Prop. 150 L (2011–2012)

Endringar i forseinkingsrentelova mv. (gjennomføring av direktiv 2011/7/EU av 16. februar 2011 om kamp mot forseinka betaling i handelshøve)

Til innhaldsliste

8 Urimelege vilkår og praksis

8.1 Føresegnene i direktivet

Artikkel 7 i direktivet regulerer urimelege avtalevilkår og praksis. Det følgjer av nr. 1 at medlemsstatane skal sikre at eit for fordringshavaren klårt urimeleg avtalevilkår eller ein klårt urimeleg praksis i høve til betalingsdagen eller betalingsperioden, rentesatsen eller kompensasjonen for inndrivingskostnadene anten ikkje er bindande eller gir grunnlag for erstatning. I andre ledd i nr. 1 går det fram kva det skal leggjast vekt på når ein vurderer om eit vilkår eller ein praksis er klårt urimeleg. Det følgjer av dette at alle sider av saka skal takast med i vurderinga.

Artikkel 7 nr. 2 slår fast at eit vilkår eller ein praksis som stengjer for renter ved forseinka betaling skal reknast som klårt urimeleg. Etter nr. 3 gjeld ein presumsjon for at ein praksis eller eit vilkår som stengjer for kompensasjon for inndrivingskostnader som omhandla i artikkel 6, er klårt urimeleg.

Artikkel 7 nr. 4 pålegg medlemsstatane å sikre at det i fordringshavarane og konkurrentane si interesse finst eigna og effektive verkemiddel som kan stogge bruken av vilkår og praksis som er klårt urimelege.

Det følgjer av artikkel 7 nr. 5 at verkemiddel som nemnt i artikkel 7 nr. 4 skal omfatte reglar om at organisasjonar som er offisielt godtekne som representantar for føretak, eller som har ei legitim interesse i å representere slike føretak, skal ha rett til å bringe spørsmålet om klårt urimelege vilkår eller praksis inn til prøving for domstolane eller kompetente administrative myndigheiter. Domstolane eller kompetente administrative myndigheiter skal ha høve til å nytte eigna og effektive middel til å stogge bruken av slike klårt urimelige vilkår eller praksis som nemnt ovanfor.

8.2 Gjeldande rett

Etter forseinkingsrentelova § 4 a kan ein organisasjon som representerer små eller mellomstore næringsverksemder, reise søksmål for å få prøvd om vilkår i standardavtaler om betalingstid eller verknadene av forseinka betaling vil verke urimelege overfor kreditor, jf. avtalelova § 36. Retten kan etter påstand fastsetje at ein dom i saka skal gjelde for alle som gjer bruk av standardavtala.

Ein fordringshavar med søksmålsevne kan reise sivilt søksmål om eit avtalevilkår er urimeleg etter avtalelova § 36. I Noreg finst det ikkje administrative myndigheiter som kan prøve slike vilkår i næringshøve.

Etter innføringa av lov 17. juni 2005 nr. 90 om mekling og rettergang i sivile saker (tvisteloven) er det no generelt opna for søksmål frå organisasjonar, jf. § 1-4 første ledd. Etter tvistelova kapittel 35 er det òg opna for gruppesøksmål.

Dommar vil etter hovudregelen i sivilprosessen berre vere bindande for partane i saka, men her har ein ei særregulering i forseinkingsrentelova § 4 a andre punktum om mogleg utvida rettskraft.

8.3 Høyringsnotatet

I høyringsnotatet uttala departementet:

«Direktivet artikkel 7 nr. 5 gjeld ein generell rett til prøving av vilkår og praksis hos domstolane eller kompetente administrative styresmakter. Regelen er ikkje avgrensa til standardvilkår, slik som i det tidlegare 2000-direktivet artikkel 3 nr. 5.
Etter direktivet er det tilstrekkeleg at spørsmålet kan bringast inn anten for domstolane eller for administrative styresmakter. Sidan ein vil kunne bringe ei sak inn for domstolane, er det dermed ikkje naudsynt for å oppfylle direktivet at det finnest ei administrativ ordning i tillegg.
Dei nye reglane om søksmålsevna til organisasjonar i tvistelova § 1-4 reiser spørsmål om det no vil vere føremålstenleg å oppheve forseinkingsrentelova § 4 a fyrste punktum, då organisasjonane si søksmålsevne vil følgje av tvistelova § 1-4. Søksmålsevna etter tvistelova § 1-4 er vidare enn etter forseinkingsrentelova § 4 a som berre gjeld organisasjonar som representerer små eller mellomstore verksemder. Direktivet inneheld ikkje lengre ei slik avgrensing og departementet legg difor til grunn at ein nå vil måtte opne for lik søksmålsrett for alle organisasjonar som representerer føretak uavhengig av storleiken til føretaka. Det vil vidare følgje av avtalelova § 36 at ein med søksmålsevne kan få prøvd både om vilkår og praksis er urimeleg. Alternativet til å oppheve det gjeldande fyrste punktet i § 4 a, er å endre ordlyden i tråd med det nye direktivet, slik at regelen ikkje vert avgrensa til organisasjonar som representerer visse verksemder og ikkje avgrensa til standardavtaler. Departementet oppmodar høyringsinstansane til å uttale seg om desse spørsmåla. I departementet sitt forslag i punkt 11 er § 4 a endra, mellom anna ved at gjeldande fyrste punktum er teke ut.
Sjølv om tvistelova § 1-4 og kapittel 35 har føresegner om at organisasjonar og grupper kan gå til søksmål, har ein ikkje allmenne føresegner om utvida rettskraft. Gjeldande § 4 a i forseinkingsrentelova fastset at retten etter påstand kan fastsetje i ein dom at dommen i saka skal gjelde alle som gjer bruk av ei standardavtale.
Departementet legg til grunn at ein bør vidareføre gjeldande regulering i forseinkingsrentelova § 4 a om ein moglegheit for retten til å fastsetje at ein dom skal ha utvida rettskraft. I departementet sitt førebelse forslag til § 4 a er regelen om rettskraft i siste punktum likevel endra slik at han tek opp i seg direktivet si henvisning til handelspraksis.
Departementet går også inn for å lovfeste ei føresegn (i realiteten) lik artikkel 7 nr. 2 i direktivet som fastset at eit avtalevilkår eller praksis som stengjer for renter for forseinka betaling skal vere klårt urimeleg, jf. framlegget til § 4 a fyrste punktum. Departementet er på den anna side ikkje overtydd om at det er naudsynt å lovfeste presumsjonsregelen i artikkel 7 nr. 3. For å sikre ein klår gjennomføring av direktivet har departementet førebels tatt inn ein slik presumsjon i § 4 a andre punktum.»

8.4 Høyringsfråsegnene

I høyringsfråsegna frå Pensjonskasseforeningen heiter det:

«[Det] reises spørsmål ved om det er hensiktsmessig å gi lovutkastet § 4a første ledd første punktum en så vidt absolutt utforming, all den tid direktivets artikkel 7 nr. 2 vil være et sentralt og tungtveiende tolkningselement».

8.5 Departementets vurdering

Departementet vurderer det slik at det vil vere nødvendig og tenleg å gi føresegna som gjennomfører reglane i direktivet om urimelege avtalevilkår ei så vid utforming at ein er trygg på at fordringshavarene sine rettar blir ivaretatt ved domstolanes bruk av avtalelova § 36. Departementet opprettheld difor forslaget frå høyringsnotatet. Sidan forseinkingsrentelova i utgangspunktet vik for avtale mellom partane, finn departementet det naudsynt å spesifisere i eit nytt tredje ledd at § 4 a om urimelege avtalevilkår ikkje kan fråvikast ved avtale til ulempe for fordringshavaren.

Til forsida