Prop. 150 L (2011–2012)

Endringar i forseinkingsrentelova mv. (gjennomføring av direktiv 2011/7/EU av 16. februar 2011 om kamp mot forseinka betaling i handelshøve)

Til innhaldsliste

3 Nærmare om direktivet

3.1 Bakgrunn og føremål

Det gjeldande europaparlaments- og rådsdirektivet 2000/35/EF av 29. juni 2000 om kamp mot forseinka betaling i handelshøve vart som nemnd gjennomført i norsk rett ved lov 12. desember 2003 om endringar i lov 17. desember 1976 nr. 100 om renter ved forsinket betaling m.m. Sjå Ot.prp. nr. 3 (2003–2004) om den nærare grunngjevinga for endringslova.

Direktivet som nå ligg føre – europaparlaments- og rådsdirektiv 2011/7/EU av 16. februar 2011 om kamp mot forseinka betaling i handelshøve – er ein omarbeiding av det gjeldande direktivet. Det nye direktivet vil tre i staden for det gamle.

Føremålet med direktivet om forseinka betaling er å styrkje fordringshavarane si rettsstilling ved forseinka betaling i handelshøve. Direktivet trekk opp ei rettsleg ramme for å hindre forseinka betaling og for å sikre passande kompensasjon der dette likevel skjer. Direktivet inneheld føresegner som skal sikre at innkrevjing av gjeld vert effektiv og rimeleg.

Som bakgrunn for innføringa av direktivet viser departementet også til følgjande statistikk om betalingsatferd i Europa i dag:

Tabell 3.1  Gjennomsnittleg avtalt betalingstid på faktura til næringsliv og offentleg sektor 2008–2011, dagar

Føretak

Offentleg sektor

2011

2010

2009

2008

2011

2010

2009

2008

Finland

20

20

21

21

20

20

20

20

Noreg

23

21

22

23

26

25

26

26

Island

25

25

25

26

25

25

26

29

Danmark

25

25

25

29

25

25

25

27

Nederland

25

25

26

26

26

26

27

27

Tyskland

25

25

27

30

25

25

25

25

Austerrike

26

27

27

27

30

29

29

27

Sverige

27

27

27

27

28

28

28

28

Sveits

29

29

29

31

31

31

31

32

Storbritannia

30

32

32

33

29

29

29

30

Belgia

35

35

35

37

45

45

45

49

Frankrike

41

41

45

49

44

44

48

57

Italia

69

66

67

68

90

86

76

95

Spania

70

70

72

73

87

88

88

103

Hellas

75

75

85

84

60

90

95

95

Kjelde: Intrum Justitia, European Payment Index 2011.

Tabell 3.2  Gjennomsnittleg forseinka betaling på faktura til næringsliv og offentleg sektor 2008–2011, dagar

Føretak

Offentleg sektor

2011

2010

2009

2008

2011

2010

2009

2008

Finland

7

7

7

6

4

4

4

4

Sverige

8

8

8

7

7

7

7

7

Noreg

9

8

11

8

8

5

8

5

Sveits

11

13

13

12

14

15

16

15

Island

12

9

8

7

9

7

13

5

Austerrike

12

11

8

8

19

14

11

20

Tyskland

12

10

22

16

10

11

15

15

Danmark

13

12

12

7

12

13

13

9

Belgia

15

17

17

03

27

31

31

26

Storbritannia

16

18

20

18

18

19

20

18

Nederland

18

17

16

14

21

23

22

19

Frankrike

18

18

18

16

20

21

22

14

Spania

29

28

26

16

66

65

51

41

Italia

34

30

21

20

90

100

52

40

Hellas

35

30

35

26

100

65

70

62

Kjelde: Intrum Justitia, European Payment Index 2011.

Tabell 3.3  Total betalingstid på faktura til næringsliv og offentleg sektor 2008–2011, dagar

Føretak

Offentleg sektor

2011

2010

2009

2008

2011

2010

2009

2008

Finland

27

27

28

27

24

24

24

24

Noreg

32

29

33

31

34

30

34

31

Sverige

35

35

35

34

35

35

35

35

Island

37

34

33

33

34

32

39

34

Tyskland

37

35

49

46

35

36

40

40

Danmark

38

37

37

36

37

38

38

36

Austerrike

38

38

35

35

49

43

40

47

Sveits

40

42

42

43

45

46

47

47

Nederland

43

42

42

40

47

49

49

46

Storbritannia

46

50

52

51

47

48

49

48

Belgia

50

52

52

50

72

76

76

75

Frankrike

59

59

63

65

64

65

70

71

Spania

99

98

98

89

153

153

139

144

Italia

103

96

88

88

180

186

128

135

Hellas

110

105

120

110

168

155

165

157

Kjelde: Intrum Justitia, European Payment Index 2011.

3.2 Hovudinnhaldet i direktivet

Etter artikkel 1, jf. artikkel 2, gjeld direktivet for alle betalingar ved handelstransaksjonar mellom føretak og mellom føretak og det offentlege, men medlemsstatane kan gjere unnatak for gjeld som er under insolvenshandsaming.

Artikkel 2 inneheld definisjonar. Definisjonane svarar i det vesentlege til det gjeldande direktivet. I det nye direktivet finn ein rett nok fleire definisjonar enn i det gjeldande direktivet, men dette er nok i stor grad utslag av at innhaldet i direktivet er disponert på ein annan måte enn tidlegare. Med «handelstransaksjoner» skal ein forstå forretningsmessige transaksjonar mellom føretak eller mellom føretak og offentlege myndigheiter som fører til levering av varer eller yting av tenester mot vederlag. Med «offentlig myndighet» siktar ein til ei kvar ordregjevande myndigheit som definert i artikkel 2 nr. 1 bokstav a i direktiv 2004/17 /EF og i artikkel 1 nr. 9 i direktiv 2004/18/EF, utan omsyn til kontrakten sin gjenstand eller verde.

«[F]oretak» vil seie einkvar organisasjon som ikkje er offentleg myndigheit, som opptrer som ledd i uavhengig økonomisk eller yrkessmessig aktivitet. Slik aktivitet utført av einskilde personar er òg omfatta. Med «forsinket betaling» meiner ein ei betaling som ikkje er utført innanfor dei fristane som er fasette i avtala eller i lova, og der vilkåra i artikkel 3 nr. 1 og artikkel 4 nr. 1 er oppfylt.

Med «forsinkelsesrente» skal ein forstå lovfastsett rente ved forseinka betaling eller avtalt rente mellom føretak i samsvar med artikkel 7. Artikkel 7 gir nærare føresegner om urimelege avtalevilkår og avtalepraksis.

«[L]ovfestet forsinkelsesrente» skal vere referanserentesatsen med eit tillegg på minst åtte prosentpoeng. Omgrepet «referanserente» syner på si side til anten rentesatsen som er fastsett av Den europeiske sentralbanken i banken sin seinaste vesentlege refinansieringstransaksjon, eller til den marginale rentesatsen som er resultat av den variable renteanbodsprosedyra for slike operasjonar, eller til den tilsvarande rentesatsen fastsett av den nasjonale sentralbanken til ein medlemsstat som ikkje har euro som sin valuta.

Omgrepet «utestående beløp» syner til hovudstolen som skulle ha vore betalt innanfor den avtalte eller lovfastsette fristen, medrekna skatt, avgift, pålegg eller gebyr spesifisert i faktura eller tilsvarande betalingsoppmoding.

Artikkel 3 regulerer når fordringshavaren har krav på forseinkingsrenter i transaksjonar mellom føretak. Artikkel 4 regulerer mellom anna frå kva for eit tidspunkt fordringshavaren har krav på renter for forseinka betaling i høvet mellom føretak og det offentlege. Det er vidare fastsett at betalingsfristen i slike transaksjonar som hovudregel ikkje skal overstige 30 dagar. Betalingsfristen kan på nærare vilkår fråvikast. For visse offentlege føretak, mellom anna slike som yter helsetenester, kan medlemsstatane velje å utvide betalingsfristen til inntil 60 dagar.

Artikkel 5 fastset at direktivet ikkje rører ved høvet partane har til å avtale betalingsplanar.

Artikkel 6 gir fordringshavaren rett til kompensasjon for inndrivingskostnader. Etter føresegna skal fordringshavaren, når ho eller han har rett til renter for forseinka betaling, som eit minimum ha ein fast kompensasjon tilsvarande 40 euro. I tillegg skal fordringshavaren ha rett til ei rimeleg erstatning for moglege inndrivingskostnader som overstig den nemnde standardkompensasjonen.

Artikkel 7 inneheld føresegner om urimelege avtalevilkår og handelspraksis, samt ein rett for organisasjonar som representerer føretak, til å gå til søksmål om urimelege avtalevilkår og handelspraksis ved forseinka betaling.

Artikkel 8 regulerer medlemsstatane si plikt til å sikre innsyn og bevisstgjering om føresegnene om forseinka betaling. Artikkel 9 inneheld visse reglar om eigedomsatterhald, medan artikkel 10 stiller visse krav til sakshandsamingstida ved tvangsfullføring.

Artikkel 11, 12 og 13 regulerer mellom anna rapporteringsplikta til Kommisjonen og medlemsstatane si plikt til å gjennomføre direktivet innan 16. mars 2013. Direktivet er eit minimumsdirektiv på den måten at medlemsstatane kan halde fram med å ha føresegner eller fastsetje føresegner som er gunstigare for fordringshavaren enn det som følgjer av direktivet, jf. artikkel 12 nr. 3.

3.3 Generelle merknader i høyringsrunden

I høyringsrunden har det kome følgjande generelle merknader:

Den norske Revisorforening uttalar:

«Direktivet og lovforslaget innebærer en styrking av kreditors stilling ved kredittsalg. Det er lagt særlig vekt på små og mellomstore bedrifters behov for lovbeskyttelse som bedre kan sikre betaling til rett tid og rimelige betalingsfrister. Revisorforeningen mener at det er riktig å vektlegge kreditors stilling i handelstransaksjoner og støtter lovforslaget.»

Finansnæringens Fellesorganisasjon uttalar:

«FNO ser at endringene i forsinkelsesrenteloven er nødvendige for å gjennomføre Europaparlaments- og rådsdirektiv 2011/7/EU av 16. februar 2011 om kamp mot forseinka betaling i handelshøve i norsk rett».

Handels og Servicenæringens Hovedorganisasjon (no Virke) uttalar:

«HSH mener i utgangspunktet at det er positivt med tiltak som skal fremme rettidig betaling mellom næringsdrivende og virke preventivt med hensyn til forsinket betaling. Vi stiller oss like fullt noe tvilende til om det pr dags dato er behov for gjennomføring av nevnte direktiv i norsk rett. Undersøkelser viser at Norge ligger i Europatoppen når det gjelder effektiv inndrivelse av fordringer, og har etter vårt syn et av de mest velfungerende systemer for innkreving. Innføring av departementets implementeringsforslag vil medføre en rett til standardkompensasjon (40 euro) etter utløpet av betalingsfristen, uavhengig av reglene om kompensasjon etter inkassolovgivningen
Vi mener at departementet på nytt bør vurdere om det på nåværende tidspunkt er behov for innføring av nevnte direktivs regler, som på sikt muligens vil kunne få utilsiktede og negative konsekvenser for det någjeldende og velfungerende innkrevingsregimet som følger av inkassolovgivningen.»

3.4 Departementets vurderingar

Departementet viser til at direktivet ved vedtak 30. mars 2012 ble tatt inn i EØS-avtala, med atterhald om Stortinget sitt samtykke. Stortinget blei ved Prop. 138 S (2011-2012) bedt om samtykkje til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 55/2012 av 30. mars 2012 om innlemming i EØS-avtalen av direktiv 2011/7/EU av 16. februar 2011 om kamp mot forseinka betaling i handelshøve. Departementet meiner det er ynskjeleg med fleire tiltak som kan bidra til at ein unngår forseinka betaling. Direktivet har som føremål å bidra til ein betre betalingspraksis i den indre marknaden, noko som også norske føretak vil nyte godt av når dei sel varer og tenester i marknaden. Eit slik tiltak kan mellom anna føre til auka eksport.

Det saklege verkeområde etter direktivet er avgrensa til å gjelde avtaler om kjøp av varer og tenester mellom føretak og mellom føretak og det offentlege. For å ivareta interessene til forbrukarane føreslår departementet difor at ein gjer det klårt i ein ny bokstav d i § 4 at visse føresegner ikkje gjeld når skuldnaren er ein forbrukar.

Til forsida av dokumentet