Prop. 150 L (2011–2012)

Endringar i forseinkingsrentelova mv. (gjennomføring av direktiv 2011/7/EU av 16. februar 2011 om kamp mot forseinka betaling i handelshøve)

Til innhaldsliste

10 Inndriving av uomtvista krav

Artikkel 10 i direktivet regulerer inndriving av uomtvista krav. Føresegnene i nr. 1 til 3 svarar, med unnatak av nokre språklege endringar, til artikkel 5 nr. 1 til nr. 3 i 2000-direktivet. For desse føresegnene la ein i Ot.prp. nr. 3 (2003–2004) kapittel 8 til grunn at det ikkje var naudsynt med endringar i norsk rett. Departementet står framleis på denne vurderinga og viser til den nemnde proposisjonen for utgreiing av innhaldet i føresegnene og høvet til norsk rett. Det er ikkje kome merknader i høyringsrunden til dette spørsmålet.

I artikkel 5 nr. 4 vart det i 2000-direktivet vist til at direktivet ikkje var meint å gripe inn i føresegnene i Brüssel-konvensjonen om domstolane sin kompetanse og om fullbyrding av rettsavgjerder i sivile saker. Det nye direktivet viser ikkje til Brüssel-konvensjonen i artikkel 10 nr. 4, men i staden til forordning (EF) nr. 1896/2006 om ein europeisk betalingsordre, utan at dette skulle få verknad for den norske gjennomføringa av direktivet.

Til forsida