Ot.prp. nr. 12 (1996-97)

Om lov om endringar i lov 5. april 1963 nr. 9 om plantevernmiddel m.v. og i visse andre lover

Til innholdsfortegnelse

V

I lov 23. mars 1973 nr. 18 om tilsyn med fôrvarer (fôrvarelova) skal det gjerast følgjande endringar:

§ 1 første ledd skal lyde:

Kva lova gjeld.

Denne lova gjeld

a) tilverking

b) innførsle og

c) omsetning

av fôrvare (jfr. § 2) som vert utgjeven for å vera brukeleg til dyrefôr.

§ 6 nytt fjerde ledd skal lyde:

Departementet kan gje føresegner om internkontroll og internkontrollsystem for å sikre at føresegner gjevne i eller i medhald av denne lova blir følgde.