Ot.prp. nr. 12 (1996-97)

Om lov om endringar i lov 5. april 1963 nr. 9 om plantevernmiddel m.v. og i visse andre lover

Til innholdsfortegnelse

2 tilsynet med innsatsvarene i landbruket

2.1 Generelt

Noreg har fem sentrale lover på området for innsatsvarer i landbruket. Lovene om såvarer, gjødsel, fôrvarer og plantevernmiddel regulerer mellom anna tilverking, innførsel, utførsel og omsetning av dei ulike innsatsvarene. Fôrvarelova gjeld også for fôrvarer til fisk. Når det gjeld tilsyn med fôrvarer til fisk og andre akvatiske organismar er ansvaret etter lova delegert til Fiskeridepartementet. I tillegg til å regulere tilverking, innførsel og utførsel regulerer plantevernmiddellova òg bruk av plantevernmiddel. Plantesjukdomslova gir heimel for tiltak for å motverke og hindre spreiing av plantesjukdommar og skadegjerarar. Med heimel i desse lovene er det gitt eit omfattande forskriftsverk. Som følgje av EØS-avtalen er det i 1994-95 fastsett nye forskrifter på områda såvarer, fôrvarer og gjødselvarer.

Statens landbrukstilsyn (Landbrukstilsynet) fører tilsyn med at føresegnene i lovene og forskriftene om innsatsvarer blir etterlevde. Dette skal sikre at kvaliteten på innsatsvarene er i samsvar med krav til nytteverknad, helse, miljø og tryggleik. Tilsynet er i hovudsak basert på faglege vurderingar som grunnlag for ulike typar godkjenning, etterkontroll i form av analysar og stikkprøvetaking. Ved import og eksport av plantemateriale blir det gjennomført kontroll av plantehelse. Når det gjeld fôrvarer til fisk er ansvaret for tilsynet delt mellom Landbrukstilsynet og Fiskeridirektoratet.

Tilsynet blir finansiert ved hjelp av kontrollavgifter og ulike gebyr, som Landbrukstilsynet krev inn mellom anna på grunnlag av verdi eller omsett varemengde i tonn.

2.2 Tilsyn etter såvarelova

Såvareforretningar skal ha statleg godkjenning etter såvarelova med forskrifter. Landbrukstilsynet er godkjenningsinstans på dette området. For å bli godkjend må forretningane oppfylle visse krav til fagkunnskap, teknisk utstyr og lager. Landbrukstilsynet kontrollerer at desse krava, samt krav til merking og føring av lagerbøker blir følgde, og at arbeidet elles blir utført på ein tilfredsstillande måte. Det blir teke ut stikkprøver av såvarene for analysar.

Det er store forskjellar mellom dei ulike såvareforretningane. Nokre forretningar driv berre med import av ferdig vare medan andre i tillegg driv stor produksjon av sertifisert vare.

Verksemder som driv med leierensing av såvarer skal også vere godkjende av Landbrukstilsynet. På dette området er det ei frivillig tilsynsordning som verksemdene betalar for.

2.3 Tilsyn etter fôrvarelova

Fôrvarelova gir heimel for tilsyn med fôrvarer til alle dyreslag. Landbrukstilsynet fører tilsyn med fôrvarer til alle dyreslag bortsett frå fisk, medan Fiskeridirektoratets kontrollverk fører tilsyn med fôr til fisk og andre akvatiske organismar.

Tilsynet etter fôrvarelova er basert på stikkprøver og analysar av ferdig produserte fôrvarer. Som følgje av EØS-avtalen er forskriftene i 1994 og 1995 tilpassa EU-regelverket på området. Føremålet med gjeldande regelverk er å sikre at omsetning og bruk av fôrvarer ikkje fører til skade på helse hjå dyr eller menneske eller på miljøet.

Tilsynet blir finansiert ved kontrollavgift på fôrvarer. Avgifta blir kravd opp på grunnlag av omsett mengde ferdigvarer.

2.4 Tilsyn etter lov om handel med gjødsel og jordforbedringsmidler m.v.

Etter lov om handel med gjødsel og jordforbedringsmidler m.v. med forskrifter skal alle verksemder som tilverkar, innfører og omset gjødselvarer melde frå til Landbrukstilsynet og vere registrert etter varetype. Alle gjødselvareprodukt skal godkjennast av Landbrukstilsynet før dei kan marknadsførast og omsetjast i Noreg. Dette kravet gjeld ikkje for såkalla EØF-gjødsel, det vil seie gjødsel som er framstilt i samsvar med krav i bestemte EU-direktiv på gjødselvareområdet.

For fosforhaldig, uorganisk gjødsel er det krav om eigenerklæring om kadmiuminnhald i varen. Dette kravet gjeld både ved innførsel og tilverking innanlands. Kvart år skal det meldast frå om den totale kadmiumtilførselen i kg gjennom det enkelte produkt.

Landbrukstilsynet krev inn kontroll- og miljøavgifter på grunnlag av omsett varemengde. Kontrollavgiftene finansierer tilsynet med gjødselvarer m.v.

2.5 Tilsyn etter plantevernmiddellova

Plantevernmiddel som skal omsetjast og brukast i Noreg må vere godkjende av Landbrukstilsynet. Før godkjenning blir gitt, blir det enkelte produkt undergitt ei omfattande vurdering i Landbrukstilsynet med omsyn til agronomisk verknad, effekt på menneske, dyre- og planteliv og miljøet elles.

Landbrukstilsynet fører tilsyn med verksemder som tilverkar, innfører eller omset plantevernmiddel. Tilverkarar må ha løyve frå Landbruksdepartementet, medan verksemder som vil innføre eller handle med plantevernmiddel må ha løyve frå Landbrukstilsynet.

Landbrukstilsynet krev inn kontroll- og miljøavgifter på plantevernmiddel på grunnlag av omsetnings- eller importverdi. Ved søknad om godkjenning eller fornya godkjenning av eit plantevernmiddel må søkaren betale ei innmeldingsavgift til Landbrukstilsynet.

2.6 Tilsyn etter plantesjukdomslova

Landbrukstilsynet fører tilsyn med at import av planter og plantedelar, bortsett frå frø, er i samsvar med krava i plantesjukdomslova med forskrifter. Tilsynet skal hindre at det blir innført farlege eller viktige planteskadegjerarar saman med varene. Kontrollen med planter og plantedelar er i stor grad basert på internasjonale avtalar om kontroll og utskriving av plantehelsesertifikat i eksportlandet. Ved innførsel blir det utført dokumentkontroll enten av Tollvesenet eller Landbrukstilsynet, medan Landbrukstilsynet aleine utfører fysisk kontroll av sendinga. Kontrollen er i stor grad basert på stikkprøver.

Ved eksport av planter og plantedelar utfører Landbrukstilsynet kontroll av varene og skriv ut plantehelsesertifikat. I visse høve blir det utført kontroll av materialet i veksttida.

Landbrukstilsynet har òg ansvar for å følgje opp pålegg om tiltak som gis av Planteforsk, Plantevernet ved funn av farlege skadegjerarar innanlands.

Tilsynet blir finansiert ved ulike avgifter og gebyr, mellom anna ved utskriving av sertifikat.