4 Tiltak

Noreg har gode føresetnader for å oppnå eliminasjon av hepatitt B og C som folkehelseproblem innan 2030. Det vil vere behov for langvarig arbeid for å halde eliminasjonen ved lag. Det vil framleis vere behov for tiltak for å redusere sjukdomsbyrda og førebyggje smitte i miljø med høgare risiko for smitte. Personar som er smitta før innvandring til Noreg, representerer ein viktig og uføreseieleg faktor for prevalenstal for begge infeksjonane.

Dei viktigaste tiltaksområda for å nedkjempe epidemiane av hepatitt B og C i Noreg er

  • kunnskap om hepatitt B og C i risikogrupper og i helsetenesta
  • enkel tilgang til testing og høg testaktivitet
  • god nok oppfølging og behandling av diagnostiserte personar
  • førebygging av mor–barn-smitte
  • høg vaksinasjonsdekning for hepatitt B i tilrådde grupper
  • skadereduserande tiltak i miljø med bruk av rusmiddel som blir injiserte
  • førebygging av seksuell smitte
  • sikring av blodprodukt og rett oppfølging av stikkskade
  • overvaking av omfanget av hepatitt B og C i befolkninga og i risikogrupper

Tiltaka baserer seg på retningslinjer for hepatitt B og C frå WHO24, 25, 26. Nokre tiltaksområde vil bli følgde opp som del av andre prosessar og strategiar som ikkje direkte handlar om hepatitt B og C.

For alle tiltak er godt samarbeid mellom dei ulike aktørane (inkludert dei regionale helseføretaka og kommunane) vesentleg. Samarbeidsformer og avtalar vil kunne variere avhengig av lokale forhold. Tiltak retta mot ulike grupper bør skje i samarbeid med brukarane og deira organisasjonar så langt som mogleg – til dømes kan bruk av språk- og kulturtolk hjelpe med å nå ut til ulike innvandrargrupper.

4.1 Kunnskap om hepatitt B og C i risikogrupper og i helsetenesta

  • Del enkel og ikkje-stigmatiserande informasjon om hepatitt B og C på relevante språk til risikogrupper på rette arenaer.
  • Gi helsepersonell og tilsette i relevante organisasjonar enkel tilgang til målretta informasjon og opplæring om risikogrupper.

Kunnskap om hepatitt B og C er viktig for å sikre høg oppslutnad om testing og tilbod om førebyggjande tiltak (inkludert vaksinasjon), og rett oppfølging ved positiv test. Folkehelseinstituttet, Helsedirektoratet, den kommunale helse- og omsorgstenesta og spesialisthelsetenesta har alle eit ansvar for å auke kunnskapen om hepatitt B og C og relevante førebyggjande tiltak i befolkninga, særleg blant risikogrupper. Det er viktig at nasjonalt og lokalt informasjonsarbeid forsterkar kvarandre. Sidan det er overlappande smittemåtar og risikogrupper for hepatitt B, hepatitt C og hiv, bør det informerast om infeksjonane i dei same informasjonskanalane.

4.1.1 Kunnskap i risikogrupper

Informasjon om hepatitt B- og C-smitte, smitteførebyggjande tiltak, diagnostikktilbod og behandling (eventuelt tilvising til spesialisthelsetenesta) bør gjerast tilgjengeleg for alle. Informasjonen bør rettast mot personar som høyrer til eller har høyrt til ei risikogruppe. Det inkluderer arbeids- og utdanningsinnvandrarar. Informasjonen bør vere lett forståeleg, tilgjengeleg på relevante språk og ikkje vere stigmatiserande.

Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet skal, i tråd med ansvaret sitt, kontinuerleg utvikle (hepatitt B) og oppdatere (hepatitt C) informasjonsmateriell som kan tilpassast av kommunen og andre relevante aktørar til bruk i informasjonsarbeidet.

Informasjonsmateriale retta mot den generelle befolkninga på plattformer som www.helsenorge.no og www.zanzu.no bør vere oppdatert og kvalitetssikra.

4.1.2 Kunnskap blant helsepersonell og dei som jobbar med risikogruppene

Målretta informasjon og opplæring bør vere tilgjengeleg for helsepersonell i helse- og omsorgstenesta og tilsette i organisasjonar som jobbar med risikogruppene for hepatitt B og C. Informasjonen og opplæringa bør dekkje både sjølve infeksjonane og kva for utfordringar dei ulike risikogruppene opplever. Dette er særleg viktig for å motverke stigma og diskriminering, som kan hindre personar i risikogrupper frå å søkje helsetenester27. Alle faglege rettleiingar som omtaler hepatitt B eller C, bør vere samkøyrde og haldast oppdaterte. Helsepersonell bør få opplæring i smitterisiko og rutinar ved eksponering.

4.2 Enkel tilgang til testing og høg testaktivitet

  • Sikre tilbod om test for hepatitt B og C til alle risikogrupper med indikasjon.
  • Betre tilgang til forenkla testing i definerte risikogrupper.
  • Sikre at personar med aktiv risikoåtferd får tilbod om testing kvart år.

Dei fleste som er smitta med hepatitt B eller C, har få eller ingen symptom. Høg testaktivitet i grupper med auka risiko for smitte og hos personar som kan ha vore utsette for smitte, er derfor avgjerande. For enkelte andre grupper kan det også vere sjølvstendige indikasjonar for testing, anten på klinisk indikasjon (til dømes personar med symptom, ved kliniske funn som kan gi mistanke om infeksjon, eller før immunsupprimerande behandling), eller rutinemessig av smittevernomsyn (til dømes gravide, blodgivarar og organdonorar). Testing kan også vere ein metode for å oppdage personar som er diagnostiserte tidlegare, men som ikkje lenger har kontakt med helsetenesta. Smittevernhandboka til Folkehelseinstituttet listar opp grupper med særleg indikasjon for testing for HBV og HCV28, 29. Det bør vere låg terskel for å tilby test. Bruk av likepersonar frå pasienten sitt eige miljø og høve til anonymitet kan hjelpe med å finne aktuelle personar og oppmode om testing30, 31.

4.2.1 Testing i helsetenesta

Testing for hepatitt B og C er tilrådd for enkelte grupper med høgare risiko for smitte eller på klinisk indikasjon (til dømes til personar med symptom, ved kliniske funn som kan gi mistanke om infeksjon, eller før immunsupprimerande behandling), eller rutinemessig av smittevernomsyn (til dømes til gravide, blodgivarar og organdonorar). Kva for grupper det er tilrådd å teste, er beskrive i smittevernhandboka til FHI. Helsedirektoratet har rettleiingar for nokre av desse risikogruppene, der testing er tilrådd – til dømes til personar med rusmiddelproblem, innsette i fengsel, gravide og asylsøkjarar/flyktningar. Enkelte kliniske retningslinjer dekkjer også tilrådingar om testing av nokre spesifikke grupper, som personar som lever med hiv eller bruker preeksponeringsprofylakse for hiv. Det finst også nokre aktørar som tilbyr lågterskeltesting eller oppsøkjande testing til målgruppene sine.

Det følgjer av smittevernlova § 7-1 at kommunen skal sørgje for at alle som bur i eller mellombels oppheld seg i kommunen, er sikra mellom anna nødvendige førebyggjande tiltak og undersøkingsmoglegheiter for smittsam sjukdom. Det regionale helseføretaket skal sørgje for at befolkninga i helseregionen er sikra nødvendig spesialistundersøking, laboratorieundersøking, poliklinisk behandling og sjukehusbehandling, jf. smittevernlova § 7-3. Dette ansvaret omfattar mellom anna å tilby nødvendig test for hepatitt B og/eller C til grupper med indikasjon32, 33.

Fastlegane speler ei sentral rolle i identifiseringa av personar som kan ha vore utsette for smitte. Erfaring frå den norske OPPORTUNI-C-studien viser også den viktige rolla til spesialisthelsetenesta34. Fastlegar og sjukehusavdelingar (inkludert poliklinikkar) bør vere merksame på om pasientar med indikasjon35, 36 tidlegare er testa for hepatitt B og C, og tilby undersøking for dette dersom det ikkje er gjort. Legevakt og klinikkar for seksuelt overførbare infeksjonar bør også bidra til å sørgje for at personar med auka smitterisiko blir testa.

Folkehelseinstituttet tilrår at alle personar som er fødde utanfor Norden og Vest-Europa, får tilbod om serologisk undersøking for både hepatitt B og C37. Kommunen skal sørgje for at nykomne innvandrarar frå land med høg smitterisiko får tilbod om test, inkludert dei som kjem som arbeids- eller utdanningsinnvandrarar. Flyktningar, asylsøkjarar og familiesameinte bør få tilbod om test allereie i samband med tidleg helsekartlegging når dei kjem, og få tilbod om helseundersøking tre månader seinare38. Det er viktig med tiltak for å sikre overføring av prøveresultat og behandlingsplan til helsetenesta i den neste kommunen til nykomne innvandrarar og den endelege bustaden ved flytting.

Nasjonalt pasientforløp for psykisk helse og rus omtaler behov for å teste personar som injiserer rusmiddel, for hepatitt B og C der dei er i kontakt med helsetenesta39.

Det er vesentleg overlapp mellom risikogruppene for hepatitt B, hepatitt C og hiv, og dersom det er indikasjon for testing for éin av dei, bør ein vurdere diagnostikk for alle tre infeksjonane40. Testing for hepatitt B og C er allereie integrert i oppfølginga av personar som lever med hiv, og personar som bruker pre- eller posteksponeringsprofylakse for hiv41. Det er tilbod om diagnostikk og medisinsk oppfølging av hepatitt B, hepatitt C og hiv til innsette i fengsel, som del av den kommunale helsetenesta42. Det er også krav om serologisk undersøking for hepatitt B, hepatitt C og hiv av alle blodgivarar ved kvar blodtapping.

4.2.2 Betre tilgang til forenkla testing i definerte risikogrupper

Tilbod om testing der pasienten er (også kalla pasientnær testing), kan auke testaktiviteten og er særleg relevant for visse risikogrupper. Pasientnær testing har blitt assosiert med auka behandlingsopptak og kortare tid til oppstart ved behandling for hepatitt C43. Pasientnær testing for hepatitt C blir tilbydd, eller har blitt tilbydd, ved enkelte kommunale tenester eller brukarorganisasjonar som jobbar med nokre av risikogruppene (sjå situasjonsbiletet i vedlegget).

For å auke testaktiviteten blant viktige risikogrupper bør testtilbodet vere lett tilgjengeleg. Relevante tenester, som tverrfagleg spesialisert behandling av ruslidingar (TSB) (inkludert alle tiltak for legemiddelassistert rehabilitering, LAR), kommunale rustiltak (inkludert der kommunen deler ut gratis brukarutstyr, har brukarrom og andre helsetilbod med låg terskel) og andre lågterskeltiltak der ein jobbar med risikogruppene, bør vere aktivt involverte i testarbeidet. Desse tenestene bør anten kunne tilby testing sjølve eller sørgje for enkel tilgang til test andre stader i helsetenesta. Korleis testtilbodet blir organisert, og kva type test ein tilbyr, vil avhenge av målgruppa.

Samarbeidet mellom brukarorganisasjonar og helsetenesta bør organiserast slik at laboratorium etablerer nye metodar for analyse ved behov, og at dei som testar positivt, enkelt kjem vidare i systemet, slik at faren for fråfall blir redusert. Ulike alternativ for pasientnær testing inkluderer tilbod om hurtigtest (analyse av ein enkeltprøve på kort tid utan laboratoriefasilitetar, slik at pasienten får svar ved same besøk) og testmetodar som ikkje gir hurtig svar, men som kan utførast av andre enn helsepersonell, som dried blood spot (DBS). Fram til slutten av 2024 tilbydde eit tiltak i Oslo44 og eit ambulerande tiltak i småbyar/tettstader45 hurtigtest for HCV RNA til personar som injiserer rusmiddel. Sjekkpunkt ved Helseutvalet tilbyr hurtigtest for hepatitt C-antistoff til transpersonar og msm med risikoåtferd46. I Danmark er DBS-metoden for hepatitt C tilgjengeleg over heile landet47. I Noreg har proLAR Nett og Oslo kommune initiert eit pilotprosjekt for å prøve ut eit slikt tilbod for å undersøkje HCV RNA.

4.2.3 Personar med aktiv risikoåtferd bør få tilbod om test minst årleg

Personar som testar negativt, men som har aktiv risikoåtferd, til dømes personar som injiserer rusmiddel, som bruker rusmiddel i samband med sex, eller som sel/byter seksuelle tenester, bør testast minst éin gong årleg for HBV og HCV, helst kvar sjette månad48. For hepatitt B gjeld det personar som ikkje er immune frå tidlegare infeksjon eller vaksinasjon. For hepatitt C gjeld det sjølv om pasienten har vore smitta med hepatitt C og no er virusfri (anten frå behandling eller naturleg tilfriskning). Dette er fordi gjennomgått infeksjon med hepatitt C ikkje gir beskyttande immunitet. Det bør testast for HCV RNA.

4.3 God nok oppfølging og behandling av diagnostiserte personar

  • Alle med hepatitt B eller C skal følgjast opp etter dei faglege rettleiingane.
  • Alle pasientar med hepatitt B blir testa for hepatitt D og har jamleg kontakt med spesialisthelsetenesta.
  • Ytterlegare desentralisering og integrering av oppfølging for hepatitt C, med behandling som er tilgjengeleg på fleire arenaer. Vurdere avtalar med primærhelsetenesta og aktuelle lågterskeltiltak for rekvirering av behandling på h-resept og oppfølging av pasientar som er diagnostiserte med hepatitt C.
  • Pasientar som ikkje møter til avtalt time, blir følgde aktivt opp av behandlande avdeling/poliklinikk.
  • Pasientar med cirrhose blir overvakte for leverkreft ein gong i halvåret.
  • Ved nye påviste tilfelle blir det gjennomført grundig smittesporing.

Adekvat oppfølging og behandling av personar som er diagnostiserte med hepatitt B eller hepatitt C, er vesentleg for å førebyggje alvorleg sjukdom og vidare smittespreiing (også kjent som Treatment as Prevention, TasP). Kommunar og helseføretak bør leggje til rette for at alle som blir diagnostiserte med hepatitt B eller C, blir følgde opp etter faglege rettleiingar49, 50.

4.3.1 Alle som blir følgde opp for hepatitt B, har jamleg kontakt med spesialisthelsetenesta

For hepatitt B bør alle nydiagnostiserte pasientar visast til spesialisthelsetenesta. Vidare oppfølging er som regel livslang, og behov for behandling er avhengig av kva fase sjukdommen er i51. I Noreg blir for få diagnostiserte tilfelle av kronisk hepatitt B følgde opp jamleg i helsetenesta52. Nye globale retningslinjer frå 2024 utvidar indikasjonen for behandling av hepatitt B53. Med forsterka testing og oppfølging, breiare behandlingsindikasjonar og meir innvandring frå land med høg smitterisiko kan talet på pasientar med behov for oppfølging og behandling auke. Pasientar som i dag blir følgde opp av fastlege, bør få ei ny vurdering i spesialisthelsetenesta av om dei bør starte på behandling. Alle som blir følgde opp for hepatitt B, bør ha jamleg kontakt med spesialisthelsetenesta.

4.3.2 Alle som testar positivt for hepatitt B, blir testa for hepatitt D

Infeksjon med HDV oppstår berre hos personar som er smitta med HBV, og har vanlegvis eit alvorlegare forløp enn isolert HBV-infeksjon. Alle som testar positivt for HBsAg (Hepatitis B surface antigen), bør undersøkjast for HDV minst éin gong54, 55.

4.3.3 Ytterlegare desentralisert og integrert oppfølging for hepatitt C

Behandling for HCV-infeksjon har vore organisert ved sjukehuspoliklinikkar i spesialisthelsetenesta. Hepatitt C kan no effektivt behandlast med ein 8–12-vekers tablettkur, der over 95 prosent av dei behandla vil bli kvitt viruset. Sidan 2018 har behandling for hepatitt C vore tilgjengeleg for alle med diagnostisert HCV-infeksjon i Noreg. Oppfølginga kan no i større grad skje utanfor spesialisthelsetenesta, med nye modellar for diagnostikk og behandling som er tilpassa det særlege behovet til pasientane for forenkla test- og behandlingsforløp56.

Det er allereie tilrådd å forenkle hepatitt C-oppfølginga for pasientar som vanskeleg kan nåast gjennom eit tradisjonelt behandlingsløp i sjukehuspoliklinikkar, slik at oppfølginga skjer der pasienten er, med vekt på pasientnær testing, kort tid frå diagnose til behandling og bruk av pan-genotypiske legemiddel (dvs. legemiddel som fungerer mot alle genotypar av HCV). Mange pasientar kan til dømes få all behandling og oppfølging av helse- og omsorgstenesta i kommunen, inkludert fastlegane, med fagleg støtte frå spesialisthelsetenesta. Norske og internasjonale studiar har vist god effekt av eit slikt forenkla forløp i ulike helsetenester som fengsel, tenester for brukarutstyrsutdeling, LAR og sjukehusavdelingar57, 58, 59. Døme i Noreg inkluderer initiativet ved Nordlandssykehuset60 i tillegg til dei pasientnære testtilboda, der testing og behandling er integrert i helsetenesta eller har blitt etablert som eit ambulant, oppsøkjande lågterskeltilbod61, 62, 63, 64. Helse- og omsorgsdepartement skal vurdere metodar for å vidareutvikle dette tilbodet.

Behandlingstilbodet for hepatitt C bør desentraliserast ytterlegare. Primærhelsetenesta og alle aktørar som tilbyr testing, bør involverast i behandlingsforløpet for hepatitt C, i samarbeid med spesialisthelsetenesta. Det er behov for ulike test- og behandlingsmodellar tilpassa dei ulike tenestene og retta mot ulike målgrupper, men alle føreset godt samarbeid mellom dei involverte partane. Blant personar som injiserer rusmiddel, har kvinner behov for spesifikke tiltak for å bli nådde med testing, behandling og oppfølging65.

Helseføretaka bør vurdere moglegheitene for å inngå avtalar med primærhelsetenesta og aktuelle lågterskeltiltak for rekvirering av behandling på h-resept og oppfølging av pasientar som er diagnostiserte med hepatitt C. Helseføretaka bør også etablere eigne ordningar i samarbeid med kommunetilbodet om helse- og omsorgstenester til innsette i fengsel.

4.3.4 Andre tiltak for å sikre adekvat oppfølging

Andre tiltak for å sikre adekvat oppfølging etter HBV- eller HCV-diagnose kan inkludere bruk av helsepersonell, familiemedlemmer eller likepersonar frå same miljø som pasienten, som aktivt følgjer opp pasienten og hjelper til med å navigere i helsetenesta. Dette er særleg relevant for hepatitt B, som hovudsakleg har ei livslang oppfølging.

Pasientar med kjend HBV- eller HCV-diagnose kan miste kontakt med helsetenesta og falle ut av sjukdomsoppfølging. Dette er godt beskrive for pasientar med hepatitt B: Jo lengre tid det er gått sidan siste konsultasjon, dess vanskelegare kan det vere å få desse pasientane til å ta opp att oppfølginga66. Pasientar som ikkje kjem til avtalt time, bør aktivt følgjast opp av behandlande avdeling/poliklinikk. Det er mogleg å finne pasientar som ikkje er følgde opp over lengre tid ved ein gjennomgang av pasientjournalen, men det er ei ressurskrevjande oppgåve. I Meld. St. 5 (2024–2025) slo regjeringa fast at det vil bli vurdert nærmare korleis pasientar med tidlegare diagnostisert og ubehandla hepatitt C kan kontaktast og få tilbod om behandling. Det er viktig at Helsedirektoratet minner om at helsepersonell i både primærhelsetenesta og spesialisthelsetenesta som kjem i kontakt med personar med ubehandla hepatitt C, kan vise vidare til eller tilby behandling til desse pasientane, også fleire år etter at diagnosen blei stilt. Nokre land har brukt kopla nasjonale registerdata for å ta kontakt med pasientar med ubehandla HCV-infeksjon67, 68. Helse- og omsorgsdepartementet skal i samråd med Helsedirektoratet vurdere om registerkoplingar og eventuelt andre løysingar kan gjennomførast for dette formålet i Noreg, inkludert aktuelle datakjelder, koplingsmetodar, juridiske konsekvensar og administrative og økonomiske konsekvensar.

4.3.5 Oppfølging av pasientar med risiko for leverkreft

Pasientar som har utvikla cirrhose, kan utvikle leverkreft – også ved supprimert HBV-infeksjon eller etter vellykka behandling av HCV-infeksjon. Dei bør følgjast med halvtårsintervall for undersøking for leverkreft og handtering av eventuell leversvikt. Helsedirektoratet har publisert nasjonale faglege retningslinjer for overvaking av pasientar med risiko for leverkreft69. Den livslange oppfølginga kan vere ei stor utfordring for pasientane, fordi spesialisthelsetenesta kan vere vanskeleg å nå for enkelte. For pasientar som kan streve med å komme seg til avtalar på sjukehus, bør ein tilby desentraliserte modellar og lågterskelmodellar for oppfølging.

4.3.6 Grundig smittesporing ved nye påviste infeksjonar

Smittevernlova § 3-6 krev at det blir gjennomført smittesporing dersom det er gjennomførbart og omsynet til smittevernet krev det. Smittesporing førebyggjer smitte og kan identifisere fleire smitta personar. Vaksinasjon av nærkontaktar mot hepatitt B kan vere aktuelt. Samtidig diagnostisering og behandling av smittekontaktar minimerer risikoen for hepatitt C-reinfeksjon. Ved nye påviste infeksjonar bør ein gjennomføre smittesporing så snart og så grundig som mogleg70, 71.

Personar som testar negativt, men med nyleg eksponering, bør testast på nytt etter tre og seks månader72. For hepatitt B gjeld dette personar som ikkje er immune frå tidlegare infeksjon eller vaksinasjon.

4.4 Førebygging av mor–barn-smitte

  • Alle gravide får tilbod om test for hepatitt B ved første konsultasjon. Gravide som er i ei risikogruppe, blir i tillegg testa for hepatitt C.
  • Alle barn som er fødde av ei hepatitt B- eller C-positiv mor, får rett oppfølging.

For hepatitt B er risikoen for smitte frå mor til barn under svangerskap eller fødsel avhengig av hepatitt B-virusmengda til mor. Utan førebyggjande tiltak, som behandling av mor og neonatal profylakse, vil 90 prosent av barn som er fødde av mødrer med høg virusmengd, bli smitta perinatalt. Dei vil ha svært høg risiko for å utvikle kronisk HBV-infeksjon. For hepatitt C er risikoen for perinatal smitte lågare, og det finst ikkje tiltak som kan førebyggje smitte, men smitta nyfødde kan behandlast frå fylte tre år73.

4.4.1 Hepatitt B

Noreg har gode føresetnader for å eliminere mor–barn-smitte med hepatitt B. Sidan juni 2018 har den nasjonale faglege retningslinja for svangerskapsomsorga sagt at alle gravide bør få tilbod om test for hepatitt B under svangerskapet74. Posteksponeringsprofylakse til barn som er fødde av hepatitt B-positive mødrer, har vore tilgjengeleg sidan 1980-åra. Data frå barnevaksinasjonsprogrammet viser at vaksinasjonsdekning hos desse nyfødde er for låg, og det skjer framleis perinatal smitte av hepatitt B i Noreg på grunn av mangelfull posteksponeringsprofylakse. Det er behov for auka innsats for å sikre at alle gravide blir testa for hepatitt B (HBsAg), at gravide som testar positivt, får den tilrådde oppfølginga i svangerskapet, og at alle barn som er fødde av ei HBsAg-positiv mor, får rett peri- og postnatal posteksponeringsprofylakse, som blir starta innan 24 timar etter fødselen75.

4.4.2 Hepatitt C

For hepatitt C finst det ikkje tiltak som kan førebyggje mor–barn-smitte, men smitta nyfødde kan behandlast ved fylte tre år. Testing for hepatitt C er berre tilrådd for gravide som høyrer til ei risikogruppe76, 77. Det bør vere stor merksemd rundt at gravide som er i ei risikogruppe, får tilbod om test, og det bør sikrast oppfølging av alle barn som er fødde av HCV RNA-positive mødrer etter gjeldande faglege retningslinjer78.

4.5 Høg vaksinasjonsdekning for hepatitt B i tilrådde grupper

  • Tilby hepatitt B-vaksine til tilrådde grupper.

Hepatitt B-vaksinen blei innført i barnevaksinasjonsprogrammet for alle barn som er fødde frå og med november 2016, og dekninga er høg79. I barnevaksinasjonsprogrammet er hepatitt B inkludert i ein sekskomponent-vaksine som også vernar mot difteri, stivkrampe, kikhoste, polio og haemophilus influenzae type b og blir gitt ved tre, fem og tolv månaders alder.

Hepatitt B-vaksine er også tilrådd til grupper med høgare risiko for smitte. Kommunen og arbeidsgivarar bør sørgje for at alle i grupper som er tilrådde vaksinasjon, får tilbod om det80.

4.6 Skadereduserande tiltak i miljø med injiserande rusmiddelbruk

  • Auke utdeling av brukarutstyr for inntak av rusmiddel.
  • Auke talet på pasientar i substitusjonsbehandling for rusmiddelavhengige.
  • Tilpasse tiltak etter skiftande trendar av rusmiddelbruk.

Skadereduserande tiltak i miljø med injiserande rusmiddelbruk er viktig for å førebyggje blodborne infeksjonar. Det er behov for å sikre tilstrekkelege skadereduserande tiltak i heile landet. Tiltak retta mot personar som injiserer rusmiddel, bør setjast i verk i samarbeid med brukarane og organisasjonane deira. Kunnskap om seksuell helse må løftast fram alle stader som arbeider med personar som bruker rusmiddel. Bruk av rusmiddel i samband med sex (til dømes såkalla chemsex) er omtalt i kapitel 4.7.

4.6.1 Auke utdeling av brukarutstyr for inntak av rusmiddel

Kommunane bør sørgje for enkel tilgang til brukarutstyr for inntak av rusmiddel for å redusere faren for smitte81. Europeiske retningslinjer tilrår eit breitt sortiment av utstyr for inntak av rusmiddel, inkludert steril sprøyte og kanyle, kokekar, filter, sterilt vatn, askorbinsyre, alkotørk, røykjefolie og utstyr som sikrar forsvarleg kast av brukt utstyr, slik som kanyleboksar82. Sprøyter med lågt dødvolum kan minske risikoen for blodsmitte, dersom sprøyta likevel skulle bli delt med andre83.

Ein bør tilby opplæring i skadeførebyggjande teknikkar for injisering. Helsedirektoratet tilrår også at kommunane set i gang lokale tiltak for å hjelpe brukarane med å endre inntaket av rusmiddel til mindre skadelege inntaksmåtar (slik som røyking av heroin som alternativ til injisering). Dette kan minimere smitterisikoen og føre til færre helseskadar og dødsfall. Det er også risiko for smitteoverføring knytt til deling av brukarutstyr for inhalering, slik som snifferøyr og glaspiper.

4.6.2 Auke talet på pasientar i substitusjonsbehandling for rusmiddelavhengige

LAR er eit viktig tiltak for å minske risikoen for blodsmitte blant personar som er avhengige av opioid ved at bruken av illegalt erverva opioid og injisering blir redusert. LAR er estimert til å gi eit tilbod til mellom 70 og 80 prosent av målgruppa for LAR i Noreg84. Dette er over det globale målet på 40 prosent, men under nivået som er rapportert av nokre andre europeiske land85. Fleire pasientar i LAR vil, i tillegg til å bidra til å førebyggje hepatitt B- og C-smitte, også gi høve til testing og behandling av ei viktig risikogruppe ved pasientnær testing. Det skjer utprøvande substitusjonsbehandling i Noreg både for pasientar som er avhengige av sentralstimulerande middel, og for pasientar som er avhengige av benzodiazepin86, 87.

4.6.3 Tilpasse tiltak etter skiftande trendar av rusmiddelbruk

Endringar i rusmiddelbruk kan auke smittefaren. Til dømes vil auka bruk av sentralstimulerande middel kunne auke risikoen for blodsmitte og seksuell smitte, både via endringar i injeksjonshyppigheit og i samband med sex. Dei seinare åra har fleire land rapport om utbrot av hiv blant personar som injiserer sentralstimulerande middel88, 89, og i helseundersøkinga i Oslo i 2021 var injisering av amfetamin assosiert med høgare prevalens av HCV RNA90. Tiltak må evaluerast og tilpassast etter slike endringar.

4.7 Førebygging av seksuell smitte

  • Informere om og forsterke tiltak som førebyggjer seksuell smitte, som kondombruk ved sex med tilfeldig partnar, test og vaksinasjon.
  • Forsterke informasjonsarbeidet om smitterisiko ved bruk av rusmiddel i samband med sex, inkludert i rusbehandling og i smittevernarbeidet.
  • Sjå seksuell helse, rusmiddelbruk og psykisk helse i samanheng.

Det er generelt lite seksuell smitte av hepatitt B og C i Noreg, men nokre grupper er meir utsette, til dømes msm, transpersonar, personar som sel eller byter seksuelle tenester, og personar som har hatt sex utan kondom i land med høg smitterisiko91, 92. Førebyggjande tiltak mot seksuell smitte, som kondombruk ved sex med tilfeldig partnar og vaksinasjon mot hepatitt B, er skildra i strategien for seksuell helse93.

4.7.1 Bruk av rusmiddel i samband med sex

Personar som bruker rusmiddel i samband med sex, har auka risiko for smitte med blodinfeksjonar og seksuelt overførbare infeksjonar, inkludert hepatitt B og C. Det gjeld særleg personar som injiserer rusmiddel i samband med sex (slamming), men det er smitterisiko også blant dei som ikkje injiserer.

Miljø der rusmiddel blir brukte i samband med sex, bør få informasjon om korleis ein kan redusere risiko for blodsmitte og seksuell smitte. Det er viktig å leggje til rette for og motivere til jamleg testing (helst kvar tredje månad på grunn av høgrisiko for smitte ved både rusmiddelbruk og sex) og vaksinasjon, og dessutan å bidra til smittesporing. Informasjonsarbeidet bør reflektere at rusmiddelbruk ikkje er avgrensa til bestemte grupper, men også går føre seg i den generelle befolkninga. Det er også viktig å sjå seksuell helse, rusmiddelbruk og psykisk helse i samanheng.

Frykt og oppleving av å bli møtt med stigma og manglande kunnskap om seksuell helse kan vere ein barriere som gjer at personar som bruker rusmiddel i samband med sex, ikkje tek kontakt med rusbehandling og resten av helsetenesta. Kunnskap om bruk av rusmiddel i samband med sex og korleis ein skal handtere dette, må styrkjast innanfor rusbehandling og smittevernarbeid.

4.8 Sikre blodprodukt og rett oppfølging etter stikkskade

  • Testing av alle blodgivarar for hepatitt B og C.
  • Alle som blir eksponerte for, eller står i fare for å bli eksponerte for, hepatitt B eller C, får rett oppfølging.
  • Tilbod om hepatitt B-vaksine til alle som blir utsette for smittefare under utøvinga av yrket sitt eller under utdanning.

Sikre blodprodukt er viktige for å førebyggje HBV- og HCV-smitte. I Noreg har det lenge vore krav om serologisk undersøking for hepatitt B og C av alle blodgivarar ved kvar tapping94.

Førebygging og rett oppfølging av stikkskade og anna blodeksponering, både i og utanfor helsetenesta, er viktig. Etablerte rutinar for å førebyggje stikkskade bør følgjast i helsetenesta. Bruk av kanylar og operasjonsutstyr med vernemekanismar i helsetenesta kan førebyggje smitte95. Alle som blir eksponerte, eller som er i fare for eksponering, for hepatitt B eller C bør få rett oppfølging i samsvar med nasjonale tilrådingar96.

Alle som blir utsette for smittefare under utøvinga av yrket sitt eller under utdanning, bør få tilbod om hepatitt B-vaksine97.

4.9 Overvaking av omfanget av hepatitt B og C i befolkninga og i risikogrupper

  • Lage eit heilskapleg system som gir nødvendige data over sjukdomsbyrda, innsatsen til helsetenesta og smitteårsaker.

Eit godt system for overvaking av hepatitt B og C er nødvendig for å skaffe ei kontinuerleg oversikt over trendar og utviklingstrekk, velje smittevernstrategi og -tiltak, evaluere tiltak og danne grunnlag for forsking. Utbrot bør oppdagast tidleg slik at rette tiltak kan setjast i gang på eit tidleg tidspunkt. Noreg har gode føresetnader for å opprette eit slikt system, og datagrunnlaget har blitt mykje betre98. Det står likevel att å tette viktige hòl i datagrunnlaget – til dømes er omfanget av udiagnostisert kronisk hepatitt B blant innvandrarar og testaktivitet i nokre risikogrupper ukjent.

Folkehelseinstituttet har hovudansvaret for å overvake hepatitt B og C i Noreg og skal følgje med på utviklinga, jobbe for å forbetre datagrunnlaget og informere om framsteg i retning strategimåla. Arbeidet ved Folkehelseinstituttet med å lage eit heilskapleg og digitalisert overvakingssystem for alle infeksjonssjukdommar kan bidra til dette gjennom mellom anna raskare registerkoplingar99.

Dessutan er undersøkingar om infeksjonsprevalens, insidens av nysmitte, årsaker til smitte og dekning av førebyggjande tiltak heilt nødvendig for å informere om utviklinga. Ein bør vurdere å gjenta tidlegare gjennomførte studiar i Noreg100, 101, 102, 103, 104. Slike undersøkingar bør også gjennomførast i risikogrupper eller geografiske område der vi manglar data, og jamleg i grupper med aktiv risikoåtferd. Det er også behov for betre data om oppfølginga av diagnostiserte pasientar, til dømes behandlingsindikasjon (for hepatitt B) og om behandlinga var vellykka. I tillegg er det behov for å bedre forstå faktorer som påverkar testaktivitet og vidare oppfølging, inkludert opplevingar av stigma og diskriminering, og ytterlegare forsking for å utarbeide tiltak som kan auke testaktivitet, redusere sjukdomsbyrde og førebyggje smitte i miljø med risikoåtferd.

Fotnotar

24 Verdshelseorganisasjonen. Guidelines for the prevention, diagnosis, care and treatment for people with chronic hepatitis B infection. 2024. Tilgjengeleg frå https://www.who.int/publications/i/item/9789240090903. Lesen 19. mars. 2026.
25 Verdshelseorganisasjonen. Updated recommendations on treatment of adolescents and children with chronic HCV infection, and HCV simplified service delivery and diagnostics. 2022. Tilgjengeleg frå https://www.who.int/publications/i/item/9789240052734. Lesen 19. mars. 2026.
26 Verdshelseorganisasjonen. Consolidated guidelines on HIV, viral hepatitis and STI prevention, diagnosis, treatment and care for key populations. 2022. Tilgjengeleg frå https://www.who.int/publications/i/item/9789240052390. Lesen 19. mars. 2026.
27 Verdshelseorganisasjonen. Guidelines for the prevention, diagnosis, care and treatment for people with chronic hepatitis B infection. 2024. Tilgjengeleg frå https://www.who.int/publications/i/item/9789240090903. Lesen 19. mars. 2026.
28 Folkehelseinstituttet. Hepatitt B – håndbok for helsepersonell. 2024. Tilgjengeleg frå https://www.fhi.no/sm/smittevernveilederen/sykdommer-a-a/hepatitt-b---veileder-for-helsepers/?term=. Lesen 19. mars. 2026.
29 Folkehelseinstituttet. Hepatitt C – håndbok for helsepersonell. 2024. Tilgjengeleg frå https://www.fhi.no/sm/smittevernveilederen/sykdommer-a-a/hepatitt-c---veileder-for-helsepers/?term=. Lesen 19. mars. 2026.
30 Verdshelseorganisasjonen. Guidelines for the prevention, diagnosis, care and treatment for people with chronic hepatitis B infection. 2024. Tilgjengeleg frå https://www.who.int/publications/i/item/9789240090903. Lesen 19. mars. 2026.
31 Verdshelseorganisasjonen. Updated recommendations on treatment of adolescents and children with chronic HCV infection, and HCV simplified service delivery and diagnostics. 2022. Tilgjengeleg frå https://www.who.int/publications/i/item/9789240052734. Lesen 19. mars. 2026.
32 Folkehelseinstituttet. Hepatitt B – håndbok for helsepersonell. 2024. Tilgjengeleg frå https://www.fhi.no/sm/smittevernveilederen/sykdommer-a-a/hepatitt-b---veileder-for-helsepers/?term=. Lesen 19. mars. 2026.
33 Folkehelseinstituttet. Hepatitt C – håndbok for helsepersonell. 2024. Tilgjengeleg frå https://www.fhi.no/sm/smittevernveilederen/sykdommer-a-a/hepatitt-c---veileder-for-helsepers/?term=. Lesen 19. mars. 2026.
34 Midgard, H., Malme, K.B., Pihl, C.M., Berg-Pedersen, R.M., Tanum, L., Klundby, I. et al. Opportunistic treatment of hepatitis C infection among hospitalized people who inject drugs (OPPORTUNI-C): A stepped wedge cluster randomized trial. Clin Infect Dis. 2023.
35 Folkehelseinstituttet. Hepatitt B – håndbok for helsepersonell. 2024. Tilgjengeleg frå https://www.fhi.no/sm/smittevernveilederen/sykdommer-a-a/hepatitt-b---veileder-for-helsepers/?term=. Lesen 19. mars. 2026.
36 Folkehelseinstituttet. Hepatitt C – håndbok for helsepersonell. 2024. Tilgjengeleg frå https://www.fhi.no/sm/smittevernveilederen/sykdommer-a-a/hepatitt-c---veileder-for-helsepers/?term=. Lesen 19. mars. 2026.
37 Folkehelseinstituttet. Anbefaling om testing av innvandrere for hiv, hepatitt B, hepatitt C og syfilis. 2024. Tilgjengeleg frå https://www.fhi.no/ss/blod-seksuelt-overforbare-infeksjoner/anbefaling-om-testing-av-innvandrere-for-hiv-hepatitt-b-hepatitt-c-og-syfilis/. Lesen 19. mars. 2026.
38 Helsedirektoratet. Helsetjenester til asylsøkere, flyktninger og familiegjenforente. 2024. Tilgjengeleg frå https://www.helsedirektoratet.no/veiledere/helsetjenester-til-asylsokere-flyktninger-og-familiegjenforente. Lesen 19. mars. 2026.
39 Helsedirektoratet. Nasjonalt pasientforløp for somatisk helse og levevaner ved psykiske lidelser og/eller rusmiddelproblemer. 2022. Tilgjengeleg frå https://www.helsedirektoratet.no/nasjonale-forlop/somatisk-helse-og-levevaner-ved-psykiske-lidelser-og-eller-rusmiddelproblemer. Lesen 19. mars. 2026.
40 The European Centre for Disease Prevention and Control. Public health guidance on HIV, hepatitis B and C testing in the EU/EEA: An integrated approach. 2018. Tilgjengeleg frå https://www.ecdc.europa.eu/sites/default/files/documents/hiv-hep-testing-guidance_0.pdf. Lesen 19. mars. 2026.
41 Den norske legeforeningen. Faglige retningslinjer for oppfølging og behandling av hiv i Norge. Tilgjengeleg frå https://hivfag.no/. Lesen 19. mars. 2026.
42 Helsedirektoratet. Veileder for kommunale helse- og omsorgstjenester til innsatte i fengsel. 2013. Tilgjengeleg frå https://www.helsedirektoratet.no/tema/fengselshelsetjenester. Lesen 19. mars. 2026.
43 Trickey, A., Fajardo, E., Alemu, D., Artenie, A.A., Easterbrook, P. Impact of hepatitis C virus point-of-care RNA viral load testing compared with laboratory-based testing on uptake of RNA testing and treatment, and turnaround times: a systematic review and meta-analysis. Lancet Gastroenterol Hepatol. 2023;8(3):253–70.
44 Fransiskushjelpen. Sykepleie på hjul. 2024. Tilgjengeleg frå https://fransiskushjelpen.no/hvem-er-vi/sykepleie-paa-hjul. Lesen 19. mars. 2026.
45 Midgard, H., Bjørnestad, R., Egeland, M., Dahl, E., Finbråten, A.K., Kielland, K.B. et al. Peer support in small towns: A decentralized mobile Hepatitis C virus clinic for people who inject drugs. Liver Int. 2022;42(6):1268–77.
46 Helseutvalget. Hepatitt C. 2016. Tilgjengeleg frå: https://www.helseutvalget.no/kunnskap/hepatitt-c. Lesen 19. mars. 2026.
47 Sundhetsstyrelsen. National Strategi for Hepatitis C. 2023. Tilgjengeleg frå https://www.sst.dk/da/udgivelser/2023/National-Strategi-for-Hepatitis-C-2023. Lesen 19. mars. 2026.
48 The European Centre for Disease Prevention and Control. Public health guidance on HIV, hepatitis B and C testing in the EU/EEA: An integrated approach. 2018. Tilgjengeleg frå https://www.ecdc.europa.eu/sites/default/files/documents/hiv-hep-testing-guidance_0.pdf. Lesen 19. mars. 2026.
49 Den norske legeforeningen. Faglig veileder for utredning og behandling av hepatitt B. 2022. Tilgjengeleg frå https://www.hepatittfag.no/pdf-hbv. Lesen 19. mars. 2026.
50 Den norske legeforeningen. Faglig veileder for utredning og behandling av hepatitt C. 2022. Tilgjengeleg frå https://hepatittfag.no/pdf-hcv. Lesen 19. mars. 2026.
51 Den norske legeforeningen. Faglig veileder for utredning og behandling av hepatitt B. 2022. Tilgjengeleg frå https://www.hepatittfag.no/pdf-hbv. Lesen 19. mars. 2026.
52 Salamanca, B.V., Johannessen, A., Dalgard, O., Whittaker, R. Linkage to Care, Retention in Care and Treatment Uptake Among Patients Diagnosed With Chronic Hepatitis B in Norway, 2008-2022. J Viral Hepat. 2025;32(10):e70089.
53 Verdshelseorganisasjonen. Guidelines for the prevention, diagnosis, care and treatment for people with chronic hepatitis B infection. 2024. Tilgjengeleg frå https://www.who.int/publications/i/item/9789240090903. Lesen 19. mars. 2026.
54 Folkehelseinstituttet. Hepatitt B – håndbok for helsepersonell. 2024. Tilgjengeleg frå https://www.fhi.no/sm/smittevernveilederen/sykdommer-a-a/hepatitt-b---veileder-for-helsepers/?term=. Lesen 19. mars. 2026.
55 Den norske legeforeningen. Faglig veileder for utredning og behandling av hepatitt B. 2022. Tilgjengeleg frå https://www.hepatittfag.no/pdf-hbv. Lesen 19. mars. 2026.
56 Den norske legeforeningen. Faglig veileder for utredning og behandling av hepatitt C. 2022. Tilgjengeleg frå https://hepatittfag.no/pdf-hcv. Lesen 19. mars. 2026.
57 Midgard, H., Malme, K.B., Pihl, C.M., Berg-Pedersen, R.M., Tanum, L., Klundby, I. et al. Opportunistic treatment of hepatitis C infection among hospitalized people who inject drugs (OPPORTUNI-C): A stepped wedge cluster randomized trial. Clin Infect Dis. 2023.
58 Fadnes, L.T., Aas, C.F., Vold, J.H., Leiva, R.A., Ohldieck, C., Chalabianloo, F. et al. Integrated treatment of hepatitis C virus infection among people who inject drugs: A multicenter randomized controlled trial (INTRO-HCV). PLoS Med. 2021;18(6):e1003653.
59 Oru, E., Trickey, A., Shirali, R., Kanters, S., Easterbrook, P. Decentralisation, integration, and task-shifting in hepatitis C virus infection testing and treatment: a global systematic review and meta-analysis. Lancet Glob Health. 2021;9(4):e431–e45.
60 Nordlandssykehuset. Hepatitt C (HCV) infeksjon. 2024. Tilgjengeleg frå https://www.nordlandssykehuset.no/forskning-og-innovasjon/fastlegenytt/hepatitt-c-hcv-infeksjon. Lesen 19. mars. 2026.
61 Fransiskushjelpen. Sykepleie på hjul. 2024. Tilgjengeleg frå https://fransiskushjelpen.no/hvem-er-vi/sykepleie-paa-hjul. Lesen 19. mars. 2026.
62 Midgard, H., Bjørnestad, R., Egeland, M., Dahl, E., Finbråten, A.K., Kielland, K.B. et al. Peer support in small towns: A decentralized mobile Hepatitis C virus clinic for people who inject drugs. Liver Int. 2022;42(6):1268–77.
63 Fadnes, L.T., Aas, C.F., Vold, J.H., Leiva, R.A., Ohldieck, C., Chalabianloo, F. et al. Integrated treatment of hepatitis C virus infection among people who inject drugs: A multicenter randomized controlled trial (INTRO-HCV). PLoS Med. 2021;18(6):e1003653.
64 Oslo kommune. Hepatitt C-klinikken. Tilgjengeleg frå https://www.oslo.kommune.no/helse-og-omsorg/rusomsorg/behandling-og-tjenester/hepatitt-c-klinikken/#gref. Lesen 19. mars. 2026.
65 Malme, K.B., Ulstein, K., Finbråten, A.K., Wusthoff, L.E.C., Kielland, K.B., Hauge, J. et al. Hepatitis C treatment uptake among people who inject drugs in Oslo, Norway: A registry-based study. Int J Drug Policy. 2023;116:104044.
66 Verdshelseorganisasjonen. Guidelines for the prevention, diagnosis, care and treatment for people with chronic hepatitis B infection. 2024. Tilgjengeleg frå https://www.who.int/publications/i/item/9789240090903. Lesen 19. mars. 2026.
67 Drose S, Hansen JF, Roge BT, Ovrehus ALH, Christensen PB. Retrieval of patients with hepatitis C who were lost to follow-up in Southern Denmark. Infect Dis (Lond). 2023;55(5):361–9.
68 Isfordink, C.J., van Dijk, M., Brakenhoff, S.M., Kracht, P.A.M., Arends, J.E., de Knegt, R.J. et al. Hepatitis C Elimination in the Netherlands (CELINE): How nationwide retrieval of lost to follow-up hepatitis C patients contributes to micro-elimination. Eur J Intern Med. 2022;101:93–7.
69 Helsedirektoratet. Levercellekreft (hepatocellulært karsinom (HCC)) – handlingsprogram: Overvåking av pasienter med risiko for HCC. 2024. Tilgjengeleg frå https://www.helsedirektoratet.no/retningslinjer/levercellekreft-hepatocellulaert-karsinom-hcc--handlingsprogram/overvaking-av-pasienter-med-risiko-for-hcc. Lesen 19. mars. 2026.
70 Folkehelseinstituttet. Hepatitt B – håndbok for helsepersonell. 2024. Tilgjengeleg frå https://www.fhi.no/sm/smittevernveilederen/sykdommer-a-a/hepatitt-b---veileder-for-helsepers/?term=. Lesen 19. mars. 2026.
71 Folkehelseinstituttet. Hepatitt C – håndbok for helsepersonell. 2024. Tilgjengeleg frå https://www.fhi.no/sm/smittevernveilederen/sykdommer-a-a/hepatitt-c---veileder-for-helsepers/?term=. Lesen 19. mars. 2026.
72 Folkehelseinstituttet. Stikkuhell på sprøyter og andre blodeksponeringer – håndbok for helsepersonell. 2024. Tilgjengeleg frå https://www.fhi.no/sm/smittevernhandboka/temakapitler/stikkuhell/. Lesen 19. mars. 2026.
73 Den norske legeforeningen. Faglig veileder for utredning og behandling av hepatitt C. 2022. Tilgjengeleg frå https://hepatittfag.no/pdf-hcv. Lesen 19. mars. 2026.
74 Helsedirektoratet. Nasjonale faglige retningslinjer: Svangerskapsomsorgen. 2024. Tilgjengeleg frå https://www.helsedirektoratet.no/retningslinjer/svangerskapsomsorgen. Lesen 19. mars. 2026.
75 Den norske legeforeningen. Faglig veileder for utredning og behandling av hepatitt B. 2022. Tilgjengeleg frå https://www.hepatittfag.no/pdf-hbv. Lesen 19. mars. 2026.
76 Folkehelseinstituttet. Hepatitt C – håndbok for helsepersonell. 2024. Tilgjengeleg frå https://www.fhi.no/sm/smittevernveilederen/sykdommer-a-a/hepatitt-c---veileder-for-helsepers/?term=. Lesen 19. mars. 2026.
77 Den norske legeforeningen. Faglig veileder for utredning og behandling av hepatitt C. 2022. Tilgjengeleg frå https://hepatittfag.no/pdf-hcv. Lesen 19. mars. 2026.
78 Den norske legeforeningen. Faglig veileder for utredning og behandling av hepatitt C. 2022. Tilgjengeleg frå https://hepatittfag.no/pdf-hcv. Lesen 19. mars. 2026.
79 Folkehelseinstituttet. Vaksiner til barn. 2024. Tilgjengeleg frå https://www.fhi.no/va/barnevaksinasjonsprogrammet/. Lesen 19. mars. 2026.
80 Folkehelseinstituttet. Hepatitt B-vaksine og hepatitt B-immunglobulin – veileder for helsepersonell. 2025. Tilgjengeleg frå https://www.fhi.no/va/vaksinasjonshandboka/vaksiner-mot-de-enkelte-sykdommene/hepatitt-b-vaksinasjon-og-immunglobulin/?term=. Lesen 19. mars. 2026.
81 Helsedirektoratet. Nasjonale faglege råd: Overdoseforebyggende arbeid i kommunen. 2025. Tilgjengeleg frå https://www.helsedirektoratet.no/faglige-rad/overdoseforebyggende-arbeid-i-kommunen. Lesen 19. mars. 2026.
82 European Union Drugs Agency. Prevention and control of infectious diseases among people who inject drugs — 2023 update. 2023. Tilgjengeleg frå https://www.euda.europa.eu/publications/joint-publications/prevention-and-control-infectious-diseases-among-people-who-inject-drugs-2023-update_en. Lesen 19. mars. 2026.
83 Trickey, A., Croxford, S., Emanuel, E., Ijaz, S., Hickman, M., Kesten, J. et al. The Effectiveness of Low Dead Space Syringes for Reducing the Risk of Hepatitis C Virus Acquisition Among People Who Inject Drugs: Findings From a National Survey in England, Wales, and Northern Ireland. Clin Infect Dis. 2022;75(6):1073-7.
84 Senter for rus- og avhengighetsforskning. SERAF rapport nr 5/2025 – Statusrapport 2024. 2025. Tilgjengeleg frå https://www.med.uio.no/klinmed/forskning/sentre/seraf/publikasjoner/rapporter/2025/seraf-rapport-nr-5-2025-statusrapport-2024.html. Lesen 19. mars. 2026.
85 European Union Drugs Agency. Viral hepatitis elimination barometer among people who inject drugs in Europe. 2024. Tilgjengeleg frå https://www.emcdda.europa.eu/publications/data-factsheet/viral-hepatitis-elimination-barometer-among-people-who-inject-drugs-in-europe_en. Lesen 19. mars. 2026.
87 Oslo universitetssykehus. HAB – Evaluation of heroin-assisted treatment. 2021. Tilgjengeleg frå https://www.med.uio.no/klinmed/english/research/projects/hab-evaluation-heroin-assisted-treatment/. Lesen 19. mars. 2026.
88 European Union Drugs Agency. Drug-related infectious diseases – the current situation in Europe (European Drug Report 2023). 2023. Tilgjengeleg frå https://www.euda.europa.eu/publications/european-drug-report/2023/drug-related-infectious-diseases_en. Lesen 19. mars. 2026.
89 UK Health Security Agency. Unlinked Anonymous Monitoring (UAM) survey of HIV and viral hepatitis among people who inject drugs (PWID): 2023 report. 2024. Tilgjengeleg frå https://www.gov.uk/government/publications/people-who-inject-drugs-hiv-and-viral-hepatitis-monitoring/unlinked-anonymous-monitoring-uam-survey-of-hiv-and-viral-hepatitis-among-people-who-inject-drugs-pwid-2023-report. Lesen 19. mars. 2026.
90 Opheim, E., Dalgard, O., Ulstein, K., Sorli, H., Backe, O., Foshaug, T. et al. Towards elimination of hepatitis C in Oslo: Cross-sectional prevalence studies among people who inject drugs. Int J Drug Policy. 2023;123:104279.
91 Folkehelseinstituttet. Hepatitt B – håndbok for helsepersonell. 2024. Tilgjengeleg frå https://www.fhi.no/sm/smittevernveilederen/sykdommer-a-a/hepatitt-b---veileder-for-helsepers/?term=. Lesen 19. mars. 2026.
92 Folkehelseinstituttet. Hepatitt C – håndbok for helsepersonell. 2024. Tilgjengeleg frå https://www.fhi.no/sm/smittevernveilederen/sykdommer-a-a/hepatitt-c---veileder-for-helsepers/?term=. Lesen 19. mars. 2026.
93 Helse- og omsorgsdepartementet. God seksuell helse – vårt felles ansvar: Strategi for seksuell helse. 2025. Tilgjengeleg frå https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/god-seksuell-helse-vart-felles-ansvar.-strategi-for-seksuell-helse/id3115832/. Lesen 19. mars. 2026.
94 Helsedirektoratet. Blodgivning. 2024. Tilgjengeleg frå https://www.helsedirektoratet.no/tema/blodgivning-og-transfusjonsmedisin. Lesen 19. mars. 2026.
95 Folkehelseinstituttet. Beskyttelse mot stikkskader. 2024. Tilgjengeleg frå https://www.fhi.no/nettpub/nasjonal-veileder-for-basale-smittevernrutiner/alle-kapitler/beskyttelse-mot-stikkskader/?term=&h=1. Lesen 19. mars. 2026.
96 Folkehelseinstituttet. Stikkuhell på sprøyter og andre blodeksponeringer – håndbok for helsepersonell. 2024. Tilgjengeleg frå https://www.fhi.no/sm/smittevernhandboka/temakapitler/stikkuhell/. Lesen 19. mars. 2026.
97 Folkehelseinstituttet. Hepatitt B-vaksine og hepatitt B-immunglobulin – veileder for helsepersonell. 2025. Tilgjengeleg frå https://www.fhi.no/va/vaksinasjonshandboka/vaksiner-mot-de-enkelte-sykdommene/hepatitt-b-vaksinasjon-og-immunglobulin/?term=. Lesen 19. mars. 2026.
98 Helse- og omsorgsdepartementet. Nasjonal strategi mot hepatitter. 2018. Tilgjengeleg frå https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/nasjonal-strategi-mot-hepatitter/id2618584/. Lesen 19. mars. 2026.
99 Folkehelseinstituttet. NORSURV. Tilgjengeleg frå https://www.fhi.no/sm/overvaking/norsurv/. Lesen 19. mars. 2026.
100 Folkehelseinstituttet. Statusrapport om eliminasjon av hepatitt B og C som folkehelseproblem i Norge: Oppfølging av den nasjonale strategien mot virale hepatitter. 2023. Tilgjengeleg frå https://www.fhi.no/contentassets/f35ea65ab2694b408f0957fc4a9d695b/statusrapport_fhi_hdir_eliminasjon-hepatitt-b-og-c_norge_2023.pdf. Lesen 19. mars. 2026.
101 Senter for rus- og avhengighetsforskning. SERAF rapport nr 5/2025 – Statusrapport 2024. 2025. Tilgjengeleg frå https://www.med.uio.no/klinmed/forskning/sentre/seraf/publikasjoner/rapporter/2025/seraf-rapport-nr-5-2025-statusrapport-2024.html. Lesen 19. mars. 2026.
102 Opheim, E., Dalgard, O., Ulstein, K., Sorli, H., Backe, O., Foshaug, T. et al. Towards elimination of hepatitis C in Oslo: Cross-sectional prevalence studies among people who inject drugs. Int J Drug Policy. 2023;123:104279.
103 Folkehelseinstituttet. Europeisk menn som har sex med menn internettundersøkelse: Norske resultater. 2020. Tilgjengeleg frå https://www.fhi.no/en/publ/2020/The-European-men-who-have-sex-with-men-internet-survey-2017-Norwegian-results/. Lesen 19. mars. 2026.
104 Regionalt kompetansesenter for rusmiddelforskning i Helse Vest. Utdeling av utstyr for skadereduksjon ved rusmiddelbruk: Kommuneundersøkelse 2022. 2023. Tilgjengeleg frå https://www.helse-stavanger.no/4afc07/contentassets/c9ac1ec7584b429d952e8d643128e37d/brukerutstyrsundersokelse-2022.pdf. Lesen 19. mars. 2026.