Ot.prp. nr. 105 (2002-2003)

Om lov om endringar i kommuneloven m.m. (interkommunalt samarbeid)

Til innhaldsliste

4 Merknader til dei einskilde føresegnene i lovforslaget

Endringa i kommunelova § 27 inneber at det vil vere høve til å etablere nye interkommunale samanslutningar som har ein slik grad av sjølvstende at dei må reknast som eigne juridiske personar, utan at det er nødvendig å organisere verksemdene som interkommunale selskap (IKS).

Endringa i lov om interkommunale selskaper § 40 inneber at det for eksisterande interkommunale samanslutningar som er etablerte etter kommunelova § 27, og som er eigne rettssubjekt, ikkje er nødvendig å organisere einingane som interkommunale selskap etter denne lova.