6 Økonomiske og administrative forhold
Nasjonal strategi for førebygging og kontroll av hepatitt B og C skal kunne gjennomførast innanfor dei gjeldande budsjettrammene. Det blir hovudsakleg etterspurt ei betre gjennomføring av eksisterande satsingar. Dette vil seie at fleire pasientar gjennomfører eit oppfølgingsløp etter diagnose som er i tråd med kliniske retningslinjer. Høgare testaktivitet og vaksinasjonsdekning i definerte risikogrupper og auka utdeling av brukarutstyr for inntak av rusmiddel er ei styrking av eksisterande tiltak som kan effektiviserast.
Strategien inneheld nye talfesta og høgare mål på nokre område. Dette er i tråd med utviklinga i situasjonsbiletet og tilrådingar frå WHO tilpassa Noreg. Måloppnåing skal jobbast med gjennom eksisterande satsingar og evaluerast kontinuerleg, noko som kan medføre omfordeling av finansiering i framtida i samsvar med vanlege budsjettprosessar og instruksjonar.
På lengre sikt er strategien forventa å føre til lågare kostnader. Dette kjem som følgje av at strategien er venta å føre til færre hepatittpasientar, på grunn av tiltak som førebyggjer smitte, og dessutan behandling, og at tidleg oppdaging og behandling av desse pasientane kan føre til mindre behandlingsbehov for pasientane på eit seinare tidspunkt. Til dømes kan det å gi rett oppfølging til nyfødde der mor har hepatitt B, forhindre smitte og kronisk infeksjon som kunne ha innebore livslang oppfølging i helsetenesta. Tiltaka kan også føre til samfunnsøkonomiske gevinstar fordi sjukdomsbyrda blir lågare og fleire kan halde seg i arbeid. Tidlegare analysar viser at for Europa er kostnaden ved auka behandling av hepatitt C og hepatitt B lågare enn gevinsten dette gir i form av lågare sjukdomsbyrde for pasientane105.