Osterøy kommune - kommunedelplan for Hauge

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Miljøverndepartementet

Avgjørelse i innsigelsessak, 15. mai 2006

Osterøy kommune - motsegn til kommunedelplan for Hauge

Fylkesmannen i Hordaland sende 5. desember 2005 saka til Miljøverndepartementet for avgjerd etter plan- og bygningslova § 20‑5 femte ledd.

Bakgrunn for saka

Motsegna gjeld byggjeområde b3 i kommunedelplan for Hauge. Dette delområdet er på 7,5 dekar. Del av arealet er i dag slåttemark, og tidligare var det beite.

I kommuneplanen sin arealdel er området kvitt på kartet, og i kommuneplanen er det vist til arbeidet med kommunedelplanen. Reguleringsplan for Dalen gnr. 4 bnr. 111 vart vedteken 15. desember 2004 utan at fylkeslandbruksstyret fremma motsegn. Reguleringsplanen regulerer 7 tomter med opptil 15 bustader på dette arealet.

Fylkeslandbruksstyret i Hordaland vedtok 10. februar 2005 motsegn til byggjeområde b3 i kommunedelplanen. Motsegna er grunngjeve med at arealet ligg tett opp til landbruksareal som er i aktiv drift. I saksframlegget for fylkeslandbruksstyret var fylkesmannen si landbruksavdeling kritisk til byggjeområda b2 og b3. Avdelinga er uroa over den langsiktige utviklinga av Hauge-området, som ligg midt i kjerneområdet for landbruk i kommunen. Kommunen bør heller satse på bustadsvekst i tradisjonelle tettstader som Lonevåg, Valestrandfossen og Bruvik, ifølgje saksframlegget.

Hordaland fylkeskommune handsama kommunedelplanen i fylkesutvalet 21. september 2004. Kommunedelplanen er i store trekk i samsvar med regional politikk. Fylkesutvalet har merka seg at Hauge kan vere eit lokalsenter i denne delen av kommunen. Ifølgje fylkesutvalet sitt vedtak vil det vere viktig å vurdere nøye kva funksjonar ein legg til senteret slik at ein ikkje undergrev kommunen sin vedtekne senterstruktur spesielt i forhold til kommunesenteret.

Meklingsmøte vart halde 2. september 2005. Fylkeslandbruksstyret sin leiar meinte det er sannsynleg at auka aktivitet i området vil vere til skade for drifta av tilgrensande jordbruksland. Etter fylkeslandbruksstyret si oppfatning bør det generelt bør vera ei "buffersone" mellom bustader og jordbruksland.

Saka vart lagt fram for fylkeslandbruksstyret på ny 16. september 2005. Fylkeslandbruksstyret vedtok å stå fast på motsegna.

Kommunestyret i Osterøy held 12. oktober 2005 ved lag formannskapet sitt vedtak om framlegg til kommunedelplan for Hauge og sende saka til Miljøverndepartementet for endelig avgjerd.

I et vedlagt juridisk notat viste kommunen til plan- og bygningslova og endringa som tredde i kraft 1. juli 2004. Kommunen fann at fylkeslandbruksstyret si motsegn er ein omkamp i strid med vilkår for motsegn og lova sine intensjonar. Kommunen viste mellom anna til at reguleringsplan for Dalen vart vedteken utan motsegn 15. desember 2004.

Ordføraren i Osterøy kommune har i telefon opplyse at kommunestyret ikkje har vedteke kommunedelplanen. Kommunestyret ønskjer Miljøverndepartementet sitt syn på motsegna før kommunestyret sluttbehandlar saka.

Fylkesmannen i Hordaland viste i oversendingsbrevet til regelverket om tidsfristar for motsegn, jf. rundskriv T‑2/2003 frå Miljøverndepartementet. Plan- og bygningslova § 27‑1 nr. 2 andre ledd gjeld regulerings- og bebyggelsesplanar, og motsegna frå fylkeslandbruksstyret er difor ikkje omfatta av ordlyden i plan- og bygningslova.

Etter fylkesmannen sitt syn svekkar det motsegna at det allereie er godkjend ein reguleringsplan for området. Fylkesmannen tilrår at motsegna blir teke delvis til følgje ved at utnyttinga vert redusert i byggjeområdet.

Osterøy kommune sende 6 fotografi av planområdet til departementet 12. april 2006.

Landbruks- og matdepartementet uttalte seg til motsegna i brev 20. april 2006. Landbruks- og matdepartementet kan ikkje sjå at det er nasjonale interesser knytt til kommunedelplanen sitt delområde b3 og meiner det ikkje er naudsynt med synfaring. Landbruks- og matdepartementet anefaler at motsegna ikkje blir teke til følgje.

Miljøverndepartementet si vurdering

Ved motsegn til arealdelen i kommuneplanen eller kommunedelplan skal arealdelen etter at vedtak i kommunestyret er gjort, sendast departementet til godkjenning dersom kommunestyret ikkje har teke omsyn til motsegnene. Ved vedtak i departementet blir arealdelen bindande og får rettsverknad. Det medfører at planen kan kunngjerast når departementet sitt vedtak ligg føre. Vi viser til rundskriv T‑4/95 frå Miljøverndepartementet med retningsliner for bruk av motsegn i plansaker etter plan- og bygningslova.

Osterøy kommune har ikkje vedteke kommunedelplan for Hauge, men kommunestyret ønskjer Miljøverndepartementet sitt syn på motsegna før kommunestyret sluttbehandlar kommunedelplanen. Kommunen har ikkje handsama motsegna i tråd med rundskrivet.

Departementet godtek normalt ikkje ein slik framgangsmåte ved motsegn til kommuneplan. I denne saka finn departementet likevel at ein vil avklare motsegna no og sende kommunedelplanen tilbake til Osterøy kommunestyre for endeleg vedtak. Planen vert ikkje bindande og får ikkje rettsverknad før kommunestyret har vedteke planen.

Miljøverndepartementet legg til grunn at ein ikkje skal fremje motsegn til same forhold når tidligare avgjorte løysingar vart vidareført i kommuneplan, jf. rundskriv T‑2/2004 frå Miljøverndepartementet. Kommunedelplan for Hauge vidarefører kommunestyret sitt reguleringsvedtak i reguleringsplan for Dalen gnr. 4 bnr. 111. Denne reguleringsplanen vart vedteken 15. desember 2004 utan at fylkeslandbruksstyret fremma motsegn då.

Departementet har handsama motsegna frå fylkeslandbruksstyret.

Vern av den produktive jorda er ein viktig del av miljøvernpolitikken. Jordsmonnet er, saman med rein luft og reint vann, det viktigaste grunnlaget for biologisk produksjon og mangfald av artar. Regjeringa ventar streng praksis i kommunane når det gjeld jordvern og reduksjon i omdisponeringa av dyrka og dyrkbar jord. Dette har mellom anna kome til uttrykk i brev 21. februar 2006 frå Miljøverndepartementet og Landbruks- og matdepartementet til kommunane, fylkeskommunane, fylkeslandbruksstyra og fylkesmannen.

Området b3 er i dag slåttemark, og tidligare var det beite. Arealet er ikkje dyrka eller dyrkbar jord, og departementet ser ikkje nasjonale landbruksinteresser knytt til dette arealet.

Konklusjon

Departementet finn ikkje grunnlag for å ta motsegna frå Fylkeslandbruksstyret i Hordaland til følgje. Kommunedelplanen vert send tilbake til Osterøy kommunestyre som kan treffe endeleg vedtak i saka i tråd med dette.

Kommunen er orientert ved kopi av dette brevet.

Med helsing
Helen Bjørnøy

Kopi:
Osterøy kommune, 5282 LONEVÅG
Fylkeslandbruksstyret i Hordaland, Postboks 7310, 5020 BERGEN
Hordaland fylkeskommune, Postboks 7900, 5020 BERGEN