. Towards elimination of hepatitis C in Oslo: Cross-sectional prevalence studies among people who inject drugs. Int J Drug Policy. 2023;123:104279.
151 Folkehelseinstituttet. Vaksiner til barn. 2024. Tilgjengeleg frå https://www.fhi.no/va/barnevaksinasjonsprogrammet/. Lesen 19. mars. 2026.
152 Folkehelseinstituttet. Hepatitt B-vaksine og hepatitt B-immunglobulin – veileder for helsepersonell. 2025. Tilgjengeleg frå https://www.fhi.no/va/vaksinasjonshandboka/vaksiner-mot-de-enkelte-sykdommene/hepatitt-b-vaksinasjon-og-immunglobulin/?term=. Lesen 19. mars. 2026.
153 ProSentret Hvilke helsetjenester tilbyr vi? 2022. Tilgjengeleg frå https://www.prosentret.no/tjenester/helsetjenester/hvilke-helsetjenester-tilbyr-vi/. Lesen 19. mars. 2026.
154 Folkehelseinstituttet. Statusrapport om eliminasjon av hepatitt B og C som folkehelseproblem i Norge: Oppfølging av den nasjonale strategien mot virale hepatitter. 2023. Tilgjengeleg frå https://www.fhi.no/contentassets/f35ea65ab2694b408f0957fc4a9d695b/statusrapport_fhi_hdir_eliminasjon-hepatitt-b-og-c_norge_2023.pdf. Lesen 19. mars. 2026.
155 Folkehelseinstituttet. Europeisk menn som har sex med menn internettundersøkelse: Norske resultater. 2020. Tilgjengeleg frå https://www.fhi.no/en/publ/2020/The-European-men-who-have-sex-with-men-internet-survey-2017-Norwegian-results/. Lesen 19. mars. 2026.
156 Folkehelseinstituttet. Hepatitt B-vaksine og hepatitt B-immunglobulin – veileder for helsepersonell. 2025. Tilgjengeleg frå https://www.fhi.no/va/vaksinasjonshandboka/vaksiner-mot-de-enkelte-sykdommene/hepatitt-b-vaksinasjon-og-immunglobulin/?term=. Lesen 19. mars. 2026.
157 Folkehelseinstituttet. Vaksiner til barn. 2024. Tilgjengeleg frå https://www.fhi.no/va/barnevaksinasjonsprogrammet/. Lesen 19. mars. 2026.
158 Winje, B.A., Follstad, K., Ueland, I., Hulgaard-Bruvold, S.Z., Greve-Isdahl, M. Post-Exposure Hepatitis B-Treatment in Newborns: A Qualitative Study on Interprofessional Practices in Norway. Acta Paediatrica: 2026:1–8, https://doi.org/10.1111/apa.70455.
159 Den norske legeforeningen. Faglig veileder for utredning og behandling av hepatitt C. 2022. Tilgjengeleg frå https://hepatittfag.no/pdf-hcv. Lesen 19. mars. 2026.
160 Folkehelseinstituttet. Statusrapport om eliminasjon av hepatitt B og C som folkehelseproblem i Norge: Oppfølging av den nasjonale strategien mot virale hepatitter. 2023. Tilgjengeleg frå https://www.fhi.no/contentassets/f35ea65ab2694b408f0957fc4a9d695b/statusrapport_fhi_hdir_eliminasjon-hepatitt-b-og-c_norge_2023.pdf. Lesen 19. mars. 2026.
161 Helsedirektoratet. Nasjonale faglege råd: Overdoseforebyggende arbeid i kommunen. 2025. Tilgjengeleg frå https://www.helsedirektoratet.no/faglige-rad/overdoseforebyggende-arbeid-i-kommunen. Lesen 19. mars. 2026.
162 ProSentret Hvilke helsetjenester tilbyr vi? 2022. Tilgjengeleg frå https://www.prosentret.no/tjenester/helsetjenester/hvilke-helsetjenester-tilbyr-vi/. Lesen 19. mars. 2026.
163 Chemfriendly. Brukerutstyr. Tilgjengeleg frå https://chemfriendly.no/brukerutstyr. Lesen 19. mars. 2026.
164 Chemfriendly. Brukerutstyr. Tilgjengeleg frå https://chemfriendly.no/brukerutstyr. Lesen 19. mars. 2026.
165 Brukerutstyr.no. Gratis brukerutstyr til privatpersoner. 2025. Tilgjengeleg frå https://brukerutstyr.no/. Lesen 19. mars. 2026.
166 Regionalt kompetansesenter for rusmiddelforskning i Helse Vest. Utdeling av utstyr for skadereduksjon ved rusmiddelbruk: Kommuneundersøkelse 2022. 2023. Tilgjengeleg frå https://www.helse-stavanger.no/4afc07/contentassets/c9ac1ec7584b429d952e8d643128e37d/brukerutstyrsundersokelse-2022.pdf. Lesen 19. mars. 2026.
167 Opheim, E., Malme, K., Dalgard, O., Sørli, H., Backe, Ø., Foshaug, T. et al. Changes in Risk Behaviour Among People With Recent Injecting Drug Use in Oslo 2002-2024. Drug Alcohol Rev. 2025. doi: 10.1111/dar.70060.
168 Folkehelseinstituttet. Blod- og seksuelt overførbare infeksjoner i Norge: Årsrapport 2024. 2025. Tilgjengeleg frå https://www.fhi.no/publ/2025/arsrapport-2024---blod--og-seksuelt-overforbare-infeksjoner/. Lesen 19. mars. 2026.
169 Whittaker, R., Midtbø, J.E., Kløvstad, H. Monitoring progress towards the elimination of hepatitis C as a public health threat in Norway: a modelling study among people who inject drugs and immigrants. J Infect Dis. 2024 Sep 23;230(3):e700-e711.
170 Folkehelseinstituttet. Statusrapport om eliminasjon av hepatitt B og C som folkehelseproblem i Norge: Oppfølging av den nasjonale strategien mot virale hepatitter. 2023. Tilgjengeleg frå https://www.fhi.no/contentassets/f35ea65ab2694b408f0957fc4a9d695b/statusrapport_fhi_hdir_eliminasjon-hepatitt-b-og-c_norge_2023.pdf. Lesen 19. mars. 2026.
171 Senter for rus- og avhengighetsforskning. SERAF rapport nr 5/2025 – Statusrapport 2024. 2025. Tilgjengeleg frå https://www.med.uio.no/klinmed/forskning/sentre/seraf/publikasjoner/rapporter/2025/seraf-rapport-nr-5-2025-statusrapport-2024.html. Lesen 19. mars. 2026.
172 European Union Drugs Agency. Viral hepatitis elimination barometer among people who inject drugs in Europe. 2024. Tilgjengeleg frå https://www.emcdda.europa.eu/publications/data-factsheet/viral-hepatitis-elimination-barometer-among-people-who-inject-drugs-in-europe_en. Lesen 19. mars. 2026.
173 Folkehelseinstituttet. Blod- og seksuelt overførbare infeksjoner i Norge: Årsrapport 2024. 2025. Tilgjengeleg frå https://www.fhi.no/publ/2025/arsrapport-2024---blod--og-seksuelt-overforbare-infeksjoner/. Lesen 19. mars. 2026.
174 Folkehelseinstituttet. Blod- og seksuelt overførbare infeksjoner i Norge: Årsrapport 2023. 2024. Tilgjengeleg frå https://www.fhi.no/publ/2024/blod--og-seksuelt-overforbare-infeksjoner-i-norge.-arsrapport-2023. Lesen 19. mars. 2026.
175 Folkehelseinstituttet. Statusrapport om eliminasjon av hepatitt B og C som folkehelseproblem i Norge: Oppfølging av den nasjonale strategien mot virale hepatitter. 2023. Tilgjengeleg frå https://www.fhi.no/contentassets/f35ea65ab2694b408f0957fc4a9d695b/statusrapport_fhi_hdir_eliminasjon-hepatitt-b-og-c_norge_2023.pdf. Lesen 19. mars. 2026.
176 Salamanca, B.V., Johannessen, A., Dalgard, O., Whittaker, R. Linkage to Care, Retention in Care and Treatment Uptake Among Patients Diagnosed With Chronic Hepatitis B in Norway, 2008-2022. J Viral Hepat. 2025;32(10):e70089.
177 Whittaker, R., Midgard, H., Dalgard, O., Kløvstad, H. Treatment uptake among notified cases of hepatitis C virus infection in Norway, 1990 to 2022: a registry-based study to monitor progress towards elimination. Euro Surveill. 2024;29(46).
178 Folkehelseinstituttet. Vaksiner til barn. 2024. Tilgjengeleg frå https://www.fhi.no/va/barnevaksinasjonsprogrammet/. Lesen 19. mars. 2026.
179 Folkehelseinstituttet. Vaksiner til barn. 2024. Tilgjengeleg frå https://www.fhi.no/va/barnevaksinasjonsprogrammet/. Lesen 19. mars. 2026.
180 Winje, B.A., Follstad, K., Ueland, I., Hulgaard-Bruvold, S.Z., Greve-Isdahl, M. Post-Exposure Hepatitis B-Treatment in Newborns: A Qualitative Study on Interprofessional Practices in Norway. Acta Paediatrica: 2026:1–8, https://doi.org/10.1111/apa.70455.
181 Folkehelseinstituttet. Statusrapport om eliminasjon av hepatitt B og C som folkehelseproblem i Norge: Oppfølging av den nasjonale strategien mot virale hepatitter. 2023. Tilgjengeleg frå https://www.fhi.no/contentassets/f35ea65ab2694b408f0957fc4a9d695b/statusrapport_fhi_hdir_eliminasjon-hepatitt-b-og-c_norge_2023.pdf. Lesen 19. mars. 2026.
182 Opheim, E., Malme, K., Dalgard, O., Sørli, H., Backe, Ø., Foshaug, T. et al. Changes in Risk Behaviour Among People With Recent Injecting Drug Use in Oslo 2002-2024. Drug Alcohol Rev. 2025. doi: 10.1111/dar.70060.
183 Senter for rus- og avhengighetsforskning. SERAF rapport nr 5/2025 – Statusrapport 2024. 2025. Tilgjengeleg frå https://www.med.uio.no/klinmed/forskning/sentre/seraf/publikasjoner/rapporter/2025/seraf-rapport-nr-5-2025-statusrapport-2024.html. Lesen 19. mars. 2026.
184 Verdshelseorganisasjonen. Global health sector strategies on, respectively, HIV, viral hepatitis and sexually transmitted infections for the period 2022–2030. 2022. Tilgjengeleg frå https://www.who.int/teams/global-hiv-hepatitis-and-stis-programmes/strategies/global-health-sector-strategies. Lesen 19. mars. 2026.
185 Det europeiske regionkontoret i Verdshelseorganisasjonen. Regional action plans for ending AIDS and the epidemics of viral hepatitis and sexually transmitted infections 2022–2030. 2023. Tilgjengeleg frå https://apps.who.int/iris/bitstream/handle/10665/369243/9789289058957-eng.pdf?sequence=7&isAllowed=y. Lesen 19. mars. 2026.
186 Verdshelseorganisasjonen. Guidance for country validation of viral hepatitis elimination and path to elimination. 2023. Tilgjengeleg frå https://iris.who.int/bitstream/handle/10665/373186/9789240078635-eng.pdf?sequence=1. Lesen 19. mars. 2026.
187 Folkehelseinstituttet. Hepatitt B – håndbok for helsepersonell. 2024. Tilgjengeleg frå https://www.fhi.no/sm/smittevernveilederen/sykdommer-a-a/hepatitt-b---veileder-for-helsepers/?term=. Lesen 19. mars. 2026.
188 Folkehelseinstituttet. Hepatitt C – håndbok for helsepersonell. 2024. Tilgjengeleg frå https://www.fhi.no/sm/smittevernveilederen/sykdommer-a-a/hepatitt-c---veileder-for-helsepers/?term=. Lesen 19. mars. 2026.
189 Folkehelseinstituttet. Vaksiner til barn. 2024. Tilgjengeleg frå https://www.fhi.no/va/barnevaksinasjonsprogrammet/. Lesen 19. mars. 2026.
190 European Union Drugs Agency. Prevention and control of infectious diseases among people who inject drugs — 2023 update. 2023. Tilgjengeleg frå https://www.euda.europa.eu/publications/joint-publications/prevention-and-control-infectious-diseases-among-people-who-inject-drugs-2023-update_en. Lesen 19. mars. 2026.
191 European Union Drugs Agency. Prevention and control of infectious diseases among people who inject drugs — 2023 update. 2023. Tilgjengeleg frå https://www.euda.europa.eu/publications/joint-publications/prevention-and-control-infectious-diseases-among-people-who-inject-drugs-2023-update_en. Lesen 19. mars. 2026.