Prop. 1 S (2009–2010)

FOR BUDSJETTÅRET 2010 — Utgiftskapittel: 1300–1380 Inntektskapittel: 4300–4380, 5611, 5619 og 5624

Til innhaldsliste

Del 1
Innleiing og oversikt

1 Mål og hovudprioriteringar

Regjeringas mål for samferdselspolitikken

Regjeringa vil leggje til rette for likeverdige levekår i heile landet og arbeide for å oppretthalde hovudtrekka i busetnadsmønsteret. Noreg er eit land med store avstandar og spreidd busetting. Effektive transport– og kommunikasjonsløysingar er avgjerande for å skape vekst og utvikling i næringslivet og oppretthalde livskraftige lokalsamfunn i heile landet.

Det overordna målet for regjeringa sin transportpolitikk er å tilby eit effektivt, tilgjengeleg, sikkert og miljøvenleg transportsystem som dekkjer samfunnet sine behov for transport og som fremmer regional utvikling. Det er vidare eit overordna mål å leggje til rette for eit likeverdig tilbod av grunnleggande post-, kommunikasjons- og teletenester av høg kvalitet og til rimelege prisar over heile landet, og eit breibandstilbod til alle.

Regjeringa starta ein snuoperasjon i transportpolitikken etter valet i 2005. I perioden 2006–2009 er planrammene i Nasjonal transportplan 2006–2015 meir enn oppfylt. Løyvingane i 2009 var om lag 29 pst. høgare for veg og om lag 65 pst. høgare for jernbane enn løyvingane i 2005, målt i 2009-kr. Sjølv med dette taktskiftet, der løyvingane til drift, vedlikehald og utbygging av infrastruktur er auka, er mykje ugjort. Regjeringa vil derfor intensivere arbeidet med å utvikle eit effektivt transportsystem, der infrastrukturen er tilpassa stadig aukande utfordringar og behov.

I St.meld. nr. 16 (2008–2009) Nasjonal transportplan 2010–2019, har regjeringa lagt fram sine mål og strategiar for transportpolitikken. Regjeringa er oppteken av å vidareutvikle velferdssamfunnet og å styrkje grunnlaget for den langsiktige verdiskapinga m.a. gjennom eit lyft i samferdselsløyvingane. Investeringslyftet i Nasjonal transportplan 2010–2019 er det største lyftet for utbygging av transportinfrastruktur i moderne tid. For betre å ta vare på eksisterande infrastruktur og redusere gapet mellom transportbehov og standarden på infrastrukturen, blir det også lagt opp til ein vesentleg auke av vedlikehaldet. Den samla økonomiske planramma i Nasjonal transportplan 2010–2019 ligg 100 mrd. kr eller 45 pst. høgare enn den vedtekne planramma for Nasjonal transportplan 2006–2015.

Regjeringa legg i Nasjonal transportplan 2010–2019 fram ein offensiv og breitt samansett strategi for å styrkje framkome for næringsliv og samfunn i heile landet. I Nasjonal transportplan 2010–2019 er det presentert planrammer der innsatsen er høgare i perioden 2014–2019 enn i første fireårsperiode. Regjeringa legg med dette budsjettforslaget opp til ei gradvis opptrapping av rammene i første del av planperioden. Forslaget for 2010 inneber ei betydeleg innfasing av rammenivået i Nasjonal transportplan allereie første år i planperioden.

Regjeringa er oppteken av å innrette ressursinnsatsen slik at dei politiske måla blir nådd mest mogleg effektivt, og legg auka vekt på mål- og resultatstyring i den nasjonale transportpolitikken. Denne har fire hovudmål som gjeld framkome og regional utvikling, transporttryggleik, miljø og universell utforming. Hovudmåla er konkretiserte gjennom etappemål for regjeringa sine hovudprioriteringar i den komande planperioden.

Innretninga av transportpolitikken tek utgangspunkt i at transportformene har ulike eigenskapar og fortrinn i transportmarknaden, og i at det er nødvendig å tilpasse transportpolitikken m.a. ut frå ulike geografiske tilhøve. Regjeringa fører ein differensiert politikk tilpassa målet om eit moderne transportnett i heile landet. Det inneber at satsinga på kollektivtransport og jernbane er særleg sterk i og omkring dei største byane, medan veksten i løyvingane til veg er særleg sterk elles i landet.

Regjeringa vidarefører den sterke satsinga på drift og vedlikehald og på nye utbyggingsprosjekt for å sikre næringsliv og folk flest føreseielege transporter, redusert reisetid på viktige riksvegruter og jernbanestrekningar og reduserte avstandskostnader. Rassikring er eit viktig tiltak for å skape eit meir føreseieleg transportsystem, særleg på Vestlandet og i Nord-Noreg.

I dei store byområda legg regjeringa opp til å få fleire til å reise kollektivt gjennom ein kombinasjon av betre jernbanetilbod og ordningar som skal stimulere dei lokale styresmaktene til å styrkje lokal kollektivtransport og innføre restriksjonar på personbilbruken. Regjeringa vil leggje til rette for auka framkome for syklande og gåande gjennom ei sterk satsing på gang- og sykkelvegar. Vidare vil regjeringa utvikle infrastrukturen slik at tettbygde strøk og distrikta rundt blir bundne saman til robuste bu- og arbeidsmarknadsregionar.

Regjeringa fører vidare nullvisjonen for transporttryggleiken. Det høge tryggleiksnivået i luftfart og jernbane skal oppretthaldast. Som eit skritt i retning nullvisjonen har regjeringa sett som mål at talet på drepne eller hardt skadde i vegtrafikken i 2020 skal reduserast med minst ein tredel samanlikna med gjennomsnittet i åra 2005–2008. Dette er eit svært ambisiøst, men viktig mål, som inneber at tryggleiksinnsatsen må trappast opp hos ei rekkje aktørar.

Regjeringa legg vekt på å avgrense dei negative verknadene transport har på miljøet. Trafikkvekst og bygging av nye naudsynte infrastrukturprosjekt gjer det utfordrande å kome så langt som ønskt på alle miljøområda. Transportpolitikken skal bidra til å redusere miljøskadelege verknader av transport og til å oppfylle nasjonale mål og dei internasjonale pliktene Noreg har på miljøområdet. Regjeringa vil oppnå dette m.a. ved å satse betydeleg på jernbana, leggje til rette for å føre meir gods over på bane, auke løyvingane til belønningsordninga for meir kollektivtransport og mindre bilbruk og stimulere til raskare innfasing av køyretøy med låge utslepp.

Universell utforming er viktig for å oppnå likeverd og deltaking i samfunnet, uavhengig av funksjonsevne. Regjeringa vil leggje til rette for at transportsystemet så langt som mogleg skal kunne brukast av alle, utan behov for tilpassing eller spesiell tilrettelegging. All ny infrastruktur skal utformast etter prinsippet om universell utforming. Det er i tillegg eit omfattande behov for oppgradering av haldeplassar og knutepunkt. Regjeringa gir arbeidet med eit meir universelt utforma kollektivtransportsystem høg prioritet. Dei store ressursane som er naudsynte for å få eit fullt universelt utforma kollektivsystem gjer at utviklinga vil måtte skje gradvis.

Forvaltningsreforma trer i kraft 01.01.2010. Regjeringa har gjennom denne reforma lagt til rette for eit sterkare folkestyre og demokrati på lokalt og regionalt nivå gjennom ei desentralisering av myndigheit. Reforma legg òg til rette for ei meir samordna og effektiv offentleg forvaltning. Ansvaret for det meste av øvrig riksvegnett og øvrige riksvegferjer vil bli overført frå staten til fylkeskommunane og Oslo kommune. I tillegg til dei overførte midlane er fylkeskommunane styrkt med 1 mrd. kr ekstra. Regjeringa oppretter óg ei rentekompensasjonsordning med ei årleg investeringsramme på 2 mrd. kr for å gi fylka handlingsrom. Det vil etter innføringa av forvaltningsreforma framleis vere eit statleg ansvar å gjere fylkeskommunane i stand til å utføre oppgåvene dei er pålagde, gjennom å sikre fylka tilstrekkelege økonomiske rammer.

I St.meld. nr. 12 (2007–2008) Om verksemda til Posten Norge AS, er det stadfesta at regjeringa gjennom offentleg regulering og konsesjonsvilkår vil sikre eit landsdekkjande tilbod om formidling av leveringspliktige posttenester. Regjeringa vil sikre likeverdige kvalitetstenester til same pris over heile landet. Det inneber m.a. grunnleggjande banktenester, seksdagars omdeling av post og einskapsporto.

Regjeringa skal sikre at heile landet har tilgang til likeverdige og rimelege teletenester. Regjeringa har i Soria Moria-erklæringa framheva den digitale allemannsretten for å redusere avstandsulemper og gjere det mogleg for alle innbyggjarar å bruke offentlege elektroniske tenester. Det er oppnådd ein dekningsgrad på heile 99,9 pst. på mobil (GSM). Samstundes kan 99,9 pst. av husstandane få breiband over fast eller trådlaus aksess, som gjer at målet om eit breibandstilbod til alle er oppfylt. Regjeringa vil leggje til rette for vidare utvikling av raskare fast og mobilt breiband til hele landet, for å sikre heile befolkninga effektiv tilgang til det moderne informasjonssamfunnet.

Hovudprioriteringar i budsjettet for 2010

(i mill. kr)

Kategori

Justert saldert budsjett 2009

Forslag 2010

Pst endring 09/10

21.10 Administrasjon m.m.

397,2

438,8

10,5

21.20 Luftfartsformål

751,0

941,6

25,4

21.30 Vegformål

11 425,6

14 066,2

23,1

21.40 Særskilte transporttiltak

727,9

747,1

2,6

21.50 Jernbaneformål

8 835,2

10 176,1

15,2

Sum programområde 21

22 136,9

26 369,8

19,1

22.10 Post og telekommunikasjonar

205,1

710,7

246,5

Sum programområde 22

205,1

710,7

246,5

Sum Samferdselsdepartementet

22 342,0

27 080,5

21,2

Samla budsjettforslag for 2010 er på om lag 27,1 mrd. kr. Budsjettforslaget inneber ein samla vekst i utgiftene på om lag 4,7 mrd. kr, eller 21,2 pst. samanlikna med saldert budsjett 2009. Dette budsjettet er justert for effektane av forvaltningsreforma, der ansvaret for hovuddelen av øvrige riksvegar og øvrige riksvegferjesamband blir overførte til fylkeskommunane og Oslo kommune frå 01.01.2010.

Forslaget til samferdselsbudsjett for 2010 inneber eit nytt lyft i den statlege innsatsen både på veg- og jernbaneinfrastruktur, med ein sterk vekst samanlikna med saldert budsjett 2009.

I St.meld. nr. 16 (2008–2009) Nasjonal transportplan 2010–2019, er det presentert økonomiske planrammer med høgare årlege gjennomsnitt i siste del av planperioden enn første fireårsperiode. Regjeringa har lagt til grunn at satsinga skal fasast inn i økonomien så raskt som mogleg, men innanfor dei avgrensingane eit forsvarleg økonomisk opplegg set.

Regjeringa legg med dette framlegget opp til ei gradvis opptrapping av dei økonomiske planrammene i planperioden 2010–2013. Særleg gjeld dette for nyinvesteringar. Budsjettforslaget inneber ein betydeleg innfasing allereie første året, men ligg noko under gjennomsnittet av ramma for 2010–2013. Det er lagt opp til ei opptrapping i første fireårsperiode etter kvart som planlegginga av nye prioriterte prosjekt er avslutta og klare til anleggsstart.

Forslaget til statlege midlar til veg og jernbane i 2010 gir ei samla oppfølging av Nasjonal transportplan i perioden 2010–2013 på 22,6 pst. For veg gir det ei oppfølging det første året på 22,5 pst. og for jernbane på 22,7 pst.

Løyvingane til veg- og jernbanesektoren utgjer om lag 90 pst. av budsjettforslaget. Utgifter til vegformål er om lag 14,1 mrd. kr, og utgjer hovuddelen av departementet sitt budsjett med 52 pst. av dei samla utgiftene. Deretter kjem utgifter til jernbaneformål med om lag 10,2 mrd. kr, som utgjer nærmare 38 pst. av budsjettet.

Hovudprioriteringane i Samferdselsdepartementets budsjettforslag for 2010 tek utgangspunkt i hovudmåla for transportpolitikken i Nasjonal transportplan 2010–2019:

  • Betre framkome og reduserte avstandskostnader for å styrkje konkurransekrafta i næringslivet og for å bidra til å oppretthalde hovudtrekka i busettingsmønsteret

  • Transportpolitikken skal byggjast på ein visjon om at det ikkje skal skje ulykker med drepne eller hardt skadde i transportsektoren

  • Transportpolitikken skal bidra til å avgrense klimagassutslepp, redusere miljøskadelege verknader av transport og oppfylle nasjonale mål og dei internasjonale pliktene Noreg har på miljøområdet

  • Transportsystemet skal vere universelt utforma

For post- og teletenester er hovudmålet å sikre tilgang på likeverdige og rimelege tenester i heile landet.

Framlegget for 2010 medverkar til at ein går i retning av måla for transportpolitikken. Større investeringsprosjekt blir avslutta og vil bidra til å auke framkoma. I tillegg til start av nye prosjekt, er det sett av planmidlar til prosjekt som på lengre sikt vil gi betydelege framkomstvinstar. Jernbaneprosjektet Oslo – Ski er eit viktig døme på eit slikt prosjekt.

Sjølv om innsatsen på drift- og vedlikehald er på eit svært høgt nivå, er det store utfordringar knytt til å stanse etterslepet i vedlikehaldet. Regjeringa ser det som avgjerande å få togtrafikken meir påliteleg. Ei markert satsing på vedlikehald og fornying skal gjere Jernbaneverket i stand til å følgje planlagt framdrift slik at betring kan ventast allereie i 2010. Eit viktig prosjekt i denne samanheng er Oslo-prosjektet. På veg vil ein formidabel innsats på rassikring medverke til å sikre næringsliv og folk flest trygge og føreseielege transportar. Det skal startast ei rekkje rassikringsprosjekt i 2010. Tiltak for å betre den lokale kollektivtransporten og gang- og sykkelvegar vil også medverke til auka framkome. Gjennom kjøp av tenester innan luftfart og jernbane styrkjer staten desse transporttilboda.

Regjeringa legg vekt på at det høge tryggleiksnivået i jernbane og luftfart blir oppretthalde. Det er store utfordringar knytt til tryggleiken i vegsektoren. Regjeringa foreslår ei rekkje tiltak som skal medverke til at færre blir drepne eller hardt skadde i trafikken i 2010.

På miljøområdet er regjeringa særleg oppteken av å redusere klimagassutsleppa, noko som krev eit breidt sett av tiltak som verkar både på kort og lang sikt. Innførte tiltak er venta å gi reduksjon i klimagassutsleppa i 2010. Bidraget frå transportsektoren til lokal luftureining er også venta å bli noko redusert i 2010.

Administrasjon, forsking og utvikling

Samla budsjettframlegg til administrasjon m.m. er på 438,8 mill. kr. I tillegg til drift av departementet omfattar forslaget m.a. løyvingar til Trygg Trafikk, Syklistenes Landsforening, ITS Norge og departementet sitt arbeid med samferdselsberedskap. Dette utgjer til saman 176 mill. kr.

Det blir foreslått ei løyving på 262,8 mill. kr til forsking og utvikling mv. i 2010, ein auke på 24,6 mill. kr eller 10,3 pst frå saldert budsjett 2009. I auken inngår Samferdselsdepartementets del av dei 300 mill. kr ekstra til klimaforsking som er ei oppfølging av forliket i Stortinget om St.meld. nr. 34 (2006–2007) Norsk klimapolitikk og av ein opptrappingsplan retta mot fornybar energi og karbonfangst.

Regjeringa vil bidra til å utvikle eit best mogleg kunnskapsgrunnlag for å utvikle samferdselspolitikken. Klima og trafikktryggleik står sentralt i transportforskinga, medan utvikling og utnytting av IKT er hovudområde for teleforskinga. Samferdselsdepartementet følgjer opp sektoransvaret for forskning gjennom å løyve midlar til relevante forskingsprogram i regi av Norges forskningsråd.

Støtta til forskingsprogrammet SMARTRANS og RENERGI er foreslått auka, der prosjekt med potensial for reduserte klimagassutslepp skal prioriterast. Samferdselsdepartementet foreslår også å auke støtta til forsking retta mot verknader av klimaendringar og forsking for å gjere infrastrukturen meir robust.

I framlegget inngår 51,6 mill. kr til vidareføring av Transnova-prosjektet, eit prosjekt som har som hovudmål å bidra til reduserte CO2-utslipp frå transportsektoren.

Luftfartsformål

Samla budsjettframlegg for luftfartsformål er 941,6 mill. kr, ein auke på 190,6 mill. kr eller 25,4 pst. frå saldert budsjett 2009. Årsaka til auken er i hovudsak auka tilskot til regionale lufthamner og kjøp av flytransport (anbodsruter).

Til tilskot til regionale flyplassar er det budsjettert med 87,8 mill. kr, ein auke på 74,4 mill. kr samanlikna med saldert budsjett 2009.

Avinor AS har store investerings- og finansieringsutfordringar dei neste åra. Det blir foreslått eit eingongs investeringstilskot på 50 mill. kr til Avinors regionale flyplassar og avdragsfritak i 2010 på statslånet som finansierte utbygginga av Gardermoen. Det blir vidare foreslått ikkje å ta utbyte frå Avinor i 2010. Tiltaka skal bidra til at Avinor kan gjennomføre nødvendige tryggleiksinvesteringar.

I Nasjonal transportplan 2010–2019 er det lagt opp til eit eingongs investeringstilskot til lufthamnene Notodden og Skien med til saman 12 mill. kr i 2010 og eit statleg driftstilskot opp mot 12 mill. kr til Stord lufthamn for å sikre grunnlag for framtidig drift. Dette er følgt opp i budsjettframlegget.

Til kjøp av flytransport er det budsjettert med 629,2 mill. kr, som er ein auke på 21 pst. samanlikna med saldert budsjett 2009. Budsjettforslaget er basert på kostnadsnivået i gjeldande kontraktar for anbodsruter i Nord-Troms og Finnmark og nye kontraktar for anbodsruter i resten av landet med verknad frå 01.04.2009.

Tryggleiken i norsk luftfart har som før høgaste prioritet. Luftfartstilsynets budsjett er foreslått styrkt i 2010, m.a. for å styrkje arbeidet med å betre tryggleiken innanfor innanlands helikopterflyging.

Det blir foreslått å styrkje budsjettet til Statens havarikommisjon for transport, m.a. for å dekkje behovet for auka ressursar til å følgje opp ulykker og arbeidsulykker til sjøs.

Vegformål

Til vegformål er det i alt foreslått 14,1 mrd. kr. Forslaget inneber ein auke på om lag 2,6 mrd. kr eller 23,1 pst. frå saldert budsjett 2009, når ein korrigerer for dei budsjettmessige verknadene av forvaltningsreforma. Samla budsjettframlegg for Statens vegvesen gir ei samla oppfølging av Nasjonal transportplan 2010–2019 på om lag 90 pst. første året, samanlikna med ei jamn årleg fordeling av planramma for perioden 2010–2013.

Det er budsjettert med 6 183,6 mill. kr til trafikktilsyn, drift og vedlikehald, ein auke på 382,6 mill. kr eller 6,6 pst. frå saldert budsjett 2009. Tiltak innan trafikktryggleiksområdet er høgt prioritert i denne ramma. Også nivået på dekkelegging blir halde på eit høgt nivå, noko som er viktig for framkome og tryggleik.

Det er for 2010 budsjettert med 5 627,6 mill. kr til riksveginvesteringar, ein auke på 1 265,3 mill. kr eller 29 pst. frå saldert budsjett 2009. Dette inkluderer Bjørvika og prosjekta E16 over Filefjell og E6 vest for Alta, som i tråd med Nasjonal transportplan 2010–2019 er førte på eigne investeringspostar. Saman med løyvinga til rassikring på 850 mill. kr, aukar løyvingane til investeringar med 34,3 pst., samanlikna med 2009.

Det er foreslått midlar (statlege og/eller bompengar) til prosjektering, førebuande arbeid og mogleg anleggstart på desse større riksvegprosjekta (over 100 mill. kr):

  • E18 Sydhavna (Oslo)

  • Rv 2 Kongsvinger – Slomarka (Hedmark)

  • E18 Gulli – Langåker (Vestfold)

  • E39 Svegatjøn – Rådal (Hordaland)

  • E16 Fønhus Bagn –Bjørgo (Oppland)

  • E6 Sentervegen – Tonstad (Sør-Trøndelag)

  • E39 Lavik ferjekai (Sogn og Fjordane)

  • E18 Melleby – Momarken (Østfold)

  • Rv 3 Åsta bru med tilknytingsvegar (Hedmark)

  • E6 Harran – Nes bru (Nord-Trøndelag)

I 2010 blir desse større riksvegprosjekta opna for trafikk:

  • E18 Krosby – Knapstad (Østfold)

  • E39 Stangeland – Sandved (Rogaland)

  • E39 Tjensvollkrysset (Rogaland)

  • E6 Nordre avlastningsveg (Sør-Trøndelag)

  • E39 Renndalen – Staurset (Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag)

  • E6 Majavatn (Nordland)

Rassikring på veg er viktig for gjere vegane meir pålitelege og trygge, og er eit område som regjeringa prioriterer svært høgt. Det er i Nasjonal transportplan 2010–2019 varsla ein kraftig auke i rassikringsinnsatsen både på riksvegnettet og det nye fylkesvegnettet, med ein gjennomsnittleg årleg innsats på 1 mrd. kr i perioden. I 2010 er det ikkje tilstrekkeleg med avklarte planar for å nå dette nivået. Det er budsjettert med 850 mill. kr, ein auke med 407,5 mill. kr eller 92,1 pst. frå saldert budsjett 2009. Av desse midlane er 500 mill. kr avsett til fylkesvegnettet i 2010.

På riksvegnettet blir det lagt opp til anleggstart av desse større prosjekta med rassikringsgevinst i 2010:

  • Rv 70 Oppdølstranda (Møre og Romsdal)

  • Rv 80 Løding – Vikan (Nordland)

Det blir foreslått å løyve 713 mill. kr i statlege midlar til trafikktryggleikstiltak. Dette er ei vidareføring reelt av det høge nivået i saldert budsjett 2009 og gir ein oppfølgingsgrad 30,7 pst. samanlikna med den totale ramma i utkast til handlingsprogram for perioden 2010–2013, dvs. høgare enn ei jamn årleg oppfølging. Tiltak for å hindre møteulykker, utforkøyringsulykker og ulykker der mjuke trafikantar blir påkøyrte, er gitt høgaste prioritet. I tillegg til å vidareføre allereie i gangsette tiltak, blir det prioritert å setje i gang ei rekkje nye tiltak, m.a. bygging av midtrekkverk på E6 over Bergshøgda i Hedmark, på E6 mellom Hagen og Gyllan i Sør-Trøndelag og på E6 mellom Branes og Mule i Nord-Trøndelag. I tillegg blir tiltak mot utforkøyringsulykker, kryss- og kurveutbetringar, ulike trafikktryggleikstiltak i sentrumsområde og tiltak etter trafikktryggleiksinspeksjonar prioritet.

Det er foreslått å setje av 150 mill. kr til gang- og sykkelvegar innanfor vegbudsjettet, og 65 mill. kr til kollektivtiltak og tiltak for universell utforming.

Til riksvegferjedrifta er det budsjettert med 436 mill. kr, ein auke på 14 mill. kr eller 3,3 pst. frå saldert budsjett 2009. Det er lagt inn ein takstauke på 3,2 pst. frå 01.01.2010. Samferdselsdepartementet legg til grunn at rutetilbodet i 2010 skal oppretthaldast om lag som i 2009.

Særskilte transporttiltak

Det er foreslått eit samla budsjett på 747,1 mill. kr til særskilde transporttiltak, ein auke på 19,2 mill. kr eller 2,6 pst. frå saldert budsjett 2009. Av dette er 429,1 mill. kr avsett til særskilt tilskot til kollektivtransport, ein auke på 13,3 mill. kr eller 3,2 pst. frå saldert budsjett 2009. Til kjøp av sjøtransporttenester på strekninga Bergen – Kirkenes er det sett av 298 mill. kr.

For å bidra til å redusere skilnader i pris på drivstoff mellom sentrale strøk og distrikta er det foreslått å innføre ei fraktutjamningsordning. Målet er å redusere skilnadene i drivstoffprisar. Det er sett av 20 mill. kr til ordninga i 2010. Før ordninga kan ta til å verke, må ein foreta ei avklaring til EØS-regelverket for offentleg støtte. Departementet kjem tilbake til saka.

Til belønningsordninga for betre kollektivtransport og mindre bruk av bil i byområda er det avsett 332,8 mill. kr. Auken frå 2008 til 2009 på 161,7 mill. kr blei reservert byområde som inngjekk avtaler med departementet om effektive, trafikkregulerande tiltak. Retningslinene for tildeling av midlar blei endra, slik at det ble opna for å inngå slike avtaler for inntil fire år. I 2009 har departementet inngått fireårige avtaler med Kristiansandsregionen og Trondheimsregionen. Departementet ønskjer i 2010 å auke delen av midlar til fireårige avtaler. Det vil likevel vere mogleg å søkje om midlar for eitt år.

Til tilgjengetiltak og forsøk med kollektivtransport i distrikta er det sett av høvesvis 57 mill. kr og 21,5 mill. kr, medan inntil 5 mill. kr er sett av til etablering av ein nasjonal reiseplanleggar og ei ny organisatorisk eining for forvaltning av systemet for elektronisk billettering. Det er vidare foreslått å løyve av 12,8 mill. kr til forsøk med samordning av bestillingstransport og TT-transport.

Til kjøp av sjøtransporttenester på strekninga Bergen – Kirkenes er det budsjettert med 298 mill. kr. Eventuelle endringar i godtgjering som følgje av den reviderte avtalen mellom Hurtigruta ASA og staten vil bli vurdert seinare. Den reviderte avtalen mellom Hurtigruten ASA og Samferdselsdepartementet vil gjelde fram til iverksetjing av ein ny avtale når transportør er valt etter ein anbodsprosess. Samferdselsdepartementet har sett i gang arbeid med å utlyse tenesta Kystruten Bergen – Kirkenes på nytt.

Jernbaneformål

I budsjettforslaget held regjeringa fram med å styrkje innsatsen på jernbana. Det er til saman foreslått 10 176,1 mill. kr til jernbaneformål, ein auke på 1 340,9 mill. kr eller 15,2 pst. frå saldert budsjett 2009.

Samla budsjettframlegg for Jernbaneverket er på 8 380,3 mill. kr, ein auke på 18,5 pst. frå saldert budsjett 2009. Det gir ei samla oppfølging av Nasjonal transportplan 2010–2019 på om lag 91 pst. første året, samanlikna med ei jamn årleg fordeling av planramma for perioden 2010–2013. For 2010 ligg forslaget til løyvingar til drift og vedlikehald på same nivå som gjennomsnittleg ramme for første fireårsperiode i Nasjonal transportplan 2010–2019. Forslag til løyvingar til investeringar er ei kraftig styrking frå saldert budsjett 2009, og er starten på ei opptrapping til nivået på ramma i Nasjonal transportplan etter kvart som planlegginga av nye prioriterte prosjekt er avslutta og er klare til anleggsstart.

Budsjettet for drift og vedlikehald av jernbaneinfrastrukturen, eksl. Gardermobanen, er foreslått auka med 586,1 mill. kr eller 15,4 pst. frå saldert budsjett 2009. Saman med Oslo-prosjektet representerer løyvingane ei markert satsing på vedlikehald og fornying på heile jernbanenettet som skal gjere togtrafikken meir påliteleg. Den særskilte satsinga på fornying på Bergensbanen og Dovrebanen som ligg inne i tiltakspakka for 2009 vil bli vidareført i 2010.Det er sett klare mål for kvaliteten på Jernbaneverkets tenester, der m.a. talet på timar med forseinkingar skal halverast i løpet av få år. Løyvingane gjer det mogleg for Jernbaneverket å følgje planlagt framdrift i 2010, slik at ei får ei betring allereie i 2010.

Det er budsjettert med 3 918,6 mill. kr til investeringar i lina, inkl. ny post 31 Nytt dobbeltspor Oslo – Ski og post 33 Fysisk skilje Jernbaneverket – Bane Tele AS, som er ein auke på 719,5 mill. kr eller 22,5 pst. samanlikna med saldert budsjett for 2009.

Løyvinga gjer det mogleg å få ei rasjonell og kostnadseffektiv gjennomføring av dei store anleggsprosjekta i 2010.

Det er sett av midlar til vidareføring av desse store prosjekta:

  • Nytt dobbeltspor på strekninga Lysaker – Sandvika på Drammenbanen

  • Nytt dobbeltspor på strekninga Barkåker – Tønsberg på Vestfoldbanen

  • Dobbeltspor på strekninga Sandnes – Stavanger

  • Ny Gevingåsen tunnel på Nordlandsbanen

Det er i tillegg sett av midlar til planlegging og grunnerverv av prosjektet Holm – Holmestrand – Nykirke på Vestfoldbanen med mogleg start i 2010. Prosjektet vil ikkje bli starta før det er gjennomført KS2 og resultatet er lagt fram for Stortinget.

Løyvinga gir også rom for rasjonell planlegging av det nye store jernbaneprosjektet, nytt dobbeltspor Oslo – Ski. Prosjektet er ført på eigen investeringspost. Planprosessen for Oslo-Ski er krevjande, og godkjende reguleringsplanar er venta å vere klare tidlegast i 2012. Utbygginga kan da starte i 2013.

I 2010 er det i tillegg avsett midlar til planlegging av store investeringsprosjekt som Eidsvoll – Hamar, Alnabru godsterminal, Farriseidet – Porsgrunn og Ulriken tunnel (dobbeltspor Bergen stasjon – Fløen). I tråd med Nasjonal transportplan 2010–2019 og Stortingets behandling av denne, er det sett av midlar til vidare utgreiing av høgfartstog.

Forslaget inneheld ei opptrapping i satsinga på programområda med mindre investeringstiltak med stor effekt. Det er lagt opp til ein klar auke i kapasitetsaukande tiltak, ikkje minst for å leggje til rette for å overføre meir gods frå veg til bane. Regjeringa ønskjer òg å etablere ei ny ordning med statleg støtte til sidespor for å få meir gods over på bane. I tillegg har Samferdselsdepartementet teke initiativ til at Jernbaneverket og NSB får på plass ein offensiv handlingsplan for å betre publikumsinformasjonen. Dette er følgd opp med ei løyving på 80 mill. kr til Jernbaneverket i 2010.

Det er foreslått å løyve 1 740,2 mill. kr til statleg kjøp av persontogtenester i 2010. Dette er ein auke på 25,7 mill. kr eller om lag 1,5 pst. samanlikna med saldert budsjett for 2009. Dette er i samsvar med rammeavtalen om kjøp av persontransport med tog mellom NSB AS og Samferdselsdepartementet, og avtalen med NSB Gjøvikbanen AS om persontogtilbodet på Gjøvikbanen. Som ein del av avtalen skal togtilbodet på Jærbanen auke frå ruteterminskiftet i desember 2009 i samband med at det nye dobbelsporet mellom Sandens og Stavanger blir opna for trafikk.

Til Statens jernbanetilsyn er det foreslått eit budsjett på 47,2 mill. kr, som er ein auke på 9,9 mill. kr eller 26,5 pst. frå saldert budsjett 2009. Denne løyvinga vil mellom anna gjere at tilsynet kan møte den betydelege auken i godkjenningar/løyver som følgje av den store jernbanesatsinga i Nasjonal transportplan 2010–2019.

Det er foreslått 145 mill. kr i utbyte frå NSB AS i 2010.

Post og telekommunikasjonar

Til post og telekommunikasjonar samla er det budsjettert med utgifter på 710,7 mill. kr, ein auke på 246,5 pst. frå saldert budsjett 2009. Årsaka til auken er løyvinga på 497 mill. kr til statleg kjøp av post- og banktenester. Det var i budsjettet for 2009 opphavleg ikkje sett av midlar til dette formålet, men det blei løyvd 518 mill. kr i 2009, jf. St.prp. nr. 67/Innst. S. nr. 355 (2008–2009).

Posten Noreg AS er pålagd å levere bank- og posttenester som delvis kan vere bedriftsøkonomisk ulønsame. Det har i fleire år ikkje vore løyvd midlar til statleg kjøp av ulønsame post- og banktenester. Av omsyn til Postens totale økonomiske situasjon er det no nødvendig å løyve midlar for å dekkje dei ulønsame tenestene.

For Post- og teletilsynet er det foreslått å avsetje 213,7 mill. kr, om lag same realnivå som i 2009. Det er ikkje foreslått utbyte frå Posten Norge AS i 2010.

2 Oversiktstabellar for budsjettforslaget

Utgifter fordelt på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Betegnelse

Regnskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

Pst. endr. 09/10

Administrasjon m.m.

1300

Samferdselsdepartementet

158 737

159 000

176 000

10,7

1301

Forskning og utvikling mv.

172 206

238 200

262 800

10,3

Sum kategori 21.10 330 943 397 200 438 800 10,5

Luftfartsformål

1310

Flytransport

508 835

519 900

629 200

21,0

1311

Tilskudd til regionale flyplasser

22 564

13 400

87 800

555,2

1313

Luftfartstilsynet

172 486

167 500

168 300

0,5

1314

Statens havarikommisjon for transport

46 908

50 200

56 300

12,2

Sum kategori 21.20 750 793 751 000 941 600 25,4

Vegformål

1320

Statens vegvesen

16 358 594

17 035 700

14 066 200

-17,4

Sum kategori 21.30 16 358 594 17 035 700 14 066 200 -17,4

Særskilte transporttiltak

1330

Særskilte transporttiltak

600 762

727 900

747 100

2,6

Sum kategori 21.40 600 762 727 900 747 100 2,6

Jernbaneformål

1350

Jernbaneverket

6 057 700

7 073 200

8 380 300

18,5

1351

Persontransport med tog

1 614 574

1 724 700

1 748 600

1,4

1354

Statens jernbanetilsyn

38 361

37 300

47 200

26,5

Sum kategori 21.50

7 710 635

8 835 200

10 176 100

15,2

Sum programområde 21 25 751 727 27 747 000 26 369 800 -5,0

Post og telekommunikasjoner

1370

Posttjenester

497 000

1380

Post- og teletilsynet

202 397

205 100

213 700

4,2

Sum kategori 22.10

202 397

205 100

710 700

246,5

Sum programområde 22

202 397

205 100

710 700

246,5

Sum utgifter

25 954 124

27 952 100

27 080 500

-3,1

Utgifter justert for forvaltningsreforma

(i 1 000 kr)

Kap.

Betegnelse

Regnskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

Pst. endr. 09/10

1320

Statens vegvesen (saldert budsjett justert for forvaltningsreform)

16 358 594

11 425 600

14 066 200

23,1

Sum utgifter justert saldert 2009

25 954 124

22 342 000

27 080 500

21,2

Inntekter fordelt på kapittel

         

(i 1 000 kr)

Kap.

Betegnelse

Regnskap 2008

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

Pst. endr. 09/10

Administrasjon m.m.

4300

Samferdselsdepartementet

3 809

2 300

2 000

-13,0

Sum kategori 21.10 3 809 2 300 2 000 -13,0

Luftfartsformål

4312

Oslo Lufthavn AS

388 824

388 800

-100,0

4313

Luftfartstilsynet

131 733

115 800

119 500

3,2

4314

Statens havarikommisjon for transport

346

5619

Renter av lån til Oslo Lufthavn AS

275 360

257 000

214 200

-16,7

5622

Aksjer i Avinor AS

396 900

Sum kategori 21.20 1 193 163 761 600 333 700 -56,2

Vegformål

4320

Statens vegvesen

742 891

461 200

460 100

-0,2

4322

Svinesundsforbindelsen AS

16 000

25 000

27 000

8,0

5624

Renter av Svinesundsforbindelsen AS

37 508

40 000

38 000

-5,0

Sum kategori 21.30 796 399 526 200 525 100 -0,2

Jernbaneformål

4350

Jernbaneverket

620 062

510 300

597 100

17,0

4354

Statens jernbanetilsyn

636

4355

Baneservice AS

38 300

5611

Aksjer i NSB AS

402 000

221 000

145 000

-34,4

5623

Aksjer i Baneservice AS

231

Sum kategori 21.50

1 061 229

731 300

742 100

1,5

Sum programområde 21 3 054 600 2 021 400 1 602 900 -20,7

Post og telekommunikasjoner

4380

Post- og teletilsynet

168 714

170 600

178 400

4,6

5618

Aksjer i Posten Norge AS

597 000

Sum kategori 22.10

765 714

170 600

178 400

4,6

Sum programområde 22

765 714

170 600

178 400

4,6

Sum inntekter

3 820 314

2 192 000

1 781 300

-18,7

3 Oppfølging av oppmodingsvedtak

På Samferdselsdepartementets område vedtok Stortinget i sesjonen 2008–2009 eit oppmodingsvedtak – vedtak nr. 426, 11. juni 2009. Oppfølginga av dette vedtaket og av vedtak nr. 402, 13. mars 2008 frå sesjonen 2007–2008 er omtalt nærmare i del III i proposisjonen.

4 Diverse tabellar

Garantiordningar og -fullmakter

(i 1000 kr)

Dato siste St.vedtak

Ansvar pr. 31.12.2008

Totalramme (tak) for nytt og gammalt ansvar i 2009

Totalramme (tak) for nytt og gammalt ansvar i 2010

Restverdigaranti for togmateriell, bokførte verdiar

11.12.2008

2 700 000

2 974 000

2 759 000

Restverdigaranti for togmateriell, oppgraderingar og nyinvesteringar

11.12.2008

4 425 000

3 525 000

3 225 000

Lån til ferjer i riksvegsamband

07.12.2004

408 619

650 000

50 000

Sum

7 533 619

7 149 000

Totalramma for gammalt og nytt ansvar i 2010 for lån til ferjer i riksvegsamband er redusert til 50 mill. kr som følgje av at store delar av riksvegferjesambanda frå 01.01.2010 blir overførte til fylkeskommunane, jf. Ot.prp. nr. 68 (2008–2009) Om overføring av rettigheter og forpliktelser ved omklassifisering av veg etter veglov § 62 tredje ledd i forbindelse med forvaltningsreformen.

Det har aldri vore utbetalingar (tap) under nokon av garantiordningane.

Bestillingsfullmakter

(i mill. kr)

Kap.

Nemning

Fullmakt

Saldert budsjett 2009

Forslag 2010

1350

Jernbaneverket

Materiell

700

800

1380

Post- og teletilsynet

Materiell

4

4

Bruk av stikkordet «kan overførast» på andre postar enn postgruppe 30–49

       

(i 1 000 kr)

Kap.

Post

Nemning

Overført til 2009

Forslag 2010

1301

50

Samferdselsforsking

6 573

192 600

1301

72

Tilskot til miljøvennleg transport, Transnova-prosjektet

0

51 600

1310

70

Kjøp av innanlandske flyruter

15 195

629 200

1311

71

Tilskot til ikkje-statlege flyplassar

3 324

37 800

1320

23

Trafikktilsyn, drift og vedlikehald av riksvegar m.m.

0

6 183 600

1320

29

Vederlag til OPS-prosjekt

0

441 000

1320

72

Kjøp av riksvegferjetenester

0

436 000

1330

60

Særskilt tilskot til kollektivtransport

54 825

429 100

1350

23

Drift og vedlikehald

67 975

4 387 000

1350

25

Drift og vedlikehald av Gardermobanen

34 286

74 700

1351

70

Kjøp av persontransport med tog

4 378

1 740 200

1380

70

Tilskot til teletryggleik og -beredskap

626

25 300

For kap. 1301, post 50 kan ein forklare stikkordet med at prosjekt/tiltak som får tilskot frå løyvinga over posten, går over fleire år. Tilskot blir i hovudsak utbetalt etter framdrift. Også prosjekt på kap. 1301, post 72, vil kunne gå ut over budsjettåret. Sluttutbetaling vil ikkje finne stad før prosjektet er gjennomført. For kap. 1310, post 70, kan stikkordet forklarast med at endringar i rammevilkår som gir grunnlag for reforhandlingar, og kostnadsendringar som følgje av nye kontraktar, gjer at det kan vere vanskeleg å budsjettere utbetalingane presist for det einskilde år. Løyvinga på kap. 1311, post 71, kan overførast fordi delar av tilskotet blir utbetalt på etterskot.

For kap. 1320, postane 23, 29 og 72, og kap. 1350, postane 23 og 25, er årsaka til stikkordet at løyvingane heilt eller delvis blir nytta til byggje- og anleggsarbeid som går over fleire år, og/eller materiellinnkjøp. Innanfor budsjetta til Statens vegvesen og Jernbaneverket er det dessutan i stor grad mogleg å omdisponere midlar mellom dei ulike postane. Det er derfor naturleg at også postar utover 30-postane er gjort overførbare.

Når det gjeld BRA-programmet på kap. 1330, post 60, blir halvdelen av tilskota til bykommunar og/eller fylkeskommunar utbetalt ved prosjektstart og resten når prosjektet er ferdig. Dette medfører at siste utbetalinga ikkje finn stad før året etter prosjektstart.

Ein del av løyvinga på kap. 1351, post 70, gjeld resultatavhengig tilskot/bonusutbetaling som blir utbetalt etterskotsvis, noko som ikkje alltid skjer i budsjettåret.

Post- og teletilsynet pålegg leverandørar av elektroniske kommunikasjonsnett og –tenester som tilsynet har inngått avtale med, å kjøpe beredskapsmateriell. For å sikre at leverandørane får betalt, dersom materiellet blir forseinka, er kap. 1380, post 70, gjort overførbar.

Budsjettendringar på utgiftskapittel etter saldert budsjett 2009

(i 1000 kr)

Kap.

Post

St.prp. nr.

Innst. S. nr.

Saldert budsjett 2009

Endring

Revidert budsjett

1300

01

67

355

113 600

2 000

115 600

1301

72

37

139

50 000

50 000

100 000

1310

70

42

175

519 900

54 400

574 300

1320

23

37

139

7 749 500

810 000

8 559 500

1320

30

37

139

6 440 900

1 430 000

7 870 900

1320

31

37

139

442 500

60 000

502 600

1320

35

67

355

229 000

215 000

444 000

1320

72

67

355

1 776 000

-20 500

1 755 500

1330

70

67

355

312 100

7 200

319 300

1350

23

37

139

3 800 900

818 000

1350

23

67

355

3 800 900

84 500

4 703 400

1350

30

37

139

3 199 100

483 000

1350

30

67

355

3 199 100

-84 500

3 597 600

1350

33

67

355

0

15 000

15 000

1351

60

67

355

10 200

6 000

16 200

1370

70

67

355

0

518 000

518 000

I tillegg har regjeringa gjort framlegg om å løyve 150 mill. kr til Avinor AS som eit ekstraordinært investeringstilskot på kap. 1311, post 70, jf. St.prp. nr. 91 (2008–2009).

Budsjettendringar på inntektskapittel etter saldert budsjett 2009

(i 1000 kr)

Kap.

Post

St.prp. nr.

Innst. S. nr.

Saldert budsjett 2009

Endring

Revidert budsjett

4312

90

67

355

388 800

-388 800

0

5611

85

67

355

221 000

-207 000

14 000