2 Status og utfordringar
Hepatitt B og C er infeksjonar som i dag har låg prevalens i Noreg, og smitten er konsentrert i enkelte risikogrupper. Omfanget av hepatitt B og hepatitt C, innsatsen til helsetenesta, førebyggjande tiltak og framsteg i retning eliminasjon blei grundig gjennomgått i ein statusrapport Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet gav ut i 202311. Eit oppdatert situasjonsbilete er presentert i kapittel 7.1 i vedlegget, og samanfatta i dei følgjande avsnitta.
2.1 Hepatitt B
Det er lite smitte med hepatitt B i Noreg, og dei aller fleste diagnostiserte tilfelle er innvandrarar frå land med høg smitterisiko, som truleg er smitta før innvandring til Noreg. Det er svært høg oppslutnad om tilbodet om hepatitt B-vaksine i barnevaksinasjonsprogrammet. Samtidig er det behov for å auke vaksinedekninga blant enkelte risikogrupper, som personar som injiserer rusmiddel. Personar som er diagnostiserte med hepatitt B, bør følgjast opp jamleg i helsetenesta for å førebyggje alvorleg sjukdom, men om lag halvparten får ikkje slik oppfølging i dag. Hepatitt B-pasientgruppa i Noreg i dag er ung, og over tid er det fare for aukande dødstal dersom dei ikkje får god nok oppfølging og behandling. Det er også behov for å forbetre oppfølginga av gravide som blir diagnostiserte med hepatitt B, og deira nyfødde.
2.2 Hepatitt C
Smitte med hepatitt C i Noreg har vore konsentrert blant personar som har injisert rusmiddel. Prevalens og insidens (nysmitte) av hepatitt C i denne gruppa har gått ned med 80–90 prosent dei seinare åra, takka vere målretta testtilbod med låg terskel, effektiv, enkel og kortvarig behandling, omfattande informasjonsarbeid og høg dekning av skadereduserande tiltak. Noreg er derfor på god veg mot å eliminere hepatitt C som folkehelseproblem. For å redusere sjukdomsbyrda ytterlegare og førebyggje smitte blant dei mest sårbare er det behov for å auke testaktiviteten i enkelte risikogrupper og sørgje for at fleire diagnostiserte tilfelle får behandling, og at fleire personar som injiserer rusmiddel, får tilbod om skadereduserande tiltak. I dag er over halvparten av nye diagnostiserte tilfelle innvandrarar frå land med høg smitterisiko, som truleg er smitta før dei kom til Noreg.