Prop. 150 L (2011–2012)

Endringar i forseinkingsrentelova mv. (gjennomføring av direktiv 2011/7/EU av 16. februar 2011 om kamp mot forseinka betaling i handelshøve)

Til innhaldsliste

6 Betalingsplan

Direktivet artikkel 5 har føresegner om betalingsplanar. Føresegnene er nye i høve til 2000-direktivet. Artikkel 5 slår fast at direktivet ikkje grip inn i den moglegheita partane har til å avtale ein betalingsplan med avdrag i samsvar med gjeldande nasjonal rett. I slike tilfelle skal, når eit avdrag ikkje er betalt ved forfall, renter og kompensasjon etter direktivet berre reknast på grunnlag av den førefalne gjelda.

I høyringsnotatet uttalte departementet om artikkel 5:

«Forseinkingsrentelova har ikkje i dag nokon uttrykkeleg regel som i direktivet artikkel 5 avslutningsvis. Etter departementet sitt syn følgjer direktivet sin regel allereie av forseinkingsrentelova § 2, og det skulle dermed ikkje vere naudsynt med lovendring på dette punktet.»

Det er berre Norske Inkassobyråers Foreining som har har merknader til dette punktet i høyringsnotatet. Høyringsinstansen støtter departementets syn.

Etter departementet sitt syn krev direktivet artikkel 5 etter dette ikkje endringar i norsk rett.

Til forsida