Ot.prp. nr. 12 (1996-97)

Om lov om endringar i lov 5. april 1963 nr. 9 om plantevernmiddel m.v. og i visse andre lover

Til innholdsfortegnelse

I

I lov 5. april 1963 nr. 9 om plantevernmiddel m.v. skal det gjerast følgjande endringar:

§ 10 nytt fjerde ledd skal lyde:

Departementet kan gje føresegner om internkontroll og internkontrollsystem for å sikre at føresegner gjevne i eller i medhald av denne lova blir følgde.

§ 14 skal lyde:

Kongen kan påleggje tilverkarar og importørar ei avgift på plantevernmiddel til dekkjing av utgifter med godkjenning og kontroll av plantevernmiddel og såvarer beisa med slike middel. Kongen kan og påleggja tilverkarar og importørar ei miljøavgift på plantevernmiddel. Likeins kan Kongen gje nærmare føresegner om innkrevjing av avgiftene og om at det skal svarast rente av avgift som ikkje er innbetalt i rett tid. Avgiftene er tvangsgrunnlag for utlegg.