Prop. 150 L (2011–2012)

Endringar i forseinkingsrentelova mv. (gjennomføring av direktiv 2011/7/EU av 16. februar 2011 om kamp mot forseinka betaling i handelshøve)

Til innhaldsliste

12 Merknader til lovforslaget

12.1 Til endringane i forseinkingsrentelova:

Til ny § 2 a

Føresegna i første ledd gjennomfører artikkel 3 nr. 5, sjå punkt 4 i proposisjonen. Om partane avtaler ein lengre betalingsfrist enn 60 dagar, skal dette i følgje direktivet ikkje gjelde om eit slikt vilkår er klårt urimeleg etter artikkel 7. I norsk rett vil det seie at ein skal vurdere vilkåret etter avtalelova § 36, men med ein noko lågare sensurterskel enn det som følgjer av direktivet.

Andre ledd gjennomfører artikkel 3 nr. 4 i direktivet, som også er omtalt i proposisjonen punkt 4. Føresegna er også bakgrunnen for den føreslåtte § 49 andre ledd nytt andre punktum i kjøpslova.

Til § 2 b

Føresegna gjeld berre handelstransaksjoner mellom føretak og offentlege myndigheiter i avtaler om kjøp av varer eller tenester, jf. første ledd. Reglane i § 2 b gjennomfører artikkel 4 i direktivet, jf. punkt 5. Paragraf 2 b set grenser for kor lang betalingstid offentlege myndigheiter kan tinge seg i avtaler med private føretak. Føresegnene set såleis òg grenser for avtalefridomen mellom offentlege myndigheiter og private føretak. Føresegnene har som føremål å sørgje for at fordringshavaren får eit raskt oppgjer og skal særleg motverke forseinka betaling i tilfelle der offentlege styresmakter er skuldnaren.

Føresegna i fjerde ledd bokstav b gjennomfører artikkel 4 nr. 5. Ei avtaleregulering om lengda på ein kontrollprosedyre som omtalt i direktivet artikkel 4 nr. 5 vil på vanleg måte kunne vere gjenstand for sensur etter avtalelova § 36, utan at departementet finn det naudsynt med ei tilvising til denne føresegna i paragrafen her. Sjå elles punkt 5 i proposisjonen.

Fjerde ledd bokstav c gjennomfører den ufråvikelege sida av artikkel 4 nr. 1. Etter direktivet er medlemsstatane pålagde å sikre at fordringshavaren i avtaler med offentlege myndigheiter er sikra ei forseinkingsrente som minst svarar til den lovfastsette forseinkingsrenta. Det tyder at ein i avtaler som er omfatta av føresegna, ikkje kan fråvike den lovfastsette forseinkingsrenta til ulempe for fordringshavaren.

Til § 3 første ledd første punktum

Departementet føreslår å endre prosentpoengsatsen i første punktum frå sju til åtte prosentpoeng for å gjennomføre direktivet artikkel 2 nr. 6.

Til ny § 3 a

Føresegna i første ledd gjennomfører artikkel 6 nr. 1. At plikta til å yte ein kompensasjon til fordringshavaren tilsvarande 40 euro kjem samstundes med fordringshavaren sin rett til renter etter § 2, inneber at det er tilstrekkeleg at fordringshavaren gjer kravet gjeldande etter dei alminnelege pengekravrettslege reglane. Det er ikkje naudsynt med ei særskild betalingsoppfordring utover dette, til dømes purring.

Andre ledd gir heimel til i forskrift å fastsetje kompensasjonen i norske kroner. Det er òg gitt heimel til i forskrift å fastsetje reglar om tilhøvet til reglane for utanrettsleg inndriving av pengekrav i inkassolova. Forskriftsheimlane er nærmare drøfta i proposisjonen punkt 7.

Tredje ledd fastset at reglane om kompensasjon for inndrivingskostnader ikkje kan fråvikast til ugunst for fordringshavaren.

Til § 4 ny bokstav d

Føresegna slår fast at føresegnene i paragrafane 2 a, 2 b, 3 a og 4 a ikkje gjeld overfor forbrukarskuldnarar. Sjølv om dette langt på veg følgjer av desse føresegnene, føreslår departementet at ein slår dette fast i § 4 som fastset særlege reglar for forbrukarar.

Til ny § 4 a

Departementet føreslår å oppheve noverande første punktum om søksmålsevne til organisasjonane, sidan dette no er regulert i tvisteloven, sjå punkt 8 i proposisjonen her. Nytt første ledd første og andre punktum gir føresegner om avtalevilkår som alltid skal sjåast som urimelege eller som ein kan presumere at er urimelege. Ved å fastslå at vilkåra skal sjåast som urimelege etter avtalelova § 36 i staden for at dei skal sjåast som ikkje gjeldande, opnar ein for dei meir fleksible løysingane som følgjer av avtalelova § 36, noko som etter departementets syn er til fordel for fordringshavaren. Om ein finn at det ligg føre eit urimeleg vilkår etter første punktum, vil likevel resultatet ved bruk av avtalelova § 36 òg regelmessig vere at vilkåret ikkje kan gjerast gjeldande.

Andre ledd vidarefører noverande andre punktum, men er endra for å gjennomføre artikkel 7 som omhandlar både urimelege vilkår og praksis meir generelt, og ikkje berre standardavtaler som i 2000-direktivet. Omgrepet «betalingstid» omfattar både «forfallsdato» og «betalingsfrist» i artikkel 7 nr. 1.

Tredje ledd fastset at reglane om bruken av avtalelova § 36 ikkje kan fråvikast til ugunst for fordringshavaren.

12.2 Til endringane i kjøpslova:

Til § 49 andre ledd nytt andre punktum

Føresegna presiserer at om kjøparen skal undersøkje tingen før han eller ho betaler, kan ei slik undersøkjing ikkje føre med seg at ein utset betalingstida med meir enn 30 dagar, om ikkje noko anna er uttrykkjeleg avtalt. Føresegna er ei konsekvens av den føreslåtte § 2 a andre ledd i forseinkingsrentelova. Sjå elles punkt 4.5 i proposisjonen her.

Til forsida av dokumentet